tirsdag 30. september 2008

Jump the Gun...

Dette amerikanske uttrykket vert ofte brukt når nokon er svæææært  i forkant av noko, altfor tidleg ute (og kanskje endåtil handlar overilt), eller når noko kjem svært overraskande og vipper deg heilt av pinnen. Nesten som vårt norske uttrykket "...som julekvelden på kjerringa".

julegåve7 Og apropos jul..... Eg har julestemning og er allereie i gong med julegåvehandel! Neida, det har ikkje klikka heilt for meg!  Men rett skal vere rett: eg er ein særs julete person som alltid er litt tidleg ute med juleførebuingane, då helst på planleggingsstadiet med julegåvelister, handlelister, oppskriftslister, adventskalendergåve-lister og alle andre "lister for kva eg skal skrive lister om"-lister. Og så er det smart å handle litt etter kvart, slik at ein slepp den store utgiftsboomen i midten av desember.

Men det er ikkje det som ligg bak den ufatteleg tidlege julestemninga mi denne gongen. Det har seg nemleg slik at syskena mine med familier skal leve ut ein draum og vere turistar i vekesvis i Thailand. Dei kjem att rett inn i jula, og er difor opptekne av å vere ferdige med dei fleste juleførebuingar før den tid. Så når haustsola skin og lauva så vidt har byrja å gulne og praten rundt kaffibordet dreier seg om "kva ein skal kjøpe til kven", er det ikkje rart ein julete stakkar let seg rive med. I tillegg til at eg har klart for meg kva eg skal kjøpe til alle mine kjære, har eg òg klart for meg kva eg  ynskjer meg! Noko av innhaldet på lista er det realistisk å ynskje seg, både av omsyn til pris og tilgjengelegheit, men andre kanskje berre er slikt eg drøymer om.....

julegåvejulegåve2 julegåve3

Ei slik "Welcome Home"-matte hadde vel vore noko å tørke av seg på! Både matta, den fantastiske ovale blomevasen og lyktene er frå Riviere Maison.

julegåve4 julegåve5 

Det må kanskje ein rik onkel i Amerika til for å få den flotte skjenken i julegåve, men sjokoladeskåla er vel litt meir realistisk....

julegåve8 

Det var vel ei litt beskjeden liste dette her??? Bortsett frå den skjenken, kanskje... Skal nok kome på meir etterkvart, kan ikkje avsløre alt på ein gong!

PS! Det er ikkje meininga å støyte nokon med dette innlegget - det ER for tidleg med juleinnlegg på bloggen i slutten av september! Men eg kunne ikkje dy meg, og så får eg heller skulde det på Thailandsturistane.....

Men ein ting er i allefall klinkande klart: eg gler meg til å sjå alle julebloggane! Tenk så utruleg masse inspirasjon eg får til å pynte hus og heim denne jula - takka vere alle dei fantastiske bloggarane der ute! Men slike innlegg håper eg i grunne let vente på seg.....

11 kommentarer:

  1. Jeg må bare forte meg og hive inn et innnlegg her, og fortelle deg at enkelte har vært tidligere ute enn din Thailandreisende familie....da vi var i Selje på ferie i sommer, hadde svigersene allerede julepresangene klare....Vi fikk med oss en stor pose full av presanger hjem. Jeg kunne ikke annet enn å le da jeg så posen stå ferdig på feriesoverommet vårt.Ja, ja....kos deg med juletankene dine du....Og det er noen fine ønsker du har.Jeg pleier ikke å komme på noe jeg ønsker meg når det nærmer seg jul,for da er jeg så opptatt av alle andre sine gaver,at jeg ikke har tanke for meg selv. Så.....kanskje jeg skulle begynne å lage ei liste nå i roden og freden....God natt ;-}

    SvarSlett
  2. Ups - er der no vi skal si God jul :)
    Nei da - tuller -- men det er ein god tanke, å starte tidlig og ikkje stresse slik

    Alt MÅ jo ikkje vere heilt reint og ryddig - selv om det også er kjekt

    Eg spurte Karoline kva ho ønska seg til forleden dag - og da ser ho rart på mamman sin og lurer om det har klikka ;)

    Men eg har allerede kjøpt inn fleire julegaver

    Og den sjokoladeskåla var da berre knallsøte - kor finner ein slike da
    Ha ein fine dag
    Smil fra monika

    SvarSlett
  3. eg må innrømme at joletankane har begynt å infiltrere hovudet mitt òg. Og eg kan ikkje skulde på turistar :)

    Fine ting du ynskjer deg - håpar dei kjem under treet, då!

