søndag 31. januar 2010

TENK AT DET ER SANT…

… at eg har vunne!!!!

Tusen takk til alle som har stemt på bloggen min i Foreldremanualen si kåring av årets bloggar 2009!

blomster

Rett etter midnatt las eg på bloggen deira at eg hadde vunne i kategorien “Årets mest velskrevne mammablogg 2009”! Eg vart så utruleg glad og stolt og takksam og audmjuk og rørt!!!!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

(takk for lånet av bilete)

Tusen takk til dei som nominerte meg, til dei som har stemt på meg og til dei som har gitt meg oppmuntrande kommentarar!

blomster2

(takk for lån av bilete)

No gler eg meg til å fortelje syster mi at ho skal få ei bæreslynge slik at kolikktida til vesle tantegullet mitt kanskje går litt lettare…

Velskrevne_vinner

Dette heidersteiknet skal få pryde bloggen min for evig tid!!!

Tusen, tusen takk…

Eg er så utruleg stolt og glad i dag!!!!

lørdag 30. januar 2010

Mamma, magen min er opptatt!

Når Sina er mett og god, er mamma godt fornøgd! Sjølv om laurdagskosen ikkje bestod av anna enn spaghetti med litt attåt, så var ho strålande nøgd med kokken!

030

Vi kom oss aldri på handel i dag, og måtte sjå husfrua sine middagsplaner gå i vasken. Det gjekk snøras der vi brukar å køyre for å handle, i tillegg til at det kom så mykje snø at eg ikkje hadde sjanse til å måke ut bilen. Brøytepappaen vår har vore oppteken med å stanse trafikk i rasområdet, så han kunne heller ikkje kome og hjelpe oss!

045 

Dei to eldste er på overnatting hos bestemor (til trass for at frøken midtimellom har spysjuka!!!! Takk og lov for fantastiske besteforeldre!), så eg og minstesnuppa måtte kose oss som best vi kunne. Eg vrei hovudet godt for å finne ut kva vi kunne lage av nesten ingenting, og frysaren vart endevendt i jakta på høvelege ingrediensar.

031

Det einaste eg fann var ein pakke med frosne, ferdigsteikte kyllingbitar. Og når ein i tillegg har nokre tomatar, spaghetti og verdens beste olivenolje og balsamicoeddik, då kan ein minsanten lage god mat!

022

Eg kokte Barilla-spaghetti og småsteikte kyllingkjøtet i basilikumolje. Så finhakka eg tomat, salta litt og hadde på godt med olivenolje og balsamicoeddik. Etter åtte minutt var det berre å legge spaghettien på fat, slå over tomatsalaten, drysse over nokre osteterningar og legge kylligkjøtet over til slutt! Måltidet vart utsøkt, og både eg og Sina åt så vi vart stappande mette! Det er ikkje rart ho sa at “Mamma, magen min er opptatt!”, då eg spurte om ho ikkje hadde plass til litt meir!

042 

Det skal ikkje alltid meir til for å lage eit fantastisk måltid! Då kan snø vere snø og ras vere ras – mette og gode vart vi uansett!

017 

Den gode brøytepappaen er framleis ute og slåss med snøen og held vegane opne, og storesyskena er trygt plasserte hos fantastiske besteforeldre! No har eg og minstesnuppa tent alle stearinlys i heile stova, og skal kose oss i sofaen og sjå Grand Prix!

God laurdagskveld til alle!

Siste sjanse…

I dag er det siste sjanse til å stemme i Foreldremanualen si vesle kåring av årets bloggar i 2009. Eg har vore nominert i kategorine “Årets mest velskrevne mammablogg”, og det er eg sjølvsagt svært takksam for!

mammablogg

Det verkar kanskje litt rart å skulle vere opphengt i dette med slike nomineringar, men akkurat denne har stor betydning for meg (så får andre meine det dei vil om den saken….). Eg er så utruleg glad kvar gong eg får attendemeldingar frå framande som seier at det eg har skrive har gjort stort inntrykk på dei, trøysta dei eller at orda mine har gitt dei påfyll og stå-på-mot i ein travel kvardag. Det betyr mykje for meg at mine skribleri betyr noko for andre.

