Eg hadde invitert sysken, svigersysken, tanteungar, foreldre og mi gode farmor på middag i dag.
Eg likar å gjere det enkelt når eg pyntar bord. Lyse fargar, kvit engelsk porselen og små detaljar som set prikken over i`en.
Det er ikkje meir som skal til for å gjere det til eit festbord for både store og små.
Det har etterkvart vorte mykje småfolk i familien, og dei har sin sjølsagde plass rundt bordet ilag med oss vaksne. Eg har funne ut at 1-åringar, 2-åringar, 6-åringar og 9-åringar er like flinke som oss vaksne til å handtere krystall og porselen!
Då eg budde i England bestemte eg meg for å samle på Wedgewood sitt porselensservise. Til bryllaupet vårt var vi heldige og fekk mykje - kjekt å ha nok til å dekke eit festbord til mange! Vi fekk også "Finn"-glasa frå Hadeland og Kristin-bestikk frå Hardangerbestikk.
Eg er ikkje redd for å bruke besteserviset. Har framleis til gode å knuse noko! Eg er glad for å kunne bruke ting vi har fått og som vi er glade i. Det er flott å kunne gjere litt stas på kvardagane òg!
Alle mødrene i forsamlinga fekk kvar si såpe frå Savona på kuverten sin. Desse såpene er heilt fantastiske, så kjekt å ha liggande til små gåver i ny og ne!
Mi gode mamma fekk sjølvsagt pakke. Og såpe!
To av dei minste damene fann seg ein utkikspost og fulgte med på båttrafikken, fuglane og sola som leika seg på fjelltoppane.
Vakre blomar frå min kjære...
Fekk sjølvsagt gåver og kort med ungane òg, men dei får ingen sjå. Dei er laga kun til meg, og eg vil halde det heilt for meg sjølv. Rart med det, men kort frå ungane er så utruleg personleg. Ikkje alt ein deler med andre...
Eg har hatt det så kjekt i dag! Noko av det beste eg veit er når det er trangt rundt bordet, og stolar er plukka herifrå og derifrå for å få plass til alle. Takk til alle mine nære og kjære som var ilag med oss i dag. Og ein god og varm klem til mi gode farmor på 92 år, som alltid er midtpunkt når heile familien er samla!
No kviler eg meg og har lagt beina høgt. Snart er det Doc Martin på Hallmark; typisk engelsk - typisk meg!
Med ynskje om ei god veke til alle!
Å, så flott Tove!
SvarSlettOg med såpe til alle- det var jo fantastisk! Dei såpene ER veldig kjekke å ha på lur! Eg la fram ei på badet til mine gjester i dag- men det vart ikkje ei til kvar...men det var ein god ide!:)
Så nydelige bilder, og bordet var flott dekket. Er helt enig i at man må bruke det man har! Høres ut som dere har hatt en flott dag. Gratulerer med morsdagen! klem fra silje.
SvarSlettSer ut som du har hatt ein kjekk dag. Det er koseleg å kunne dekke på eit fint bord for sine nære og kjære. Ser du har same fine Finn-glasa som vi har. Eg er heller ikkje redd for å bruke dei. Klart slike flotte glas og slik flott porselen må fram i lyset så snart det byd seg ei anledning.
SvarSlettHåper du har hatt ein strålande dag.
Hei Tove:-)
SvarSlettDet ser ut som du og dine har hatt ein herleg dag. det med såpene sette tankane mine på gli. For nokre år sidan støypte eg mykje såper. Dei var svært kjekke å gi vekk til venner å kjende. Kanskje eg skal ta fram att den hobbyen. Har også eige lysstøyperi som ein svoger har laga til meg. Heimestøypte lys er også fine gåver. Takk for påminninga.
Ein flott dag! Ynskjer deg ei flott veke med!
SvarSlettBritt
Høyres ut som en perfekt dag! :-)
SvarSlettKjekt at du har kosa deg! Det har nok dei fleste mødre i dag.. heldigvis!
Ha ei fortsatt flott veke
Monica
Hei Tove.
SvarSlettSå flott du hadde gjort det hjemme.
Klart man må bruke det flotte en har.
Eg kan faktiskt tenke meg vid siden om di to på den krakken vid vinduet.
Elsker å fölge med på det som skjer på fjorden. Så der hadde du funnet meg fniss...
Savner det ska eg si deg.
Elsker det siste bildet du lagt ut.
Drömmer meg bort og oppover...
Klems och go mandag.
Synne.
du imponere stadig unge frk sjøl...nydelige service, å tenk ka koselig dåkker haddde det rundt bordet......klem fra nord en tiiiidlig mandag morran
SvarSlettVakkert Tove! Nydelig bukett, herlige farger. Borddekningen så utrolig flott. Dette likte jeg. Skjønner at alle føler seg hjemme og godt motatt med en slik velkomst.
SvarSlettØnsker dege n fin uke Klem Kerstin
For ein koseleg morsdag dokke har hatt med alle mamsebamser rundt bordet. Nydeleg pynta bord Tove:0) Håper du får ei flott veke.
SvarSlettSmil frå meg
Vakkert vakkert. Flott du har dekka på. Så gjennomført. Og nydelige blomster.
SvarSlettJammen koselig å invitere til slike dagar. Vi hadde kaffi med kake her i går. Og kosa oss saman.
Ha ei fin veke Tove. Nå må vi jammen ta å treffast snart. Skulla kansje arrangsjert bloggtreff for Ørsta7volda snart? Hadde vore kjekt det.
Ha ei god veke
Klem
Kva er det eg styra med om morgånen...?? Sjønner ikkje kva 7 talet km der for..hehe...
SvarSlettTusen takk for nydeleg middag, god stemning og skjønn såpe! :)
SvarSlettSina møtte ei litt trøytt Sannah med ein god klem på barnehagen i dag tidleg, så då var det heilt greitt at mamma fór på jobb likevel :)
Det så skikkelig koselig ut hos deg på morsdagen. Jeg regner med at det ble en fin dag for alle i selskapet.
SvarSlettSå flink du er til å lage til middagsselskap for familien..:) Sikkert koselig for alle som var der.
SvarSlettSer ut som morsdagen vart kjempe koselig for deg å dine. Å gi gaver til alle mødre som var der var ein kjempe god ide.. Trur eg veit kva eg skal gjer til neste morsdag:) Da regnar eg med at eg gjer inntrykk på både mødre og svigermødre:)
Ha ei fin veke vidare:)
Hei,
SvarSlettvil bare takk for at du minner oss på å nyte hverdagen. For det er faktisk mye å glede seg over tross alt!
Fredrikke :o)
Virkelig nydelig! Så koselig bord, kan kjenne den gode stemninga helt hit ;) Så tar du jo noen utrolig flotte bilder!! varm klem fra Gunhild.
SvarSlettVeldig flotte bilder som formidler gode stemninger fra en fin dag sammen der hos dere. :)
SvarSlettAvslutningen på innlegget ditt er VAKKER! :)))
Påfyll for sjelen som det er godt å hvile øynene på.