mandag 30. januar 2012

Er du meir?

Kven er du,

vaknande sonen min?

Du står med hendene frie

og ler mot alt som møter.

Kven er du?

Flø

Er du den unge tiger,

vil du smyge, smyge?

Er du ein blom som vender

si krone mot lyset?

Er du ein brunn som speglar

stjernene svivande over?

Er du alt dette – og meir?

Ein dag vil jorda

glefse deg i seg

liksom ei tigermoder

i redsle for barnet sitt.

Liksom ein brunn

som vil binde ei stjerne.

Er du meir?

- Marie Takvam -

Så heldig eg er som får vere mamma. Som har skattar i livet mitt, meir dyrebare enn eg kan våge å setje ord på. Som kvar dag gjer livet mitt rikare. Krevjande, men rikare. Livet har lært meg å vere audmjuk. Eg har fått smake på det gode, men også det vonde. Eg har ein skatt for lite. Men eg er likevel rik. Audmjuk og rik.

Og kvar dag ser eg inn i varme auge som speglar stjernene svivande over.

Eg er heldig.

søndag 29. januar 2012

Der havet er endelaust…♥

I dag skal vi til Flø. Det blir det sikkert mange flotte bileter av. Og mange minne. Og mykje sand. Kanskje våte ungar etter leik med bølgeskvulp. Kanskje ei mamma og ein pappa som får ladda litt batteri og rusla hand i hand… ♥

Flø

Dette biletet er tatt for to år sidan. Der er sikkert minst like vakkert i dag. Det er sol frå blå himmel på Sunnmøre i dag og vi skal nyte kvart eit sekund!

Ha ein fin søndag!

 

lørdag 28. januar 2012

Vil du bli med på kjøkkenbenken min?

Eg har alltid vore veldig glad i å lage mat. Nokre av oppskriftene og bileta mine hamna inne på bloggen her, men så kom eg på at eg like gjerne kunne lage ein matblogg. “På kjøkkenbenken” såg dagens lys og sidan det har mange oppskrifter vorte publiserte.

I sommar vart eg kontakta av matprat.no som lurte på om eg ville vere ein av hovudbloggarane deira på den nye bloggportalen dei skulle opne. Etter å ha funne ut at førespurnaden faktisk ikkje var tull, så takka eg ja!

kjøkkenbenken, logo2

Bloggen min skifta plattform men beheldt det same namnet. Dette var superspennande! Og eg er i godt selskap; sjå berre kven andre som er med i gruppa:

matpratfolk

Ta gjerne innom matprat.no sin bloggportal og sjå alt det gode som vert laga på kjøkken rundt omkring!

kjøkkenbenken, logo1

“På kjøkkenbenken” har si eiga side på Facebook, klikk gjerne her for å vere med!

Eg blir veldig glad om du kikar innom matbloggen min! Klikk her for å kome direkte inn på bloggen min!

Ynskjer alle ein god laurdagskveld!!!

 

fredag 27. januar 2012

Gammaldags og traust, eller grønt og nostalgisk?

Eg har lenge vore på jakt etter gammaldagse planter. Det er langt mellom desse plantene i blomsterbutikkane no til dags. Eg kunne sjølvsagt ha knipe av avleggarar når eg er på besøk med folk som har dei plantene eg er på jakt etter, men er ikkje det litt frekt då?

grøn glede

Mormora mi sa at beste plantene fekk ein av avleggarar som ein “stjal” frå andre. Eg veit ikkje om det stemmer og eg veit heller ikkje om mormora mi verkeleg tok avleggarar i all løyndom når ho var på kaffibesøk med andre. Uansett, så har eg altså vore på jakt etter desse plantene som har vore “ut” i lange tider.

grøn glede1

Nokre planter har eg funne på Plantasjen og nokre hos min lokale blomsterbutikk. Men då måtte eg leite lenge. Planta på biletet over hang på til tilbodsstativ på Plantasjen. Og den var verkeleg billeg. Sikkert fordi ingen ville ha den… Planten heiter visst Vandrande jøde og eg kan hugse at tanta mi hadde mange slike (trur ho har det enno, forrsten!). Når dei står i vindaugskarmen i sollyset ser dei grøne blada så friske og saftige ut!

grøn glede2

Mor med barn på fang er så absolutt finast når blada får henge rett ned. Eg har den i ein glaskarm og må snurre den nokre gongar rundt blomsterpotta fordi den er så lang.

grøn glede3

Planten på biletet over veit eg ikkje kva heiter – kanskje blogglesarane min kan hjelpe meg??? Den veks i alle fall villeg, sjølv om den ikkje alltid har fått vatn når den vil….

grøn glede4

Det beste med desse gammaldagse plantene mine er at dei er så lettstelte. Dei blir glade når dei får vatn i ny og ne, dei strekkjer seg etter sollyset og veks for kvar dag. Og om dei skulle tørke heilt ut, går det ikkje lenge før ein skvett vatn får dei til å ranke seg att!

