søndag 31. oktober 2010

Ego-trip!!!

Det er alltid kjekt med ein tur til Oslo. Alltid. Etter ein humpete flytur hamna eg her….

oslo

Nydelege gråfargar, utsøkte detaljar og avslappande steming…

oslo1

Det var ei glede å få tilbringe ei natt her!!!

Medan eg, med sommarfuglar i magen venta på alt det spennande eg skulle få oppleve denne dagen, var ein tur til frisøren absolutt naudsynt!

oslo2

På ein eksklusiv frisørsalong i Oslo, men kjendisar spaserande inn og ut, fekk eg både klipt og farga håret. Maken til service har eg aldri opplevd nokon gong!

For ein som er litt over middels interessert for mat, var møtet med Tom Victor absolutt dagens høgdepunkt!

tom victor1

(bilete lånt her).

Du hugsar han kanskje frå dette programmet?

tom victor2

(bilete lånt her).

Det var stor stas å få sjå kokken i aksjon, for så å bli servert dei deiligaste rettar! Det er heller ikkje kvar dag ein får diskutere daglegdagse matspørsmål med verdens nest beste kokk!

Tusen takk til Opplysningskontoret for frukt og grønt for å ha ordna så fint til oss!!! Bloggen vil nok verte prega av dette besøket i lang tid framover! Forhåpentlegvis vil eg kunne bidra til å fronte “5 om dagen” og gi inspirasjon til å bruke meir frukt og grønt i kvardagn!

oslo3

Det var likevel ingenting som var betre enn å kome heim til verdens herligaste treåring, haloweenutkledde storeungar og ein kjærast som hadde sakna meg….

Lukka er ein liten ting…. ♥♥♥

Med treåringen på fanget og ei skål jordbær vart laurdagskvelden perfekt…

onsdag 27. oktober 2010

Nokre morgonar…

…må ein berre stoppe alle klokker, la stress vere stress og gløyme at ein eigentleg skulle ha vore ein annan stad. I går var ein slik morgon. Vi hadde stressa rundt inne; leita etter briller, sjekka alle skulesekkane ein gong til, leita etter badehetter, sløkt alle lys og sjekka at all maten var sett på plass i kjøleskapet. Ungane vart beordra ut i bilen, og hadde i farta lurt med seg nokre Marie-kjeks som dei skulle kose seg med på veg til skule.

Med høg puls og stressadrenalinet pumpande rundt i kroppen, kunne eg endeleg låse døra bak meg og sette meg i bilen. Men ungane var ikkje i bilen. Ikkje skulesekkane heller. Eg såg  på klokka og tenkte at ei leiter!unde var det siste eg hadde tid til!

Så høyrde eg småprat bak hushjørnet. Der sat rømlingane. På den kvite benken vår, og kosa seg med Marie-kjeks. “Kom og sjå så fantastisk fint lys det er, mamma!”.

vinterlandskap

Eg sette meg ned i lag med dei. Klokka fekk leve sitt eige liv. Vi hadde viktigare ting å styre med. Det er ikkje kvar morgon vi ser slike under; den fantastiske utsikta vår, Raudøya bada i det blå morgonlyset og månen som hang langt der oppe og vaka over oss alle. Vi sat slik lenge. Kosa oss med Marie-kjeks. Snakka om kor heldige vi er som bur her vi bur, som kan vakne om morgonane og sjå på alt dette vakre.

Hand i hand rusla vi oss tilbake til bilen. Dagen måtte starte. Også for oss.

vinterlandskap1

Etter å ha køyrt i to minutt måtte vi stoppe igjen. Då vi runda Lianeset stod himmelen i brann. Det er så rart å tenke på at vi forlet det kalde, blå morgonlyset og like etterpå er den same himmelen i fyr og flamme.

Vi fekk verkeleg ladda batteria våre denne morgonen! Vi er så heldige som av og til får slike fantastiske naturopplevingar! Ingen ting er meir spennande enn når naturen sjølv spelar opp og byr på seg sjølv. At Christel Alsos underheldt oss i bilen med denne utruleg vakre songen, gjorde det heile til ei endå større oppleving!

