lørdag 16. august 2008

Såpekokar

Såpekokar er gjerne eit ord som vert nytta i negativ samanheng. "Han er ein retteleg såpekokar", seier vi når nokon er treige. Ein annan variant er "...skal han koke såpe, eller?", når den du ventar på aldri kjem.

Ikkje veit eg korleis ein lagar såpe. Har mine mistankar, men trur ikkje eg skal legge meg ut på ein debatt om det. Men eg kan i allefall seie såpass at ordet såpekokar har fått ei heilt ny betydning for meg.  Grunnen til det er pakken som låg i posten til meg i går. For mange veker sidan bestilte eg nokre såper på Savona, ein nettbutikk eg kom over i sommar ein gong. Tenkte at det kunne vere kjekt å ha slike liggande til små venninnegåver, vertinnegåver eller rett og slett til eigen glede og nytelse. Såpene var så vakre, så ufatteleg finurleg laga og så nostalgiske at eg vart sittande å beundre dei og lukte på dei heile kvelden. No ligg dei i eit vakkert sinkfat på badet, til glede for alle som tek turen dit. Nokre endar nok opp som pakkenellikar til kjende og kjære. Som den bloggar eg er, tok eg sjølvsagt bilete av heile sulamitten for å dele med dykk!

 015 016 019 021 023 025

 012022

Bileta klarer å formidle synet av dei vakre såpene, lukta må du berre tenkje deg til..... Mmmmmm!

Vil så absolutt anbefale ein tur innom såpekokar Magny. Denne dame gjer alt for å tilfredsstille kundane! Og så er såpene så billege...... Dette er sansestimulering av høgaste kvalitet!

6 kommentarer:

  1. God kveld Tove! Nydelige såper! Kjempefine smågaver som du sier:) Tror jeg må innom den siden:) Huff, jeg leste om den ekle mannen i innlegget her. Fikk en klump i magen... Er enig i at det høres veldig urovekkendes ut.. Lurer på om han har lagt igjen kommentar hos meg også faktisk. Lurer på om han sender ut en "felleskommentar" eller om han faktisk er innom bloggen. Er nesten så du burde si fra til politiet om han. Dette med bilder av ungene er kjempevanskelig. Jeg ventet lenge med å gjøre det. Men så er man jo litt stolt også da, og de er jo det viktigste i livet! Dumt at sånne ekle mennesker skal ødelegge. Ellers håper jeg det har gått bra med jobboppstarten:) klem fra silje.

    SvarSlett
  2. hei Tove.O=)

    Ja jeg har bestilt hos Magny jeg også. DE såpene må opplevesO=) Nydelig lukt men de må nytes med øynene også.

    Vi har nok kjøpt noen like ser jeg. Jeg har ikke "råd" til å bruke de jeg føler jeg .


    Klem =)

    SvarSlett
  3. Hei igjen:) så hyggelig sagt av dattera di:) Huff, nå fikk jeg et støkk i meg igjen! Jeg har Feedjit Live, så jeg kan se hvilke byer folk er innom fra, og evt hva de har søkt på. Nå er det en innom som har søkt på "ønsker deilig jente 46 år", og der kom et av mine innlegg opp! Det er kalt "stor jente" og handler om da lillemor var 7 mnd og begynte å bruke sportsvogna. Så mitt innlegg dukket altså opp på google, sammen med anonnser om folk som vil selge brukte truser og litt av hvert.. Og nå er det 12 min siden personen gikk inn på siden min, og den er der fortsatt! Får mest lyst til å slette hele bloggen. Ihvertfall alle bilder av ungene! huff! Måtte bare lette hjertet mitt:) klem

    SvarSlett
  4. Huff og huff, det er mykje ekle folk der ute. Aller mest synest eg synd i dei, dei har store problem med seg sjølve. Kjenner at eg vert provosert når dei misbrukar bloggar på denne måten. Vi må heilt klart vere forsiktige med personlege opplysningar. Trur eg må inn og endre profilopplysningane mine i morgon. Gjere den litt meir nøytral. Er ikkje tilhengar av det heilt anonyme heller, så eg lyt prøve å balansere det.

    Natta!

    SvarSlett
  5. Å kor fine såper :-)
    alltid kjekt å ha noe som lukta godt - eg har faktisk lag såper selv - og du kor artig :)
    og eg hadde med meg ungane også - dei synes også dette var artig - og det har vert noen såper i presanger oppover åra - artig å gje og og godt å få
    God søndag - og god bedring med foten
    Smil fra monika

    SvarSlett
  6. Neimen fY! Trur ikkje eg vil ha oversikt over kven som er innom sida mi. Betre å leve i uvisse. Glad eg valde å halde anonym profil!!!

    Kjempefine såper. Toppers gåvetips, takk! :-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!