fredag 31. desember 2010

Romjulsglimt…

Året er snart omme og eit nytt bankar på døra. Vi har hatt ei god og roleg romjul, akkurat slik vi ynskte det! Vi tek med oss mange juleminner inn i det nye året…

Romjulsglimt

Bestemor sitt julevindauge på kjøkkenet, med pynt som ungane har laga og som betyr noko.

Romjulsglimt1

Minstesnuppa har spankulert rundt i ballerinadrakt heile romjula!

Romjulsglimt4

Juletrefest i bygda si storstove, der små og store samlar seg og går kring treet.

Romjulsglimt3

Frøken midtimellom som framførte sjølvskriven tale på juletrefesten. Mammahjartet banka stolt då ho stilte seg opp og las så flott til alle dei frammøtte!

Romjulsglimt2

Minstesnuppa måtte også lure seg til litt åleinetid på scena og tok ein liten ballerinadans og song så flott! Det er rart kor godt dei likar å stå på ei scene og kor kjekt dei synest det er når alle ser på og klappar!

No har ungane samla seg i sofaen og ser på “Sound of Music”, medan eg skal på kjøkkenet og gjere klar nyttårsmiddagen! Det ser dessverre ut til at pappaen i huset må vere ute på brøyteoppdrag heile nyttårsettermiddagen og kvelden, men vi får kose oss så godt vi kan likevel!

torsdag 30. desember 2010

Tilbehør på tampen!

Det er sikkert mange som skal ete kalkun til nyttårsmiddag i morgon, og då har eg eit tips til eit supert tilbehør! Eg hadde kalkun til middag i dag, og då serverte eg heimelaga tranebærchuthney til!

Tranebær

Dersom du er heldig å få tak i ferske tranebær (noko eg ikkje var), så kan du bruke denne oppskrifta:

200 gram ferske tranebær

50 gram sukker

1/2 dl portvin

Putt alt i ei gryte og småkok forsiktig i 20-30 minutt.

Dersom du ikkje finn ferske tranebær, brukar du tørka. Det er dei tørka som er mest vanleg i Noreg og er å få tak i på dei fleste butikkar. Med tørka tranebær brukar du denne oppskrifta:

150 gram tørka tranebær

50 gram sukker

1 1/2-2 dl portvin

Putt alt i ei gryte og småkok forsiktig i 20-30 minutt.

frukt.no kan du lese at tranebær er i same familie som blåbær og tyttebær, så tranebærchutney kan brukast der du elles ville ha  brukt tyttebærsylte. I tillegg til å smake godt, er dei proppfulle av antioksidantar og nyttast til førebygging av urinvegsinfeksjonar, dei hemmar bakteriane som forårsakar magesår og motverkar viruset som gir omgangssjuke! Med andre ord; tranebær kan med fordel vere ein del av kosthaldet ditt!

Tranebær er også nydeleg i godt brød eller i grove kjeks!

onsdag 29. desember 2010

Noko av det beste med jula…

…er når ein samlast kring bordet til lange frukostar, gode middagar og tallause dessertporsjonar. Når klokka ikkje er viktig, når det ikkje er noko ein skal rekke, når ein kan slumre i pysjen heilt til det mørknar att; då er det gode dagar….

Kos

Små syskenbarn som får site på eige bord og dele hemmelegheiter. Knising og fortruleg prat om slikt som vi vaksne ikkje får høyre på!

Det er godt med jul…♥ ♥ ♥

tirsdag 28. desember 2010

Juletrefest i ei gammal skulestove.

Det knitra så friskt då eg kom gåande på vegen. Kuldegradene beit meg i kinna og eg tulla skjerfet strammare kring meg. Aldri hadde eg sett så vakkert eit lys i så vakker ein dal. Den  klare vinterdagen omkransa dei høge fjella, dei flotte gardane og dei endelause markene dekte av iskrystallar så langt auget kunne sjå. Eg var invitert til juletrefest for å seie nokre ord; i ein vakker dal, i ei vakker skulestove ilag med stolte folk.

