fredag 30. juli 2010

Det er helg…

…og eg pakkar ungane i bilen og set kursen mot fjellheimen! Vi har lengta etter papsen som er vekk og jobbar – no skal han få ♥-lig besøk av oss!!!

sweetpaul1

Håper helga di vert full av sol, bading, is, blomebinding, humler som surrar, seine kveldar i godt lag, ungar som kvin av fryd og vaksne som veit å setje pris på alle desse gullkanta augneblinka!

♥♥♥

Vi skal kose oss masse og vere ilag med nære og kjære!!!

(denne norske karen var så snill å låne meg biletet sitt)

torsdag 29. juli 2010

Coming to a Theatre Near You…

Vi er så heldige å ha vår eiga underhaldningsavdeling i heimen vår. I går var det danseshow, teater og moteshow som stod på programmet.

Danse2

Minstesnuppa stod for det meste av underhaldninga og svinga seg i eine kjolen etter den andre. Songane som stod på repertoaret varierte frå Abba  sine kjende slagerar til Beyonce sin “Single ladies”.

Danse

Litt trøbbel med kjolen, men det opplever vel mange modellar under motevisningar!!! Ho har likevel forstått at uansett kva som skjer, så må ho gjennomføre med full overbevisning!

Danse1

Avslutningsnummeret i minstesnuppa sin konsert var “Mamma Mia”, som nok er ein av favorittsongane hennar!

Danse3

Frøken midtimellom hadde ei svært så teatralsk framsyning i William Shakespeare si ånd, noko som vekte stor begeistring blant tilskuarane!

Danse4

Etter endt forestilling måtte sjølvsagt dei involverte partane fram på den heimesnikra scena for å hauste applaus! Eldstemann var altmuligmann og hadde tallause oppdrag for dei krevjande aktørane. Han var ei viktig brikke i alle nummera og fekk stor takk frå minstesystrene!

♥♥♥

Takksame foreldre var rause med applausen og gler seg allereie til neste framsyning!

mandag 26. juli 2010

Personleg almanakk? Ja takk!!!

Som lærar er ein nøydd å halde orden på dagar og veker, karakterar, vurderingar, møter og mykje meir. Ei bok til å putte alle desse opplysningane i er absolutt naudsynt!

IMG_3695

Forrige skuleår hadde eg ei stor, svart bok i A4-storleik. Der var god plass til skrive og tilpassa lærarar. Men du verden så ; upraktisk… Ikkje fekk eg den i veska mi, den var tung, den var vanskeleg å finne fram i og sist, men ikkje minst; den var kjedeleg og trist.

IMG_3692

No var eg budd på å bruke sommaren til å tråle butikkane etter den rette almanakken! Ein liten sveip innom denne koselege bloggen ein sein kveldstime sparte meg den jobben! Ho fortalte nemleg om det svenske firmaet “Personleg almanacka”. Både bileta av dei ulike almanakkane og konseptet vann meg øyeblikkeleg!

IMG_3688

Her kan du gå inn og designe dei heilt personlege almanakk!!! Det var superenkelt å gjere det, og veldig mange artige val du kunne gjere! Eg sende bestilling, betalte online og så var det berre å vente. På ordren stod det at det kunne ta to veker før eg fekk den i posten, men allereie etter ei veke låg den i postkassa mi!

IMG_3698

Samanlikna med kva det kostar for andre almanakkar, så er prisen slettes ikkje avskrekkande. Eg betalte i underkant av 300,- og det inkluderte frakt og nokre ekstra duppedingsar som linjal, plastlommer o.l.

Personlig almanakk personleg almanakk1

personleg almanakk2 personleg almanakk3

personleg almanakk4

Desse bileta er brukt  med løyve frå “Personlig almanacka”. Eg vil anbefale desse herlege almanakkane til alle som enno ikkje har funne seg almanakk til hausten! Dei kan bestillast i tre ulike storleikar.

Eg er i alle fall klar til nytt skuleår!!!

søndag 25. juli 2010

Gardsbesøk!!!

