Tidlegare i sommar var det ein del diskusjonar på ymse bloggar om gamle margarinkasser, fruktkasser o.l. Eg har tidlegare i mi interiørkarriere øydelagt nokre slike kasser, ved t.d.å male over det som stod på kassene. Shame on me, dessverre...... Til mi store trøyst visste eg at eg hadde ei margarinkasse på låven som eg skulle bruke til noko fornuftig. Kanskje bokkasse, ei kasse til pledd og puter på stova eller som skohylle på gangen. Eg har brukt heile sommaren på å klekke ut den beste planen for kassa mi, og såg for meg at det skulle verte eit haustprosjekt.
Så hadde det seg slik at den eldste håpefulle hadde besøk av ein kompis. Dei var ute og leika seg på "anleggsområdet" heile dagen, kun avbrutt av matpauser. Eg høyrde at dei diskuterte kva dei skulle bruke "den nye hytta til". Eg smilte for meg sjølv og vart litt kry for at dei to blivande ingeniørane hadde snekra saman endå ei hytte (dei har hatt maaange slike prosjekt på gong, skjønar de....).
Så gjekk dagane og eg tenkte ikkje meir på heile hytta. Ein tidleg morgon eg var ute og lufta hunden, tenkte eg at eg måtte ta turen bort til karane sitt "anleggsområde" for å ta i augesyn den nye hytta. Samstundes som eg vart svært imponert over det flotte området dei hadde laga til, kjende eg at hjartet datt som ein stein i magen.
Der stod den flotte margarinkassa mi!
Øydelagt og ramponert.....
Dei komande ingeniørane hadde nemleg behov for ei arbeidsbrakke på anleggsområdet sitt, og kva kunne vel eigne seg bedre enn "den gamle og slitte kassa som mamma hadde stua vekk på låven" (direkte sitat frå sjefsingeniøren...)!
Vel, vel - gjort er gjort, og må nok innsjå at eg er ei margarinkasse fattigare. Kanskje kjem eg over fleire kasser! Då skal dei i allefall låsast inne på forsvarleg vis til eg veit kva eg skal bruke dei til.
Så medan eg ventar på nye funn kan eg surfe rundt i Blogglandia og nyte synet av alle andre sine flotte kasser og glede meg på deira vegne.......
Hehe...huff da....
SvarSlettMen jeg syns jeg både ser og hører de to karene i aksjon. De hadde sikkert en utrolig verdifull tid!
Det er vel lykke det :-)
Huff da...Du får "trøste" deg med at dei sikkert har hatt det veldig gøy. Kjekt med kreative born:)
SvarSlettJa, ja... ikke så gale det ikke er godt for noe...:-)
SvarSletthihihi, du må unskylde Tove, men eg må berre le. Håpar du finn ei nydeleg margarinkasse i ein vekkgøymd krok!
SvarSlettUff da! De handlet nok i god tro guttene, den var jo slitt og gammel ;0) Men nå har guttene altså en arbeidsbrakke i shabby chic stil de da :0) Får håpe du finner en annen.
SvarSlettNår det vert litt for stille og roleg, ja da er det tid for bekymring... Men kjekt at karane ikkje er rådlause, dei veit å ordne seg. Synes eg ser dei to entreprenørane i full vigør. Så kjekt når ungane får lov og anledning til å utfalde seg i leik og med verktøy. Var så heldig at me hadde snekkarbud i kjellaren der me fekk lov å sage og spikre i vei, det kjem godt med her i livet.
SvarSlettBjørnar sei at Vartdal Plast kan sponse dej med ei glinsande isoporkasse. Plaster på såret?
SvarSlett(hohohoh)
Hehe - du kan få ei plastkasse av meg - dei har vi masse av
SvarSlettMen guttane hadde det sikkert koselig i sin jakt på noe nyttig å bruke
Smil - og ta vare på minnene - mulig DU klarer å le av det etterkvart - men eg skjønner du er litt fortvila
Natta fra monika
Oioioi men litt hihihi òg;-)
SvarSlettOff! Kan tenke meg at du vart skuffa då du såg kassa di som anleggsbrakke! Men så veit eg også at du har evna til å sjå det heile i ein større samanheng; at den kjære guten din har fått bruke sine kreative sider -om nokre år ler du av historia:)
SvarSlettNår det gjeld innlegget ditt under her, så er du rett og slett eit oppkome av gode poeng! :)
Eg prøvar så godt eg kan å leve etter desse tipsa, men det er ikkje like enkelt kvar dag...
Takk for så mange kjekke kommentarar! Eg kan trøyste alle med at eg allereie har lagt episoden bak meg og er ikkje så reint lite stolt over det flotte anleggsområdet deira. Dei har endåtil laga naturstensmur INNE i "brakka"!!! I sum så trur eg nok gutane hadde større glede av kassa enn meg. Eg ville berre ha den til augekvild og pynt, dei har trass alt funne eit veleigna bruksområde for den - det er vel det beste?????
SvarSlettHer har Astrid forstått akkurat kor det kjem til å gå med tankane dine kring nytten av kassa, og jammen ser eg at ho har rett :-D
SvarSlettHar vore på kurs i regi av utd.forb. i Molde (saman med Marianne) sidan onsdag, så eg må ha meg ei snikrunde innom nokre bloggar, sjølv om eg er på jobb. Rektor er på ferie, inspektøren har undervisn. så eg nyttar ei "uovervåka" stund før eg har undervisn. sjølv.
Ha ei flott helg. Ser ut til å bli ei fin vaske-hus-helg :-D
Ja gutter er gutter! Nøkkel og lås er tingen har vi funnet ut etter diverse episoder. Nå er de jo blitt så store at de bare skyver en stol bort til nøkkelskapet, så kanskje det er på tide å finne på noe annet smart?
SvarSlettFår håpe at det kommer en margarinkasse dumpende til deg snart igjen. Guttene koste seg nok iallefall!
Ha en flott helg:)
Hei Tove :)
SvarSlettJa gutane såg nok ikke kor vakker margarinkassa var.. ;)
Jeg kommer til å følge deg selv om du har meldt deg ut av NIB,synes du skriv om det som er viktig i livet og det er godt å bli minnet på..Takk for kloke ord!!!
Ha ei kjekke helg :)
Klem Anne ;)
Synd med margarinkassa di...men den blei ikkje øydelagt forgjeves.. når to gode gutar fekk kose seg slik i leik. Det er verdifulle minner å ha med...
SvarSlettEllers eg eg vel heime. Tar det med ro, har vore sjuk siden eg kom heim, og i dag måtte eg med lille Tryggve til legen, og han har desverre øreverk og sår hals. Lisje vennen..
Forresten... Syns å huske at du nevnte noko om at vi bloggarar i Volda/ Ørsta kunne kansje finne på å treffes ein gang, og det er ein veldig god ide:)
Det håpar eg vi får til ein gang.
Har kjøpt deg ein sjokolade på Island. Håpa eg kan overrekke deg den ein dag når det passar:)
Ha ei fin helg!!
Klem
Hmm, det var trist lesing ;-} Margarinkassa di fikk en trist skjebne....
SvarSlettHeldigvis er mine etterkommere over den blivende bygningsingeniør alderen,så mine to kasser står trygt....Dene en fra Hansa bryggeri, den andre fra Firda Canning & co. Det har vært lite margarin i disse to,men de har huset framifrå produkt frå Sogn & Fjordane.....Jeg håper du finner ei ny kasse.Lukke til!