tirsdag 30. november 2010

Dusty pink…

Eg må rett og slett slutte å tenkje at der er ting som er så vanskelege at eg ikkje får det til. Sånn som fletting, til dømes. Eg har jenter med langt hår, men det er langt mellom kvar gong dei får fletter. Og når det endeleg skjer, er det sånne fletter som eg lærte å lage då eg hadde mine fyrste heimkunnskapstimar som 10-åring. Vi skulle lage flettaloff og dei gode lærarhendene lærte meg korleis det skulle gjerast.

dusty

Og så er det dei flettene som skal strikkast. Innerst inne har eg skjønt at prinsippet med fletting er enkelt og logisk. Eg har likevel tenkt at “dette kan eg aldri lære meg”. Det var eit par strikka pulsvarmarar på strikkebutikken som fekk meg på tanken. Dei var så utruleg fine, tråden var så herleg og det såg faktisk lett ut å strikke dei. Eg gjekk til innkjøp av “Kashmir alpakka” frå Sandnes garn og sette i gong.

dusty1

Etter eit par kjappe telefonar til mamma og nokre tutorials på YouTube, vart eit par pulsvarmarar produsert i løpet av ei lita kveldsøkt. Det gjekk så utruleg fort! No har eg gått til innkjøp av meir tråd og skal strikke nokre par til.

dusty2

Pulsvarmarane skal pakkast fint inn og få ny eigar. Kven sitt tre dei havnar under kan eg sjølvsagt ikkje røpe…

PS! Dersom du er ein “eg trur eigentleg ikkje at eg kan”-strikkarar som skulle hatt lyst til å strikke desse, så sender eg gjerne oppskrifta i ein e-post til deg!

søndag 28. november 2010

Skål!!!

Eg har vore så heldig å få ei skål med farmor. No står den på bordet med deilige druer, akkurat slik den alltid har gjort med farmor! For meg er skåla fylt med så mykje meir enn druer… Det er så mange minner knytt til skåla; syskenbarn som krangla om siste mandarinen eller siste drua, den fyrste frydefulle prøvesmakinga av julekaker… Skåla stod ALLTID på bordet og var ALDRI tom.

skål

Nå står altså skåla på bordet mitt og gleder meg meg sitt nærvær!

skål1

Den litt rare forma og den boblete strukturen på innsida har nok sitt opphav frå –50 eller –60-talet! Kanskje nokon kan tidfeste det nærare? Er det fleire som har slike skåler heime???

Eg har mange skåler i huset mitt. Ingen av dei er så stappfulle av minner!!!

skål2

Tusen takk, farmor –

både for minna og for skåla!!!

lørdag 27. november 2010

Skikkeleg, heimelaga taco!

Her i huset har vi aldri vore glade i taco. Vi har ikkje vore storleg begeistra for krydderblandinga og den ferdige salsaen og guacamolen har hatt ein slags plastikksmak, meiner ungane. No har sjølv eg innsett at taco har vorte ein slags nasjonalrett som vi ikkje kan unngå. Men når eg då kryp til korset og diskar opp med meksikansk mat, så vil eg gjerne setje eit ekstra heimelaga preg på det eg serverer. I kveld har vi prøvd ut ymse tacotilbehør, ALT laga frå botnen av.

Fyrst laga vi krydderblandinga:

taco

Oppskrifta har eg lånt frå ei bloggedame som eg er så heldig å ha fått blitt litt kjent med; Trine, som har denne herlege bloggen.

For å lage denne blandinga treng du:

3 ss chilipulver

2,5 ts chiliflak (knuste)

2,5 ts tørka oregano

2 ss spisskummin

2 ss paprikapulver

2,5 ts hvitlaukspulver

1,5-2 ss havsalt

2 ts svart pepar

taco1

Steik 400 g karbonadekjøtdeig og tilsett 1 1/5 ss av krydderblandinga. La krydderet surre i lag med kjøtdeiga slik at alle dei gode smakane vert henta fram. Etter eit par minutt slår du i 0,5 dl vatn.  La det heile putre til vatnet har kokt inn.