I dag har vi besøkt Erdal gard, ein besøksgard ikkje så langt frå der vi bur! Dei to eldste gledde seg til å sjå alle dei spennande dyra…

Erdalen

…medan minstesnuppa gledde seg aller mest til å treffe att bestevenninna frå barnehagen, som er så heldig at ho bur på denne garden! Gjensynsgleda var stor for begge jentene!

erdalen1

Dei små kyllingane klarte å sjarmere oss i senk, og eldstemann har no store planar om å starte opp att med høns her på garden!!!

Erdalen2

Ei moskusand som bada i ein sinkbalje fekk litt ekstra pleie denne dagen! Minstesnuppa og bestevenninna skrubba henne på ryggen med ein kost, og det såg jammen ut til at ho likte det!

erdalen3

Som seg hør og bør når nokon har bada, måtte baljen skrubbast skikkeleg! Minstesnuppa gjekk laust med kosten og jobba hardt for å gjere reint! Eg er sikker på moskusendene sette pris på ekstra service!

erdalen4

Der var forsyne meg ei lita klatremus på garden òg!!!

Vi storkosa oss i det nydlege sommarvèret denne julidagen, og vil absolutt oppmode alle om å ta turen til Erdalen gard på besøk! Link til Facebook-sida deira finn du her.

Tusen takk for oss – vi kjem tilbake!!!

Måneskin ♥ ♥ ♥

Den nydlegaste månen lyser opp natta mi…♥ ♥ ♥

måne

Kven kan vel leggje seg

når ein har noko så vakkert å sjå på???

fredag 23. juli 2010

Kjære du….

…som rotar i fjøra vår: kan du vær så snill å rydde etter deg neste gong??? Dette gjeld forøvrig alle som rotar i alle andre fjører òg!!! I dag gjekk det hardt utover ei lita, berrføtt jente som skar seg på glasbrot. Sjølv om vi plukka opp alt vi såg, låg der glasbrot og lurte under steinane og sanden.

Fjøra vår ligg slik til at det er lett å nå den for alle – heldigvis! Det er kjekt når mange nyttar seg av fjørelivets gleder. Vi ser rett ned i støda vår frå stoveglaset, og i løpet av sommaren er det mange som er der i seine kveldstimar og brenn bål og kosar seg.

sår

Det er berre så dumt at ein absolutt må rote så mykje! Ein skulle tru det var ei smal sak å rydde etter seg! Og kvifor i alle dagar må ein absolutt knuse glasflaskene etter at ein har tømt dei???

Det er også lov å rydde opp eingongsgrillar, plastposar, ketchupflasker og ølboksar. Please….

Vi blir så glade når vi ser at folk kosar seg i fjøra vår, men vi blir like lei oss kvar gong vi ser at dei ikkje ryddar etter seg…

I dag fekk vi endeleg sol på Sunnmøre og dagen vart tilbragt i fjøresteinane. Noko som resulterte i at minstesnuppa skar seg på glasbrot to gongar; eit djupt kutt på lissjetåa og eit kutt på hælen. Eg tok sjølvsagt ikkje bilete av såra og alt blodet, men lånte heller dette biletet av denne fotokunstnaren.

“Frå alle sår kjem det eit arr, og alle arr fortel ei historie. Ei historie som fortel at eg overlevde”.

Jaudå, minstesnuppa overlever nok desse såra. La oss berre håpe at alle som er glade i å bruke den flotte naturen vår også har vit til å rydde etter seg!

Det var dagens peikefinger, folkens…..

torsdag 22. juli 2010

Kan hende…

…vi snart får ein varm og deilig sommarkveld, og eg kan ta med meg gode vener og min aller kjæraste ein tur i fjøra eller på stranda. Kan hende vi kan fyre opp bål og småprate til langt ut i dei små timar, medan sola går ned i havet og månen lyser opp kvelden for oss.

flø14

Kan hende vi kan nippe til litt raudt i glaset og ete små godbitar. Kan hende vi avsluttar det heile med raude jordbær og eit svalande nattbad!

