Dette amerikanske uttrykket vert ofte brukt når nokon er svæææært i forkant av noko, altfor tidleg ute (og kanskje endåtil handlar overilt), eller når noko kjem svært overraskande og vipper deg heilt av pinnen. Nesten som vårt norske uttrykket "...som julekvelden på kjerringa".
Og apropos jul..... Eg har julestemning og er allereie i gong med julegåvehandel! Neida, det har ikkje klikka heilt for meg! Men rett skal vere rett: eg er ein særs julete person som alltid er litt tidleg ute med juleførebuingane, då helst på planleggingsstadiet med julegåvelister, handlelister, oppskriftslister, adventskalendergåve-lister og alle andre "lister for kva eg skal skrive lister om"-lister. Og så er det smart å handle litt etter kvart, slik at ein slepp den store utgiftsboomen i midten av desember.
Men det er ikkje det som ligg bak den ufatteleg tidlege julestemninga mi denne gongen. Det har seg nemleg slik at syskena mine med familier skal leve ut ein draum og vere turistar i vekesvis i Thailand. Dei kjem att rett inn i jula, og er difor opptekne av å vere ferdige med dei fleste juleførebuingar før den tid. Så når haustsola skin og lauva så vidt har byrja å gulne og praten rundt kaffibordet dreier seg om "kva ein skal kjøpe til kven", er det ikkje rart ein julete stakkar let seg rive med. I tillegg til at eg har klart for meg kva eg skal kjøpe til alle mine kjære, har eg òg klart for meg kva eg ynskjer meg! Noko av innhaldet på lista er det realistisk å ynskje seg, både av omsyn til pris og tilgjengelegheit, men andre kanskje berre er slikt eg drøymer om.....
Ei slik "Welcome Home"-matte hadde vel vore noko å tørke av seg på! Både matta, den fantastiske ovale blomevasen og lyktene er frå Riviere Maison.
Det må kanskje ein rik onkel i Amerika til for å få den flotte skjenken i julegåve, men sjokoladeskåla er vel litt meir realistisk....
Det var vel ei litt beskjeden liste dette her??? Bortsett frå den skjenken, kanskje... Skal nok kome på meir etterkvart, kan ikkje avsløre alt på ein gong!
PS! Det er ikkje meininga å støyte nokon med dette innlegget - det ER for tidleg med juleinnlegg på bloggen i slutten av september! Men eg kunne ikkje dy meg, og så får eg heller skulde det på Thailandsturistane.....
Men ein ting er i allefall klinkande klart: eg gler meg til å sjå alle julebloggane! Tenk så utruleg masse inspirasjon eg får til å pynte hus og heim denne jula - takka vere alle dei fantastiske bloggarane der ute! Men slike innlegg håper eg i grunne let vente på seg.....