torsdag 4. august 2011

{ S t a y c a t i o n – del 1 }

A staycation (also spelled stay-cation, stacation, or staykation) is a neologism for a period of time in which an individual or family stays and relaxes at home, possibly taking day trips to area attractions.

(kjelde: wikipedia.com)

IMG_1574 copy

Eg var lenge irritert over at det ikkje vart ferie på oss i år. Unødig mykje energi gjekk med til meir eller mindre skjult surmuling, misunning og “stakkars meg”-tenking.

IMG_1570 copy

Mannen i mitt liv skulle ikkje ha ferie i det heile, men så vart det nokre fridagar likevel, som eigentleg ikkje var fridagar fordi det var så mykje som måtte mekkast og fiksast av maskiner, bilar og utstyr.

IMG_1597 copy

Men han var trass alt heime. Han kom trass alt om eg eller ungane ropte. Vi åt frukost og middag i lag. Og han kom med jamne mellomrom og ruska meg i håret eller heldt meg med lag over ein kopp kaffi.

IMG_1598 copy

Sjølv om han, i følge meg, brukte altfor mykje tid i containeren sin, så var han heime. Vi høyrde han og såg han. Og dermed kom feriekjensla snikande likevel.

IMG_1609 copy

Staycation er i grunnen ikkje så verst. Vi har hatt mykje å styre med og dagene har gått som ein vind. Mange gjeremål er vi i rute med, medan rydding av alt som befinn seg bak dørene på biletet må vente litt til. Ordning & reda i huset først, deretter fjøsen!

IMG_1589 copy

Vi har vore på korte og lange turar i nærmiljøet og besøkt nabokommunene. Vi har bada ved kvart eit høve vi har hatt (dvs. ungane har bada…) og det er ikkje måte på kor seine frukostar vi har hatt og kor seine kveldane har vorte.

IMG_1078 copy

Så når all surmulinga og har lagt seg og sola endeleg er framme med jamne mellomrom, så er vi godt nøgde med årets staycation!

IMG_1318

Ferieslutt nærmar seg for kvar dag, men det bryr vi oss ikkje så mykje om! Det er framleis sommar, det er av og til sol, og der er framleis uoppdaga stadar som vi skal finne!

Er det fleire som har hatt staycation i år???

Framhald i neste innlegg.

tirsdag 2. august 2011

Owlie sleep sack – nydeleg babystrikk…

Ingenting er som å pakke inn ein nyfødd i varm og god ull. Så godt å vite at babyen har det godt og at ull er det beste som finst for slike små. Eg vart tante for nøyaktig to veker sidan og måtte sjølvsagt strikke noko til den vesle.

IMG_1568 copy

Du ser vel uglene på mønsterborda???

Heilt tilfeldig kom eg over ei side med oppskrifta på denne deilige soveposen til babyar. Det er rett og slett ein strikka pose til å putte babyen i! Eg måtte ha hjelp til å setje om oppskrifta til norsk og då kom Solveig Grimstad til unnsetning! Ho ville gjerne lage meg ein norsk “lett å forstå”-variant av oppskrifta. Berre timar etterpå låg den i innboksa mi! Tusen takk, Solveig!!!

IMG_1569 copy

Då var det berre å setje i gong og strikke til skjønne Louise! Ugleposen, som er strikka i tynn alpakka frå “Du store alpakka”, vart ferdig i løpet av 3-dagersferien vår! No er gåva overlevert og eg gler meg til å sjå lissjegullet innetulla i ugleposen! Om posen er praktisk eller brukbar veit eg ikkje, men at det er ein stor strikkehit “over there” er i alle fall heilt sikkert!

PS! Dersom du ynskjer oppskrifta kan du sende meg ein e-post (adressea finn du i venstre marg)!

Berre litt til, vær så snill…♥

Vi er heime etter solfylte og varme dagar i fjellheimen. Vi trudde vi skulle få litt sommar heime òg, men her ligg skodda tjukk og seig. Det er akkurat som om vi er innetulla i eit tjukt teppe…

IMG_1361 copy

Vi skulle så gjerne hatt nokre finevèrsdagar til. Framleis litt att av ferien. Tenk om vi kunne få litt til sol…. Vi vil på badestranda og kose oss! Vi vil ligge på ei madrass og kjenne sola varme oss….