Neste post på programmet var å lage tomatsalsa. Eg fann ei basisoppskrift for nokre år sidan, som eg har justert og endra etter behov.

taco2

Dette treng du:

1 raud løk

2 fedd kvitløk

1 ss finhakka chili (m/frø om du vil ha det sterkt)

1 boks hakka, hermetisk tomat

1 ss sukker

1 ss raudvinseddik

2 store klasetomatar, grovhakka

2 ss flatpersille (eller tørka persille)

Fres finhakka kvitløk, chili og raud løk i ca 1/2 minutt. Ha i sukker og kvitvinseddik. Tilsett ei boks hermetisk tomat, kok inn til det tjuknar. Trekk til sides og ha i grovhakka klasetomat og persille. Bland godt og la det stå til du skal bruke det.

taco3 

Eg må innrømme at det var litt nedtur å måtte bruke tørka persille, men fersk persille var faktisk ikkje å oppdrive i Ørsta-butikkane i dag!

Eit anna viktig tilbehør til meksikansk mat er guacamole. Det er superenkelt å lage og smakar fantastisk godt!

taco4

Hovedingrediensen i guacamole er avocado. Visste du at avocado er den frukta som har høgast fiberinnhald, og at den har 60% høgare kaliuminnhald enn banan?

taco5

Ein annan viktig ingrediens er lime. Den gir ein syrlig og krydderaktig smak til guacamolen.  Slik lagar du ein enkel guacamole:

1-2 fekk kvitløk

1 passe stor sjalottløk

2 avocado (“spisemodne”)

saft frå ein lime

salt og pepar

Køyr kvitløk og sjalottløk i ein foodprosessor (eller finhakk). Tilsett litt limesaft og ha i avocadokjøtet. Køyr det heile til ei fin blanding og tilsett resten av limesafta. Det går heilt fint om ein har litt bitar av avocadokjøt i guacamolen, det er berre fint med ulike teksturar! Smak til med salt og pepar. Dekk med plastfolie til du serverer.

Oppskrifta på guacamole har eg lånt frå denne strålande matbloggen (dama bak bloggen er også eit nystifta bekjentskap!!!)

Eit lite tips:

taco6

Dersom du har sterke pappahender i heimen, kan dei godt få lov til å rulle lime! Dette gjer vi for at det skal vere lettare å skvise ut safta! Dersom pappahendene ikkje er til stades, rullar eg dei hardt på benken.

taco7

Guacamolen var siste tacotilbehøret eg presenterte i dag.  Om to veker skal eg lage tacomiddag til ei venninne og hennar fire barn. Det skal bli spennande å sjå om dei likar best min heimelaga, sunne variant utan e-stoff, eller om det er butikk-krydder, salsa på glas og guacamole på boks som vert vinnaren…

Heimelaga tacokrydder på fin glas med fine merkelappar er forresten ein super julegåveidè!!!

Tør du å prøve deg på heimelaga tacokrydder og tacotilbehør? Her i huset vart det i allefall SVÆRT godt motteke!!!

God laurdagskveld til alle!

onsdag 24. november 2010

Magien ligg i detaljane…

Ein av mine faste blogglesarar sende meg ein e-post og sa at ho likte så godt bileta eg tok, og at ho gjerne skulle ynskje at eg kunne legge ut nokre fototips.

La det berre vere sagt med ein gong; er eg på ingen måte ekspert på foto og har ikkje verdens mest avanserte fotoutstyr. Ikkje har eg fancy linser (dessverre….) og ikkje har eg avanserte fotoredigeringsprogram. Men etter å ha vore blogglesar i nokre år ser eg likevel at eg kanksje har eit tips eller tre å dele med dykk.

1. Det er viktig å tenkje over kva det er du vil ta bilete av. Det du ser gjennomkameralinsa gir eit ganske stort motiv, men det er kanskje ikkje så interessant for dei som skal sjå bileta dine. Døme:

Dette var det eg såg gjennom kameralinsa utan å zoome inn:

IMG_5402

Så snudde eg litt på meg og fekk ein annan vinkel:

IMG_5431

Deretter prøvde eg å tenkje på kva slags motiv eg eigentleg ville ta bilete av, og  så zooma eg inn:

IMG_5432

Eg meiner det siste av desse tre bileta er eit mykje sterkare bilete enn dei to andre.  Konklusjon:

♥ Gå nært nok!