129

Ein annan grunn til at denne nomineringa er viktig for meg, er at premien i min kategori er ei bæreslynge. Det skjønne mirakelet på biletet er det aller minste tantegullet mitt, Sofie. Stakkars lille vennen har kolikk og må difor bærast mykje. Slitne mamma-armar treng avlastning, samstundes som at lille Sofie må få vere nærast mogleg mammaen sin. Ei slik slynge hadde gjort alt mykje lettare for den vesle familien. Sofie hadde då fått vere tett inntil mammaen sin, samstundes som mammahendene hadde hatt tid til storesyster som også må få sitt.

bæreslynge

Eg kan vinne ei valfri bæreslynge frå Storchenwiege bæreslynge, og det hadde gjort meg VELDIG glad!!!

Dersom du har lyst å stemme på meg, så blir eg veldig glad! Du kan stemme her! Og tusen takk til alle som allereie har stemt på meg…

PS! Det er sjølvsagt på sin plass å seie at det er utruleg mange velskrivne bloggar der ute! At eg er plukka ut som ein av dei gjer meg audmjuk…

fredag 29. januar 2010

Ikkje heilt dagen…

Det er ikkje alle dagar som er like kjekke. Dagen i dag er ein slik… Stakkars lissje gullet mitt har vorte sjuk. Spysjuka har innteke heimen og Sina er fyrste mann ut.

030

Så i dag er eg og minstesnuppa heime. Vi gjer så godt vi kan for å ha det kosleg! Minstesnuppa har skjønt at potetskruar er reine medisinen når ein har spysjuka, og tek små musebitar av herlegheitene. No ventar vi berre på at pappaen skal kome att frå brøyterunda si med iskald cola til oss. Det skal visst også hjelpe…

035

Tulipanane har visst også takka for seg. Eg kjøpte dei forrige laurdag og dei hang faktisk med hovudet på søndag! Utruleg irriterande! Det var endåtil knoppar som ikkje opna seg.

037 

Det er likevel noko som er så sjarmerande med visna tulipanar. Dei har på eit vis takka for seg, samstundes som dei er vakre og stolte!

No skal eg og lissjegullet krølle oss ihop i sofaen og kose oss med formiddagsbarne-TV. Midt i all elendigheita må vi leite etter alt det gode! Tenk så deilig det er å kunne kose seg inne og kjenne dei små, varme hendene rundt halsen min! Nyte at tempoet er roleg, vèret er bra og at det kanksje ser ut til at snuppa har kvikna litt!

…og snart er det helg!!!

onsdag 27. januar 2010

Her skal i allefall ingen fryse på øyrene!

Det har vore stor strikkeproduksjon i heimen i det siste! I løpet av knappe tre dagar har eg strikka tre huer, samstundes som eg har strikka på OL-gensaren til eldstemann. Det  høyrest sikkert ikkje så imponerande ut for røynde strikkarar, men eg er godt nøgd med å ha klart det!

017

Det heile byrja med at eldstemann ville ha seg ei hue. Det gjekk sjølvsagt ikkje upåakta hen blant jentene i huset, så då var det berre å strikke til dei òg!

026

Rørande stolt eigar: eldstemann

025

Svært nøgd eigar: frøken midtimellom

030

Strålande nøgd eigar: minstesnuppa

Eldstemann skal få seg ei ny hue, for eg var ikkje heilt nøgd med fellinga på toppen av hua. Eg er heller ikkje fornøgd med blitsen på kameraet mitt for tida… Difor er bileta og fargane litt vel skarpe. Eg har eksperimentert med å legge eit kaffifilter framfor blitsen, og det hjelp ein smule.

Men sjølv om huene ikkje er fantastisk flotte å sjå til, så er eg SUPERNØGD med å finne så stor glede i å sitte med eit handarbeid! Og eg er superfornøgd med at EG har klart å strikke alt dette på så kort tid!