♥♥♥

Bileta er tekne med mobiltelefonen min og lagt på rammer og skrift i eit fotoredigeringsprogram.

fredag 22. oktober 2010

Politiske frynsegoder!

 Det er ikkje ofte eg bloggar om min politiske ståstad og om politiske saker, og det skal eg heller ikkje gjere i dag. Eg vil likevel ta blogglesarane mine med på ein dag i eit kommunestyremøte! Vi bur i ein kommune med fantastisk natur, ville fjell og verdas vakraste fjord; Hjørundfjorden!

MS “Hjørundfjord” tok oss med på synfaring gjennom ein vinterkledd  Hjørundfjord. Vi skulle besøke Hotel Union Øye og besøke ein stolt gardbrukar på Stennes.

Hjørundfjorden8

På kaia vart vi tekne godt i mot av Bodil som losa oss trygt ombord i båten.

Hjørundfjord1

Kommunestyremedlemmane mønstrar på!

Hjørundfjord2

Vel framme på Øye trassa vi sluddbyger og motvind og vandra i retning Hotel Union Øye.

Hjørundfjord4

Litt kjekt at den trufaste lokalavisjournalisten også fekk vere med på bilete (lengst til venstre)!

Hjørundfjord5

Staslege omgjevnadar – fantastisk vertsskap – verdens beste eplekake – kjærkomen kaffi! Hit burde du ta turen, forresten! Desse kan hjelpe deg med det.

Hjørundfjorden3

Det er mange måtar å kome seg til Øye på! Vi var ikkje einaste gjestane på Øye denne dagen…

Hjørundfjord6

Skal tru om det var tverrpolitisk rådslaging desse to karane hadde føre seg? Flottare møtelokale kan ein vel knapt finne!

Hjørundfjord7

På Stennes er der tre fastbuande. 150 geiter. Ein vakker hage. Dramatiske omgjevnadar. Stor stoltheit. Verdens flottaste utsikt.

Ikkje rart lokalpolitikarhjartet bankar litt ekstra slike dagar!

♥ ♥ ♥

Tusen takk til alle som bidrog til ein flott dag!

PS! Bileta kan klikkast på om du vil sjå dei i ei litt større utgåve!

mandag 18. oktober 2010

ETTERSPURD REPRISE: Kjære mann eller dame som eg snart kjem til å køyre på!

For to år sidan hadde eg eit innlegg på bloggen min om refleksbruk. Mange hugsar det kanksje, då eg også publiserte det på bloggen min i fjor òg. No er det så mange som har kontakta meg og spurt om eg ikkje kan legge det ut på bloggen ein gong til, og det gjer eg sjølvsagt gjerne! Du må gjerne linke til dette innlegget for å vere med på å spreie den livsviktige bodskapen!

refleks1

Dette innlegget skriv eg for å kome med unnskyldninga på førehand. For etter at eg har køyrt på deg kjem eg til å skulde det heile på deg. Overbevise meg sjølv, deg og alle andre om at alt er di skuld.

Eg kjem til å kome køyrande med bilen min, ein tidleg morgon på veg til jobb, eller på veg heim etter ein lang dag med undervisning og møter. Eg held akkurat fartsgrensa og snakkar ikkje i mobiltelefon - det er viktig å ha fullt fokus når vegane er våte og mørke.

Akkurat litt for seint oppdagar eg deg. Bilen min er stor og tung og køyrer rett på deg. Eit høgt dunk fyller bilen, hovudet og tankane mine. Ringjer 113 og prøver å hugse fyrstehjelpskurset eg var med på for 20 år sidan. Skal tru om du har barn? Sit dei heime og lurer på kvifor mamma eller pappa ikkje kjem heim frå jobb snart? Kvalm engstelse fyller meg idèt eg går ut av bilen, redd for synet som snart skal møte meg.

Eg kan sjå at du ligg i ei forvridd stilling på gangfeltet. Eg har køyrt på ein person i eit gangfelt. Eg , den ansvarlege sjåføren med fullt fokus på vegen og trafikkbiletet, har køyrt på eit menneske.

