søndag 25. oktober 2009

Gratulerer, jenta mi…

Sju år fulle av gode stunder, varme klemmar og endelause samtaler om alt og ingenting.

Sju år som har gått så altfor fort…

064

Det er ei stor glede å få vere Ida si mamma! Ho er så full av liv, så full av spørsmål og tankar. No har ho vorte stor jente og vart sju år i går. Dagen vart feire på Tarecup i Ålesund, der fotballlaget hennar vann alle tre kampane. Bursdagsfeiringa tok vi i dag, og Ida hadde invitert alle jentene i klassa si!

040

Det er alltid kjekt med liv og røre i huset, og jentene kosa seg med sjølvlaga pizza, smoothies, teikning og synging!

029

Det er ikkje farleg å ha 13 jenter i hus når dei er så flinke og kjekke!

Gratulerer så mykje med overstått dag, Ida mi!

Du er den snillaste, godaste jenta eg veit om!

onsdag 21. oktober 2009

Musikalske vitaminar og lokale heltar.

Eg har hatt nokre utruleg travle dagar i juryen i Lagmannsretten. Då eg kom heim i kveld, full av spørsmål utan svar og tusen tankar som måtte sorterast, fann eg plutseleg denne videoen på nettet. Egil Olsen er kanskje ein kjend artist for enkelte, for andre enno ukjend. Uansett kva kategori du befinn deg i, så bør du sjekke ut denne videoen.

Videoen fekk meg i godt humør og eg kjende skuldrane senke seg. Det artigaste er at alle på videoen er lokale heltar og musikalske personlegheiter her eg bur!

I morgon tidleg ventar nok ein dag i retten, og då skal i allefall denne songen vere med meg i tankane! “Grow a heart” kan nok vere viktige ord å hugse på i ei rettsak….

PS! Konkurransen min er ikkje over enno, klikk linken i høgre marg for å vere med!

søndag 11. oktober 2009

Det er berre så utruleg vakkert…

I dag har vi hatt ein strålande dag på Sunnmøre. Noko av det beste med ein vakker haustdag er solnedgangen om kvelden…

019

Eg rakk heldigvis å ta nokre bileter før det vart for mørkt.

026 

Margot Sandsmark har sagt noko utruleg flott om solnedgangen;

“Solnedgangen er dagens arv til mennesket.”

Når dagen er over, så etterlet den seg ein vakker solnedgang! Det er så fint å tenkje på…

lørdag 10. oktober 2009

Ei aldri så lita feiring – blir du med?

Det er så kjekt med feiringar og jubileum, at eg tenkte det var på tide å drage igong eit lite jubileum her på bloggen!

Eg kunne til dømes ha feira at eg har så utruleg mange koslege lesarar som er innom og legg at koslege og varmande kommentarar til meg. Eller at eg snart nærmar meg 500 innlegg. Eller at eg har blogga i 1 1/2 år og hatt meir enn 130 000 besøkande. Men det er ikkje grunnen til dette jubileumet….

feiring

Men i dag vil eg feire at 100 personar har lagt seg til som følgjarar av bloggen min!

Gåva som skal delast ut i forbindelse med jubileumet er noko som er julerelatert… Eg kan love at den er kjempefin, så her er det berre å hive seg med i konkurransen!

For å vere med i konkurransen, gjer du følgjande:

  • Legg att kommentar på dette innlegget (eitt lodd)
  • Legg att kommentar på innlegget og legg deg til som følgjar (to lodd)
  • Legg att kommentar på innlegget, legg deg til som følgjar og link til bloggen min på bloggen din (tre lodd)

PS! Skriv i kommentaren din kor mange lodd du får, slik at alt går rett for seg!!! Og om du er følgjar frå før, så får du sjølvsagt eit lodd om du gjer meg merksam på det!

feiring1

Du må gjerne bruke biletet eg har lagt ut i høgre margen min dersom du vil linke til bloggen min!

Nyttar med dette høvet til å ynskje alle ei strålande helg!!! Her er det endeleg opphaldsvèr!

 

onsdag 7. oktober 2009

Natural beauty….

Sukk, den som hadde eit grantre med DIGRE kongler i nærleiken… Eg er så glad i å pynte med det naturen har å by på, og konglar er noko som høyrer hausten til.

haustpynt1

I dag vart eg inspirert av BHG, som hadde inspirerande bileter til haustpynting.

haustpynt

Kongler og vintergrønt er så utruleg dekorativt!

haustpynt2

Eg brukar alltid å ha ei lita gran utanfor inngangsdøra når vi nærmar oss jul, og i år skal molda dekkast med kongler.

Så enkelt – så flott!

haustpynt3

Ei korg full av konglar er pynt i seg sjølv.

haustpynt4

haustpynt5

Det enkle er ofte det beste!

haustpynt6

Eg har faktisk nokre slike glaskuler liggande blant all julepynten, kanskje eg må putte prøve dette knepet?

Julepraten er allereie i gang i Blogglandia, sjølv om det nok er i tidlegaste laget for min del. Eg er ein ekte julenostalgikar, men oktober månad høyrer framleis hausten til. Dette kongleinnlegget er difor ein hyllest til hausten, og ikkje ein snikstart på julepyntinga!

Alle bileta er lånte her.

 

tirsdag 6. oktober 2009

Ta godt vare på pusen din…

Det har brått vorte kaldt rundt om kring, og då er det viktig å ta godt vare på dyra. Særleg tenkjer eg på små, uskuldige kattungar som berre blir sende ut på eiga hand. Kanskje med eit håp om at dei aldri kjem tilbake. Kanskje som eit misforstått forsøk på å lære dei å verte sjølvstendige. Dersom du ikkje vil ha kattepusen din, eller alle kattungane, så må du gjere det einaste rette: ta livet av dei på ein human måte. Dersom du ikkje får gitt vekk alle kattungane dine, så må du i allefall ikkje berre sleppe dei ut på eiga hand!!!

tiasarablogspot.com1 

I helga hadde ein kollega av meg funne ein ihelfrosen og utmagra kattunge på trappa si. Ho tok sjølvsagt inn pusen og gav han mat. Kva anna kan ein gjere???