NEMLEG!

tirsdag 26. januar 2010

Hjartemedisin…

Kven hugsar vel ikkje denne songen frå Sister Act 2? Desse to vakre stemmene er som medisin for hjartet og balsam for sjela…

Enjoy, my friends -

ENJOY!!!

søndag 24. januar 2010

Schakenda-bollar

Eg har lenge vore begeistra for kokk og bakar Morten Schakenda. Det er fleire år sidan eg kjøpte nokre bollar på Lom, som var gigantstore og smakte hinsides godt! Eg gløymte aldri bollane, eller smaken, eller kor utruleg flotte dei såg ut. Det høyrest kanskje litt rart ut å la seg fascinere så voldsomt av eit bakverk, men sånn er det altså.

006

Året etterpå oppdaga eg “Bakeriet i Lom”. I Lom sentrum, tett attmed fossande elvebrus, finn du Schakenda sitt paradis. Her har han bygt opp bakeriet sitt og utvikla konsptet sitt. I boka si “Om boller, brød og tilfeldigheter fra bakeriet i Lom” skrik Morten Schakenda at “Alle vegar fører til Lom”. Det kan sjølvsagt diskuterast, men når ein har oppdaga dette bakeriet er det uansett slik at ein legg turen til Lom – enten vegane fører dit eller ikkje!

030 

Det er ikkje berre bollane som er fantastiske: stemninga, folket, dialekta, bakverka, kaffien, elvebruset, turistane og dei herlege lokalitetane! Og så er det sjølvsagt eit høgdepunkt å sjå Schakenda sjølv i mjølføyka bak i kulissene.

Forrige helg baka eg dei berykta bollane. Når Schakenda sjølv bakar dei er kvar bolle 175 gram! Eg lagar dei mindre enn det, så blir det litt fleire! Dersom du har lyst å laga bollane sjølv, skal du få oppskrifta her:

1 kg kveitemjøl

300 gram sukker

30 gram salt

15 gram malt kardemomme

100 gram fersk gjær

1 egg

1/2 l h-mjølk (temperert til 30 grader)

300 gram ekte smør i terningar

Ha alle ingrediensane unntatt smøret i ein eltebolle, og elt i ca. 15 minutt eller til deigen er smidig og slepp kantane (den blir litt klissete). Tilsett smør i terningar, og elt i nye 15 minutt. Pass på at alt smøret er godt elta inn i deigen. Legg deigen over i ein bolle for heving, dekk med plastfolie, sett den lunt og la den heve til dobbel størrelse.

Bak ut bollane, set dei på eit steikebrett med bakepapir, dekk med plastfolie og la dei heve til dobbel størrelse. Pensle dei med samanpiska egg og steik dei på 200 grader i 15-18 minutt.

“Og hva er det som er bedre enn å sette tennene i en fersk hvetebolle? Jo, det er å sette dem i en til!”

- Morten Schakenda -

029

Lukke til!

PS! Dersom du vil kjøpe boka til Morten Schakenda, kan du kjøpe den her.

schakenda

(bilete: NRK)

tirsdag 19. januar 2010

Kvardagsfisk i festdrakt!

Heime med oss meiner alle at fisk er godt, uansett korleis den vert tilberedd. Det er likevel ekstra godt å ete fisk når den pynta litt på. Her skal du få ei svært enkel oppskrift med meg, som eg trur vil falle i smak med både store og små!

011

1. Fyrst legg du løk og paprika  i botnen av ei eldfast form. Det passar eigentleg best med vanleg lauk, men her i huset tek vi det vi har! Denne gongen vart det raud lauk.

009 

Vi fekk oss ei overrasking då vi skar over paprikaen! Der var nemleg ein liten paprika midt i den store! Ungane let seg fascinere av dette fenomenet!

017 

2. Skjær skinn- og beinfri seifilèt i passe bitar og legg på toppen av løk og paprika. Krydre med salt og pepar.

012

3. Ta eit beger seterrømme og ein pakke ferdig raspa Jarlsbergost. Du kan bytte ut seterrømme med lettrømme, men resultatet blir ikkje heilt det same. Det treng heller ikkje vere Jarlsbergost, det kan like godt vere osterestar av både det eine og andre slaget.