Bjørdal

Eg hadde aldri tenkt over at det låg ei gammal skulestove i denne dalen. Den låg så godt gøymd nedom vegen. Eg kan levande sjå for meg skuleborna kome springande langs vegen og sette fart ned bakken til skulestova. Den såg vekkgøymd ut, kald og forlatt.

Men det var før eg såg nærare etter.

Bjørdal1

Sjeldan har eg vel vorte teken så varmt i mot nokon stad eg har vore og heldt taler. Berre eg kika godt nok etter så såg eg det; den gamle stova utstråla varme og stoltheit. Akkurat som folket her.

Bygdefolket strøymde etterkvart til med mat på fat. Unge og gamle. Fastbuande og tilreisande. Gode klemmar og varme handtrykk vart veksla. Det hadde vore fyrt i fleire dagar og vedovnen gjorde det godt og varmt for alle som kom.

Bjørdal2

Det var kaldt ute, men inne var både hjarte og forfrosne sjeler varme. Levande lys i kvar ei krå, knitring frå ovnen, lågmælt prat og forventingsfull latter; det teikna til å verte ei triveleg stund.

Bjørdal3

Om berre veggane kunne ha prata til meg… Tenk på alle dei gode stundene som har vore i den vesle skulestova, all den flotte songen, dei gode forteljingane og dei fortrulege samtalene. Så mykje meistring og glede… Men kanskje også redsle, skam over ikkje å få til og strenge ord. Men i dag er her berre glede og varme i veggane!

Dei frammøtte benka seg kring alle bord. Ikkje ein stol var ledig. Ei skjønn jente på ti år las juleevangeliet. Vi song. Og eg sa fram alle orda eg hadde planlagt så nøye. Det var så kjekt å sjå dei strålande barneaugene då eg snakka med borna om kva som var det viktigaste i jula. Vi må vere snille, sa ein liten gut. Vi må takke, sa ei anna. Det rører meg at born tenkjer slik…

Det var vemodig å måtte forlate festen før alt var slutt, men eg hadde ein annan fest eg måtte delta på òg. Då eg stod i gangen og kledde på meg høyrde eg den gode praten som summa i skulestova, og sjølv om det var 16 minusgrader då eg kom ut, gjorde det ingenting. For eg var varm. Heilt inn i sjela var eg varm. Tenk at der er slike skulestover. Tenk at der er så flotte bygder og så fantastiske menneske!

Romjulsdagar…

Ein skal ta det litt med ro i romjula. Gjere akkurat det ein har lyst til og leike til sola går ned!

snøfrisk

Vi har hatt så fint vèr i romjula. Sol frå blå himmel kvar einaste dag. Ungane har vore ute på ski og snowboard frå tidleg til seint. Dei bratte bakkane våre er supre til skileik og moro!

snøfrisk1

Eit splitter nytt snowboard måtte testast ut!  Det klarte han med stil!!!

snøfrisk2

Det var ikkje få gongar han trakka seg opp bakkane, berre for så å setje utfor att i stor fart!

Og så er det så godt å kome inn med frostroser i kinna og ein pappa som ventar med kakao…♥♥♥

Frode, hus1 

mandag 27. desember 2010

Og vinnarane er…

I går plukka eg ut dei heldige vinnarane av min vesle “Give away” med gåver frå nettbutikken “Happy Heart”!

Linn Cicile vann to pakkar med deilig julete frå Celestial Seasonings.

Desiree med denne bloggen har også vunne to pakkar med deilig julete frå Celestial Seasonings.

Tove med denne bloggen vann Yogi-te og ingefærsjokolade.

…og til slutt vann min sambygding Britt Alice Green Clay Face Mask!

gåve1

Vinnarane må sende meg ein e-post med rett adresse, slik at Elisabet på “Happy Heart” får sendt g åvene til dykk!!!  Bruk e-post adressa tovehd(alfakrøll)hotmail.com.

Vinnarane vil verte kontakta av meg i løpet av kvelden! Må berre slappe av litt fyrst….

Tusen takk til alle som tok del i min vesle “Give Away”, og takk til Elisabet og “Happy Heart” for å dele så flotte gåver med oss!!!

PS! Vinnartala vart plukka ut av random.org.

søndag 26. desember 2010

Det skal snart trekkjast ein vinnar….

