torsdag 25. september 2008

Kva er vel lukke...???

 Det er nesten for godt til å vere sant. Endå ein morgon vaknar vi til sol frå blå himmel. Rett nok var det litt skodde i dag tidleg, men den forsvann heldigvis fort. Når eg sit slik og har litt tid for meg sjølv om morgonen, så er det mange tankar som kretsar i hovudet mitt. Utan heilt å vite kvifor, er det omgrepet lukke som har svirra rundt i hovudet mitt i dag. For kva er vel lukke? For meg er det lukke å vakne til nydeleg vèr, blide ungar (det er forøvrig ikkje kvar morgon...) og ein mann som har laga frukost og smurt niste.

Mange meiner dei ikkje kjenner seg lukkelege, og det gjer meg trist å høyre. Eg trur vi skaper vår eiga lukke, men av og til treng vi litt hjelp på vegen. I eit blad fann eg eingong nokre tips til korleis ein kan oppnå lukke i livet sitt, og desse tipsa vil eg dele med dykk i dag!

lykke

1. Ta vare på familien din og vener som vil ditt beste. Støtt kvarandre i tjukt og tynt. Det gir deg gleder, tryggleik og opplevingar med verdi.

2. Mosjoner på det jamne. Trening minskar angst og depresjonar og gir fysist og psykisk velvære. Prøv om du kan sette av tid til trening tre dagar i veka.

lykke1

3. Få tilstrekkeleg med søvn. Det gjer det lettare å takle motgang. Søvnmangel gjer deg nedfor og irritabel.

4. Planlegg dagane dine slik at du rekk alt du ynskjer å gjere.

lykke2

5. Sett av tid til å gjere noko hyggeleg kvar dag.

6. Gi deg sjølv anerkjenning. Du er eit betre menneske enn du trur! Forsøk å ta imot komplement med takk og ikkje med fornekting.

lykke5

7. Gi ros til andre for det dei er og det dei gjer.

8. Ta vare på eit menneske som treng ei handsrekking.

lykke3

Av og til kan det vere godt å sjå verda gjennom born sine auge. Gi oss sjølve tid til undring og nysgjerrigheit, ta oss tid til å slappe av og kjenne at det gjer godt. Det kan vere lurt å minne oss sjølve på at husarbeid, kleshaugar og rot aldri forsvinn - men det kan livets små og dyrebare augeblikk gjere. Skap gode stunder ilag med dine næraste, og ta vare på minna.

"Alle desse dagane som kom og gjekk.

Ikkje visste eg at dei var sjølve livet."

Eg ynskjer alle ein strålande og lukkeleg dag!

(alle dei fantastiske bileta er henta frå nydlege Wink)

10 kommentarer:

  1. Tusen takk for gode tips!
    Noko å tenkje på for nokon kvar...

    SvarSlett
  2. Gode og VIKTIGE råd!

    Ble så glad over hilsningen som du hadde lagt igjen hos meg i går, TUSEN TAKK :o)

    Ønsker deg en nydelig dag også!

    SvarSlett
  3. Tusen takk for påminninga. Alle treng nok den :) Ja, vi må leve i nuet og nyte kvart sekund. Gjere det beste ut av alt, og prøve å sjå det positive i ting, sjølv om alt virker grått.. :) Takk :)
    Ha ein nydelig dag :) Godklem :)

    SvarSlett
  4. Heia Tove
    så enig med deg - Smil til verden og verden smiler tilbake
    vi har samme nydelie været her - har nesten ikkje lyst til å vere inne - liten tid til å sy - men veska er påbegynt
    Så No har eg fått heilt ryddemani - og det trengs sikkert
    Rydder i kjellaren for å få plass til hagemøbler
    og snufs .... no hiver eg gamalt babyutstyr ol... som berre står der og tar opp vedifull plass.
    Og minst 100 ensome labber
    God bedring med foten din
    Smil fra monika

    SvarSlett
  5. Hadde flere tenkt som deg, tror jeg det hadde vært flere lykkelige mennesker i verden. Disse tipsene tror jeg vi trenger noen og hver av oss.

    SvarSlett
  6. Så flotte råd og så vakre bilder: HERLIG. Har vært ørlittegranne lei, og blir ikke mindre lei av sånne voldsomme debatter i cyperspace. Da er det deilig å komme inn til et optimistisk og helstøpt fokus... Ha en god dag tilbake. Jeg synder veldig mot punkt to...HERLIGHETEN. Må skjerpe meg*LER!

    SvarSlett
  7. Så flotte råd. Synes det er trist at det er ufres på NIB. Lurer på om jeg skal melde meg ut.Har vel ikke bare om interiør jeg heller. Men det er sånne blogger som du og mange andre jeg leser,får og få inspirasjon og ideer. Synes jeg blir bedre kjent med den bak bloggen som kan skrive om mer en interiør. jeg har lagt linket deg.

    SvarSlett
  8. Takk for påminninga:)

    SvarSlett
  9. Jeg må si som Emmeline.....; det stopper seg litt hos meg på pkt 2, men det går vel også an å gjøre noe med...hihi...

    Hvis ,man ikke er lykkelig, så kan man jo kanskje begynne med å spørre seg om HVORFOR og deretter tenke litt på hva man selv kan gjøre for at ting skal bli bedre...

    nydelig innlegg...nok engang!

    klem

    SvarSlett
  10. Må nok innrømme at ej slite med pkt 2, 3, 4, og 6... Men shit au. E ganske glücklich likevel:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!