♥ Tenk nøye over kva det er du eigentleg vil ta bilete av!

2. Det neste tipset er at du må tenkje over at eit motiv kan verte mykje betre om du vel ein litt uvanleg vinkel. Stort sett tenkjer vi at det beste er å stå rett framom det du skal ta bilete av, slik som dette:

IMG_5482

Det kan gi ein mykje betre effekt om du stiller deg att med husveggen og tek biletet langs veggen. Då får du også nytta deg av det flotte lyset. Slik som dette:

IMG_5484

Dette synest eg er mykje betre. Du klarer likevel å sjå at eg har vore på Ulla fyr, og den litt kuriøse vass-samlaren på botnen av takrenna kjem tydeleg fram som eit artig innslag på biletet. På det fyrste biletet ser du den nesten ikkje.

3. Av og til er dei beste motiva dei du ikkje trudde kunne vere eit motiv. Til dømes å ta bilete av nokon som er på veg vekk i frå deg:

Sina 3 år3

Det mest opplagte ville kanskje vere å ta bilete av den kjekke tre-åringen min medan ho ser rett i kamera og viser at ho vert tre år. Eg tenkte at motivet kanskje vart like bra medan eg tok bilete frå sida og i fugleperspektiv medan ho viste storebroren at ho vert tre år:

Sina 3 år

4. Mitt siste tips denne gongen gjeld lys. Eg er ikkje særleg glad i det nakne, kalde blitzlyset. Dei aller fleste bilete innandørs vert absolutt best når ein har godt dagslys. På biletet under står blomane i vindaugskarmen og det naturlege lyset gir flotte kontrastar. Altså; ta mest mogleg interiørbileter når du har naturleg lys i romet, eller skaff deg ein fancy blitz som gir deg høve til å stille inn lyset.

IMG_1436

Heilt til slutt har eg eit lite hjartesukk…♥

Av og til har ein kanskje tatt bilete av noko ein er stolt over å vise fram. Då er det ikkje så lurt å publisere nesten identiske bileter i eitt og same innlegg. Eg har sett nokre bloggar der t.d. bordpynten vert vist i fem nesten heilt like bileter. Det vert litt kjedeleg å sjå på… Då er det betre å ta utsnitt av biletet og vise ulike detaljar i staden, i tillegg til det store oversiktsbiletet.

Som eg sa i starten av innlegget; eg er på ingen måte faglært innan foto. Alle råda er henta frå eigne røynsler og det er mine eigne meiningar eg deler.

Når det gjeld fotoredigering så er det mange som trur at det er så vanskeleg. Eg var også ein av dei, heilt til eg oppdaga Picknik. Der er sjølvsagt mange slike program på nettet, men eg har likt godt dette. Det er gratis, enkelt å bruke og har mange nok effektar til å kunne leike seg litt med bileta.

Lukke til!!!

 

tirsdag 23. november 2010

Der hav og himmel møtest…

Når ein tek turen utover mot havgapet openberrar det seg eit heilt anna landskap enn det eg er van med. Eg har vore på Longva.

longva

Kvar eg enn snudde meg såg eg berre hav. Hav, horisontar og striper med land. Endelause horisontar.

longva1

Når ein står lenge nok og kikar utover det endelause havet, veit ein ikkje lenger kvar havet endar og himmelen byrjar. Alt går i kvarandre.

longva3

Det var så vakkert og stille på Ulla fyr denne dagen. Men noko seier meg at vèret ikkje alltid er så roleg her ute. Markane er snaue, vegetasjonen er knapp og steinane i fjøra er store og glatte. Det må vere spennande å sjå at naturen spelar opp og at kreftene riv og slit i alt som klorar seg fast i marka. Men denne dagen var det sol og stille.

longva2

Det gamle fyret hadde mange sjarmerande trekk. Om ein berre tek seg tid til å sjå godt nok etter, så kan ein finne mange vakre motiv på den vèrslitne bygninga.