Dagens vesle bøn er difor å ta godt vare på dyra no når gradestokken kryp nedover og snøen kjem lavare og lavare!

Pusane på biletet har det i alle fall “godt som katten”! Biletet har eg funne på “We heart it”, og det er Sara Berntsen med bloggen “The Point of Pointless” som har teke biletet.

Ta godt vare på dyra dine – og andre sine!

Det hadde vore kjekt om denne bodskapen kunne gå som ein farsott i Blogglandia i dag! Skriv gjerne om det same på bloggen din og link til innlegget mitt!!!

mandag 5. oktober 2009

Verdens beste land!

For sjuande år på rad vart Noreg kåra til Noregs beste land å bu i! Mykje er nok bra, og mykje kan verte betre! Men kanskje må vi verte flinkare til å faktisk sjå det som er bra! Eller er vi meir som Ola Dunk på biletet under?

Bilettekst: "Nå er jeg så mett at jeg begynner å bli alvorlig irritert!"

Har du tenkt å over kva som gjer Noreg til eit godt land å bu i for deg? Legg gjerne att kommentar og det mest positive med å vere nordmann med oss andre!

Her er nokre få av mine favorittar:

  • Morspermisjon: tenk å få vere heime eit heilt år med løn!
  • Helsetenestene: Noreg sikrar god helseteneste til alle (her er det sjølvsagt framleis ein jobb å gjere for å verte betre, men samanlikna med andre land har vi det SVÆRT bra!
  • Klima: Ja, du las heilt rett! Sjølv om vi stort sett regnar vekk for tida, så er vi i allefall ikkje utsette for tyfonar, jordskjelv og andre naturkatastrofer av alvorleg karakter.
  • Demokrati: Noreg har eit velfungerande demokrati, og det er ikkje så sjølvsagt!

Lista mi er sjølvsagt mykje lenger enn dette, men no er eg spent på å sjå kva andre kan bidra med!

Kvifor er Noreg verdens beste land å bu i?

søndag 4. oktober 2009

Lat, men produktiv søndag!

I dag har regnet fossa ned. Det har ikkje vore eit einaste opplett øyeblikk!

018

Det har vore mange kosestunder i sofakroken i dag!

Regnet la likevel ikkje dempar på kreativiteten, så eldsteborna var i snikkarbuda og laga seg kvar sin smørkniv (!), og husfrua sjølv har strikka. Dei som har lese bloggen min ei stund, har nok fått med seg at eg brått har fått ein enorm interesse for strikking! Det er framleis på eit lite avansert stadie, men det betyr ingenting! Dei gir ei utruleg kjensle å vite at eg har skapt noko! Og så er det utruleg stas å høyre ungane seie til andre at det er mamma som har strikka det dei har på seg!

025 

For tida har eg to strikk på gong, og i dag leggvarmarar til Ida eg har strikka på. Det rosa, skjønne babyteppet har fått seg ei pause.

Og så må eg få skryte av storeungane mine på 7 og 10 som har laga seg smørknivar i dag. Pappaen har saga ut to emner, men alt det andre har dei gjort sjølve!

029 

Etter at kniven vart pussa silkemjuk og fin, fekk dei svi inn namna sine. Dei var ned i verkstaden til onkelen min og lånte sviapparatet hans, og det var stor stas å få setje merket sitt på eige produkt! No står nok sviapparat høgt på ønskelista til jul…

028

No skal knivane oljast før vi kan ta dei i bruk.

008

 013

Medan vi andre pusla rundt med våre ting, tilbrakte Sina mykje tid i campingstolen sin og las bok!

Som du sikkert forstår, har vi hatt ein herleg søndag!

 

Dream with open eyes!

Dette utruleg vakre biletet med den kloke teksten fann eg her i dag, og måtte berre dele det med blogglesarane mine!

dream-with-open-eyes_55688880_large

For det er vel det alt handlar om? Å drøyme med opne auge gjer at vi tek draumen med inn i kvardagen vår. Då er det lettare å leve ut draumane sine og sjå at kvardagane ikkje er så aller verst likevel!

Dagens utfordring: bruk dagen i dag til å gjere noko du alltid har drøymt om!

Og hugs; dei små draumane er like viktige som dei store!

fredag 2. oktober 2009

Touched by an angel…

“Mamma, ser du denne gropa her?”.

Eldstemann står framfor spegelen og studerer seg sjølv.

“Men sjå då, mamma! Sjå på gropa vi har under nasen. Den mellom munnen og nasen, veit du!”

Vi set oss ned så pass eg får studert underverket.

 Johan

“Veit du kvifor vi har den, mamma?”

Eg tenkte sjølvsagt altfor avansert, og leita etter ei naturvitskapleg forklaring som sikkert ville imponere lærarane hans på skulen.

“Veit du det ikkje, mamma?”

Eg måtte berre innrømme at eg mangla ei brukbar forklaring.

“Det er englane som har laga den, mamma. Då eg var fødd, stod der ein engel og venta på meg. Engelen tok peikefingeren sin og sette eit avtrykk på meg. Det gjorde han for at han skulle kjenne meg att. Engelen er der alltid og passar på meg.” 

015

Ei vakker forklaring på eit av livets store mysterier. Og sjølvsagt var det ein 10-åring som gav meg den.

Og du har heilt rett, Johan:

Engelen din er der og passar på deg!