lørdag 31. mars 2012

Tapas i Barcelona

Eg hadde eigentleg tenkt å kose meg i solveggen med ein god kopp kaffi, lese litt nyinnkjøpt litteratur, sjå i interiørblad og høyre på ungane leike seg på tunet. Men så vaknar vi til snø… Masse snø… Snø høyrer for så vidt påska til og det burde heller ikkje kome som ei overrasking at det kan kome snø på denne tid av året. Så når plan A sviktar (den planen med sol og utekos, altså), så lyt vi ty til plan B; innekos, baking, litt smårydding for å gjere oss heilt klare til påskehøgtida og så kikar eg i bilete og lengtar tilbake til vårvarme dagar i Barcelona.

tapas-c

Spania er tapasen sitt heimland. Uansett kvar i Barcelona du befinn deg, finn du ein tapasrestaurant i umiddelbar nærleik.

tapas-d

Ingenting er som å setje seg ned i lag med gode vener og nyte slikt eit bugnande måltid!

tapas-a

Eg er allergisk mot reker og skalldyr, men hobbykokken i meg let seg likevel både inspirere, overraske og fascinere over alle dei ulike måtane skalldyr kan tilberedast på. Denne varianten var innebaka i filodeig, fritert og servert i ei lita skål med fantastisk aioli!

tapas-b

Dette var faktisk aller fyrste gong eg har smakt skikkeleg blekksprut. Friterte blekksprutringar har eg ete før, men det blir ikkje heilt det same. Her fekk vi blekkspruten servert på grilla paprika (som var ei smaksoppleving i seg sjølv!!!), med pesto og god olivenolje. Og sjå kor fint dei hadde pynta med blomar! Sjølv om konsistensen var noko framand, smakte det fortreffeleg!

tapas-e

Då har eg fått mimra litt om deilige dagar i Barcelona…. Ute snør det framleis, men vi bryr oss ikkje særleg mykje om det. Jentene har leita fram all påskepynten vi har samla gjennom åra og er klar til pynting!

 

God palmelaurdag til alle!

 

torsdag 29. mars 2012

Smilande benk

Midt i parken sat han. Heilt åleine på ein benk. Hadde ingenting med seg. Ingen som sat i lag med han. Ingenting som såg ut til å haste. Ein av verdas vakraste katedralar stod rett ved sidan av, men eg såg berre mannnen. Mannen på benken i parken.

barcelona

Han såg så snill ut der han sat. Med falda hender kika han på det yrande folkelivet. Smilte. Såg så tilfreds ut. Eg høyrde ikkje lenger kva guiden fortalte om katedralen. All mi merksemd var retta mot denne mannen. Midt i eit bankande byhjarte sat han roleg og avslappa, i ein vrimmel av folk frå alle delar av verda. Han har heilt sikkert sete her mange gongar før. Kanskje kjem han kvar dag.

Eg fekk slik omsorg for denne mannen. Ein framand. Han utstrålte noko trygt. Noko godt. Ro. Eg tenkte på at vi alle skulle har vore flinke til å setje oss på ein benk av og til. La verda segle av garde og leve sitt eige liv. Som regel hastar vi forbi og unner oss ikkje slik kvile. Gjennom eit langt liv passerer vi mange benkar. La oss av og til stoppe opp og ta oss tid til å studere verda. Eller tid til å tenke. Eller til å berre sitje heilt i ro og kvile.

barcelona1

Smilende benk

Mannen som bur nedi lia
må tydelegvis ha merkt seg
at "møblar av plast
har eg elles lite til overs for".


Der to kvite stolar stod i fjor
står i år ein solid trebenk.
Ny å sjå til. I alle fall nymåla.
Glinsande grøn.


Kan ein benk smile?
Denne benken kan.


Da mannen ommøblerte
her oppe på bakketoppen
må han ha smilt i skjegget.
Og smilen blanda seg med grønmålinga
så no står benken og smiler med heile seg.


Og eg som går og set meg der
smiler tilbake med heile meg.

Halldis Moren Vesaas (sommar 1995)

Dette vakre diktet skreiv Halldis M. Vesaas berre nokre månader før ho døde. Det passa til bileta eg tok av denne kjekke mannnen i parken utanfor Sagrada Familia i Barcelona.

…og eg som går og set meg der
smiler tilbake med heile meg.

Finn deg ein benk, set deg ned, kvil deg og smil!

søndag 25. mars 2012

Kvit inspirasjon

Unner meg litt rast og ro før eg stuper inn i ein travel søndag! Bloggen Lilis Fashion vart kjelda til inspirasjon i dag – igjen!

kvit inspirasjon1 copy

kvit inspirasjon2 copy

No hastar eg av garde mot alle dagens gjeremål! Det blir ein travel, men god søndag!