Du hugsar kanskje min vesle “Give away” med premier frå nettbutikken “Happy Heart”? Når klokka passerer midnatt trekkjer eg ein vinnar av flotte, sunne og gode premiar!

gåve 

Det er framleis nokre timar igjen, så om du vil vere med må du klikke deg inn på dette innlegget og leggje att ein kommentar! Det einaste du treng å gjere er å fortelje kva slags lukt som gir deg julestemning!

Hugs å leggje att e-postadresse dersom du ikkje har eigen blogg!

onsdag 22. desember 2010

Har du hugsa småfuglane???

Det er mange som treng litt ekstra merksemd når snøen lavar! Det er ikkje lett å vere småfugl når det ikkje er mat å finne. Dei er heilt avhengige av at vi hjelpe dei litt!

fuglar

Eg likte så godt desse fuglematarane på Europris! Kjekt å kunne finne så fine produkt til ein rimeleg peng! Og viktigast av alt, fuglane har ein fin og tørr stad å ete maten sin!

Kortreiste gåvelapper!

Eg likar godt å pakke inn gåver. Det er så kjekt å sitje ut i dei små nattetimene og pakke inn gåver til dei eg bryr meg om. Då er det også kjekt å legge litt ekstra i innpakkinga.

mola-mo 

I år bestilte eg julegåvelappar med ei fantastisk jente eg kjenner som jobbar med illustrasjon! Ho er så utruleg kreativ og flink, og eg er så stolt over å kjenne henne!  Julegåvelappane var akkurat så artige som eg ville ha dei, for ikkje å snakke om kor flott ho hadde pakka dei inn! Ho bur ikkje så langt frå meg, så gåvelappane vart levert av henne i eigen person! I tillegg til gåvelappar fekk eg påfyll av energi, for denne jenta er eit fyrverkeri!

mola-mo1

Ho sel desse gåvelappane gjennom bloggen sin, men det er vel kanskje litt for seint for dei fleste å få tak i dei no… (det er ikkje alle som er like seint ute med å pakke gåver som meg, he, he…). Eg vil likevel anbefale eit tur innom bloggen hennar og sjå på alt det flotte ho illustrerar!!! Kan også røpe at eg har tenkt å ta henne med på laget når eg skal realisere nokre av draumane mine! Det trur eg blir eit strålande samarbeid som vil lyfte prosjektet mitt!!!

Mola-mo sin blogg finn du her! Ho blir sikkert glad for å sjå at du har tatt turen innom!!!

PS! Her er det den store “gjere alt mogleg på ein dag”-dagen, så kanskje eg òg kjem i mål til jul!!!

mandag 20. desember 2010

Give away frå Happy Heart!!!

gåve1

Skjønne Elisabet med nettbutikken “Happy Heart” vil gjerne gi nokre herlege gåver til nokre av mine lesarar!

Happy heart

To heldige vinnarar får ei deilig samansetting av te som varmar i vinterkulda!Elisabet vil plukke ut ein julete og ein annan te i serien Celestial Seasonings.

10664A_CelestialSeasB

10664A_CelestialSeasB 

(PS! Teen vinnarane får kan avvike frå sortane på bileta!)

Ein heldig vinnar får oppleve luksusen med å bade i sjokolade! Premien er nemleg “Raw chocolate orange melt” frå Raw Gaia.

hurlen2

Dette er produktet gir eit deilig og avslappande bad! Det er rikt og sensuelt, og luktar søtappelsin og den beste rå sjokoladen du veit om. Legg deg i badekaret, slapp av, la luktene omringe deg og kjenn at  ingrediensane  gir næring til huda din!

Kva må du gjere for å vinne???

Det er superenkelt!!! Det einaste du treng å gjere er å legge att ein kommentar  og så hadde det vore kjekt om du kunne skrive heilt kort kva som er den beste julelukta du veit om! Dersom du ikkje har blogg sjølv må du legge att ei e-postadresse slik at eg klarer å få tak i deg!

Det vert trekking 2. juledag.

Bli med då vel!!!

Vil du vite meir om “Happy Heart” og alle dei herlege, naturlege og sunne produkta du finn der, så er det berre å klikke seg innom Elisabet sin nettbutikk!

