tirsdag 30. september 2008

Jump the Gun...

Dette amerikanske uttrykket vert ofte brukt når nokon er svæææært  i forkant av noko, altfor tidleg ute (og kanskje endåtil handlar overilt), eller når noko kjem svært overraskande og vipper deg heilt av pinnen. Nesten som vårt norske uttrykket "...som julekvelden på kjerringa".

julegåve7 Og apropos jul..... Eg har julestemning og er allereie i gong med julegåvehandel! Neida, det har ikkje klikka heilt for meg!  Men rett skal vere rett: eg er ein særs julete person som alltid er litt tidleg ute med juleførebuingane, då helst på planleggingsstadiet med julegåvelister, handlelister, oppskriftslister, adventskalendergåve-lister og alle andre "lister for kva eg skal skrive lister om"-lister. Og så er det smart å handle litt etter kvart, slik at ein slepp den store utgiftsboomen i midten av desember.

Men det er ikkje det som ligg bak den ufatteleg tidlege julestemninga mi denne gongen. Det har seg nemleg slik at syskena mine med familier skal leve ut ein draum og vere turistar i vekesvis i Thailand. Dei kjem att rett inn i jula, og er difor opptekne av å vere ferdige med dei fleste juleførebuingar før den tid. Så når haustsola skin og lauva så vidt har byrja å gulne og praten rundt kaffibordet dreier seg om "kva ein skal kjøpe til kven", er det ikkje rart ein julete stakkar let seg rive med. I tillegg til at eg har klart for meg kva eg skal kjøpe til alle mine kjære, har eg òg klart for meg kva eg  ynskjer meg! Noko av innhaldet på lista er det realistisk å ynskje seg, både av omsyn til pris og tilgjengelegheit, men andre kanskje berre er slikt eg drøymer om.....

julegåvejulegåve2 julegåve3

Ei slik "Welcome Home"-matte hadde vel vore noko å tørke av seg på! Både matta, den fantastiske ovale blomevasen og lyktene er frå Riviere Maison.

julegåve4 julegåve5 

Det må kanskje ein rik onkel i Amerika til for å få den flotte skjenken i julegåve, men sjokoladeskåla er vel litt meir realistisk....

julegåve8 

Det var vel ei litt beskjeden liste dette her??? Bortsett frå den skjenken, kanskje... Skal nok kome på meir etterkvart, kan ikkje avsløre alt på ein gong!

PS! Det er ikkje meininga å støyte nokon med dette innlegget - det ER for tidleg med juleinnlegg på bloggen i slutten av september! Men eg kunne ikkje dy meg, og så får eg heller skulde det på Thailandsturistane.....

Men ein ting er i allefall klinkande klart: eg gler meg til å sjå alle julebloggane! Tenk så utruleg masse inspirasjon eg får til å pynte hus og heim denne jula - takka vere alle dei fantastiske bloggarane der ute! Men slike innlegg håper eg i grunne let vente på seg.....

mandag 29. september 2008

Inspirerande utmerkingar!

Ein kan kanskje undre seg over at enkelte tek seg tid til sitte framfor datamaskina og pusle med egosentriske aktiviteter som t.d. blogging. Eg er ei av dei som brukar litt tid på dette, og får mange spørsmål om kor i alle dagar eg får tid til det. Eg har i grunnen ikkje noko godt svar, men må vel innrømme at eg ser mindre på TV for tida. Og så er det noko med at ein klarer å finne tid til det ein likar å drive med.

Eg må òg erkjenne at blogginga gir meg inspirasjon. Eg likar godt å skrive, eg likar godt å surfe rundt i andre sine bloggar og eg vert rørt over alle dei flotte tilbakemeldingane eg får. Det gjer godt å vite at andre der ute set pris på det eg skriv. Kanskje betyr min vesle blogg noko for andre? Det ville i så tilfelle vere fantastisk!

Noko som er like fantastisk er alle dei flotte utmerkingane eg får! Har ikkje vore like flink å gi alle prisane vidare, men skal prøve i dag!

award12

 

Denne utmerkinga er det Mormors rotekasse som har gitt meg.  Ho har laga den sjølv og gir den til ein ny bloggar kvar veke - ein god idè!

