fredag 31. juli 2009

Kvepsefest!

I mangel på andre sommargjestar, inviterte eg like godt kvepsane på sommarfest! Dei har plaga livet av meg i heile sommar, men så fekk eg brått ein plan….

Då eg var liten og vi vart draksa med i kaffeslabberas til all verdens gamletanter som var å oppdrive, åt vi alltid så mykje kake og drakk så mykje saft at vi vart kjempekvalme og sverga på at vi aldri ville besøke dei igjen!

Kanskje dette virka på kvepsane òg???

Tove, sommar 001

Eit stort glas saft vart plassert på ein strategisk plass, og det gjekk ikkje mange minutta før det krydde av kveps rundt glaset!  Så lenge saftglaset stod der, hadde dei meir enn nok med å utyrste seg på den søte drykkjen og plaga ikkje meg!

Det gjekk som eg tenkte; før kvelden var omme hadde ein heil kvepseskare drukke opp all safta (eg trudde faktisk ikkje det gjekk an!!!), og glaset var istadenfor fullt av daude kveps.

Med handa på hjartet og ti knivar i hjartet; det var ikkje meininga mi at dei skulle daude! Dei skulle berre drikke så mykje saft at dei vart kvamle, og så skulle dei sjanglande flyge seg heimatt til bòlet sitt!

Uansett; no er det færre kvepsar som kan plage meg der ute. Det vart litt for morbid å leggje ut bilete av det halvfulle glaset med daude kveps (det kan vere både sarte sjeler og kvepsevernarar som les bloggen min!).

Akkurat no silregnar det ute, og ikkje ein kveps er i sikte… Derimot er det helg, heimelaga pizza og stearinlys på bordet!Og så vert det vatn til maten, for kvepsen fekk siste saftslumpen…

torsdag 30. juli 2009

Header-hjelp til Mona!!!

Mona, med bloggen “Mona`s Lykkebo”, har bedt om hjelp til å få laga seg ein ny header til bloggen sin. Her har eg laga eit forslag til deg, Mona! Utruleg enkelt, fort gjort og ikkje noko krims krams.

logo til Mona

Mona ville bruke dette biletet ho hadde tatt av ein orkidè. Kanskje nokon der ute kan klare å hjelpe henne, litt betre enn det eg kan???

Det tek ca. to minutt…

… å lage verdens beste smoothies!

Tove, sommar 004

Du treng 1/2 banan, 1/2 eple, så mykje blåbær du måtte ønske (helst frosne), 5-6 isbitar, ein god dæsj blåbærsaft, eplenektar (så mykje du treng for å få ønska konsistens). Eg lagar den litt tynn dersom eg ynskjer noko leskande, og så blir han litt tjukkare om eg ynskjer noko mettande! Smak og behag!

Tove, sommar 007

Denne smoothies-oppskrifta snappa eg opp i Danmark, og har vorte min absolutte favoritt. Den heiter “Stay young”, og det vil vi vel???? I tillegg til å vere særdeles god, er den også ei energibombe!

Tove, sommar 011

Enjoy – my friends!!!

PS! Om du meiner at du sit inne med verdens beste smoothies-oppskrift, må du gjerne dele den med meg! Eg har nettopp kjøpt meg ein blender og er difor fersk i smoothiesfaget! På førehand takk!!!

onsdag 29. juli 2009

Sist eg såg sola…

… i alle fall i meir enn10 samanhengande minutt, var for to veker sidan i Danmark.

Tove, sommar 194

På ein grytidleg morgontur skimta eg så vidt sola gjennom skydekket. Eg hadde ein nydeleg spasertur… Bølgene slo mot stranda, dei to småjentene eg hadde med meg gjekk hand i hand og kosa seg. Framleis med svevn i augene og småbustete hår.

Vel tilbake frå turen kom sjølvsagt regnet. Vi måtte småspringe dei siste meterane heim for ikkje å bli kliss våte.

Vi erfarte at Danmark kan ha like ustadigt vèr som Sunnmøre, berre at der går fortare over…

Er det nokon som har teke sola til fange, forresten???

Vi saknar den…

tirsdag 28. juli 2009

Nostalgi…

Mamma har leitt fram ein av dei gamle dongerikjolane mine, og til mi store glede passa den supert til minstesnuppa mi!

Tove, sommar 003

Problemet er berre at modellen ikkje alltid er like lett å samarbeide med…. Her var det mest spennande å slå på og av lyset, ho hadde slettes ingen planar om å vere på bilete!

Tove, sommar 006

Brått såg ho ei fluktrute! Mamma klarer vel ikkje å ta bilete av meg om eg kjem meg opp i senga og under dyna???

Tove, sommar 007

Det vart litt vanskeleg å kome seg over… Motet var større enn evnene!