Eg er sjuk og pjusk for tida, og ikkje heilt i bloggemodus. Men det kjem nokre innlegg næraste dagane. Det blir heilt sikkert meir frå Longva og Ulla fyr, så blir det nokre fototips og så vert veka avslutta med taco-oppskrifter! Oppskrift på taco, tenkjer du kanskje? Er ikkje det berre å kjøpe kryddermiks på butikken og dure i veg? Jau, slik kan det sjølvsagt også gjerast. Mine innlegg vil handle om korleis du kan lage ein endå betre taco frå botnen av, med heimelaga kryddermiks og mykje, mykje meir. Ein skal vel kanskje vere litt forsiktige med å røre ved slik “nasjonalmat, men eg tek sjansen likevel! Om litt kjem der også eit innlegg der eg tek tak i den tradisjonelle taco-familien, der fire born har vore vane med at det vert servert taco kvar fredag. I det innlegget får du lese om korleis ungane reagerer på at nokre av ingrediensane vert bytta ut med meir sunne og heimelaga variantar… Det gler eg meg til å skrive om!!!

onsdag 17. november 2010

Jubel i leiren!!!

Det er sjeldan ein middagsrett har hausta like mykje applaus som den eg laga i dag! Det var ikkje akkurat hokus pokus, men det vart fortryllande likevel!

middag

Det heile byrja med ein fargerik salat! Salat her i huset er laga etter innfallsmetoden og det vi til ei kvar tid har i kjøleskapet. I dag vart det heilt vanlege salatingrediensar i bollen. Ikkje tenk så mykje på kva slags grønsaker som er lurt å bruke for å smake godt i lag; ta det du har!!!

middag1

Eg har ein lilla salatbolle, og av ein eller annan grunn smakar salat mykje betre når eg serverer i den!

middag2

I tillegg til salat steikte eg kyllingfilètar; fyrst i steikepanna, deretter til gjennomsteiking i ovnen.  Så laga eg ein enkel fløytesaus, beståande av fløyte, julienne-gulrot, chili og kvitløk. Kok så pass lenge at den tjuknar litt. Sausen slår eg over pastaen etter at eg har slått ut vatnet.

middag3

Ungane var fulle av lovord til den herlege middagen! Dei åt opp rubb og stubb! Det er så artig å lage mat når du ser kor ungane kosar seg med alt som er på fatet – inkludert grønsakene!

Be my guest!!!

 

søndag 14. november 2010

Det er ikkje alle…

…som har ein pappa å vekkje med gode klemmar og heimelaga farsdagskort i dag. Nokre håpar at denne dagen skal gå fort forbi. At dei skal sleppe å forhalde seg til den. At ingen skal minne dei på den.

farsdag

Her i huset er vi heldige og takksame for å ha ein pappa, men i dag går tankane våre til alle som ikkje har pappaen sin ilag med seg.

Eg sender varme klemmar til mange i dag... ♥ ♥ ♥

farsdag1

På frukostbordet vårt står det eit stort lys og brenn i dag. Lyset er til alle som av ein eller annan grunn ikkje har pappaen sin i lag med seg i dag. Det er nokre som får særleg stor plass i hjartet mitt i dag…

♥ ♥ ♥

Tenn eit lys og send nokre varme tankar du òg!

Bileta lånt her og her.

lørdag 13. november 2010

Fordelar og ulemper ved Facebook og blogg. Eit lite hjartesukk…

Det er no ein gong slik at der er fordelar og ulemper ved alt. Også Facebook og blogg. Av og til tek eg meg eit kvileskjær, ei pustepause. Let sosiale medier segle sin eigen sjø medan eg betraktar frå utsida og filosoferer.

venskap

Før sette eg av litt tid om kveldane for å ringe gode vener. Gjerne frå min hustelefon til deira hustelefon. Vi kunne prate lenge utan å tenkje over at tida gjekk. Samtalene var gode og fortrulege – og viktige. Så gjekk det over til ein kombinasjon av SMS og litt kortare samtaler via mobiltelefon. Framleis fortruleg. Framleis inderleg. Framleis personleg. Framleis ei kjensle av kommunikasjon.

venskap1

Så har sosiale medier tatt meir og meir overhand. Eg bloggar om kvardagen min og deler små historier og bileter med kven som helst som meir eller mindre tilfeldig dumpar innom bloggen min. Etterkvart vart eg klar over at svært mange kika inn i kvardagen min og eg lærte meg å tenkje over kva eg skreiv om, kva eg tok bileter av og kven som var på bileta. Mange lurer framleis på om eg ikkje meiner at eg utleverer meg sjølv for mykje. Nei. Svaret er nei. Eg går fleire runder med meg sjølv før eg publiserer innlegg. 

