torsdag 31. desember 2009

Med håp for det nye året…

Måtte alt det gode fløyme i det nye året. Måtte alle verte fylt av håp og inderleg glede.

nyttårsønske 

(biletet er lånt her)

Måtte vi ta imot alle sjansar som kjem vår veg. Ikkje unnvike. Ikkje late att dører eller sette opp stengsel.

Måtte vi leve kvar einaste dag som om den var den siste, måtte vi finne glede i alle dei små augneblinka og våge å vere akkurat den vi er.

nyttårsønske1

(biletet er lånt her)

Måtte vi ha mot til å stå for det vi meiner, gå for det vi ynskjer og ta godt imot alt som blir gitt oss. Måtte vi la alle dører vere opne, ynskje alle velkomne inn. La ingen kjenne seg små i ditt selskap, eller oppleve at dei ikkje vert høyrt. Gi alle ein sjanse. Det er noko godt i alle.

nyttårsønske2

Måtte vi klare å sjå at det er håp i alt. Glede rundt kvar ein sving. Måtte vi klare å tru. Måtte vi klare å forstå kor sterke vi er, og at noko av den styrken kan delast med andre. Del håp, del glede, del styrke – og alt vil vekse og gro.

nyttårsønske3

(biletet er lånt her)

Måtte vi klare å le. Le masse. Ikkje av, men med. Le med alle rundt deg. Ingenting smittar som godt humør. Lær av borna, som ser humor i alt. Måtte vi  klare å takle alle livets utfordringar. Livet er ei utfordring i seg sjølv. Grip den!

nyttårsønske4

(biletet er lånt her)

Måtte vi klare å tenkje på sola, sjølv om det regnar. Måtte vi klare å tenkje positivt, når det stormar som verst. Måtte vi klare å finne håp, der andre berre ser sorg og fortviling. Måtte vi klare å gi av oss sjølve til andre. Ikkje vent at alle likar deg, gi av deg sjølv likevel. Still deg til disposisjon, gjer deg tilgjengeleg og ver engasjert. Prøv å tenkje på det beste, når alle andre tenkjer det verste. Møt alle vanskar som utfordringar.

nyttårsønske5

(bilete er lånt her)

Måtte vi finne kjærleik. Gi kjærleik. Ta imot kjærleik. Leve i kjærleik.

Måtte 2010 verte alt du har drøymt om. Måtte det skje alt som du har håp om.

Dei aller beste ynskjer for det nye året sender eg til alle mine fantastiske vener der ute!

Bless!

 

tirsdag 29. desember 2009

Baggy!

Hua eg strikka skulle vere skikkeleg baggy, men eg trudde ikkje at den skulle vere så baggy som denne vart. Vel, vel, frøken midtimellom var godt nøgd med produktet likevel! Eg brukte Rauma sitt nydelege “Jubileumsgarn”, som er eit lysta garn med glittertrådar i. Vakkert…

013

Oppskrifta fann eg i Sisu barn 0901, men så brukte eg altså eit anna garn – fordi eg likte det så godt (kjem strikkepolitiet og tek med då, skal tru???)! Mamma var kyndig hjelp over telefon då rundpinnen måtte byttast ut med fem pinnar slik at eg fekk felle av skikkeleg på slutten, og svigerinne Eli var kyndig rettleiar på SMS då eg trengte råd om korleis eg best mogleg skulle tove hua. Det er nemleg slik at “Jubileumsgarn” vert mykje finare når det vert tova litt.

018

No skal eg bruke resten av garnet og strikke matchande pulsvarmarar eller lommetøfler. Har forresten rota vekk oppskrifta på lommetøflene, så om nokon der ute sit på ei super oppskrift, må de gjerne dele med meg!!!

Håper alle mine gode bloggvener der ute har hatt ein like herleg dag som oss!

Slik såg morgonen min ut:

002

Og slik såg kvelden min ut:

004

PS! No er husbonden og ungane ned i bygda og renn på akebrett ilag med bror min og tantegullet mitt! Eg skulle eigentleg støvsuge og rydde hus, men måtte berre snike meg til å legge ut bileter av hua mi og det fine vèret!

 

mandag 28. desember 2009

Julebad

Ingenting er som å ha badekaret for seg sjølv! Å kunne boltre seg i bobler så lenge ein vil….

badeengel1

Medan storeungane var ute og måka snø, tilbragte eg og minstesnuppa ein herleg time på badet!