Tove, sommar 009

Til slutt var det berre å gi seg ende over!  OK, mamma, eg skal sjå på kamera, men eg smiler IKKJE!!!

Tove, sommar 013

Modellen vart både letta og glad då vi tok av henne kjolen, og slengde den resolutt på fyrste og beste stol!

Veit ikkje om eg klarte å vise så mykje av kjolen i dette innlegget. Når ein jobbar med levande modellar kan ein photoshoot endre karakter og innhald undervegs! Eg er berre glad for at kjolen passa perfekt!

Den noko uklare biletkvaliteten får modellen ta skulda for… Eller æra???

søndag 26. juli 2009

Englar på jord

Når håpet er som lengst borte, er trøysta og omsorga likevel nær. Med mjuke hender tørkar dei bort usynlege tårer. Seier dei rette orda og mildnar smerte, sorg og angst.

englar1

Ei sjukeseng har vorte ein god og verdig stad å avslutte livskapittelet. Fordi nokon er der. Fordi nokon ser. Fordi nokon bryr seg.

Nokre er heldige og får tilbringe livshausten i si eiga stove. Dei har det godt og trygt, vel vitande om at dei mjuke hendene snart bankar på døra. Snart står i stova for å lindre og hjelpe.

englar2

Kanskje ta seg tid til å prate litt, kanskje rekke ein kaffislurk. Og heilt sikkert ta seg tid til eit klapp på kinnet før dei går. Eit fast og godt handtrykk med lovnadar om at alt skal gå bra og at dei allereie neste dag skal sjå kvarandre igjen.

Nokre englar får også lov til å tørke dei aller minste tårene. Tårene som ingen heilt kan forstå. Som kanskje ikkje vert sett ord på. Som får hjartet til å blø.

englar4

Då går englane rundt og spreier håp og glede for små born som treng nokre glade stunder i ein trist kvardag. Dei motiverer foreldre, jublar med dei når det går rette vegen og sørgjer med dei når håpet svinn.

Heldige er dei som har englar til å passe på seg. Som får ein verdig start på nytt liv, eit verdig framhald på livet ein er godt i gong med, eller ei verdig avslutning på langt og levd liv.

RØDMERKET! KUN FOR AFTENPOSTENS EGET BRUK! KAN IKKE SELGES!

Oslo. Lørenskog. Ahus.

Sykepleier Ellen S. Karset med pasient Astri Ørbech.

FOTO: OLAV HASSELKNIPPE

Vi må halde fram å be om at slike englar skal få meir tid til å gjere jobben sin. Den kampen må vi aldri gi opp! Og fram til det skjer må vi berre takke for omsorga deira, på gangsmotet deira og den indre driven som får dei til å gjere så mykje godt for så mange menneske.

Takk og lov for at vi har englar på jord.

Takk til alle sjukepleiarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og andre som dagleg har andre sine liv mellom hendene!

PS! Dette innlegget er ikkje skrive til forkleinelse for andre som i sine yrker gjer ein eineståande innsats for andre. Det er mange kvardagsenglar som syt for at alle skal ha det bra!

lørdag 25. juli 2009

Søtt…

Det var ikkje berre synet av alle dei deilige bringebæra som var søtt. Søtt var også biletet av den gode jenta mi, som i sommarkjole og støvlar trakka seg veg gjennom det høge graset for å kome fram til bringebærbuska.

Tove, sommar 002

Ho brydde seg ikkje om at det regna. Håret hang vått nedover andletet, men det gjorde ingenting så lenge alle desse søte, gode bringebæra venta på henne. Ho var så tindrande då ho kom inn på kjøkkenet og skulle lage sylte. Augene strålte då ho sette seg ved kjøkkenbordet og gjorde seg klar.

Tove, sommar 004

Mamma fekk berre så vidt assistere. Leite fram skåler og anna ho måtte trenge. Seie stopp når sukkermengda vart for stor.

Eg treng vel ikkje seie at sylta vart god. Den vart oppbevart i ei lita skål heilt til vi skulle ete kvelds. Nokre heldige aniskringler fekk følge av den søte sylta.

Tenk så enkle gledene kan vere.Tenk så mykje lukke ei skål med bringebær kan skape….

fredag 24. juli 2009

Om eg ikkje allereie var gift….

…skulle eg jammen ha kopiert denne “bryllaupsmarsjen”! Sjå denne herlege videosnutten under og kos deg med dei herlege scenene!

Om det skulle vere nokre gifteklare der ute, så er kanskje dette noko å kopiere???? Veit ikkje heilt om norske kyrkjer tillet slikt, men det er kanskje verdt eit forsøk???

torsdag 23. juli 2009

Baklengs

Når bloggefeberen herjar og alle feriebileta ligg lagra på datamaskina som er til reparasjon, må eg gå baklengs inn i ferieforteljinga mi og byrje med slutten!