Happy heart-gåver frå meg til deg! Følg med!!!

På tysdag kjem eg til å ha ein liten “give away” på bloggen min! Ei skjønn venninne frå studietida i Newcastle har starta nettbutikken “Happy heart” og ho vil gi masse flotte premiar som eg kan lodde ut!!!

gåve

“Happy Heart” har bæresjal og bæreselar, fantasifulle og kjekke leiker, smarte babyprodukt, hudpleie, deilig te og sunn snacks – berre for å nemne noko!

På tysdag kan du stikke innom og sjå korleis du kan delta i “give away’en” og kva du kan vinne!!! Det vert trekking i romjula!

Følg med i dagane som kjem!!!

søndag 19. desember 2010

Juletrejakt!!!

I det fantastiske vintervèret gjekk storeungane på jakt etter juletre til leikarhytta. Hytta vert pynta kvar jul, og må sjølvsagt ha juletre!

juletre

Nå står treet ferdig pynta i leikarhytta og det skin i kvar ei krå!

Det er så kjekt når ungane likar å pynte og ordne til…

fredag 17. desember 2010

Heimelaga vaniljesukker og vaniljesirup!

Eg og minstesnuppa har laga ekte, heimelaga vaniljesukker i dag!!!

vanilje

Ein kan lage ekte vaniljesukker på mange måtar. Du kan ta vanleg sukker på eit glas og putte opp i vaniljestang! Snitt den, skrap ut frøa og bruk dei til ein dessert, til dømes! Når glaset har stått ei stund vil vaniljestanga sette god smak på sukkeret.

Ein annan variant er å lage vaniljesukker basert på melis. Det var slik eg gjorde det i dag. Ta ei vaniljestang og del den på langs. Skjær så stanga i bitar. Du skal ikkje ta ut frøa. Putt bitane i ei kjøkkenmaskin i lag med melis. Eg brukte:

vanilje1

Ca. 300-500 gram melis

To vaniljestenger

Stor kjøkkenmaskin

Litt mindre kjøkkenmaskin

Fyrst køyrde melis og vaniljestang i den store kjøkkenmaskina leeeenge. Så slo eg alt gjennom eit mjølsikt. Då sat eg att med “vaniljestangklumpane”, som du ser på biletet under:

vanilje2

Desse klumpane køyrde eg så i den litt mindre kjøkkenmaskina mi i lag med litt melis, så hadde eg det gjennom mjølsiktet ein gong til. Repeter denne prosessen to-tre gongar for å få mest mogleg ut av vaniljestanga. Bland til slutt vaniljesukkeret godt i ei skål og ha over plastfolie. Slik kan det godt stå ein dag eller to til smakane får sett seg. I morgon skal eg ha vaniljesukkeret på fine glas og så vert det kanskje julegåver!

Eg tenkte det var for gale å kaste dei herlege restane og laga like godt litt vaniljesirup! Gjenbruk er bra også i matverda!

vanilje3

Eg laga ein vaksen variant der eg brukte litt Captain Morgan-rom. Sirupen må koke til du ser at den tjuknar, men må ikkje vere så tjukk at du ikkje klarar å sile den.

vanilje4

Slå sirupen og glas og set kjøleg. Dette smakar nydeleg på is, i ein god kaffi, over varme bær og mykje, mykje meir!

Dette er fine, små julegåver som du kan gi til gode venninner! Det er så utruleg enkelt og så utruleg godt!!!

Hellstrøm, boots og ballerinadrakt!

Sist søndag fekk den vesle hobbykokken vår på  3 1/2 år endeleg sett favorittkokken sin på TV! Ho beordra storesyskena sine til å vere stille så pass at ho fekk høyre på Hellstrøm i fred og ro. Så sprang ho ut på kjøkkenet og henta seg skjærefjøl, kniv og ei grønsak å skjære på. Deretter benka ho seg på ein krakk rett framfor fjernsynet og såg på Hellstrøm.