021

4. Slå rømmeblandinga over fisken og legg på litt smør i tynne skiver. Smøret bør helst leggast på toppen av lauken og paprikaen, men har hadde eg gløymt meg… Trur ikkje det spelar så stor rolle…

5. Set forma i ovnen på ca. 225 grader i omlag 25-30 minutt. Sjekk gjerne fisken etter 20 minutt og sjå om den er gjennomsteikt.

025

6. Fisken er klar til servering! Grønsaker og poteter er sjølvsagt det aller beste tilbehøret!

Velbekomme!

søndag 17. januar 2010

JIPPI – eg er nominert!!!

Eg var tilfeldigvis innom Foreldremanualen i dag, og såg til mi store glede at eg var ein av dei fem nominerte i kategorien “Årets mest velskrevne mammablogg 2009”!!!

heldig

(biletet er lånt her)

Det er ei stor ære å få vere nominert, og det er sjølvsagt kjempekjekt om du går inn og stemmer på meg!

Dersom du klikkar deg inn her og finn rett kategori, kan du enkelt og greitt leite deg fram til “Tankar frå ein kvardag” og gi meg stemma di – om du vil!!!

heldig1

(biletet er lånt her)

Eg blir sjølvsagt kjempeglad om eg går sigrande ut dette, men det er ei stor ære å få lov til å vere blant dei nominerte – anten eg vinn eller ikkje!

heldig2

(bilete lånt her)

Nokre har vore inne og stemt på meg allereie –

 TUSEN TAKK!

Du kan stemme her.

Og tusen takk til dei kjekke damene som har nominert meg…

Vårkjensle…

Det vart vår i vindaugskarmen på kjøkkenet i dag! Nye gardiner med vårlege fargar og rosa tulipanar sette meg i skikkeleg vårstemning!

008

Det er framleis snø i fjella, MYKJE snø, men med så herlege temperaturar som vi har no så forsvinn det nok raskt.  At brøytemannen min kvesser plogen og ventar på meir snø gidd eg ikkje å bry meg om i dag.

012

Sina hadde så lyst på bollar i dag, så då var det berre å hive seg rundt og bake! Eg har laga Morten Schakenda sine gigantbollar, som smakar betre enn noko anna du har smakt… Trur eg må lage eit eige Schakendainnlegg seinare i dag… Kanksje eg slenger med oppskrifta òg!

Ha ein framleis

god søndag!

lørdag 16. januar 2010

Kjære alle anonyme…

No har eg snart blogga i to år, og gjennom desse to åra har eg stifta mange fascinerande “bekjentskap”. Mange har lagt att kommentarar på innlegga mine, og dei kommentarane har vore drivkrafta til å blogge vidare. Det er så kjekt når nokon kjenner seg rørte av det eg skriv, likar det eg skriv, kanskje blir litt provoserte og engasjerte av det eg skriv – og eg har lese alle kommentarane med glede. Mange av kommentarane har rørt meg til tårer, fått meg til å flire høgt for meg sjølv og generert nye tankar og idèar!

Mange av kommentarane har vorte skrivne av såkalla “anonyme”. Eg har ofte lurt på kven dei har vore… Nokre har skrive ein signatur, eller på andre måtar avslørt kven dei er.

hide

(biletet er lånt her)

Enklete er anonyme fordi dei ikkje har blogg, nokre er anonyme men skriv under med namn eller signatur, og andre er anonyme fordi det rett og slett er det dei vil vere. Det eg ikkje likar, er når anonyme legg att kryptiske, useriøse, suspekte eller ekle kommentarar. Kommentarane har aldri vore personlege, eller handla om noko av det eg har skrive. Under eit innlegg om kakebaking kom der ein kommentar om “penis enlargement”, og under eit innlegg om vårsol i bygda kom der ein kommentar full av vanskelege ord som absolutt ikkje gav betydning. Eg har heldigvis ikkje opplevde det ofte, men siste veka har der dukka opp nokre kommentarar på engelsk. Desse kommentarane har vore særs ekle, eller særs kryptiske. Eg har sjølvsagt gått inn og sletta dei!

hide1

(biletet er lånt her)

