lørdag 27. september 2008

Så godt eit fang - så trygg ein stad...

 

"Oldemora vår har så mjuke hender", sa Ida ein gong. Det er heilt sant. Mjuke hender, mjukt kinn og eit mjukt og godt fang til å krype opp i og samle krefter eller for å få trøyst. Vi kjenner oss ofte rike når vi ser kor stor glede vi har av oldemora vår, og kor stor pris ho set på å ha oss alle så nær.

Vi tek ofte famile for gitt. Vi må ofte minne kvarandre på kor heldige ungane våre er som har ei så sprek og vital oldemor. Ingenting går henne hus forbi. Til trass for at ho har passert 90 år, har ho kontroll på alt vi barnebarna styrer med - og det er ikkje reint lite! Ho diskar opp med vafler kvar laurdag, lunsj kvar 17. mai og nissefrukost kvar julaftan. Farmor er ei vertinne av det gamle slaget, så hos henne er det full oppdekking og trangt om plassen i stova. Det er eit godt teikn!

Ungane våre for oppleve noko som kanskje vert stadig meir mangelvare i våre dagar; at vaksne folk har tid, overskot og kapasitet til å gi dei full merksemd. Oldemor har det, oldemor har mykje av det. Ho er alltid heime. Og ho tek alltid telefonen.

Når mamma sine hender har det for travelt og bestemor sitt fang er oppteke, kan ein alltid søkje hamn hos oldemor. På fanget hennar er det trygt å vere. Sina kosar seg i hendene til oldemor. Det er godt å vere liten når ein har ei oldemor som trøyster og passar på.

PS! Dette innelgget har vore på bloggen min ein gong før, men no kjem det altså i ønskereprise! Sidan den gong har vi feira 92-års dagen til denne snille, gode oldemora, og ho er framleis like sprek og vital! Då ho sat og las bloggen min i går (ja, du las rett: ho er innom og les bloggen min!) , vart ho både rørt og glad over dette innlegget. Systra mi har difor bedt om å få det i ønskereprise, og det var vel kanskje ikkje så dumt!

12 kommentarer:

  1. Herlig med reprise :o)Nydelig!!!

    Håper du svinger innom på bloggen min og blir med på feiringen av innlegg nr 100 :o)

    God lørdag.
    Klem

    SvarSlett
  2. ÅÅ for eit nyyyyyyyyyyyydle innlegg! Hipp Hipp Hurra for Oldemor! De e heldige som har ho og ho er og veldig heldig som har så flott familie som veit å setja pris på ho! Nyyyt besøket, helga og hausten.

    SvarSlett
  3. Så heldige dere er!
    :-)

    SvarSlett
  4. Dette er virkelig hverdagsglede!! Det lyser kos i øynene til både oldemor og oldebarn :0) Herlig! Så heldige dere er som har en så oppegående oldemor. Og så heldig hun er som har dere som vet å sette pris på henne :0) Ha en god helg!

    SvarSlett
  5. Helt utrolig nydelig!
    Vi er også så heldige, jentene har både ei oldemor og en oldefar i livet. Og de er innom der ofte. Og det er akkurat som du sier, de er nemlig alltid der!!Og det er det som er så forutsigbart og trygt.

    SvarSlett
  6. Så heldige dere er som har en sånn sprek oldemor i familien da!!
    Og at hun er innom og leser bloggen din:o)

    Her skal oldemoren vår snart feire 100 års dag!! Men hun er nok ikke så veldig sprek lenger.

    Ha en fin helg og kos deg med familien:o)

    SvarSlett
  7. Hei!!
    Du har fått ein spesiell award med meg.
    God helg vidare!!
    Klem

    SvarSlett
  8. Hurra for ønskereprise! Farmor synes bloggen din er "verkeleg flott", for å sitere ho korrekt :)

    SvarSlett
  9. Å kor rikedere er som har ei så god oldemor
    Eg er så heldig å ha min bestemor ennda - men desverre litt langt unna
    God helg -
    Smil fra monika
    ps flotte bilder av ei flotte dame

    SvarSlett
  10. En herlig ønske reprise. Så heldige dere er som har oldemora i god behold. NYt det og ta vare på de små stundene=)
    NYt helgen Klem Kerstin

    SvarSlett
  11. Så flott innlegg:)) Vi trenger alle noen slike generasjoner...
    Vi var så uheldig å miste barna sin oldemor, rett før vi flyttet ned her i nærheten av henne...

    Ønsker deg en kjempekoselig kveld:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!