Mat

Dersom ho hadde vore skrivekyndig hadde ho heilt sikkert notert ned oppskrifta til meg. I staden for vart oppskrifta på svineribbe og tilbehør referert til meg etterkvart. “Mamma, no gjer han Hellstrøm sånn….. og så må vi ha sånt krydder du veit… og så legg han løk og gulrot i botnen…. brukar du det, mamma…. og så er det viktig at du snur den… og har vi sennep til å ha i surkålet?” Omtrent slik utarta instruksjonen seg!

mat1

Det spørst kva Hellstrøm hadde sagt til at kokken legg beina på bordet når ho lagar mat…

Slik sat ho til heile programmet var ferdig! Då hadde ho sjølvsagt heile menyen klar og lurte på om vi kunne feire julaftan med ein gong!  Då eg sa at me måtte vente i to veker til, var ho litt bekymra for at ho kanskje kunne gløyme korleis det skulle gjerast!

Eg spurde om det var kjekt å sjå på Hellstrøm, og då snudde ho seg mot meg og sa:

“Mamma, Hellstrøm er helten min!”.

 

torsdag 16. desember 2010

Det er vel lov å drøyme litt???

Eg har hatt ein laaang møtedag i dag og kom heim til tomt og kaldt hus. Husbonden jobbar og ungane overnattar med besteforeldre. Framleis småfrosen og kald etter å ha forsert ei verd av snø, opna eg ein e-post frå Lexington sin nettbutikk. Bileta fekk meg til å drøyme!

Lex

Det er vel kanskje ikkje så rart??? Eg likar godt denne koslege, amerikanske stilen.  Tenk å kunne krype ned i ei så herleg seng medan det knitra på peisen…

Lex1

Eller kanskje eg skulle kroe seg i godstolen med ei god bok og nyte ei stille stund…

Eg skulle gjerne ha handla både det eine og det andre i Lexington sin nettbutikk, men medan det framleis er småkaldt i stova og på soverommet, tillet eg meg å drøyme meg litt vekk i staden for!!!

Det er vel lov???

Eg skulle gjerne ha sagt at bileta var tekne heime hos meg, men det er dei altså ikkje…. Eg har lånt dei her.

søndag 12. desember 2010

Vintermorgon…

Eg vakna til ein kald og klar morgon. Vindauget på soveromet hadde stått ope og det  lukta vinter og snø. Medan minstesnuppa kosa seg med barne-TV fekk eg nyte ei god morgonstund på badet.  Eg tenkte eg ville dele noko av morgonstemninga med deg!

bad1

Eg er glad i oliven og har oliventre på badet. Ingenting er betre enn å ta seg ein lang og varm dusj og kjenne lukta av olivensåpe spreie seg på badet…

bad

Det er ikkje gull og diamantar alt som glitrar på badet mitt. På badehylla heng smykker i alle variantar. Nokre rosa plastikksmykker som jentene mine pyntar seg med, perler og sølv som eg pyntar meg med.

bad2

Eg har ikkje fancy smykkestativ på badet mitt. I staden for brukar eg ein skjønn figur som eg fekk med fadderbarnet mitt for mange, mange år sidan. Figuren er tung og klarer å halde ganske mange smykker.

bad3

Å ha på seg litt parfyme etter ein varm dusj gir ei kjensle av luksus. I alle fall når eg har på meg Flowerbomb av Viktor & Rolf.  Dette må vere den beste parfyma eg har hatt nokon gong! Dersom ein og annan mann kikar innom bloggen min kan eg godt anbefale denne parfymen som eit julegåvetips til kjærasten!

bad4

Til slutt tok eg på meg Lexington-morgonkåpa mi og tusla meg ned til minstesnuppa som kosa seg i sofaen. Med ein god kopp te i handa og eit lite gull i armkroken vart denne stunda under pleddet eit  herleg minne…

lørdag 11. desember 2010

Kvild…

Av og til må slitne, små fotar kvile. Det er travelt å dilte etter mamma og pappa overalt. Dei skal sjå på alt mogleg. Snakke med alle. Diskutere om ein skal kjøpe ditt eller datt. Kanskje pratar dei i telefon, og ventetida er uendeleg for dei små fotane.

Då er det godt å finne ein stad der ein kan gå inn og setje seg ned i ei kunstnarkrå. Då kan mamma og pappa berre prate så masse dei vil. Snakke med den dei vil, vere kjærestar litt og diskutere om ein skal kjøpe det eine eller det andre.