Det beste med den er at eg får behalde den heilt for meg sjølv og skal ikkje gi den vidare!

Tusen takk, "mormor"!

 

award13

 

Denne utmerkinga fekk Anna Lisa designa medan ho var på Island. Eg sette ekstra stor pris på å vere ei av dei fem fyrste som nokon  gong har fått denne utmerkinga! Tusen takk, kjære Anna Lisa!

Eg har også fått denne utmerkinga frå Cecilie og Vibeke - tusen takk til begge to! Set stor pris på bloggane dykkar!

Regelen er at eg skal gi den vidare til fem andre flotte bloggar:

 

 

Vårt lille hjem - alle dine kreative og flotte handverk inspirerer meg!

Bak en sky - skjønne Ingunn har ein vakker blogg som eg kosar meg med!

Frå eit A4-liv - eit oppkome av optimisme og pågangsmot!

Rosa Univers - pussar opp gammalt hus (som meg) men er like blid og optimistisk!

Drømmen om en eplehage - har ein vakker blogg med masssse inspirasjon!

Alle desse fem vert oppmoda om å sende utmerkinga vidare til fem av sine favorittbloggar!

award9

 

Denne utmerkinga er det lenge sidan eg har fått, men trur aldri eg kom så langt som å gi den vidare! Difor vil eg gjerne nytte høvet til å gi den til ei super mamma, bloggdame, husmor og sjukepleiar - nemleg Line i Kvardagsliv i Storemyra. Eg og Line var barndomsvenninner og delte mange gode opplevingar! Kan du hugse då du kvelva ergometersykkelen nedover meg og  nesten knakk nasen min, Line...??? Det er så kjekt å ha fått kontakt med Line på ny! Kanskje vi treffast når ho er på heimlege trakter snart?!? Værsågod Line, denne utmerkinga fortener du!!!

 

Det er slike utmerkingar og tilbakemeldingar som gjer at eg held fram med å blogge! Tusen takk - nok ein gong - til alle som besøker bloggen min! Det er definitivt eit av dagens mange høgdepunkt å kunne sette seg ned med datamaskina og blogge litt!

Tusen takk for utmerkingane, kjære bloggvener!

søndag 28. september 2008

...om sommaren som ikkje var slutt.

Ungar er så flinke til å finne lyspunkt. Dei let seg ikkje stanse av regn, hagl og kald vind. Dei kler seg godt, går ut og trassar uvèret. Det er vi vaksne som er allergiske mot dårleg vèr! Medan eg var oppteken med lammesteika i dag, var ungane ute og leika seg. Då dei brått kom strytande inn i gangen (grrrrrr, med moldete støvlar over heile golvet...), trudde eg minst det stod om liv! Men neida, dei ville berre opplyse meg om at det faktisk ikkje regna meir! Dei sprang like fort utatt og heldt fram med sitt. Det gjekk ikkje lange stunda før dei kom stormande ein gong til, like oppglødde og like skitne som forrige gong. "Sommaren er ikkje slutt, mamma!" Dei hadde rett og slett vorte så glade over at det ikkje regna, at dei like godt gjekk igong med å leite etter sommarstemning.

053 054

I mangel på hagemøblar dei kunne nyte finevèret i (dei er sørgeleg nok stua vekk for denne gong...), fann dei seg like godt ein gammal lenestol på låven! Der sat dei og kika på bestefar som trilla ved .

056 055 057

Vi bur i ei møbelkommune, og eg ser ikkje vekk frå at stolen er produsert på ein av dei lokale møbel-fabrikkane, rundt ca. 1950. Kanskje det er nokon der ute som kan tidfeste og plassere den betre enn meg?

058

Etter at vi kom heim frå kaffislabberas med bestemor, kom Ida trippande og sa at ho hadde endå meir sommar til meg. Då dei gode og mjuke barnehendene gav meg ein prestekrage, var all mold og sand i gangen gløymt. Vi sette den i eit lite eggeglas og den har fått stasplass midt på kjøkkenbordet! Ida meinte at vi på denne måten kan hugse på at sommaren IKKJE er over!