Og så var det Facebook då. Kanskje korte og hyppe statusoppdateringar av typen “Tove likar at sola skin”, eller “Tove synest det er deilig med lukta av ferske bollar”, eller “Tove burde ha støvsuga”. Kjapp og grei info til alle “venene” mine . Og så kan eg lese kva alle “venene” mine har styrt med.

Er det framleis venskap? Framleis kommunikasjon? Framleis fortruleg? Er det slik eg vil ha det, eller har noko gått tapt undervegs?

venskap2

Eg har ofte ei litt ekkel kjensle av at gode venskap vert mindre personlege fordi ein kommuniserer meir gjennom Facebook og blogg. Mykje personleg info vert formidla, men den gode samtalen er vekk.  Dei gode stundene med fortruleg prat over ein tekopp i blafrande stearinlys har vorte færre. Er det fordi eg har for lite tid til slikt? Eller er det fordi ein ikkje lenger har behov, fordi vi allereie veit alt som har skjedd i kvardagane våre?

Fordelane med Facebook og blogg er tallause, meiner eg. Men eg ser også at der er fleire ulemper som eg ikkje heilt likar. Eg skulle gjerne ha likt at eg kunne pleie venene mine med tid, omsorg og god prat. Ikkje berre via sosiale medier. Effektive stopparar for slikt er sjølvsagt at ein har begrensa med tid til å priorietere til formålet, og det faktum at vi ikkje lenger er like flinke til å dukke opp på overraskande besøk til kvarandre.

venskap3

Bodskapen min er at det er viktig med vener. Det er viktig å ta vare på kvarandre og pleie venskapen. Kanskje må statusoppdateringane mine på Facebook verte mindre personlege slik at eg kan spare slikt til venninnebesøk? Kanskje må blogginnlegga mine verte meir nøytrale slik at det som gjeld meg og mine vert forbeholdt den gode samtale med kjende og kjære?

Det må ikkje verte slik at vi ikkje lenger har behov for å  ringje kvarandre eller reise på besøk til kvarandre – fordi vi allereie veit alt om kvarandre via Facebook eller blogg.

Heldigvis har eg gode vener som eg framleis deler nære  og fortrulege stunder med. Men nokre litt meir perifere bekjende har kanskje vorte endå meir perifere fordi dei les bloggen min eller ser FB-oppdateringane mine, og difor ikkje treng å ha kontakt med meg for å vite korleis vi har det.

Slike tankar sit eg altså og filosoferer over i ledige stunder. Er det berre eg som tenkjer slik? Eg trur likevel at folk flest klarer å ha eit sunt forhold til både Facebook og blogg utan at det øydelegg for vennskap og tid ein heller burde ha brukt på anna.

♥♥♥

I morgon trur eg jammen eg skal ringjer ein ven eg ikkje har snakka med på lenge! Det trur eg både eg og ho blir glade for!!! Og heilt til slutt;

Tusen takk til alle eg er så heldig å få ha til ven!

Bileta er lånte her, her, her og her.

torsdag 11. november 2010

Rettferd varer alltid lengst!!!

For 18 dagar sidan kjøpte eg tre bukettar med roser på ein Mester Grønn-butikk. Eg var kjempeglad då eg såg at rosene var Fairtrade-merka og hadde litt betre samvit då eg forlot butikken. Rosene har stått i vanleg stovetemperatur heilt sidan eg kjøpte dei. Etter ca 12 dagar måtte eg plukke ut nokre av rosene og kaste dei, medan dei andre vart tekne ut og skorne på nytt. Desse sette eg i mindre vasar som pynta opp i stova.

rettferdig

No står berre ei rose att. Heilt åleine på spisebordet i ein “vase” som tidlegare var eit barnemat-glas. Framleis frisk og vital. Framleis til fryd og glede; anten vi et middag eller sit der med lekser og teiknesaker.