IMG_1363 copy

Kan vi få litt til sol, vær så snill??? Forståsegpå’arar seier at skodda vil lette. Men det har vi høyrt i snart to veker… Kan nokon snu vinden og blåse skodda til havs???

Vær så snill???

fredag 29. juli 2011

Berre ein liten tur…♥

Snart skal vi reise ein pitteliten ferietur. Ikkje heilt enno, men snart…

IMG_1404 copy

IMG_1414 copy 

Kva tid vi reiser og når vi kjem att er heilt i det blå, men det blir snart ein liten tur!!! Og alle ♥  gleder seg…

God helg til alle!

torsdag 28. juli 2011

A Room with a View…♥

Soveromet vårt er det romet i huset eg er aller mest nøgd med!IMG_1437

Fargane er duse og harmoniske; ei blanding av støvete grått og lavendel. Vesle linselusa likar seg også godt her, he, he….♥

IMG_1432 copy

I korgkista under benken ligg interiørblad og bøker som eg med jamne mellomrom tek fram og kikar litt i. Eg veit at ein ikkje skal snakke om jul i juli, men julenummeret til “Vakre hjem & interiør” har nok allereie vore blada i, ja…

IMG_1466 copy

Eg er av den praktiske typen og likar ikkje at det er så mykje dill-dall på soverommet. Viktigaste “interiøret” på nattbordet er lesestoff! Akkurat no held eg på med “Døren” av Magda Szabò, og deretter er det “Krystallslottet” av Jeanette Walls som skal underhalde meg i seine kveldstimar.

IMG_1457 copy

For nokre dagar sidan var vi i bygdebyen Fosnavåg og der er favorittbutikken min; Bella Blå. Der vart det handel av både det eine og det andre slaget, men dette “skiltet” falt eg pladask for! Det passa så godt på soveromsveggen vår!

IMG_1447 copy

Eldste linselusa ville òg vere på bilete!

IMG_1460 copy

Soveromet er det romet i huset som har finaste utsikta! Vi har hjørnevindauge, dvs at vi totalt har fire vindauge som slepp inn masse lys og luft! Utanfor soveromet er det ein liten altan der eg mange ein gong har kosa meg og sett på solnedgangen…. Er det rart eg kallar det “A Room With a View”???

“We know that we come from the winds, and that we shall return to them; that all life is perhaps a knot, a tangle, a blemish in the eternal smoothness. But why should this make us unhappy?

Let us rather love one another, and work and rejoice!”

Favorittsitat av Mr. Emerson, “A Room with a View”

IMG_1483 copy

Gode soveromstips:

  • Bruk sengeteppe – det er både ryddig og praktisk!
  • Oppbevar småting i bokser eller korger.
  • Dersom du ikkje har mange vindauger på soveromet, vil ein spegel som reflekterer lyset vere til god nytte!
  • Ein dus, støvete fargepalett gir ein beroligande effekt!
  • Sørg for at soveromet er utlufta før du legg deg. Ingenting er som å sovne i frisk luft ♥

mandag 25. juli 2011

…med mamma sitt jåleri…

…kan svært mykje skje!

IMG_1141

Vi var på veg ut døra og mamma “måtte berre” fyrst. Eit eller anna måtte leitast opp, noko måtte skruast av eller ein ungane mangla. Då såg frøken snupp sitt snitt….

IMG_1143

Eg veit at lipglossen er eit ynda objekt og burde vel strengt tatt ha vore innelåst i ein safe i staden for å ligge i veska mi. Eg trudde eg var lynkjapp då eg sprang på kjøkkenet for å sjekke at kaffitraktaren var avslått og at vi hadde hugsa å pakke ned gåva vi skulle ha med oss på babybesøk. Men denne tausa er raskare enn sin eigne skugge og var difor i full gang med å jåle seg då eg kom ut på gangen att.

IMG_1144

Ja, ja, det var berre å innsjå at slaget vart tapt denne gongen òg og frøken snupp fekk gå på babybesøk med lipgloss.

IMG_1146

Til slutt fekk mamma òg litt lipgloss og vi foreviga oss sjølve i spegelen i gangen!

(Jøss, er det fyrste biletet av meg på bloggen, skal tru???)

