tirsdag 28. juli 2009

Nostalgi…

Mamma har leitt fram ein av dei gamle dongerikjolane mine, og til mi store glede passa den supert til minstesnuppa mi!

Tove, sommar 003

Problemet er berre at modellen ikkje alltid er like lett å samarbeide med…. Her var det mest spennande å slå på og av lyset, ho hadde slettes ingen planar om å vere på bilete!

Tove, sommar 006

Brått såg ho ei fluktrute! Mamma klarer vel ikkje å ta bilete av meg om eg kjem meg opp i senga og under dyna???

Tove, sommar 007

Det vart litt vanskeleg å kome seg over… Motet var større enn evnene!

Tove, sommar 009

Til slutt var det berre å gi seg ende over!  OK, mamma, eg skal sjå på kamera, men eg smiler IKKJE!!!

Tove, sommar 013

Modellen vart både letta og glad då vi tok av henne kjolen, og slengde den resolutt på fyrste og beste stol!

Veit ikkje om eg klarte å vise så mykje av kjolen i dette innlegget. Når ein jobbar med levande modellar kan ein photoshoot endre karakter og innhald undervegs! Eg er berre glad for at kjolen passa perfekt!

Den noko uklare biletkvaliteten får modellen ta skulda for… Eller æra???

6 kommentarer:

  1. hehe....syns bilda blei fine eg:) Naturlige og levande. Nydelig kjole iallefall. Passa perfekt til prinsessa :)
    Ha en fin dag.
    Klem

    SvarSlett
  2. Eg synest modellen bør ta æra for biletkvaliteten eg.... Kjekkare å sjå ein aktiv modell enn ein oppstigla ein. Flott kjole, Tove. Tenk at den passa så bra! :-)

    Ha ein fin dag! Ser ut som om sola vil vise seg snart også, kanskje...

    SvarSlett
  3. heise det, no vart eg heilt satt ut her, sånn kjole hadde eg også då eg var lita. Den er kjempeskjønn.

    Syns modellen din er artige eg.

    Benedicte ser forresten på barnehagebildet av sina titt og ofte og seier Ina og Anna og peikar på Sina og Sannah. Ho kjem nok til å sakne dei til hausten.

    Håper ferien din var flott, og kos deg vidare i den sunnmørske sommar

    SvarSlett
  4. Det er ikkje noko feil på bildene dine. Modellen er det heller ikkje noko gale med. Det er en heilt kanon bildserie synst no eg da.
    Kjolen er fin den....
    Klems Synne.

    SvarSlett
  5. Nostalgi! Slik kjole hadde ei av snuppene mine også, om det var ho som no er 35 eller ho som er 32, det kan eg ikkje seie med sikkerheit, men eg kjende att blomsten på magen, må nok ta ein kikk i gamle album:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!