Vi hadde ein utruleg flott ferietur ilag med gode vener. Danmark er eit ferieland etter min smak, særleg med omsyn til interiør. Om lommeboka var utømeleg og bilen dobbelt så stor, så er det ei viss fare for at halve Danmark hadde vorte med meg heim. Eg måtte nøye meg med små, men koslege ting som var lett å smette innimellom alle dei andre pakkenellikane!

Tove, sommar 243

Nydlege små dukar med blomar,striper og prikkar. Alltid kjekt med nye dukar!

Tove, sommar 244

Ei vattert brikke fekk pynte opp stovebordet ilag med den aller siste storklokka i hagen. Tenk at akkurat denne hadde venta med å sprette ut til vi kom heim frå ferie! Alle andre hadde visna for lengst, men ei einsleg grein stod og venta på meg. Det gjorde meg glad…

Tove, sommar 247

Ein skjønn vase frå Ib Laursen fekk også vere med heim.

Tove, sommar 249

Akkurat denne vasen har eg leita etter lenge!  Når storklokka har visna skal markblomar få fylle vasen!

Når datamaskina mi kjem attende skal eg fortelje om det magiske lyset, regnskylla, dei glade ungane, dei godt nøgde vaksne og om små og store danskegleder!

No skal eg tenne lys og vente på ei god venninne!

Deilig kveld ynskjast alle!

onsdag 22. juli 2009

Når ein må skunde seg langsamt…

Etter to veker med ferie og fråvær frå data, må eg seie at lengten etter å blogge er der. Eg må vel berre krype saman og tilstå at eg ikkje var særleg nøgd då eg kom heim og oppdaga at datamaskina hadde kræsja totalt, og at breibandet ikkje var heilt friskt det heller.

No har eg lånt maskin med lissjesystra mi, og det kjennest godt. Eg har klart meg fint utan, det er ikkje det, men av og til er ein nøydd til å sjekke e-post og oppdatere seg på nyhende og anna.

ligge i grøne enger

No skal eg skunde meg langsamt til ei ny maskin og eit oppdatert breiband er på plass. Eg skal liggje i grøne enger og nyte sommaren litt til. Utan data. Utan nett. Og det skal faktisk gå heilt fint!

Når eg er tilbake skal eg dele stemningsbileter og gode historier frå ferieturen til herlege Danmark!

Håper du nyt sommaren der du er! Å liggje i grøne enger er fantastisk, men det er ikkje så verst å rusle ein tur i sommarregn heller!

fredag 10. juli 2009

Om eg hadde hatt ein stor bil...

...skulle eg hatt meg med eit lass slike heim...


Men så stor bil har eg ikkje, så eg lyt berre nyte synet av dei, kjenne kor gode dei er å sitje i og drøyme om at eg ved neste Danmarksbesøk kan ta med meg lastebil... Det er så utruleg synd å berre gå forbi dei når dei står der og skrik med 50% og 70%-avslagsskilt på seg, men slik er det!
Får heller berre nyte å vere Danmarksturist ei stund til....

tirsdag 7. juli 2009

Straks tilbake...

Eg har bestemt meg for å la datamaskina få kvile ei stund.

ferie

(foto: Pottery Barn)

Medan finn meg godt til rette i ferie- og kvilemodus, skal dataverda få segle sin eigen sjø ei stund. No skal gulla mine og husbonden få ALL mi tid...

Er straks tilbake!

God ferie til alle mine blogglesarar!

Blåklokkedraum...

Å verte overraska av ein 10-åring som kjem heseblesande inn i huset med ein stor bukett blåklokker, er meir sjarmerande enn eg veit å setje ord på... I går, tidleg om morgonen, hadde han vore ute og gått tur med hunden, og stoppa midt i ei blåklokketue og plukka blomar til meg.

027

Buketten vart delt opp og plassert i ymse rom i huset. Dei er så utruleg vakre!

031

"Flyge berrføtt i dogg-gras og blåbærlyng, blåklokkevikua ja den ler og syng. Blåklokkevikua milla steinrøys og strå. Sit je i a nå, je er i a nå." ( Prøysen)

037

For å toppe kvardagslukka, i allefall for ungane sin del, vart det tomatsuppe til middag i går. Når denne særdeles enkle retten  kjem på bordet, er det berre blide andlet å sjå! Rart eigentleg, at noko så enkelt kan skape så mykje lykke! Men når borna er glade, er mor glad!!!

mandag 6. juli 2009

Kriiiiisehjelp!!!