♥ ♥ ♥

Kan nokon sende meg litt sol og varme slik at vi får ein slik kveld snart???

onsdag 21. juli 2010

Med liv og lyst og sand…

Sommaren på Sunnmøre har ikkje akkurat vore lystig og varm, og då er det om å gjere å kapre dei få fine augneblinka ein har og leve lenge på dei!

flø

Nok ein gong viser eg bileter frå vakre Flø! Ungane kosa seg og fann alt mogleg rart i sanden! Slik som denne kvisten!

flø3

Eller denne!!! Vi trudde faktisk det var ein slange, men ved nærare ettersyn såg vi heldigvis at det var feil…

flø7

Så utruleg spennande å leike seg i bølgene!

flø8 Å springe i frå bølgene var superkjekt!

flø10 Frøken midtimellom fann seg ein stein og heldt eit lite “one woman”-show for oss! Kva ho song er vi ikkje så sikre på, men underhaldande var det i allefall!!!

flø12

Minstesnuppa måtte sjølvsagt også opp på steinen og underhalde litt!!!

flø13

Turen til Flø slutta slik turar til Flø alltid gjer; vill leik i sand! Då er det sjølvsagt berre ein ting å gjere; BADE!!! Eg kan love deg at det er kaldt når storhavet slår bølgene inn over stranda, men bade måtte dei!!!! Eldstemann grudde seg litt, men det var berre smil å sjå då dei kava rundt i bølgene!

♥ ♥ ♥

Det var sein kveld då vi sette oss i bilen heim. Vi hadde fått ein smak av sommar og var godt nøgde alle mann…

Slike minner lever vi lenge på!!!

Til dei som måtte lure på om det ikkje burde kome eit interiørinnlegg snart, og som er lei av alle sommarbileta mine, les følgande beskjed: Vi er minst mogleg inne, kjøper minst mogleg av nye ting og tang og prioriterer å prise sommargledene og ikkje nips og naps!  Men eg kjem sterkare tilbake – før du veit ordet av det!

tirsdag 20. juli 2010

Fantastiske Flø…

I går tok vi turen til Flø ilag med gode vener. Det er så herleg å spasere på kvit sand og kjenne vinden ruske i håret! No skal du få vere med på ei lita fotoreise ilag med meg!

flø1 

Fotomotiva er mange når ein er på Flø. Lyset forandrar seg frå minutt til minutt, vinden endrar retning og bølgene slår langt opp på stranda.

flø4

Ungane sprang om kapp med bølgene og hylte av fryd då bølgene fanga nakne føter.

flø5

Det er så fascinerande å sjå kor planter og vekstar klorar seg fast.

flø6

Fargeskalaen på Flø går stort sett i gråtonar med duse, sarte pastellar. Men nokre stadar lurer fargesprakande blomar!

flø9 

Det er alltid like vemodig å forlate Flø… Men vi veit at vegen ut er kort og at vi ser tek turen igjen!!!

Det kjem nokre bileter til i eit seinare innlegg!

søndag 18. juli 2010

Tankepause…

Vi har vore på campingtur i helga og kosa oss i campingvogn. Ungane har storkosa seg og leika frå morgon til kveld. Det var leikekameratar overalt!  Minstesnuppa var kanskje den ivrigaste av alle, og sprang mellom trampoliner og leikeapparat dagen lang!

Sina

Men sjølv denne vesle snuppa treng pause av og til.  Snille papsen kom med litt slikkeri på laurdagskvelden, og då kjende ho brått at ho var litt sliten. Ho stod rett opp og ned og kosa seg og såg tankefullt utover leikeplassen medan alle dei andre ungane leika seg.

Den som kunne ha gitt ti øre for tankane hennar…

torsdag 15. juli 2010

Liten Ida…

Vi brukte å kalle henne det då ho var lita. Liten Ida. Alltid så smilande blid! Alltid med gode klemmar og masse kos. No er ho ikkje så liten lenger.

