tirsdag 20. juli 2010

Fantastiske Flø…

I går tok vi turen til Flø ilag med gode vener. Det er så herleg å spasere på kvit sand og kjenne vinden ruske i håret! No skal du få vere med på ei lita fotoreise ilag med meg!

flø1 

Fotomotiva er mange når ein er på Flø. Lyset forandrar seg frå minutt til minutt, vinden endrar retning og bølgene slår langt opp på stranda.

flø4

Ungane sprang om kapp med bølgene og hylte av fryd då bølgene fanga nakne føter.

flø5

Det er så fascinerande å sjå kor planter og vekstar klorar seg fast.

flø6

Fargeskalaen på Flø går stort sett i gråtonar med duse, sarte pastellar. Men nokre stadar lurer fargesprakande blomar!

flø9 

Det er alltid like vemodig å forlate Flø… Men vi veit at vegen ut er kort og at vi ser tek turen igjen!!!

Det kjem nokre bileter til i eit seinare innlegg!

3 kommentarer:

  1. Vakre Flø bilder!! Det er en herlig plass å være!

    SvarSlett
  2. ja, det er berre ein ting å seie om Flø - fantatisk! Vi arrangerer utekonsert der med Vamp 4. august faktisk. Trur det blir ei flott oppleving (om veret held seg bra).

    SvarSlett
  3. Nydeleg ja!!!
    Har ein forkjærleik for FLØ vi også :-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!