Bileta er lånt her.

lørdag 24. mars 2012

Crocus Vernus og dugnadsånd

Crocus Vernus, eller vårkrokus, er ein av dei vakraste vårblomane. Når markane kring i bygda bugnar av krokus veit vi at våren har kome.

krokus copy

I dag har vi endeleg starta på fyrste steg i “Prosjekt totalrenovering”.  Huset vårt skal ombyggast, påbyggast og restaurerast. Grunnmurane er av gamleslaget og er prega av alder og år. No må vi rive dei gamle murane og mura opp att nye. Det betyr at sjølve huset på “jekkast opp” med dragarar og støtter i kjellaren medan muringa pågår. Verkar litt skummelt, men det skal visst late seg gjere…

krokus1

For å få ein kick start på det heile, kalla vi like godt inn storfamilien til dugnad! To besteforeldre, fire mammaer og pappaer og sju små (…og svært arbeidsdyktige…) har halde på i absolutt heile dag. Ein nattevaktonkel og ei “passe liten baby”-tante stakk innom med jamne mellomrom for å sjekke arbeidsånda.

krokus2

Medan dei vaksne gjorde grovarbeidet med å tømme kjellaren, sprang dei små til og frå og gjorde så godt dei kunne (og det var jammen ikkje lite!!!). Og så kosa dei seg i “krokusbakken”. Sjølv om det er litt anleggsområde her for tida, så er der ein fin liten bakke med plen som bugnar av krokus. Dei små nevane plukka så mange dei kunne og det vart visst pynta både her og der!

krokus3

Sjølv om vi har stått på og jobba, så har det vore ein strålande dag!  Vi kjende verkeleg at våren er her og sola varma godt. Endåtil grillsesongen vart opna!

Vi vil ha fleire slike dagar. Vi vil ha mykje arbeidslyst. Vi vil ha sol og varme. Vi vil at husprosjektet skal gå slik som vi har tenkt. Og vi vil ha mange dagar med små og store som tumlar rundt i tunet i leik og glede!

Tusen takk til ein alle tiders dugnadsgjeng!

fredag 16. mars 2012

# den følelsen…♥

weheartit

Eg vart utfordra til å tenke på eit tal, gå inn på favorittsida mi og velje det biletet. Eg tenkte på talet 7 og gjekk inn på We heart it si side . ei av sidene der eg hentar myke inspirasjon. Bilete nr. 7 er det du ser over. Det kunne vel ikkje ha passa betre akkurat no

G o d   h e l g   t i l  a l l e

Biletet har eg funne her.

mandag 12. mars 2012

Aim for the moon...


...and if you miss it, you may hit a star...

Ynskjer alle ein strålande kveld!

Biletet har eg lånt her.

lørdag 10. mars 2012

…om å setje farge på dagen ♥

Det var så grått og trist då vi stod opp i dag. Slike dagar må fargeleggjast!

IMG_7499

Jentene kledde seg fargerikt og sette seg til ved bordet for å teikne. Fargeblyantane flaug over arka. Fantasien let seg ikkje stanse, sjølv om naturkreftene herjar ute!

IMG_7491

Vi har litt å lære av ungane sin skapartrang. Nokre fargeblyantar og eit ark er alt som skal til for å lyfte dagen.

IMG_7496

Vi bestemte oss fort for å ikkje la gråfargane på prege dagen vår! Vi bur trass alt på Sunnmøre og har lang erfaring med dårleg vèr – vi veit at også slike dagar gir meining og har verdi!

IMG_7514

Medan jentene teikna sette eg med ned med eit strikk. Nydeleg “Faerytale” frå Du Store Alpakka skal tryllast om til ein hals som skal varme oss gjennom kjølige vårdagar!

Ha ein   f a r g e r i k   dag der du er!

onsdag 7. mars 2012

Faktisk litt kry...

Eg vert faktisk litt kry (går det an å seie det...???) når både eg og nynorsken er på framsida av Lesernes VG!!! Ta gjerne turen innom matbloggen min og sjå kor enkelt eit godt fiskemåltid kan gjerast!

Om du vil sjekke ut Lesernes VG, kan du klikke på denne lenkja, for så å scrolle deg langt ned på VG si nettside - der finn du Lesernes VG!

Eg er jo berre ein beskjeden sunnmøring, så slik publisitet er rett og slett kjempekjekt!

fredag 2. mars 2012

Mager trøyst…

I dag er vi er like tuspete og skranglete, eg og tulipanane. Eg er sjuk, medan dei har takka heilt for seg.

IMG_7441

Eg kjem meg nok til hektene att, medan dei stakkars tulipanane vert kasta ut i løpet av dagen. Men sjølv om dei har skrumpa inn og er ferdige med glansdagane sine, så er dei likevel vakre. Skjøre og tandre, men vakre. Ein “ferdig” tulipan” kan vere like så vakker som ein ung og frisk. Kanskje er det slik med oss menneske òg? Sjølv når vi har dårlege dagar og ikkje kjenner oss heilt på topp, så er det kanskje eit slør av vitalitet over oss likevel. Ei mager trøyst, men det held i massevis!

IMG_7401

Tulipanen har lete seg att. Takka for seg. Eg nyt den framleis. Den er akkurat like vakker. Akkurat like interessant.

IMG_7394

Og medan influensaen bestemmer seg for om eg skal få friskne til att snart, så gjer eg så godt eg kan for å halde motet oppe. Solbærtoddy og strikk har vore kjære vener desse dagane.

utsikt

Ynskjer alle ei frisk og god helg! Håper det strålande vèret held seg!

Helsing  Tove

torsdag 1. mars 2012

Drøymer…

I dag er fyrste dagen med vår. Det er mars, det er grønt ute, det er mildt og det blomstrar under alle busker.

Hos Mari på Nordingården. Skribent Pernilla Fredholm. Bilden får publiceras i Vakre Hjem & Interiör vid ett tillfälle.

Då har ein vel lov å drøyme? Drøyme om lyse og varme kveldar…

augekvild7

Drøyme om ein lun plass i sola… Drøyme om vår og sommar…

 

I   l o v e   s p r i n g

Eg har sjølvsagt lånt dei vakre bileta her!