065

065

Det var snø på toppane i dag, og då kan det vere godt å kvile auga på denne sola! Dersom du studerer biletet kan du sjå det fantastiske mønsteret i sjølve blomen!

070

070

Vi gløymer ofte å studere blomane frå denne synsvinkelen! Det kan vere vel så interessant å sjå blomar på denne måten!

072

Ein liten kontrast, kanskje...???? Enten så varer sommaren leeeeenge i år, eller så er eg altfor tidleg ute med juleførebuingane!

071

Med prestekrage og Lexingtonbok på

nattbordet ynskjer eg alle ei god natt og ei

strålande flott veke!

...man har en stek i ovnen!

I dag er eg skikkeleg husmor og lagar lammesteik til familien! Vi har hatt den liggande i frysaren ei laaaaang stund, og pga min aversjon mot lam har det liksom aldri vorte noko lammamiddag av den - før i dag! Eg har invitert familien Hole-Tafjord på middag, så dette vert nok ein flott dag!

009

002 Som tidlegare sagt er eg slettes ikkje glad i lam, men med godt tilbehør kan det til nød gå. I dag skal eg ha soppstuing, rosenkål, grønne marinerte oliven(!), rødvinssaus  og fløtegratinerte poteter som tilbehør. Det med oliven er kanskje litt uvant, men det var noko eg las i ei kokebok ein gong. Vi får prøve og sjå om det er ein god kombinasjon!

Eg har sjølvsagt karbonader i bakhand til pyser som meg....

Etter middag er vi inviterte ned til mamma på kaffislabberas. Då måtte eg sjølvsagt lage ei kake - det er alltid kjekt å ha med seg noko når ein vert inviterte på besøk. Kaka eg har laga er ei slags iskake, eg har berre kalla den "Torill spesial", etter ein fantastisk kollega av meg. Denne kaka lagar ho kvar gong ho har ansvar for fredagskos på jobb, og den er alltid like populær!

 015020

Dette treng du: to pakkar fløte som du piskar til krem ilag med to ss melis. Bland i ein pakke vaniljekrem og to pakkar knust pikekyss. Bland alt.

039 052

Hell halvparten av blandinga i ei kakeform og legg på eit lag med frosen bær du måtte foretrekke. Legg siste laget med krem, dekk med plastfolie og frys. Pynt med litt frosen bær før servering. Må sikkert stå i frysaren i nokre timar.

046

048

Denne gongen brukte eg årets blåbær og bringebær til å sette prikken over i`en på kaka.

No er det berre å vente på middagsgjestane!

PS! Tittelen på innlegget er henta ifrå boka "Herman" av Lars Saabye Christensen. Når vesle Herman kom bort i ubehagelege situasjonar som han raskt ville stikke av ifrå, eller når han ikkje ville seie til nokon kva han skulle,  sa han berre at "...man har en stek i ovnen". Dette utrykket brukar eg ofte, det har av ein eller annan grunn vorte eit av mine favorittutrrykk! Dersom du har gode uttrykk som betyr mykje for deg, oppfordrar eg deg til å ta turen innom denne bloggen og vere med på feiringa av blogginnlegg nr. 100!

lørdag 27. september 2008

Haustleg innedag

I dag har det verkeleg vore ruskevèr ute. Vind med storm i kasta og pøsregn gav god anledning for innekos. Vi har ikkje gjort så mykje, men har pusla og pynta og gjort det litt haustleg inne.

044 052

Alle Norges-glasa eg fann i kjellaren er fulle av godsaker. Plommelikøren eg laga forrige helg godgjer seg på benken. Telysa mine har fått seg ein verdig oppbevaringsstad i eit av glasa.

083 084

Jelly Beans er fantastisk laurdagsgodteri. Ekstra kosleg å sette det fram i så flotte glas!

089

Når det skal gå ekstra fort om morgonane må vi ty til frukostblandingar, både av den sunne og den usunne typen... Ungane styrer seg sjølve og kosar seg med å opne dei gamle glasa.