Har du gammaldagse planter og korleis skaffar du deg dei?

onsdag 25. januar 2012

Lengt…♥

I år har vi bestemt oss for ein ting: vi skal bruke mykje meir tid ute i skog og mark. Vi bur midt i eit fantastisk friluftsområde med fjell og fjøre i umiddelbar nærleik.

IMG_2996

Ein treng ikkje å pakke så mykje; litt niste, ved til bål, litt å drikke og ekstra lestar til små fotar som likar å utforske alt som er vått!

IMG_3006

Små venninner og syskenbarn som får springe så fort som føtene klarer, lyse kveldar som ingen ende tek og glede over å få vere ute.

IMG_3037

Å få sitte på ein benk ved stranda eller på ein stein i skogen og dele god mat, hemmelegheiter og lure blikk…

IMG_3022

Hjelpe eit lite syskenbarn, passe henne så ho ikkje plumpar ut i vatnet og blir våt….

IMG_3051

Å tulle seg inn i eit mjukt og varmt pledd når kvelden nærmar seg, rulle rundt i graset og kike på himmelen og skyene…lukke….♥

IMG_3161

Å vere minstemann og få hjelp til å klatre i tre i lag med eldstemann…. Vi skal klatre i mange tre i år, store tre og små tre! Og vi skal hjelpe kvarandre!

a

Vi skal rusle i skogen og kjenne den rislande gleda det er å få drikke friskt vatn frå ein fjellbekk. Undre oss over kvar vatnet kjem i frå og så vandre vidare. Finne fleire bekkar, fleire fjell og mange gleder!

aa

Vi skal ta oss tid til å setje oss ned og kjenne på fred og ro. Vi skal sprengje grenser, nå nye mål og verte rikare på opplevingar.

2012 skal verte eit fantastisk turår!

Vi lengtar etter å kome i gang…♥

PS! Sjekk gjerne denne lenkja og sjå den fantastiske jenta som inspirerte ungane mine i går kveld! Elise Theoline; du er eit førebilete – på meir enn ein måte!!!  Ho har ein nydeleg blogg med inspirerande bilete, som du finn her.

tirsdag 24. januar 2012

Bleik om nebbet…

Stakkars, lissje gullet mitt er sjuk i dag… Eg trudde lenge vi skulle sleppe unna omgangssykja, men i går kveld kom den altså på  besøk. Uvelkomen og uønskt, men det er ikkje noko vi får gjort med det.

sinapels copy

Det er berre å krype under pleddet og slappe av så godt ein kan. Eg har diska opp med French Fries og Cola til frukost, ikkje av det sunne slaget akkurat, men pasienten fekk det i alle fall ned.

sinapels1 copy

Takk og lov for barne-TV med bokstavkorps, teiknefilmar og “Klart eg kan”. Medan snuppelura kosar seg under pleddet i eine enden av sofaen, ligg mamsen i den andre enden og kjenner at ho heller ikkje er heilt i form….

sinapels2 copy

Vi får glede oss over at det trass alt er sol frå blå himmel ute, at vi har det godt og vart i stova, at papsen går til og frå med alt vi treng og så kikar vi på dei flotte bileta vi tok i helga då vi var på utflukt ♥

Vi tek gjerne i mot omsorgsfulle tankar og gode energiar…♥

lørdag 21. januar 2012

Uglemamma ♥

Eg har fått meg ugle. Ei skjønn, lite ugle som rett og slett ropte at ho hadde lyst til å kome å bu med meg!

ugle gry

Det er ei eg kjenner som har mala dette skjønne biletet! Eg likte så godt uttrykket til ugla; dei snille, gode augene og den litt forsiktige framtoningen.

ugle søkjer heim

Ugla mi har ein liten ugleslektning (biletet over) som gjerne ynskjer seg ein ny heim! Om du kunne tenkje deg dette biletet kan du gjerne ta kontakt med kunstnaren på FB-sida hennar, eller du kan legge att ein kommentar på dette innlegget. Biletet kjem er 30 x 40 og kjem med kvit ramme.

gry løvold collage copy

Den flotte dama som har laga desse bileta heiter Gry Løvold og bur i Ørsta. Ho blir veldig glad om kunsten hennar får henge i heimar rundt om kring!