Herleg….

Julestemning og sneak peak…

I natt har snøen lava ned og laga skikkeleg julestemning ute!

011

Eldstemann tok frivilleg på seg å måke trapper og framfor dører – flinke guten min!

018

Om nokon tek turen til “Utsikten”, vert dei møtt av denne engelen!

016

Den blå timen er heilt fantastisk! Månen kikar fram og fortel oss at det er  kulde og klarvèr i sikte!

013 

Det har vore nydeleg på Halsane i dag!

Og så har eg lovt eit lite sneak peak…. Og det er sjølvsagt av strikkeprosjektet mitt! Brukte ein dag på å strikke ei diiiiger, babby hue til frøken midtimellom.

004 

Hua er strikka i Rauma sitt jubileumsgarn, og er i ein nydeleg lys farge med litt glitter i. Det kjem fleire bileter snart, må berre få fotomodellen og den stolte eigar til å samarbeide med meg! Med alt dette herlege vèret har ho ikkje tid til å dille med bilettaking, må vite! Det skal akast, leikast, rennast på kjelke, byggast snølykt og mykje, mykje meir!

søndag 27. desember 2009

Kunsten å sjonglere

For meg har det å strikke lestar vore sett på som ei heilt eiga kunstform. Ikkje akkurat det å klare å strikke hæl, eller felle av til best mogleg tå. Så lenge eg hadde hatt ei oppskrift skulle eg alltids ha klart det.

Det alle desse pinnane som har forundra seg mest. Sjølv om eg no har vorte relativt driven på to pinnar, har eg framleis ikkje sett for meg at eg skal kunne klare å handtere fem pinnar. Men i dag måtte eg berre skride til verket og lære meg sjongleringskunsten. Eg har i løpet av ein dag (!) strikka mi fyrste baggy hue (bilete kjem sjølvsagt seinare, den har berre vorte tova litt i maskina og må tørke fyrst). Og då måtte eg sjølvsagt ty til fem pinnar for å klare å felle av på slutten. Etter mamma si kyndige strikkehjelp over telefon, sat eg der med eitt og sjonglerte fem pinnar – som om eg aldri skulle ha gjort anna!

strikke1 

Det skjønne biletet er lånt her.

Så no veks motet, og eg trur kanskje at eg skal hive meg rundt og starte på tjukkelestane som eg har hatt liggande tråd til lenge. Det vert nok eit langtekkeleg prosjekt, men no er eg inspirert og klar! Kan hende kjem der bileter av dei ferdige lestane laaaangt ut på nyåret ein gong!

te1

Enn så lenge skal eg kose meg med ein kopp te og sjå på at hua tørkar!

lørdag 26. desember 2009

Statusrapport!

Jula er berre så vidt i gong, men så langt har den vore akkurat så roleg og avslappa som vi ynskte. Late morgonar med sein frukost, leik i snøen, kos i sofaen og herlege middagar. Vi er mette, friske, glade, avslappa og kjenner at pulsen har senka seg.

Jula-09

Her er dei skjønne gulla mine, så forventningsfulle…

jula1-09

Framleis god jul til alle der ute!

fredag 25. desember 2009

Kvilerett!

I alle fine middagsselskap er det kvilerettar mellom dei andre rettane. I juletider med mykje mat, feit mat, usunn mat og søte saker, kan ein kanskje trenge ein liten kvilerett av og til. Magen får kvile, kokken får kvile og husfrua får kvile. Det er såre enkelt, og ein kan stort sett bruke det ein har. Her er min enkle variant:

001

* Del ein baguett i to (First Price sin billegvariant er min favoritt)

* Slå over GOD olivenolje og GOD balsamicoeddik (du finn det beste på Olivièr & Co.). Du kan godt blande dette og ha i litt finhakka kvitlauk, som du deretter slår over baguettane.

* Set baguettane i ovnen såpass lenge at dei får ei sprø overflate.

* No er det i grunnen klart til å legge på det du vil av pålegg. Ta gjerne av det du måtte ha i kjøleskapet, og i desse juletider skulle der vere mykje godt å velje i vil eg tru…

* Bruk gjerne tomat i skiver, mozzarella, spekeskinke. Vil du gjere det enklare er det faktisk nok å bruke spekeskinke. Her i huset er Strandaskinke fast inventar i kjøleskapet, og den brukar vi både som pålegg, bacon, i salatar og mykje, mykje anna.