På grunn av slike utidige kommentarar ser eg meg difor nøydd til å gjere slik at anonyme ikkje lenger kan legge att kommentar på bloggen min – i allefall for ei stund. Dette er synd, for det betyr at berre dei med ein google-konto eller eigen blogg kan kommentere innlegga mine. Men eg trur det er lurt å gjere det slik, så kanskje problemet forsvinn slik at eg kan opne opp for anonyme kommenterar på eit seinare tidspunkt.

hide2

(biletet finn du her)

Eg beklagar så mykje å måtte gjere det slik, men ser ingen annan utveg! Enn så lenge lyt dei anonyme kike på bloggen min alt dei vil, men kommentarboksa blir diverre steng for dykk…. Dersom det likevel er noko du vil dele med meg, eller gi meg kommentar på, så finn du e-postadressa mi på bloggen.

Sorry…

 

fredag 15. januar 2010

Blir rett og slett glad av slikt…

Det har vore ein travle dag på jobb, eg har vorte skikkeleg forkjøla og ute er det surt og kaldt. Då er det så herleg å kome i barnehagen og hente verdens beste, lille solstråle! No skal eg og minstesnuppa på badet – ho elskar å bade!

034 

Desse bileta er frå ein tidlegare badeseanse. Eg blir så utruleg glad av å sjå slike bilete!!!

047

037

030

072

Ei herleg stund på badet må sjølvsagt avsluttast både med manikyr og pedikyr….

075

…og heilt til slutt treng ein sjølvsagt bodylotion i store mengder!

Med desse herlege bileta ynskjer eg alle ei god helg!

Bruk den godt!

fredag 8. januar 2010

Verdens beste nøtteblanding!

Ost og kjeks er klassisk fredagskos heime med oss. Og endå meir kos vart det då eg oppdaga ei nøtteblanding laga spesielt til ost. Blandinga er laga på vår lokale Mega-butikk, og no klarer vi oss ikkje utan! I dag har eg laga blandinga sjølv, og det var enklare enn eg trudde!

012

Du treng:

* nøtteblanding UTAN salt. Du kan eigentleg blande alle slags nøtter som du måtte like. Dersom det er rosiner i blandinga plukkar eg dei ut.

* tørka aprikos

* Akasie-honning (blandinga let seg ikkje lage med anna honning. Du får slik honning i det fleste matbutikkar).

Slik gjer du det:

* finhakk nøtteblandinga, gjerne i kjøkkenmaskin – men ikkje for lenge!

* finhakk aprikosene

* bland nøtter og aprikos og ha over honning

* bruk så mykje honning at du klarer å blande alt godt.

027

No er blandinga klar til bruk! Passar til dei aller fleste typar ost og kan oppbevarast ganske lenge i kjøleskap.

I tillegg til ymse sortar ost, er dette klassisk følge til ostekveldane våre:

021

Herlege, økologiske (aller helst) tørka aprikoser – fordi dei minner oss om bugnande tyrkiske marked, og fordi dei smakar så himmelsk godt!

024

Grøn oliven med stein – fordi dei får oss til å drøyme om sydlandske olivenlundar! Og fordi akkurat denne typen oliven smakar betre enn noko anna!

Herleg fredagskveld til alle mine lesarar!

Håper du prøver nøtteblandinga!

Dei er så utruleg vakre…

001

…men så vanvittig farlege!!!

Det heng mange fascinerande istappar rundt omkring frå hus og tak. Eg har sett at dei heng over inngangsparti, parkeringsplasser etc. Dersom ein klarer å nå tak i dei, anten gjennom eit vindauge eller ved å klatre opp i stige, så vil eg anbefale alle å prøve å fjerne desse herlegheitene! Dei er ikkje lenger så vakre om dei dett ned og gjer skade på folk. Om ein får ein av dei største istappane i hovudet, torer eg ikkje tenkje på kva som kan skje….

003 

Dette er utsikta frå soveromsvindauget mitt! Dei fantastiske istappane rammar så vakkert inn den eineståande utsikta. Men i morgon skal dei ned… Eg tek ikkje sjansen på å la dei henge der lenger…

Oppmodinga mi til alle der ute er som følger:

Dersom istappane dine heng slik til at dei kan vere til fare for folk og allmenn ferdsel, så kan du ta flotte bileter av dei og så slå dei ned!