No gler eg meg masse til ugla mi kjem heim til meg! 

fredag 20. januar 2012

Girls only ♥

I dag skal jentene i huset ha kosekveld! Papsen søv etter uendeleg lang brøytevakt og storebror skal på overnatting med ein kompis.

girls only

Vi skal kose oss med “Girls only”-spa på badet, jåle oss med gode kremar og lukter, ete rosa kaker og trippe rundt i ballerinakle!

girls only1

Til kvelds blir det taco og fredagskos… Det er allerie høg “skum i badekaret”-faktor på badet, så eg må opp og vere med på moroa!

girls only2

Fin fredag til alle!!!

søndag 15. januar 2012

Påfyll og inspirasjon!

I går kveld fekk eg vere med på eit fantastisk matkurs! “Fremtiden i våre hender” sitt lokallag arrangerte vegetarmatkurs på “Kokk ‘n Roll” i Ulsteinvik, og alle på kurset fekk vere på kjøkkenet og lage mat!

collage kokk1 copy

To svært gode læremeistrar ynskte oss velkomne til kjøkkenet og ga oss tilgang til alt utstyr og alle ingrediensar! Dei hadde komponert ein fireretters meny med 14 ulike rettar som vi skulle få lov til å lage.

collage kokk copy

Mange gode tips vart delte denne kvelden, mange gode smakar og mange gode idèar! Vegetarmat er på ingen måte sært og rart! Eg sakna i alle fall verken kjøt eller fisk då vi sat til bords og åt i går!

collage kokk2 copy

Det viktigaste for meg denne kvelden var å få tips til gode måtar å variere med grønsaker på; anten som hovudrett eller som tilbehør til anna mat! No ligg oppskriftene godt bevart, men både bileter og oppskrifter blir delt på matbloggen min med jamne mellomrom!

Ta gjerne turen innom Kokk ‘n Roll si eiga heimeside og la deg freiste av alt det fantastiske dei har å by på!

søndag 8. januar 2012

Aller best…♥

Vi kunne ikkje ha bedt om meir i dag; ein strålande vinterdag med sol i mange timar. Mange har vore på fjellet i dag, men vi likar oss aller best i fjøra…

IMG_5220 copy

Vi er så heldige å ha eiga fjøre og naust. Det er fint andre stadar òg, men det er der vi trivast aller best. Dei gamle naustmurane, støda, båten og dei klukkande bølgene…

IMG_5224 copy

Vi likar aller best når vinteren byr på sol og opplett, i staden for regn, sludd eller snø. Det var kaldt i dag, men sola varma litt. Og bålet…- ingenting er som bål når ein er på fjøretur! Når vi samlas rundt bålet, med god mat eller varm drikke i koppane; då likar vi oss aller best…♥

IMG_5234 copy

Vi har vore her så mange gongar før. I regn og kulde, sol og varme, vind og blest. Vèret spelar inga rolle. Dette er vår fristad. Her er det aller best. Det gamle naustet har stått mang ein storm. Ikkje ein gong Dagmar klarte å gjere skade. Einaste ei naustdør som vart riven av, men vi fann den att i nabostøda. Husbonden fekk på att døra, midt i eit stormkast 2. juledag. Han lempa stein til sveitten dreiv for å sikre at det ikkje skulle skje ein gong til.

IMG_5240 copy

Han er aller best, han karen her, gitt!

IMG_5253

Det aller beste ein slik vinterdag er å kunne sitje lunt og godt ved på ein stein ved naustdøra og nyte dei leikande solstrålane. Dei varmar både kropp og sjel!

IMG_5208

Og når maten er oppeten og saftglaset er tomt, må vi skunde oss å leike litt til i fjøresteinane. Rett før sola går bak fjellet, rett før vinterkulden bit oss i kinna….

Og når vi sit i bilen på veg heim og ser på dei raudkinna borna i baksetet, er det ikkje tvil om at vi har det

aller best….♥

lørdag 7. januar 2012

I’m inspired…♥

Vi går med store husplanar for tida… Det er ikkje til å unngå at ein vert sitjande litt på nett og drøyme og la seg inspirere!

rusticinterior14

Biletet er lånt her.

