søndag 17. august 2008

Blåbærdraum...

087 Ungane var på tur og plukka blåbær til meg i dag. Då måtte me sjølvsagt lage noko av dei praktfulle bæra, og vi fann ei ny oppskrift frå siste "Maison mat og vin". Kaka heiter eigentleg "Opp/ned blåbærkake", men vart raskt døypt om til "Blåbærdraum"! Den var særs enkel å lage, og du kan heilt sikkert bruke andre bær enn blåbær. Me såg oss nøydde til å blande med litt rips, då vi ikkje hadde nok blåbær. Held likevel ein knapp på å bruke berre blåbær, då vert kaka søt og god. 088

Oppskrifta er som følger:

  • 225 g mjøl
  • 1/2 ts salt
  • 1 ts bakepulver
  • 100 g kremost
  • 100 g smør
  • 225 g sukker
  • 1 ts kanel
  • 2 egg
  • 1 dl mjølk
  • 500 g blåbær, legg 100 gr til side til pynt
  • ca 100 g sukker til å drysse botnen med (må dekke botnen godt)

090 Rør smør og kremost med sukkeret til det blir kvitt. Tilsett eitt og eitt egg. Bland mjøl, kanel, salt og bakepulver i røra ilag med mjølka - rør godt! Dekk ei springform med bakepapir (er lurt å smøre litt smør på innsida av forma slik at bakepapiret sit godt fast). Dryss den papirkledde botnen med sukker. Legg i bæra og deretter røra. Steik kaka nederst i ovnen  på 200 gr C i 45 minutt. Ta kaka ut av ovnen og avkjøl. Kvelv kaka ut av forma og over på eit kakefat, slik at botnen med bær vender opp. Pynt med friske bær.

Kaka vart servert med "flau krem". Den lagar eg slik: ta ein kartong fløte og bland med 2-3 ss melis og frøa frå ei vaniljestang. Pisk fløten til slik at den tjuknar til ein rennande og litt tjukk saus. Midt i mellom rennande fløte og stivpiska krem!

Trur eg kan love at dette vil smake!

17 kommentarer:

  1. Mmm, det høyrdest og såg verkeleg deilig ut:)
    Tenker vi må prøve den der...
    Er det skulestart i Ørsta i morgon? I så fall må dokke ha masse lukke til med tannlause Ida førsteklassing...

    SvarSlett
  2. Mmmm - denne såg god ut den! Kanskje noko å prøve til neste helg!

    SvarSlett
  3. Å gjett om denne kaka såg god ut då :O)
    Her vart det plommekake idag, me har så mange plommer, men sylte likar dei ikkje i dette huset!
    I fjor laga eg plommesylte for harde livet, men nei den falt ikkje heilt i smak!

    Du har vel ikkje eit godt forslag til kva eg kan lage av plommene mine?

    SvarSlett
  4. Den såg gode ut ;-)
    Og Må prøves
    Her har vi hatt jordbærkake i dag - alltid det NÅr det er bursdag
    Smil fra monika

    SvarSlett
  5. Heisann!
    Åååå den så virkelig god ut! Og så lekkre bilder du har tatt!
    Du spurte om noe inne hos meg ang skriften.. Den har jeg bestillt på wallwords.com, har vanvittig mye man kan velge mellom..Jeg har fire steder i huset, og er kjempe fornøyd! Der må du inn å sjekke:)

    Ha en kjempe fin kveld:)

    SvarSlett
  6. Den så deilig ut da :) Likte ideen din med tannfeer også! Hanne

    SvarSlett
  7. Herlighet...jeg kjenner misunnelsen krype innpå meg...tror du må titte innom bloggen min...der ser du min form for baking i helga...

    SvarSlett
  8. Den kaken så virkelig god ut. Så fint du har pyntet den O=)
    Denne skal prøves ut!!

    ha en fin mandga :O=)
    klem!

    SvarSlett
  9. Mmmmm, for en herlig kake. Den oppskriften tror eg må prøves, hvis eg bare finner noen blåbær, de flese har vel ramlet ned her tror eg.

    Fant dine gode plommetips inne hos Episoder, og de må jeg nok bare benytte meg av ;) Takk!

    SvarSlett
  10. Mmmmm, for en herlig kake. Den oppskriften tror eg må prøves, hvis eg bare finner noen blåbær, de flese har vel ramlet ned her tror eg.

    Fant dine gode plommetips inne hos Episoder, og de må jeg nok bare benytte meg av ;) Takk!

    SvarSlett
  11. mmmmmmmm....så deilig det så ut. Flinke dokke er!!!
    Ha en fin dag!!
    Klem

    SvarSlett
  12. Den kaken høres god ut!!
    Kjenner jeg får vann i munnen:O)

    SvarSlett
  13. Heisann!!
    Korleis får du til å legge bilda rundt omkring i innlegget??
    Mine legg seg berre oppe i innlegget, før teksta!!

    SvarSlett
  14. Wow! Dette hørtes godt ut. Kanskje jeg prøver den til helgen allerde. Mmmm...

    SvarSlett
  15. NAM-NAM :0)
    Den så god ut!Tror du jeg kan bruke frosne bær i selve kaken(ikke oppå)?

    God mandagskveld ti deg.

    SvarSlett
  16. Lukke til med Ida sin skulestart i morgon!! Spennande...
    Klem

    SvarSlett
  17. hei...Fekk servert akkurat denne kaka på lærar rommet på fredag...
    Eli Bjørdal ha fått oppskrifta av din far:) kjempe gode kake...berre synd eg ha vakt det friminuttet:)kunne ha tenkt mej et liiiite stykke til..
    Kjempe fin side du har tove..Imponert over alt du får tid til å skrive..
    Ha eit fint skuleår inne på ørsta ungd.skule:)
    lene

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!