* Til slutt rislar du over GOD olje og så mykje balsamicoeddik som du har lyst på. Pynt med grasløk eller anna grønt og kvileretten er klar til servering!

004

PS! Eg fekk Olivièr & Co. sin balsamicoeddik med fikensmak i julegåve, og den er allereie testa ut! Kjem sikkert attende med spennande herlegheiter med smak av fikenbalsamico….

NYT DEN HERLEGE JULEDAGEN – OG ALL DEN GODE JULEMATEN!

På Sunnmøre skin sola frå blå himmel, og alle hjarter gleder seg!

PS! Eg skulle eigentleg bruke denne juledagen til å sitte i ein stol og strikke, men pådrog meg eit djupt kutt i peikefingerne under frukostkokkeleringa i dag, så då får eg heller blogge litt og kose meg med andre ting!

torsdag 24. desember 2009

Juletankar i julenatta…

Månen hang så rart på himmelen i kveld. Det var akkurat som om han hadde lagt seg ned og kvilt seg litt. Den djupe raudoransje fargen sette eit dramatisk og imponerande preg på kveldshimmelen. Den kalde lufta klarna tankane, og det var så velsigna godt å gå seg ein liten tur.

Mange har mista sine nære og kjære siste året, og skal kanskje feire si mest spesielle jul nokon gong. Nokre merkelege dagar der sorg og glede skal gå hand i hand. Eg trur kanskje månen lyste særleg for desse som har så mykje sakn og vemod i sinnet. Eg vonar alle som treng litt ekstra håp, litt ekstra energi og litt ekstra glede fekk sett månen i kveld.

Endeleg er eg òg klar til jul. Juleførebuingane i år har vore sporadiske og knappe, men det vart altså jul likevel. Veslejulaftan var svært hektisk, men det er verdt det når ein kan setje seg ned og la julefreden sige innover seg.

Minstesnuppa har også kosa seg i dag. Medan eg og papsen har vaska og ordna, tok ho sete på storesyster sin skrivepult.

023

Stjernene i glaset var så spennande…

016

029

030

032

037

Eg let dei herlege bileta tale for seg sjølv…

Sina

Trøytt av alle dagens inntrykk, sovna ho så godt i senga si i kveld. Skal tru kva ho tenkjer, der ho ligg… I morgon gler vi oss alle til å ta med oss veslensuppa ned i stova og sjå augene hennar når ho ser juletreet!

048 

Frøken midtimellom pynta treet i kveld, og ho var jammen ganske flink!

Til slutt vil eg få takke og ynskje god jul til alle som trufast kikar innom bloggen min! Det er så kjekt å vite at mange besøkjer meg, og endå kjekkare er det å lese alle dei koslege kommentarane de alle legg att!

God jul til alle der ute!

lørdag 19. desember 2009

Huff då…

Eg burde sikkert ha vaska litt meir,

snø

pynta litt meir,

snø1

baka litt meir,

snø4

og stressa litt meir.

I stadenfor går eg berre rundt og passar på at eg får slappa litt meir av. Kosa meg med borna, snøen og gode stunder i sofaen. Eg har kanskje den minst julifiserte bloggen i heile Blogglandia! Ikkje ei einaste julekake har eg vist fram, eller dekorasjonar med englar, lys og anna nips. Ikkje har eg vist fram julepynta inngangsparti eller kva julegåver eg ynskjer meg eller har kjøpt.Ikkje har eg nedtelling til jul, og ikkje har eg starta med juletrepynting heller. Eg kosar meg på andre sine bloggar og ser alt dei puslar med, men her inne er det visst litt vakum akkurat no.

Og det er heilt greit.

Eg vil ha det slik.

Eg treng å ha det slik.

Det blir jul med oss òg. Eg er på ein måte i rute. Men mest av alt berre kosar vi oss.

snø2

Nyt den ferske snøen og alle dei herlege timane med dagslys.

snø3

Ynskjer alle ein herleg laurdagskveld – med tente lys og lykter!

søndag 13. desember 2009

Det er ikkje så rart…

…at julestemninga i vår heim er nesten fråvèrande, når minstesnuppa plukkar vekk julepynten etterkvart som eg leitar den fram.