“Ny” terrasse!!!

Vi har ei fantastisk utsikt, men fasilitetane til å beskue denne utsikta har ikkje akkurat vore den beste. I helga tok gravemaskinmannen min og løfta platten som låg på 28-kvadrat-altanen vår og løfta den opp, flytta den til andre sida av huset og la den elegant ned akkurat slik eg hadde tenkt!

IMG_1345

No sit vi ikkje så veldig på utstilling lenger og vi er meir i le for vind og vèr. Og så er det ekstra kosleg med terrasse midt i hjartet av gardstunet!

IMG_1338

Eg kosa meg i går kveld då eg gjekk rundt og flytta på møblar og planter!

IMG_1353

No kan vi sitje på terrassen og sjå “heilt til verdas ende” (iflg. ungane)! Dei litt vèrslitte utemøblane i eik treng seg kanskje ein liten finpuss, men det får bli til neste sommar.

IMG_1341

Frøken snupp har vore til stor hjelp med pynting og dandering! Ho la sin elsk på steinane og skjella som vi har samla på og fann mange stadar å legge dei på!

IMG_1355

IMG_1307

Å drikke sitronte i nykjøpt KOKO-kopp gjorde godt…

IMG_1335

IMG_1375

Det gjekk ikkje lenge før frøken snupp tenkte at det ville vere fint å pynte litt i koppen min òg!

No ventar vi berre på meir sol og fleire varme dagar!!!

søndag 24. juli 2011

Mamma, vi må leike…♥

Spørsmålet mitt var vel eigentleg mest retorisk. “Kva i alle dagar kan vi gjere for å hjelpe alle dei som har det vondt no?” Som eit hjartesukk over all vondskap og hat i verda. Som eit forsøk på å kome på fornuftig handlingar midt i alt kaoset, alt det ufattelege.

IMG_1135 copy

Eg tenkte ikkje ein gong på at 4-åringen svinsa rundt meg. Svaret kom med stort alvor og den største sjølvfølge;

“Vi må leike, mamma!”

IMG_1200 copy

Så ukomplisert og uskuldig. Så naturleg. Sjølvsagt kunne vi leike! Medan 4-åringen skifta på seg eit utal med antrekk og leika eit utal leikar, fekk tankane mine kvile. Eg fekk kjenne på takksemd og glede for alle eg er så heldig å ha rundt meg, men som eg som altfor ofte tek for gitt…

IMG_1203

“Prikkane mine skal vere rosa mamma! Blir du glad då???” Ja, mamma vart glad. Men sjølv om mammahjartet renn over av kjærleik og varme for dei som er mine, så er der likevel plass til alle dei som har mista sine desse dagane. Tenkk om det var så enkelt som å fargelegge alt det triste og grå med rosa! Vi veit alle at det ikkje går, men både triste fargane og dei glade fargane har plass på paletten. Sorg og glede går hand i hand.

IMG_1278 copy

Når ein har små ungar må ein fokusere på gleda. Eg forklarar og forenklar, veit ikkje heilt kva som er best. Skånar dei for det meste av informasjon. Dei er så små at dei har det mykje betre om dei får danse og synge, eller fargelegge alt det grå med rosa!

IMG_1274 copy

Etter timar med kjekk leik, mange klesskift og mykje kos, kjende eg at det hadde gjort meg godt. Eg var lettare til sinns.

Tenk at 4-åringen sin enkle filosofi kan gjere så stor forskjel! Kvar hentar dei all klokskapen sin i frå? Eller er det berre vi vaksne som har gløymt vår, midt i eit kaos av rasjonalitet og fornuft?

Takk for dansen, kjære Sina mi –

du veit akkurat kva mamma treng!

I kveld gret hjartet mitt for alle som har mista ein av sine, som sørger og har det vondt… Om dei berre kunne kjenne all varmen og kjærleiken som blir sendt til dei frå menneske verda rundt…

lørdag 23. juli 2011

Du må ikke sove…♥

Tragedien som har ramma vårt frie, inkluderande og trygge land er ufatteleg og hjartet mitt gret for alle som har mista sine kjære ♥

- Du må ikke sove! Du må ikke sove!
Du må ikke tro, at du bare har drømt!

blomster

Du mener, det kan ikke være sant,
så onde kan ikke mennesker være.
Der fins da vel skikkelig folk iblandt?
Bror, du har ennu meget å lære!

blomster1

Man sa: Du skal gi ditt liv, om det kreves.
Og nu har vi gitt det - forgjeves, forgjeves!
Verden har glemt oss! Vi er bedratt!
Du må ikke sove mer i natt!

Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!

Jeg roper med siste pust av min stemme:
Du har ikke lov til å gå der og glemme!

blomster2

Orda frå Arnulf Øverland sitt dikt “Du må ikke sove”, skrive i 1937, set ord på mykje av det vi tenkjer når vi så vidt kan byrje å forstå alvoret av tragedien i Oslo og på Utøya. Alle dei omkomne var representantar for demokratiet i landet vårt. I går kveld oppmoda statsminister Jens Stoltenberng om å engasjere seg for demokratiet i Noreg for å bevise at vi ikkje let oss knekke. Demokratiet og fridomen i Noreg skal ikkje stå for fall!

blomster3

Det er ein sorgens dag i Noreg i dag…

Bileta er lånt her, her, her og her.

fredag 22. juli 2011

Newborn…♥

Så fantastisk å verte tante! Så nydeleg dette vesle vidunderet som ligg der med augene att. To dagar gammal og klar for livet.

IMG_1186 copy

Så mange gode dagar som ventar på deg. Så mange spennande opplevingar og så mykje glede. Vi gler oss til å dele alt dette med deg, vakre Louise…♥

WELCOME

Comfort time…♥

Sommaren på Sunnmøre har vore kald, våt og grå. Nokre få dagar med sol har vi rett nok hatt, men det vert mest som å smake på ein liten bit av favorittsjokoladen, for så å pakke den vekk og ikkje få smake meir.

Tuslande, små barbeinte leikar sommar likevel. Trippar rundt i små toppar og sommarkjole og sandalar – til trass for at det regnar og er surt. Vi vaksne er litt meir fornuftige, men har nok sete på altanen med gåsehud og kalde føter meir enn ein gong i sommar…

IMG_1261 copy

Slikt blir det sommarforkjøling av. Såre halsar, hoste og rennande naser.  Både små og store treng av og til noko varmt, både inni og utanpå. Kvelden i går var difor prega av lune, gode ullskjorter og rause koppar med god te.

…og medan vi framleis ventar på sola, trøystar vi oss så godt vi kan!

PS! Det må nemnast at temperaturen i dag er god og at vèret minner mest om Indian Summer. Det er ei mager trøyst ♥

onsdag 20. juli 2011

Sommarlukke…♥

Sommarlukke er å tenkje mest på det ein vil gjere og ikkje det ein bør gjere. Det er å ligge langflat på ei bryggje og kaste småstein og kike på sjøstjerner.

IMG_1078 copy

Ungane finn alltid noko å undre seg over. Ser alltid noko dei ikkje har sett før og brukar laaang tid på å studere alt dette spennande. Dei er ikkje til å rikke. Vil ikkje heim. Og det vil ikkje eg heller…♥

IMG_1081

Måkeskrik og tøffande småbåtar er alt vi høyrer. Er det rart ingen vil heim?

IMG_1080 copy

Eldstemann vågar seg heilt ut på kanten. Så godt når ungane er trygge i og nær vatn…

IMG_1090 copy

Bestemor kjem og fortel meir om alt det rare dei ser. Held godt fast i minstesnuppa. Det er ikkje så høgt ned, og når bestemor passar på går alt bra. Tida går, men framleis vil ingen heim. Sola er framleis varm, sjølv om det er kveld.

IMG_1052 copy

Slike dagar lever vi lenge på. Fullstendig fri for og bør, alt vi gjer er vil! Og framleis er det meir sommar….

Håper mine bloggvener landet over nyt gode sommardagar i lag med familie og vener ♥

Work in progress…

Medan nokre tek seg tid til cruise inn i solnedgangen på ei vannski, sit eg og funderer på korleis eg skal endre bloggen min…

IMG_1057

Bloggen vil kanskje vere litt annleis ei lita stund, men eg håpar de framleis vil kike innom! Kanskje treng eg gode råd undervegs – då skal eg skrike ut!!!