Eg blir veldig lett forelska når eg ser lyst, lett og luftig interiør. Eg blir inspirert av alt dagslyset, dei store vindaugsflatene og dei lyse fargane.

Rustic-Style-Interior-Design-Picture

Biletet er lånt her.

Ope, spartansk, lyst og kanskje ein smule nakent. Men likevel innbydande! Fantastisk å kunne ta naturen inn i huset ved å ha store vindauge som dette!

luxury-mountain-house-14

Biletet er lånt her.

Eg er så heldig å ha verdens flottaste utsikt. Eg bur høgt, luftig og bratt. Ingen ser inn til meg, så eg kan ha store glasflater og likevel føle at eg har privatliv. Likar godt at det er høgt under taket, som på biletet over.

rustic interior

Biletet er lånt her.

Sjølv om eg er glad i det rustikke, må det ikkje vere for gammalt. Eg likar godt at det er ulike strukturar i eit rom, at ein kombinerer ulike materialer – gjerne naturmaterialer.

Rustic-Hook-4

Bilete er lånt her.

Knaggar klarer du fint å lage sjølv!

modern-living-room-decor-Jessica-Kelly-555x306

Biletet er lånt her.

Eg slappar  best av når det er reine linjer og  lite nips og naps i romet. At fargane er avstemte har også mykje å seie. Eg ser så mykje fargerikt og kreativt interiør rundt om kring på bloggar, men kunne nok ikkje hatt det slik heime hos meg. Kvit sofa er det vel òg nokre år til eg kan ha, små ungar set ein effektiv stoppar for det – men det er lov å drøyme og planlegge!!!

fredag 6. januar 2012

Mjuk fredag…♥

Det har vore ei kort arbeidsveke, men like vel så uendeleg godt med fredag og helg…

IMG_5124

Frøken 4 år var sliten etter ei barnehageveke og likte svært godt å få krype opp i godstolen og sjå barne-TV; mjukt, varmt og godt… ♥ Medan ho kosa seg og venta på storesøskena som var på besteforeldrebesøk, tusla mamsen på kjøkkenet og trylla fram stroganoffgryte.

IMG_5162

Dei to eldste kom endeleg heim og slo seg ned i sofaen. Godt å ha alle saman heime, godt at det er helg og godt at vi ikkje har så mange gjeremål.

IMG_5152

Jula er rydda ut for godt og det vart luftig på stova. Eg ser at mange av mine medbloggarar tek våren inn i stova no og at det er pastellfargane som dominerer. Sjølv er eg litt tilbakehalde med våren enno, for eg veit at vi antakeleg har mykje vinter i vente. Det er likevel dei lyse og mjuke fargane som dominerer; nyansar av grått, litt kvitt, litt støvete rosa og naturfargar. Og stearinlys! Masse stearinlys!

Ynskjer alle ein god og mjuk fredagskveld ♥

tirsdag 3. januar 2012

Nytt år…

Nyttårsaftan er dagen for ettertanke. Det skjedde så mykje i 2011 som må sorterast og reflekterast over.

IMG_5033

Medan eg stulla og ordna til nyttårsmiddag for familien fekk tankane flyte fritt. Erfaringane frå 2011 skal få lov til å vere med inn i 2012 slik at det nye året kan verte eit fantastisk år.

IMG_5043

Vi har mange store prosjekt i det nye året. Aller viktigast er å få orden på hus og heim. Vi må på ein eller annan måte få ordna på huset slik at vi kan få den heimen vi har lyst på og fortenar. Å bu i gamle hus er ikkje berre romantisk og nostalgisk… Det vil verte eit stort løft for familien vår, men eg tenkjer vi skal klare det!

IMG_5039

Og midt i alt dette skal vi leve, puste, erfare og finne kvardagslukka. Å finne kvardagslege lyspunkt og strø litt glitter rundt oss er kjempeviktig!

I dag ryddar eg vekk jula til fordel for det lyse og lette. Nokre forsiktige fargar skal få plass i stova, og sjølv om eg veit at det er lenge til vår og at vinteren framleis lurer rundt hushjørnet, så er eg forsiktig optimist og likar tanken på at kvar dag er lysare enn den forrige!

Godt nytt år til alle!