104 

Denne vindaugskarmen var pynta med lysestakar, ei lita raud juleplante, nokre hjarte og litt anna stæsj. Det gjekk ikkje lange stunda før frøkena hadde tatt vekk alt og erstatta det med kjøkkenutstyret sitt.

107

Ho elskar å stå i sofaen framfor glaskarmen og kokkelere med alle pannene sine. Ho har endåtil forsynt seg med fløtesettet eg har arva frå mormor.  Det var potetskruar ho kokte og steikte denne kvelden.

105

Sist ho hadde teke fløtesettet i bruk, hadde ho fylt den med saft og papir og laga suppe. Under salongbordet. I all hemmelegheit.

106

Så her i huset lyt nok julepynten vente ei stund til. Eg ser ikkje anna råd enn at den må vike plass for panner, koppar og kar. Husbonden meinte vi berre måtte finne oss i alternativ julepynting i år, og kanskje har han rett i det… Eg får heller vere takksam for at eg har ei lita snuppe som ordnar med middag i ny og ne! Potetskruemiddag og saft-og-papir-suppe er jammen ikkje å forakte!

Jula kjem nok likevel…

fredag 11. desember 2009

Svart senker natta seg…

Når spente ungar med glitter i håret og kvite kle kjem syngande ein mørk og kald ettermiddag like før jul, då kjem julestemninga hos meg.

Lucia3

Forventningsfulle foreldre, besteforeldre og syskjen varmar seg kring grua medan vi ventar på Luciasongen.

Lucia

Svart senker natta seg, i stall og stover.

Sola har gått sin veg, skuggar tek over.

Inn i vårt mørke hus, steg no med tende lys,

Santa Lucia, Santa Lucia.

Lucia1

Mamma sitt lille gull kosa seg i Luciatoget og sang med når det var nokre ord ho kunne. Det var nok mest stas med alt glitteret!

Lucia2

Tusen takk til dei fantastiske omsorgspersonane som er i barnehagen vår! Takk for at dokke år etter år lagar varm og god stemning i kalde og mørke desemberkveldar.

onsdag 9. desember 2009

På visitt i verda

Eg vart tante igjen i dag. Andre tantegullet mitt på under tre månadar. Det er eit under, ei lukke, ei glede! Dette diktet er til skjønne, vesle Sofie!

På visitt i verda

Vesle ansiktet som slit seg imot lyset

frå moderskroppen

ber merke av vandring i tider og rom,

og fingrane dine, så små,

har styrke i fødselsstunda

frå den tid du svinga frå grein til grein

gjennom veldige skogar.

baby

Hjelpelaust liten og grenselaust sterk.

Gapande munn og attletne auger.

Slik slit du deg fram i dagen.

Eg står i ditt føderom undrande, veik.

Eit menneske fødest til verda

med røynsle

i kvar ei celle

frå tider og slekter og hav og strender,

frå lys og frå mørke, frå hete og kulde.

Ingen veit kvar du går.

Ingen blæs i trompetar. Ingen svingar med faner

ved eit slikt daglegdags under.

Eit menneske fødest til verda.

 

- Marie Takvam -

 

Kjære, lille Sofie: Vi er mange som har blese i trompetar i dag, og svinga med faner – berre for at du vart fødd!

Velkomen til verda, lille venn!!!

Bileta fann eg her, då eg søkte på ordet “baby”

tirsdag 8. desember 2009

Kreative damer!

Det er viktig å senke skuldrane litt i desember. Ta seg tid til å sitje kring bordet med god prat, god mat ilag med gode vener! Heime hos ei av venninnene mine såg kjøkkenbordet slik ut ein kveld:

julebord

Ikkje lenge etter bugna det av kreative damer kring bordet og latteren sat laust.

julebord2

Tilfanget til denne kvelden var plukke i skogen og i hagar rundt omkring. Her var det berre å la kreativiteten få fullt utspring! Kristorn, sibirkornell, mose, lyng og konglar vart forma til nydlege kransar.

julebord3

Ein har grunn til å vere aldri så lite stolt når ein har laga sin aller fyrste julekrans!

julebord5

Etter litt kreativt påfyll måtte vi ha anna påfyll. Den fantastiske vertinna hadde laga ein herleg salat som vi kosa oss med til langt utover kvelden.

julebord4

Det er ikkje rart at timane flyg når ein har det så kjekt.

Tusen takk for ein utruleg kjekk kveld!!!