Veska ligg slengt fleire meter lenger borte. Eg bøyer meg ned til personen samstundes som eg prøver å identifisere noko av innhaldet i veska. Tenk om eg ser ein smokk, ei lita leike eller små babylestar, slikt som foreldre dreg med seg. Augene er blinda av tårer, sinne og raseri, eg ser ingenting. Meiner å hugse at eg skal leite etter puls. Famlar med kalde og skjelvande hender. Du har på deg så mykje kle. Det er ikkje råd å finne ei opning inn for å leite etter dei livgivande slaga.

Folk kjem til. Ser bebreidande på meg og lurer på kva som har skjedd, og om eg har ringt ambulanse. Trur eg har gjort det. Veit ingenting for sikkert lenger. Berre at eg har køyrt på ein person. Ei dame med tilgjort roleg stemme tek meg til side og snakkar til meg som om eg var eit barn. "Eg såg ingenting" , er det einaste eg klarer å seie. Alle dei andre orda, dei eg veit eg burde seie, set seg fast i halsen.

Sirener bryt stillheita, det gule lyset lyser opp heile vegen. Profesjonelle hender tek hand om meg og spør vanskelege spørsmål. "Eg såg ingenting". Dei masar meir og har på meg eit varmt teppe. Har nokon sett ein smokk?

Kjenner at vetet kjem tilbake, tankane klarnar. Eg forklarer meg til politiet og skuldar alt på deg. Eg køyrde på deg, du overlevde - og eg skuldar alt på deg. Eg forstår ingenting av det politiet seier. “Du må bli med oss”, seier dei. Dei seier at vi må snakke om det som har skjedd. Men eg veit ikkje kva som har skjedd. “Ikkje tenk meir på det”, seier dei. Og medan eg set meg inn i politibilen tenkjer eg kun på at dette var eg ikkje skuld i åleine. Dette kunne ha vore avverga. Dette skulle eg ikkje ha opplevd.

Kjære mann eller dame; eg kjem snart til å køyre på deg. Det kjem til å vere synd på deg, og du må sjølv ta på deg noko av skulda. Håper det kjem til å gå bra med deg og at du ikkje har barn.

Og om du skulle lese innlegget mitt i kveld før du legg deg, eller i morgon tidleg før du køyrer på jobb, så kan du kanskje unngå at eg køyrer på deg. Så slepp eg å måtte forklare meg til politiet og seie at "Eg såg ingenting".

Du er nokon si mor, far, kjærast, nabo, kollega og besteven.Eg vil ikkje køyre på deg, men om du held fram med å gå langs mørke vegar og krysse gangfelt utan refleks, kan eg ikkje love noko. No er du advart.

BRUK VETET -

BRUK REFLEKS!

NOKON ER GLAD I DEG!

refleks

(foto lånt her)

Dersom du skulle lure, eg har ikkje køyrt på nokon. Eg har heller ikkje vorte påkøyrd. Men mi store frykt er å på ein eller annan måte verte involvert i ei "brukte ikkje refleks"-ulukke. Då dette innlegget vart publisert sist, kom det også på trykk i fleire aviser, og eg fekk telefonar og e-post frå heile landet frå folk som ville nytte innlegget i ymse samanhengar. Det synest eg er kjempeflott! Denne bodskapen kan ikkje uttrykkast sterkt nok! Eg vart også kontakta av mange som på ein eller annan måte har vore part i slike ulukker. Eg gret nokre tårer då eg hadde desse samtalene....

lørdag 16. oktober 2010

Mormor strekkjer seg mot lyset!

Ein arv frå mi kjære mormor står så fint og blømer i vindaugskarmen på kjøkkenet. Den vesle avleggaren eg fekk med mamma i sommar kjem frå ei mangeårig plante.

blomster

Den blir rosa – JIPPI!!! Når haust går mot vinter, skal minnet frå mormor glede meg og varme meg!

Og medan nokre planter strekkjer seg mot lyset og gjer seg klare til å skyte knopp, er andre ferdige med bløminga…

blomster2

Slik er naturens gang…

fredag 15. oktober 2010

Dei store kveldane…

Det var så utruleg flott vèr ute i kveld… Gnistrande kaldt, med månen som steig på himmelen og stjernene som etterkvart dekte den mørke blå kveldshimmelen.

