Ein kan kanskje undre seg over at enkelte tek seg tid til sitte framfor datamaskina og pusle med egosentriske aktiviteter som t.d. blogging. Eg er ei av dei som brukar litt tid på dette, og får mange spørsmål om kor i alle dagar eg får tid til det. Eg har i grunnen ikkje noko godt svar, men må vel innrømme at eg ser mindre på TV for tida. Og så er det noko med at ein klarer å finne tid til det ein likar å drive med.
Eg må òg erkjenne at blogginga gir meg inspirasjon. Eg likar godt å skrive, eg likar godt å surfe rundt i andre sine bloggar og eg vert rørt over alle dei flotte tilbakemeldingane eg får. Det gjer godt å vite at andre der ute set pris på det eg skriv. Kanskje betyr min vesle blogg noko for andre? Det ville i så tilfelle vere fantastisk!
Noko som er like fantastisk er alle dei flotte utmerkingane eg får! Har ikkje vore like flink å gi alle prisane vidare, men skal prøve i dag!
Denne utmerkinga er det Mormors rotekasse som har gitt meg. Ho har laga den sjølv og gir den til ein ny bloggar kvar veke - ein god idè!
Det beste med den er at eg får behalde den heilt for meg sjølv og skal ikkje gi den vidare!
Tusen takk, "mormor"!
Denne utmerkinga fekk Anna Lisa designa medan ho var på Island. Eg sette ekstra stor pris på å vere ei av dei fem fyrste som nokon gong har fått denne utmerkinga! Tusen takk, kjære Anna Lisa!
Eg har også fått denne utmerkinga frå Cecilie og Vibeke - tusen takk til begge to! Set stor pris på bloggane dykkar!
Regelen er at eg skal gi den vidare til fem andre flotte bloggar:
Vårt lille hjem - alle dine kreative og flotte handverk inspirerer meg!
Bak en sky - skjønne Ingunn har ein vakker blogg som eg kosar meg med!
Frå eit A4-liv - eit oppkome av optimisme og pågangsmot!
Rosa Univers - pussar opp gammalt hus (som meg) men er like blid og optimistisk!
Drømmen om en eplehage - har ein vakker blogg med masssse inspirasjon!
Alle desse fem vert oppmoda om å sende utmerkinga vidare til fem av sine favorittbloggar!
Denne utmerkinga er det lenge sidan eg har fått, men trur aldri eg kom så langt som å gi den vidare! Difor vil eg gjerne nytte høvet til å gi den til ei super mamma, bloggdame, husmor og sjukepleiar - nemleg Line i Kvardagsliv i Storemyra. Eg og Line var barndomsvenninner og delte mange gode opplevingar! Kan du hugse då du kvelva ergometersykkelen nedover meg og nesten knakk nasen min, Line...??? Det er så kjekt å ha fått kontakt med Line på ny! Kanskje vi treffast når ho er på heimlege trakter snart?!? Værsågod Line, denne utmerkinga fortener du!!!
Det er slike utmerkingar og tilbakemeldingar som gjer at eg held fram med å blogge! Tusen takk - nok ein gong - til alle som besøker bloggen min! Det er definitivt eit av dagens mange høgdepunkt å kunne sette seg ned med datamaskina og blogge litt!
Tusen takk for utmerkingane, kjære bloggvener!
Æsj, jeg hadde skrevet ett langt og fint innlegg til deg. Du får bare ta meg på ordet for jeg orker ikke skrive hele avhandlingen igjen. Den forsvant nemlig...
SvarSlettKort oppsummert så takker jeg ydmykt for awarden og synes du har en helt herlig blogg. Både i bildene du viser og ordene du skriver. Jeg titter innom titt og ofte, men skal bli flinkere til å legge igjen spor. Jevnt over egentlig. Må skjerpe meg litt!
HA EN GOD KVELD VIDERE!
KLEM:)
He he, sånn er det vel egentlig med meg og...Ein del av tvtida forsvinn no til blogging, som forøvrig er mykje koselegare enn å sjå på TV...Dessutan har eg no unnskyldning for å trekke meg bort til dataen når mannen i mitt liv slår over på fotball, så han opplever ikkje så mykje protestar på det lenger;0)
SvarSlettJa ja, det eg eigentleg skulle innom for å sei, er at eg har prøvd ut eplekaka og Torills spesial på medlemøte i NSF i dag. Det vart stor suksess og begge to smakte heilt nydeleg... Så takk for at du deler av oppskriftene dine:0)
Klem
Tusen takk, no vart eg glad:0)
SvarSlettNei den ergometersykkelen hugsar eg ikkje...men kjem no gjerne på det når hjernebarken har fått sett seg i sving!!
Set utruleg pris på å ha kome i kontakt med deg og, Tove, det skal du vete. Gledar meg til eg skal på heimlege trakter att, for då må vi berre klare å få til eit treff:9)
Varm klem
Gratulerer med allae awardane:)
SvarSlettØnska deg fin veke.
Eg er snufs ennå...og tar det med ro for det meste.
Klem
Åh, tusen takk Tove! Det var kjempekjekt :)
SvarSlettJa, det var Jakob Sande sitt dikt (eg har ein plan om å plukke fram "Dikt i samling", og spreie hans vakre ord i blogglandia - det er så mykje fint!).
Eg syns det er så kjekt å komma innom hjå deg, for heile bloggen din osar av den varme og det engasjement eg er sikker på at du har - det gjer bloggen din spesiell.
No er det natt - sov godt!
TusenTusen takk!!!Så hyggelig å finne denne da!!!Takk for fin omtale også!!Setter veldig pris på det!!;)
SvarSlettHa en superduper tirsdag!;)
Pikekysskaka gikk ned på høykant i dag da jeg hadde besøk av solstrikke og søstra hennes i dag...begge ørstingar!! Huska jeg hadde lest oppskrifta, men dda jeg skulle lage den..fant jeg den ikke igjen,,,så jeg tok en råsjans og laga i vei..ser nå at jeg hadde glemt melis, men den ble søt nok likevel syntes vi....Smaskens og lettvint da gitt!!!
SvarSlettHils og si at den ble god til kollegaen din.... ;)
Graulerer med awarder! Vel fortjent! Jeg sitter med laptopen på fanget jeg, dermed kan jeg være sosial med gubben OG smugtitte litt på tv samtidig ;0)
SvarSlettJeg skulle veldig gjerne besøkt butikken til Christine, men som jeg også har sagt til henne, hvordan i all verden skulle jeg klare å overtale gubben? *ler* Og det er sant som du sier, naturen på de kanter er bare så utrolig!! Jeg gleder meg til turen og håper på litt fint vær :0)