    (PS: adventskalendergåvelista di må du _gjerne_ legge ut litt før advent, altså ;) )

    ha ein god dag, Tove!

    SvarSlett
  4. åååå, no byrja eg å glede meg til jul! Det er så koseleg å leite fram julepynten og sjå gleda i borna sine auge når dei ser igjen den kjente og kjære julepynten. Eg hugsar sjølv kor spennande eg syntest at det var med juleførebuingar i barndomsheimen. har mange kjære og gode minner derifrå.

    Å kjøpe julegåve har eg alltid syntes å være kjekt. Eg startar tidleg med å tenke ut kva eg skal kjøpe til mine kjære, for eg vil så gjerne gje dei ei gåve dei set pris på og hugsar, og ikkje berre ei som forsvinn i mengda med alt anna som dei får.

    Såg deg forresten ikkje på friidrett i går, var du ikkje der?

    klem

    SvarSlett
  5. Jeg har også kjøpt den første julegaven!!! Dukkesengen fra "Huset i hagen" bloggen...men det har ikke blitt kjøpt flere etterpå. Men jeg planlegger!

    Jeg elsker julen, men syns også at september er ørlite for tidlig (idag er det jo oktober da, men...). Men en kan jo glede seg til å glede seg?

    Mitt store juleønske er å kunne innvie det nye kjøkkenet med julepynt i år!
    Ha en fin uke!

    SvarSlett
  6. Heia!
    Jeg gleder meg også litt til jul, har begynt å lage julegaver, men kan ikke si hva det er, for hvem vet om noen smug titter her;0)
    Ønsker deg en fin høst torsdag,
    og må bare si at bloggen din er kjempe korselig å lese på/i.

    SvarSlett
  7. Takk for helsing...ja, sokkane fra Gunnhild har jeg ymta frampå om leenge ,så ho torde vel ikkje anna,,,neida...hu er raus!!

    har hatt en fiiin dag og er takknemlig for å ha fått disse åra..det er en gave....

    Klem ;)

    SvarSlett
  8. Hei Tove :)
    Jeg "klør" i fingrene etter å begynne på jula,har jo fått inn litt julevarer i butikken..men jeg synes det er litt tidlig..så de er pakka vekk.
    Men det var noen som sa at Tilbords på Moa hadde begynt med julevarer..litt i tidligste laget..
    Jeg må innrømme at jeg har begynt med litt jul hjemme,men det er bare på syrommet.. :) Må nesten begynne nå hvis en skal lage noe til jul.
    Kos deg med dine i helga :)
    Klem Anne ;)

    SvarSlett
  9. Heihei!
    Så flink du er :)
    Jeg eeeelsker å være tidlig ute, og listen er allerede klar.
    Har strikket og heklet litt forskjellig og kjøpt noen små ting.
    I år er jeg extra tidlig ute. Skal begynne å jobbe igjen 1 desember, etter 2 stk mammapermer på rad. Elsker å få unna alle slike ting, og liker ikke å stresse...
    Utrolig mye fint du har ønsket deg, plutselig fikk jeg mer på min liste hihi.
    Ha en fantastisk flott høstferie og kooooos deg med dine
    *Siv*

    SvarSlett
  10. for en nydelig skjenk:-) hvor har du funnet den???

    ha en fin kveld

    SvarSlett
  11. Å.. då he ej en aldeles nyyydelig idè.. som du må prøve, dersom du då ikkje allereie har det.. heimelaga adventsstjerne.. ej laga ei slik for 3 år sida, og den e ej fryktelig stolt av.. den hadde nok passa godt inn i den flotte heimen din også! hadde ej hatt mailen din skulle ej ha sendt dej et bilde.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!