torsdag 31. juli 2008
Tenk å vere så heldig!!!
When you love with all your heart and soul, it`s so hard to let it go...

Gravferd i dag. Så tungt å ta farvel, vanskeleg å forsone seg med at ein aldri meir skal få sjå det vinnande smilet, høyre den gode latteren og alle dei artige historiene. Så ufatteleg, så trist, så urettferdig. Tankane våre går til foreldra og syskena, til slekta og alle som David hadde sneke seg inn i hjartet på. No tek vi vare på minna. Du vert aldri gløymt.

- Til minne om David -
tirsdag 29. juli 2008
Kom og bli med på 5000-feiringa!
Nokre av dei kan eg lese mange gongar, fordi dei er så hjartevarme, inspirerande eller humoristiske.
No er det på tide å gi noko tilbake!
Hmmmmm.....

Måtte berre teste biletfunksjonen på dette nyegreiene eg har installert... Berre å beklage dersom det vert litt mykje rot og rare greier på bloggen min for tida, burde kanskje sette på et "ANLEGGSOMRÅDE - ADGANG FORBUDT"- skilt! Eller så lyt de berre tole det for eit stund. Dette biletet er vel ei lita augekvild?
Eit nytt heidersmerke har sett dagens lys!
Eg var inne på bloggen Dans på roser i går, og såg til mi store glede at Kathrin faktisk har designa eit nytt heidersmerke! Dette er ein pris som kan sendast til tre bloggar ein vert inspirert av! Eg vart så inspirert av sjølve prisen at eg herved tillet meg å reklamere litt for den på bloggen min. Kan hende eg endåtil tillet meg å gi denne prisen til meg sjølv, berre fordi eg synest den er så fin og vil ha den på sida mi! Så gir eg den vidare til tre andre bloggarar, det er:
- Frå eit A4-liv: alt du skriv rører ved meg
- Anna Lisa`s hjerteblogg: klarer å skape ei særskild stemning på bloggen sin
- Bestemors hobbyblogg: ein friskus av ei dame som inspirerar meg
Desse tre vert no utfordra til å sende denne vakre utmerkinga vidare til tre andre! Tusen takk til Dans på roser som har designa denne vakre prisen!
mandag 28. juli 2008
Tomt batteri - kven kjem og laddar meg?
Det er varmt ute. Utruleg varmt. Eg går rundt som i ein døs. Litt inne, litt ute. Aldri lenge stille på ein stad. Ungane held meg for så vidt i ande. Krev meg, masar på meg, vil leike med meg og kose med meg. Det er endå varmare i varmen når små kroppar kryp opp på fanget og knugar seg fast. Det er ikkje det at eg syt og klagar, for eg set stor pris på dette vedunderlege vèret. Men eg vert så tappa for krefter, giddalaus - rett og slett tom for batteri.
Kastar eit blikk bort på haugen av laddarar som eg rydda av benken i går. Trur snart vi har 15-16 ulike laddarar som alle tenar ulike føremål: tre ulike telefonar, Nintendo, to ulike fotoapparat, videokamera, datamaskin, radiostyrte bilar og dinosaurar (tenk det, ja!), babycall, barbermaskiner og endåtil ein Tivoli-radio. Trur faktisk ikkje eg har nemnt alt eingong! Men viktigaste laddaren ligg ikkje på bordet. Den laddaren som ein treng ein gong i ny og ne, når det viktigaste maskineriet i huset ikkje har meir energi att. Kva for ein laddar skal ladde meg? Tenk om det hadde vore så lett at vi berre kunne seie: "Sorry, folkens - eg har ikkje meir batteri att. No skal eg ligge rett ut, stille og heilt i fred. Må til ladding, skjønar du!. Kan du ta den ledninga som ligg på bordet, og så pluggar du meg i? Takk skal du ha!" . Slik er det nok ikkje - dessverre... Tvilar vel eigentleg på om teknologien nokon gong kjem så langt. Då er det berre å gjere som ein alltid har gjort: finne energien andre stadar. Av og til er ein liten sjokoladebit nok, eller ein klem, eller å gå seg ein forfriskande tur i regnet. Kanskje kan ein endåtil snike seg til ein liten halvtime på sofaen? Ikkje for å sove, bevares, men berre kvile augene... Beste laddinga i dag trur eg er å halde seg mest mogleg innandørs og i skuggen. Bading og fjøreliv tek vi til kvelds. Det er olsok i dag, og då er det fast tradisjon med pølser i fjøra når kvelden kjem. Ikkje tennvæskepølser på eingongsgrill, men spidda pølser på bål. Betre kan det ikkje vere! Då vert det nok liv i batteria skal du sjå! Eg ynskjer alle ei flott olsokfeiring! Måtte alle batteri laddast til bristepunktet i dag!
Skulle det verkeleg vere så lett???
For ca 10 minutt sidan sat eg på ein annan blogg og kosa meg. Brått las eg om eit nytt program ein kunne blogge ifrå.
Det måtte sjølvsagt prøvast, så no sit eg her og bloggar på nytt vis. Dette er sjølvsagt ein test, og det er ikkje sikket at eg kjem til å gjere den på denne måten i framtida! Men alt nytt ein lærer må prøvast! Kanskje eit bilete òg???
Sjå der ja! Slik kan det gjerast!
DU STORE MI TID!