Liten Ida

♥ ♥ ♥

Ho har vorte mamma si store og kjekke jente. Akkkurat same, gode smila. Alltid klemmar og  kos, men slettes ikkje liten lenger. Ho har vorte ei fin, lita frøken som likar å pynte seg. Som veldig gjerne vil vere stor. Gå på butikkar åleine. Pakke litt i veska si og vere med mamma på handel.

Liten Ida1

I dag var i Fosnavåg og då kjøpte ho seg ei Noa Noa-veske og ein nydeleg ring på Bella Blå. Ho kosa seg blant alt det vakre i butikken. Og handla for eigne pengar… No vil ho vere med meg ein annan gong òg, når ho har fått spart seg opp meir pengar! Det var så mykje fint ho hadde lyst på…

Liten Ida2

Og eg tek gjerne turen ilag med henne til Bella Blå ein gong til! Der var eitt og anna mamsen kunne tenkje seg òg…

Innekos3 

Då vi kom heim frå turen vår i dag, braka det laust eit forferdeleg uvèr! Det var tordenskrall og styrtregn som vi nesten aldri kan hugse å ha opplevd før! Då var det best å kose seg inne så godt vi kunne, og stearinlysa måtte tennast fordi straumen gjekk.

Liten Ida4

No ynskjer eg alle ei strålande helg! Vi pakkar saken og reiser ein liten helgatur.

♥ ♥ ♥

Kanskje klarer vi å finne sola!!!

Kallenamnet “Liten Ida” kjem frå filmen “Liten Ida”. Den skildrar lille Ida sine opplevingar og sterke barndomsinntrykk i det krigsramma nord-Noreg i 1944. Opplevingane hennar er litt spesielle, då ho var “tyskertøs”. Eg såg filmen då eg var lita, og det gjorde eit usletteleg inntrykk. 

søndag 11. juli 2010

Gullkanta…

Dagen i dag har vore gullkanta… Så varm, så herleg, så endelaus! Torden og skybrudd har også vore ingrediensar i dag, men når dagen sluttar med rosa himmel gjer det slettes ingenting!!!

regndag6

Småtausene i huset har pynta låvedøra vår, godt hjelpne av ein storebror med hammar og spikar! At lavendelen er plastikk gjer ingenting, meinte minstesnuppa! Så lenge den er lilla må den vere med!

regndag7

Ei gammal smørkasse fekk pryde låvebrua, og har sikkert ingenting imot å verte oppjåla med spirea og lavendel!

regndag4

Etter i hektisk arbeidsøkt måtte dei sjølvsagt leske seg med god saft!

regndag8

Minstesnuppa er ei svært så snill dukkemamma, og har passa på gullet sitt i heile dag. Her har ho vore bort på marka og kika på trehytta til storebror. Det er ikkje lett å manøvrere dukkevogn når graset er så høgt, men innnsatsen er det ingenting å seie på!

regndag9

Eldstemann har tilbragt store delar av dagen på å øve fotballferdigheiter! Ei oppladding til kveldens kamp, kanskje?

Regndag12 

Frøken midimellom gjekk heile den varme dagen og gledde seg til å bade i bestemor sitt basseng! Det var sol og fint då vi kom ned, men brått dukke ei blålilla sky opp på himmelen og skybruddet var eit faktum!

regndag11

Regnet stoppa på ingen måte badelysta – tvert i mot!!! Det var svært spennande å bade i plaskregnet medan torden dundra i det fjerne! Du ser på biletet kor voldsomt det regna, og dette var ikkje eingong verste byga….

regndag1

Det flotte med regn er at alt vert så vakkert etterpå! Blomane er fulle av duggfriske regndråpar, lufta er klar og absolutt alt luktar sommar!

regndag

Den gullkanta dagen vår er no over, og ein rosa kveldshimmel får avslutte det heile!

Aften rød gjør morgen sød….