lørdag 30. mars 2013

Påskestrikk!

Det er mykje å fylle dei gode påskedagane med. Skigåing, aking, nyte sola i fjøresteinane, gå lange turar og nyte synet av snøklokkene sprett opp frå bakken. Eller ein kan lese ei god bok. Lage god mat. Kose seg i lag med gode vener. Eller strikke.

For nokre vekar sidan byrja eg på eit trekantskjerf, eller ein hjartevarmar, som eg kallar det! Eg elskar den klare, turkise fargen. Eg brukte to ulike typar garn, begge deler frå Rauma garn. 


Skjerfet vart strikka ferdig no i  påska og minstemor var snar å legge sin elsk på det! For å bruke opp tråden strikka eg eit panneband òg. Det vart litt knapt med tråd på slutten, så då måtte eg supplere med noko turkis frå Dale Babyull. 


Det er så kjekt å strikke til nokon som vert så glade for det dei får! No er det nytt garn på pinnane og frøken midtimellom skal få seg ein Skappel-liknande gensar. 


Det fine med dette skjerfet er at det vart så stort at det dekkjer bringa til minstemor, slik at ho held seg ekstra god og varm! 

I dag er det påskeafta og framleis er det litt att av påska! Riktig god påske til alle vi kjenner! Bruk tida og dagane godt; anten inne eller ute! 




mandag 25. mars 2013

E N J O Y . . .


...it`s another beautiful day and spring is on its way! 


Biletet har eg lånt frå weheartit.com

lørdag 23. mars 2013

Endeleg påske!

Vi har hatt påskeverkstad i heimen i dag. Ingrediensar: tre søskenbarn på seks år, maaange egg, maling, greiner, litt tolmod og ein porsjon tolmod (både frå store og små). 


Minstemor var så lei seg for at egget ho hadde mala i barnehagen vart knust, så ho ville ha "evigheitsegg". Då vart det plastegg og glasegg - kjøpt på butikken! 





Dette er den absolutt finaste påskebuketten her i huset! Tre søskenbarn på seks år, fulle av liv og ablegøyer! 


Maling på hendene? Ingen problem - papsen i huset fiksar slikt!


Ynskjer alle gode vener ei fin påskehøgtid!