Eg har i allefall konkludert med at rettferdige roser varer lengst!

fairtrade1

Er du kjend med Fairtrade-ordninga? Visste du at Fairtrade er eit garantimerke som sikrar at bønder og arbeidarar i nokre av verdas fattigaste land får ein fair pris for kvalitetsprodukta sine?

fairtrade2

Eg prøvar å plukke med meg Fairtrade-produkt så ofte som eg kan. Det er etterkvart mange ideelle trendar ein kan la seg fascinere av, men Fairtrade-ordninga trur eg verkeleg på! Eg likar tanken på at eg er med på å sikre ein fattig kaffibonde betre vilkår for seg  sjølv og familien sin!

Du kan lese meir om Fairtrade her.

søndag 7. november 2010

Lukka må vere å ha ein bror…

Vår aller kjæraste Johan

fyller 11 år i dag.

johan

Det er stort sett småsystrene som likar best å verte blogga om. Du likar deg best i bakgrunnen, Johan. Alltid den trygge. Alltid den rolige og sindige som ikkje let seg vippe av pinnen. Som puslar med sitt og aldri kjedar seg.

johan1

Alltid eit prosjekt på gong. Alltid noko som skal lagast, utfordrast, prøvast ut og verte eksperimentert med. Du likar deg aller best på låven, der du har fri tilgong til snikkarutstyr og materiale som du skapar dei flottaste ting av. I sommar har du laga verdens flottaste trehytte! Det er ikkje alle som har ei hytte med tre etasjer, kjellar og veranda! Du er verdens flinkaste hyttebyggar!

johan2

Alltid så flink med dei små. Du er det store forbiletet får både syskena dine og syskenbarna dine. Ingen stad er så trygg som på fanget ditt. Du er ein storebror for alle.

johan3

Alltid så positiv og oppteken av at alle skal ha det bra. Sjølv om du av og til kan verte lei av dei masete småsystrene, så går det ikkje lenge før du er den snille, gode Johan igjen. Tenk at du ommøblerte heile romet ditt og laga disco for alle jentene då frøken midtimellom hadde bursdag! Du er snill, du, Johan…

johan4

No har du vore vekk på speidartur i helga, og det var rart å vakne i dag tidleg og “mangle” bursdagsbarnet. Eg er heilt sikker på at du har hatt ei super helg, men no lengtar vi etter deg! Når du kjem heim i ettermiddag er huset fullt av gjestar, kaker og presangar!!!

♥♥♥

Gratulerer så mykje med dagen, kjære Johan vår!!!

lørdag 6. november 2010

Dramatisk…

Når naturen spelar opp vert det ikkje spart på noko. Det vert mala med brei pensel og sarte, herlege pastellar.

solnedgang

Så utruleg fascinerande å sitje høgt her oppe og sjå skyer kome rullande inn frå langt der ute. Å vere vitne til slik dramatikk er luksus. Slike solnedgangar gjer kvardagaen til noko heilt spesielt.

solnedgang1

Trur det kan passe å bruke eit sitat som eg har hatt fleire gongar tidlegare på bloggen min:

“Så underlig det er å stå og fryse i måneskinnets ensomhet en kveld og kjenne kulden fra det døde lyset og være levende allikevel.”

- Inger Hagerup -

God laurdagskveld til alle der ute!!!

Korleis handtere ein litt grå dag!

Fyrst må vi innkalle forsterkningar. Syskenbarn S var ikkje så langt unna og kom ilande til då ho forstod at vi trengte selskap.

s og s

Deretter leitar vi fram like prinsessekjolar og jålesko, før plasserer begge jentene i godstolen! Jammen er det kjekt med Knerten på ein snøvèrsdag!!!

s og s1

Medan Knerten underheldt dei to små damene, stod gjæredeigen til heving. Storebror i huset har bursdag i morgon, så då må det bakast litt. Å trille ut rundstykker er ei enkel sak for slike flinke hjelparar!

s og s2

Det var litt av kvart desse to hadde å fortelje kvarandre!

s og s3

Medan rundstykka steikjer tek dei seg kvil i glaskarmen og spionerer på storesyster som er ute og måkar snø! Flinke jenta har måka masse snø til oss!

♥♥♥

No ventar jentene på rykande fersk bakst og kakao! Kanskje kjem det fleire gjestar???