Difor fekk eg så lyst å dele dette vakre diktet med dykk, “Dei store kveldane” av Alf A. Sæter, favorittlyrikaren min ♥.

dikt

Eg var også så heldig å få forseinka bursdagsgåve frå den kjære veslesystra mi og familien hennar, eit vakkert bilete av borna mine, teke på trappa vår ein varm og god sommarkveld.

dikt1

På biletet sit storebror og lærer småsystrene sine å lage seljefløyte. Lenge sat dei slik og kika på han, lytta til gode råd og beundra den flotte fløyta han laga.  Åhhh, så godt med slike minner!

♥♥♥

Tusen takk for overraskande gåve, Linda….

Den varma kvelden min litt ekstra!

onsdag 13. oktober 2010

Kanskje regnar det der du er???

"Livet består ikke av å vente ut stormene. Det handler om å lære seg å danse i regnet!"


‎Vi må alltid gjere det beste ut av det vi har!
♥♥♥
Nyt hausten der du er!
PS! Bileta er lånt her og her.

mandag 11. oktober 2010

Tenk at noko så stygt...


...kan vere så utruleg vakkert!!!
Ein gong levde det i desse husa. Ein gong blei dei bygde. Ei hestedregen kjerre kom til tomta med stein, med fjøler. Frå holet i enga steig ein grunnmur, så eit reisverk i kvitt, lysande tre, med ei oppmura pipe i midten, med fuktig mørtel mellom steinane. Så huset, med gapande opningar vindaugsglasa skulle fylle. Kan du tenke deg desse husa som nye? Kjenner du lukta av nyhøvla fjøler?
Så skildrande og flott skriv Aina Basso, som for øvrig er ein utruleg dyktig forfattar. Ung, moden, reflektert og uendeleg ordrik. Ta deg gjerne ein tur innom bloggen hennar og les heile teksten, "Alle dei gamle husa", som stod på trykk i Nationen 2. oktober 2010.
Rørande og vakkert - rett og slett!


fredag 8. oktober 2010

Enkel interiørfilosofi!

Eg skal på ingen måte skryte på meg å vere ein “interiør-forstå-meg-på`ar”, eg har heller ikkje ein stilrein heim som kan puttast i den eine eller andre interiørkategorien. I min interiørfilosofi er det plass til det meste! Men tre ting går alltid igjen; natur, spor av levd liv og funksjonalitet. Eg er glad i naturlege materialer og likar godt å ta med meg naturen inn. Ungane er store bidragsytarar til det området, anten det er blomar, stein eller ting dei har laga av drivved og kvistar.

stein

Når ungane kjem heim frå skule eller barnehage har dei som regel alltid med seg ein stein eller ti i lomma. Eg kunne sjølvsagt ha ergra meg over dette, men såg fort at det var vekkasta energi! Det er som regel med stor stoltheit dei kjem og legg steinane på benken, og då har ikkje mammahjartet lyst å kaste dei. I staden for let eg dei ligge i glaskarmar rundt omkring i huset, og så kan vi sjå på dei titt og ofte! Ungane hugsar endåtil kvar dei har plukka kvar ein einaste av dei, og då er det rørande å ta vare på dei! Og så synest eg der er eit fint innslag i interiøret.

stein1

I lag med steinane i glaskarmen på kjøkenet står ein avleggar frå ein pelargonia som mormora mi har hatt. Det er mange år sidan ho døydde, og då er det noko heilt særskilt å ha ein slik avleggar. No står den med sprekkferdige knoppar og strekkjer seg mot lyset!

stein2

Har du slike små minne liggande rundt omkring i huset???

stein3

I vindaugskarmen på badet er det også stein. Kvar gong ei bukse skal til vask, kjem der nye steinar til i samlinga!

stein4

Såpedispensaren og såpekoppen glir fint inn i det naturlege temaet! Eg likar så godt sandfargane…

stein5

Korger kan brukast til så mangt! Eg har fleire slike på badet og dei passar fint til oppbevaring.

stein6

Huset vårt er frå 1939 og på loftet er alle dei gamle dørene inntakt og dei fleste av dei er framleis i original fargeprakt. Dei var mala i ein dus grønfarge som var å finne fleire stadar i huset. Eg veit ikkje kva som gjer det, men gamle dører og dørstokkar betyr noko heilt spesielt for meg… Det kan kanskje vere fordi at ein dørstokk så tydeleg har spor etter levd liv. Ei gamal dør viser nostalgisk slitasje som vitnar om liva som her levd i huset før oss. Slikt betyr noko…

stein7

Her ligg frøken midtimellom og kosar seg med Nintendo DS medan mamsen svinsar rundt på jakt etter gode fotomotiv som illustrerer litt av den enkle interiørfilosofien som regjerer i heimen!