Søskenbarnet mitt  m/familie har kjøpte seg nytt hus i Oslo. Dei er heldigvis fornuftige nok til å ville bruke om att ein del av møblane dei har frå før. Og då er gode råd dyre!!!

vitrine

(har lånt illustrasjonsbilete på  finn.no)

Med i møbelkolleksjonen er det sjølvsagt furumøblar.... Dei har eit vitrineskap i furu som dei vil male kvitt. Dette skriv ho om skapet:

"Hvordan gjør jeg det, og fargevalg og glans? Litt usikker på om det er oljet eller lakket. Skal finne ut det. En del profiler, så jeg vil helst ikke pusse det. Det vil ta flere år!"

vitrine1

(har lånt illustrasjonsbilete på  finn.no)

Det må vel vere interiørbloggarar der ute som ikkje har teke bloggferie????? Eg har ikkje så god greie på oppussing av møblar, så difor set eg min lit til at gode bloggvener kan hjelpe til!!!!

På førehand; TUSEN TAKK!!!

H O M E

Når soldagane snur til regn og blest, og kveldane ikkje lenger ikkje kan nytast i fjøresteinane, på plenar og på terrasser - då kan ein bruke litt god innetid til å sjå ein god film! Eg vil på det aller varmaste anbefale denne fantanstisk naturfilmen som er laga for å bevisstgjere oss med tanke på klimakrisa. Nokre vil kanskje meine den er altfor propoganda-prega, men den opnar i allefall augene våre! Musikken er nydeleg, bileta og filminga er så ein reint misser pusten, og kommentarane er så gode at ein får lyst å ta notatar!

Dersom du har dårleg med tid, er det kanskje nok å sjå traileren under her.

Skulle du derimot ha litt meir tid til overs, vil i aller høgaste grad anbefale å sjå den fulle versjonen! Eg såg den ilag med 8. klassingane mine, og dei var heilt mållause!  Heile filmen finn du under her (PS! EG SER AT FILMEN IKKJE ER TILGJENGELEG SOM HYPERLENKJE PGA OPPHAVSRETTAR! DU MÅ SJØLV GÅ INN PÅ  YOU TUBE OG SJÅ FILMEN DER).

"Listen carefully to this extraordinary story, which is yours. And decide what you want to do with it"

fredag 3. juli 2009

Eg er så UTRULEG heldig....

... som har vunne ei av dei flotte veskene som CatY lodda ut på bloggen sin! Ho er ei energisk dame som har tusen jern i elden, i tillegg til at ho no har laga sitt eige klesmerke og syr kjolar, skjørt, vesker og elles det ein måtte ynskje.

008

Eg var atlså så heldig å vinne denne fantastiske  "Hubba Bubba"-veska.

011

Eg har forstått det slik at det meste Cathrine syr, er gjenbruk. Ho får restestoff herifrå og derifrå, og er flink å sjå potensiale i det andre ikkje treng eller vil ha.

012

Cathrine og lille Tor, på 1 1/2 år, kom på formiddagsvisitt i dag og hadde med seg veska. Det var så utruleg kjekt å ha dei på besøk! Denne dama er ei vitamininnsprøyting av dei sjeldne!

Tusen, tusen takk, Cathrine -

både for veska og besøket!!!

PS! Om du har lyst på din eigen CatY, kjole eller veske, må du ta turen innom nettbutikken hennar!

torsdag 2. juli 2009

Den finaste eg veit...

Min gode, gode Terje har bursdag i dag! I 13 år har det vore eg og du. No er deg eg, du og alle gulla våre. Gratulerer så mykje frå oss alle ihop...

Terje

Elsk

Den galne Guten min Hug hev dåra,
eg fangen sit som ein Fugl i Snåra;
den galne Guten, han gjeng so baus;
han veit, at Fuglen vil aldri laus.



Å giev du batt meg med Bast og Bende,
å gjev du batt meg, so Bandi brende!
Å gjev du drog meg so fast til deg,
at heile Verdi kom burt for meg!




Ja kund' eg trolla og kund' eg heksa,
eg vilde inn i den Guten veksa,
eg vilde veksa meg i deg inn
og vera berre hos Guten min.




Å du, som bur meg i Hjarta inne,
du Magti fekk yver alt mit Minne;
kvart vesle Hugsviv som framum dreg,
det berre kviskrar um deg, um deg.




Um Soli lyser på Himlen blanke,
no ser ho deg, det er all min Tanke;
um Dagen dovnar og Skoming fell:
skal tru han tenkjer på meg i Kveld?




* Arne Garborg *


Denne er til deg, kjære...







Håper du får ein fin dag, kjære Terje!



Vi er så utruleg glade i deg!!!



********************************************



Gode klemmar frå husfrua og småtrolla