Sina

...for då har dei små fotane fått kvile seg og kan slappe heilt av og vere kreativ. Lage kunst. Puste litt og kjenne at julehandel eigentleg er ganske OK likevel.

Tusen takk til Mekko i Volda som har forstått kva ein må gjere for å behage dei små!!!

fredag 10. desember 2010

...all you touch and all you see...

Long you live and high you fly
And smiles you'll give and tears you'll cry
And all you touch and all you see
Is all your life will ever be.
- Pink Floyd -



torsdag 9. desember 2010

…fordi eg må puste litt…

Tenk om kvardagen hadde ein stoppknapp. Ei bremse. Eller ei slik stoppesnor som var på bussane i gamle dagar. Tenk om alt kunne stoppe opp. Berre fordi eg må puste. Puste med magen. Berre fordi eg treng eit stille sekund til å sortere tankar. Berre fordi eg veit at ei stille stund er alt eg treng for å klare å gå vidare.

calm

Pustepauser er indremedisin og kjærkomne høve til å gi næring til draumar, næring til tankar ein elles ikkje har tid til å tenkje og grobotn for kreativitet og fantasi. Det er viktig at vi stoppar opp før kroppen stoppar oss.

calm1 I jula skal eg ha meg ei lang pustepause. Då skal eg vere kreativ og prøve å kome litt lenger i realiseringa av ein draum. Ein draum som eg har hatt lenge, men som aldri har vorte realisert på grunn av sviktande mot. Men no har eg folk med meg som pressar meg framover og heiar på meg! Dei har gitt meg tru på at eg kan få det til og nokre av brikkene eg mangla har kome på plass.

Men fram til jula kjem skal eg berre klore meg fast i kvardagane! Kanskje rekk eg ei pustepause eller to. Kanskje set eg mobilen på lydlaus og gjer meg utilgjengeleg ei lita stund!

Ta deg tid til å puste litt, du òg!

Bileta har eg lånt her.

 

tirsdag 7. desember 2010

American chocholate chip cookies!

I dag fekk eg ein uventa heimedag med frøken midtimellom. Ho var ikkje heilt i strøk og måtte vere heime. Då nytta eg høvet til å bake nokre julekaker. Her i huset bakar vi alltid American chocholate chip cookies til jul. Dei har ikkje for vane å bli verande særleg lenge i kakeboksa, for å seie det slik… Eg har brukt mange ulike oppskrifter, og dagens deig var nok eit nytt eksperiment.

American

Du treng:

225 g usalta smør

150 g kvitt sukker

160 g brunt sukker

2 store egg

1 1/2 ts vaniljesukker

1 ts bakepulver

1/2 ts salt

295 g kveitemjøl

200 g hakka sjokolade

Rør smøret mjukt med ein miksmaster. Tilsett kvitt sukker og brunt sukker, rør dette i omlag 2 minutt slik at alt vert godt blanda.

American1

Rør eitt og eitt egg inn i røra. Tilsett så dei andre ingrediensane og rør godt. Bland i sjokoladebitane og rør litt til.

American2

Du har no ei tjukk og god “deig”. Legg små klumpar på ei bakepapirkledd steikjeplate. Kjeksa vert passe store om klumpen er på storleik med ei stor valnøtt. Du lyt berre prøve deg fram! Av og til har ein lyst på kjempestore kjeks, og då må deigklumpen vere større!

Steik kjeksa på 190 grader i 12-14 minutt. Pass på så dei ikkje vert brende. Legg øyeblikkeleg på ei bakerist slik at dei får kjøle seg ned.

American3

Legg kjeksa i ei kakeboks og gøym dei ein lur stad! Desse har det med å få bein å gå på…

PS! Dersom du vil ha litt variantar i kjeksa, kan du prøve eitt av desse tipsa:

  • rasp litt appelsinskal ned i røra
  • hakk opp valnøtter og tilsett i lag med sjokoladen
  • bytt ut saltet med Maldonsalt
  • hakk marsipan i små bitar og putt i røra

Kanskje du har eit anna godt tips???