Og når det gjeld funksjonalitet; eg er stor tilhengar av at alt ein dreg i hus må kunne brukast til noko og kome til nytte! Anten det er splitters nytt eller gjenbruk. Og så vil eg at borna skal få vere born og at interiøret skal tole både racerbilløp, ein og annan ball i høg eller lav høgde og at møblane skal tole skitne buksebakar og klissjete fingrar.

Kva er din interiørfilosofi???

onsdag 6. oktober 2010

…om marihøner, kveitebollar og ubudne gjestar.

Eg har tidlegare sagt at vi nyt svært varme og gode dagar for tida. Det er sjølvsagt heilt fantastisk og vi nyt kvart eit einaste sekund av desse tropiske plussgradene! Men etter å ha hatt ein “rydde litt i heimen”-dag i dag, så ser eg at varmen har sine ulemper òg…

Om kveldane opnar vi dører og glas, og då er det sjølvsagt ubudne gjestar som ser sitt snitt til å lure seg inn! Nokre er flygande, som kveps og store, ekle fluger, medan andre er krypande, ekle edderkoppar og vevkjerringar. Eg likar ingen av delene og har difor gått rundt som ei småskjelven og hylande husmor i dag…

marihøne

Nokre slike gjestar er likevel meir velkomne enn andre, som denne marihøna vi fann i dag tidleg. Den kraup på innsida av ei saftmugge på benken og ungane vart kjempeglade då dei såg den! Den måtte sjølvsagt over i eit litt mindre glas slik at dei kunne studere den ei stund. Dei knisa og log då den kraup oppover armane deira, før den måtte attende til glaset for å ete litt. Vi er ikkje heilt sikre på kva marihøner et, men nokre bjørkeblad fekk gjere nytta som marihønemat i dag! Vesle Mari Fly Fly vart slept ut i det fri etter ei lita stund, for ungane ville ikkje ha på seg at dei dreiv med dyreplageri!!!

marihøne1

Då marihøna fekk fri gjekk vi i gong med bollebakst. Eg skal nemleg ta tantegull på besøk både i dag og i morgon, i tilleg til at eldstemann skal ha overnattingsgjest – og då er det klart at vi må ha bollar!!! Mange bollar!!! For som Morten Schakenda seier:

“Kva er vel betre enn å setje tennene i ein fersk kveitebolle? Jau, det er å setje dei i ein til!”.

Nyt dagen vidare;

med eller utan marihøner og kveitebollar!

Lilla strikkelukke!

Minstesnuppa sin vest har vore ferdig ei stund, og ho vart særs nøgd med resultatet! At vesten er lilla er sjølvsagt ein avgjerande faktor… Det er så herleg å sjå kor glad og stolt ho er når ho får på seg vesten!

vest

Her står ho klar til å fare i barnehagen! Sjølv om vi har fine temperaturar for tida, så er det godt med ein liten ullvest!

vest1 Vesten har vrangstrikk på framsida og rettstrikk på baksida. Ei lita lomme i rettstrikk set prikken over i`en! Det gjekk relativt fort å strikke den, til trass for at det var litt kjedeleg å strikke så mykje vrangt… Planen var at eg skulle strikke pulsvarmarar og leggingsar i same farge som vesten, men det skada tommelen min set ein effektiv stoppar for det. Heldigvis har den snille hjertedama med denne bloggen sagt at ho vil gjere det for meg! Sjekk gjerne ut sida hennar og sjå alle dei flotte pulsvarmarane ho strikkar! Produkta sine sel på ho epla.no.

vest2

I stadenfor å sy saman vesten oppe, er den strikka i hop. Det var mamma som lærte meg det, og eg syntest det vart mykje finare enn om eg skulle ha sydd!

Gjett om det var ei nøgd lita frøken som gjekk til barnehagen i dag???

tirsdag 5. oktober 2010

Favorittingrediensar!