091

Likar så godt denne kroken på kjøkkenbenken! Dei gamle glasa mine kjem til heder og verdigheit!

 056 059

Denne flotte lavendelkransen heng i gangen. Eg såg den på Møbelringen i dag og måtte berre ha den. Vi er så heldige som har ein Møbelringen-butikk som òg satsar ein del på interiørnips i tillegg til møblar. Dei fører m.a. merka Sia, Miljøgaarden og Designers Guild.

 031 038

No er det kveld og regnar meir enn nokon gong. Då er det så godt å kose seg inne med levande lys, god mat og fyr i ovnen. På bileta kan det kanskje sjå ut som om eg har pynta til Halloween, men det er ikkje tilfellet. Akkurat den feiringa går meir eller mindre upåakta hen her i huset...

041

Pyntinga i dag har rett og slett vore ei generalprøve til den store Thanksgivingfesten som eg skal ha i november. Om eg ikkje har så mykje til overs for Halloween, så er eg desto meir glad i haust-takkefesten. Då skal det pyntast etter alle kunstens reglar!

 042

Med dette stemningsfulle biletet ynskjer eg alle ein kosleg,

lun og varm haustkveld!

Så godt eit fang - så trygg ein stad...

 

"Oldemora vår har så mjuke hender", sa Ida ein gong. Det er heilt sant. Mjuke hender, mjukt kinn og eit mjukt og godt fang til å krype opp i og samle krefter eller for å få trøyst. Vi kjenner oss ofte rike når vi ser kor stor glede vi har av oldemora vår, og kor stor pris ho set på å ha oss alle så nær.

Vi tek ofte famile for gitt. Vi må ofte minne kvarandre på kor heldige ungane våre er som har ei så sprek og vital oldemor. Ingenting går henne hus forbi. Til trass for at ho har passert 90 år, har ho kontroll på alt vi barnebarna styrer med - og det er ikkje reint lite! Ho diskar opp med vafler kvar laurdag, lunsj kvar 17. mai og nissefrukost kvar julaftan. Farmor er ei vertinne av det gamle slaget, så hos henne er det full oppdekking og trangt om plassen i stova. Det er eit godt teikn!

Ungane våre for oppleve noko som kanskje vert stadig meir mangelvare i våre dagar; at vaksne folk har tid, overskot og kapasitet til å gi dei full merksemd. Oldemor har det, oldemor har mykje av det. Ho er alltid heime. Og ho tek alltid telefonen.

Når mamma sine hender har det for travelt og bestemor sitt fang er oppteke, kan ein alltid søkje hamn hos oldemor. På fanget hennar er det trygt å vere. Sina kosar seg i hendene til oldemor. Det er godt å vere liten når ein har ei oldemor som trøyster og passar på.

PS! Dette innelgget har vore på bloggen min ein gong før, men no kjem det altså i ønskereprise! Sidan den gong har vi feira 92-års dagen til denne snille, gode oldemora, og ho er framleis like sprek og vital! Då ho sat og las bloggen min i går (ja, du las rett: ho er innom og les bloggen min!) , vart ho både rørt og glad over dette innlegget. Systra mi har difor bedt om å få det i ønskereprise, og det var vel kanskje ikkje så dumt!

torsdag 25. september 2008

Stakkars margarinkassa mi...

Tidlegare i sommar var det ein del diskusjonar på ymse bloggar om gamle margarinkasser, fruktkasser o.l. Eg har tidlegare i mi interiørkarriere øydelagt nokre slike kasser, ved t.d.å male over det som stod på kassene. Shame on me, dessverre...... Til mi store trøyst visste eg at eg hadde ei margarinkasse på låven som eg skulle bruke til noko fornuftig. Kanskje bokkasse, ei kasse til pledd og puter på stova eller som skohylle på gangen. Eg har brukt heile sommaren på å klekke ut den beste planen for kassa mi, og såg for meg at det skulle verte eit haustprosjekt.