Tenk at så mange er inne og kikar på bloggen min! Er ikkje så reint lite stolt over slike besøkstal. Kan sjølvsagt ikkje måle seg med slike som har femsifra tal å vise fram, men eg er like fullt stolt og glad! Har lenge tenkt at eg må ha ei lita overrasking i form av gåve el. liknande når eg passerer 5000, no ser det ut til at eg kanskje må raske på med planlegginga av den...

TUSEN TAKK TIL ALLE SOM TITT OG OFTE KIKAR INNOM BLOGGEN MIN! EI SÆRLEG TAKK TIL ALLE SOM LEGG IGJEN KOSLEGE HELSINGAR!
søndag 27. juli 2008
Ny award!


...om SAL og godt SAMVIT...
Eg er så i kle som er annleis. Kle som har ei meining og som kan vere med på å gjere verda til ein betre stad for fleire enn berre oss sjølve.
Phister & Philina har slike kle. Dei er med på å drive ein barneheim for jenter i Arni, Sør-India. Her får fattige og foreldrelause jenter eit nytt liv, ein heim, ei ny familie og ikkje minst: utdanning.
Når ein kjøper desse kleda, får ein vere med på å oppdra og utdanne desse jentene. Det gir ei god kjensle og godt samvit. Denne gongen var eg heldig og fann kleda på sal, altså vart det litt meir i posen enn fyrst tenkt...
Ida sette i allefall stor pris på dei nye kleda! Det gjorde mora òg...
ROSA DRAUM...
lørdag 26. juli 2008
DEI BESTE YNSKJE OM EI SOLRIK OG GOD HELG TIL ALLE!
På oppdagingsferd i fjøra.
Vèrsliten og godt brukt, slik gode stolar skal vere. Den ventar nok på oss neste sommar òg, om berre vinterstormane let den stå i fred.
Tre steinar låg kunstferdig midt i monumentet. Kanskje for tru, håp og kjærleik...?
På veg heim frå fjøra går turen gjennom eit tun. Same tunet der vi trakka våre barnesko, på veg til og frå fjøra. Alltid hjarterom, alltid god prat, alltid fullt av minner. Det vart prat i dag òg. Tok bilete av dei vakre rosene som omkransa inngangspartiet. Veit ikkje kva dei heiter, berre at dei er vakre. Og det er vel eigentleg nok!
Frida - ei frydefull frøken full av liv!
Fjøreliv...
Onkel held "brennmanèt"-vakt og passar på Ida!
Johan og Frida (fremst i biletet) leitar etter krabber, medan Ida får gode råd på hoppe-fronten med onkel. Denne knetta er jammen modig!
Ida og onkel i fortruleg samtale.