Det er enkelte ting ein berre ha tilgjengeleg på kjøkkenet til ei kvar tid!  Slike ingrediensar kan ein bruke som tilbehør, til pynt, til prikken over i`en-ingrediens, som hovudingrediens eller rett og slett som snacks!

favoritt

Ingrediensane på biletet klarer eg meg ikkje utan! Det er to ting til som alltid vere tilgjengeleg, og det er raud lauk og kvitlauk. Alle desse ingrediensane, kombinert med det du måtte ha lyst å lage til mat, blir garantert god mat!

Som frukt og grønt-ambassadør hadde det vore interessant å vite kva som er din favorittingrediens! Legg gjerne att svar i kommentarfeltet!

pink1 Ellers så har vi deilige dagar på Sunnmøre for tida! Det er ikkje verst å nyte late haustferiedagar utandørs i 18-20 plussgrader!!! Slikt likar vi!!!

Håper du har ein fin dag der du er!

søndag 3. oktober 2010

Kompromiss…

På grunn av dette….

tommel

…vert strikkeprosjektet “Gensar til tantegull” lagt på is for ei stund. Med bandasjert tommel er det ikkje så lett for ein litt klønete strikkar å handtere tynne strømpepinnar…

tommel1

Men no har eg funne ut at dersom tråden er tjukk og pinnane er tjukke, så klarer eg faktisk å strikke litt! Då vart det altså eit lite strikkekompromiss! Viktig å halde fingrane i gong, hi, hi!!!

tommel2

Så i kveld skal eg benke meg og strikke pute til snuppelurene sitt rom! Hadde tenkt å bruke Eskimo-tråd, men den hadde dei ikkje på ein einaste strikkebutikk her eg bur. Prøver meg på Sandnes garn sin “Easy” i staden for.

No har kvelden og roa senka seg og eg skal setje meg godt til rette og kose meg med strikk – endeleg!!! Gler meg…

Verdens beste eplekake!

Det er vel kanskje ikkje rett å kalle dette ei kake. “Ei smaksoppleving av dei sjeldne” er vel ei rettare skildring. Ein dessert med smakar du blir sittande og undre deg over, ein dessert som gjestane vil ha meir enn eitt stykke av.

eplekake

Eg har laga to slike kaker i dag.  I den fyrste kaka brukte eg margarin og lettrømme i fyllet, slik det står i oppskrifta. I den andre kaka brukte eg meierismør og seterrømme. Det blir opp til dommarane å avgjere kva for ei som blir best!

eplekake1

eplekake2

Denne kaka er aller best til ein sterk og god kaffi for dei vaksne, og med eit stort glas kald mjølk til ungane!

Eg har fått oppskrifta med Heidi Brunstad Øyehaug. Ho er lektor i ernæring, helse og miljø, og underviser ved Høgskulen i Volda, avdeling for lærarutdanning. Ho har gitt ut bøkene “Ta kaka” og “Bakebok for menn”, så dette med kakebaking er noko ho kan!

eple4

Denne kaka bør du så absolutt prøve å lage! 

No skal vi kose oss med fårikål til middag og eplekake til dessert! Kanskje kjem det nokre innom på besøk òg???

lørdag 2. oktober 2010

Eplekjekk laurdag!

Ein bugnande frukthage med raude og grøne epler er framleis berre ein draum. Epler høyrer hausten til og skulle gjerne ha gått i hagen og plukka korg etter korg med ferske epler, klare til bruk i all slags bakverk!

eple

Når ein ikkje har epler sjølv, må ein jukse litt! Eg har kjøpt miniepler på blomsterbutikken, men desse kan ikkje etast!

eple1

No er det norske eple i butikkan og dei er kjempegode! Dagens utfordring til alle som er innom i dag; lag eplekake!  Eg har verdens beste eplekakeoppskrift og den har eg planar om å lage i dag. Når eg lagar mat likar eg godt å tilføre ein “prikken over i`en”-ingrediens. I denne kaka er det rømme som står for den overraskande smaken. Eg skal dele oppskrifta med dykk i morgon!

eple2

Plukk nokre epler i dag, bak ei kake og gled dine nære!

Ha ein eplekjekk laurdag!