Så hadde det seg slik at den eldste håpefulle hadde besøk av ein kompis. Dei var ute og leika seg på "anleggsområdet" heile dagen, kun avbrutt av matpauser. Eg høyrde at dei diskuterte kva dei skulle bruke "den nye hytta til". Eg smilte for meg sjølv og vart litt kry for at dei to blivande ingeniørane hadde snekra saman endå ei hytte (dei har hatt maaange slike prosjekt på gong, skjønar de....).

Så gjekk dagane og eg tenkte ikkje meir på heile hytta. Ein tidleg morgon eg var ute og lufta hunden, tenkte eg at eg måtte ta turen bort til karane sitt "anleggsområde" for å ta i augesyn den nye hytta. Samstundes som eg vart svært  imponert over det flotte området dei hadde laga til, kjende eg at hjartet datt som ein stein i magen.

012 015

 Der stod den flotte margarinkassa mi!

Øydelagt og ramponert.....

Dei komande ingeniørane hadde nemleg behov for ei arbeidsbrakke på anleggsområdet sitt, og kva kunne vel eigne seg bedre enn "den gamle og slitte kassa som mamma hadde stua vekk på låven" (direkte sitat frå sjefsingeniøren...)!

Vel, vel - gjort er gjort, og må nok innsjå at eg er ei margarinkasse fattigare. Kanskje kjem eg over fleire kasser! Då skal dei i allefall låsast inne på forsvarleg vis til eg veit kva eg skal bruke dei til.

Så medan eg ventar på nye funn kan eg surfe rundt i Blogglandia og nyte synet av alle andre sine flotte kasser og glede meg på deira vegne.......

Kva er vel lukke...???

 Det er nesten for godt til å vere sant. Endå ein morgon vaknar vi til sol frå blå himmel. Rett nok var det litt skodde i dag tidleg, men den forsvann heldigvis fort. Når eg sit slik og har litt tid for meg sjølv om morgonen, så er det mange tankar som kretsar i hovudet mitt. Utan heilt å vite kvifor, er det omgrepet lukke som har svirra rundt i hovudet mitt i dag. For kva er vel lukke? For meg er det lukke å vakne til nydeleg vèr, blide ungar (det er forøvrig ikkje kvar morgon...) og ein mann som har laga frukost og smurt niste.

Mange meiner dei ikkje kjenner seg lukkelege, og det gjer meg trist å høyre. Eg trur vi skaper vår eiga lukke, men av og til treng vi litt hjelp på vegen. I eit blad fann eg eingong nokre tips til korleis ein kan oppnå lukke i livet sitt, og desse tipsa vil eg dele med dykk i dag!

lykke

1. Ta vare på familien din og vener som vil ditt beste. Støtt kvarandre i tjukt og tynt. Det gir deg gleder, tryggleik og opplevingar med verdi.

2. Mosjoner på det jamne. Trening minskar angst og depresjonar og gir fysist og psykisk velvære. Prøv om du kan sette av tid til trening tre dagar i veka.

lykke1

3. Få tilstrekkeleg med søvn. Det gjer det lettare å takle motgang. Søvnmangel gjer deg nedfor og irritabel.

4. Planlegg dagane dine slik at du rekk alt du ynskjer å gjere.

lykke2

5. Sett av tid til å gjere noko hyggeleg kvar dag.

6. Gi deg sjølv anerkjenning. Du er eit betre menneske enn du trur! Forsøk å ta imot komplement med takk og ikkje med fornekting.

lykke5

7. Gi ros til andre for det dei er og det dei gjer.

8. Ta vare på eit menneske som treng ei handsrekking.

lykke3

Av og til kan det vere godt å sjå verda gjennom born sine auge. Gi oss sjølve tid til undring og nysgjerrigheit, ta oss tid til å slappe av og kjenne at det gjer godt. Det kan vere lurt å minne oss sjølve på at husarbeid, kleshaugar og rot aldri forsvinn - men det kan livets små og dyrebare augeblikk gjere. Skap gode stunder ilag med dine næraste, og ta vare på minna.

"Alle desse dagane som kom og gjekk.

Ikkje visste eg at dei var sjølve livet."

Eg ynskjer alle ein strålande og lukkeleg dag!

(alle dei fantastiske bileta er henta frå nydlege Wink)