fredag 29. april 2011

Deilig fredagskos…♥

Det er så utruleg vakkert på Sunnmøre for tida!!! Dei lyse og varme kveldane lokkar oss til å tru at det er sommar. Vi har ikkje tid til å vere inne. Alt må gå fort, slik at vi kjem oss ut. I dag hadde vi fort-gjort-middag med ein smak av sommar. Nokre av oss åt inne, nokre ute og eg tok med meg den gode maten i handa medan eg gjekk på besøk til tantegulla på nabotomta!

IMG_8087

I dag var det foccacia med tilbehør som stod på menyen for oss vaksne, medan ungane fekk ein hamburgervariant. Dersom du vil lage deg ein foccacia-blings gjer du slik: Del ein foccaciabit på langs, smør på raud pesto, dekk til med ruccola, legg over godt med skinke, smuldre over fetaost, risle over med olivenolje og litt balsamicoeddik. Det smakar sjølvsagt best om foccaciaen er lun.

IMG_8116

Sidan det var så fint og varmt ute måtte vi rett og slett lage oss ein sommardessert til kvelds.

IMG_8118

Eg har ein nyoppdaga kjærleik for grapefrukt. Det fantastisk smakfulle fruktkjøtet, den litt bitre smaken kombinert med det søte og saftige er rett og slett ein nytelse!

IMG_8119

Vi skar appelsin og grapefrukt i fine båtar, eller filètar, som det vert kalla på fint! Dersom du vil gjere det slik, kan du skjære av alt skalet og så brukar du kniven til å skjære ut filètane. Då slepp du dei litt seige hinnene og det ser litt finare ut på fatet. Dekk fyrst eit fint fat med ruccola eller noko anna grønt du måtte ha tilgjengeleg, legg filètane på toppen og dryss så mandelflak over til slutt. Dei mest modige kan gjeren dyppe filètane i balsamicosirup.

IMG_8128

Alt eg skar vekk frå appenlsina og grapefrukta, vart pressa i sitronpressa mi. Då fekk vi ein nydeleg juice! Det vart ikkje mange dråpane på kvar, men ein dose vitamin og mineral fekk vi nok i oss likevel!

IMG_8071

Då eg tusla rundt ute og rydda opp etter oss, kom eg på at eg måtte fotografere bjørka mi. Eg har nemleg ei ekte Rundebjørk på tunet. Det er ei hengebjørk som foreldra mine har fått på runde, og som eg så har fått med dei. I påska hengte ungane opp ei julekule for å pynte den litt! Jula varer som kjent til påske….

Etter ein strålande dag og kveld er det deilig å sige ned i sofaen og slappe av. Håpar på mange slike dagar med sol og varme!

God helg til alle ♥♥♥

mandag 25. april 2011

No plantar kvinna i verda eit tre…♥

Det var tidleg morgon. Eg og hunden lista oss ut før dei andre hadde vakna. Den mjuke morgonbrisen kviskra at det kom til å verte ein vakker dag. Heilt stille ute. Berre eg og hunden. Og fuglane. Og tankane.

På veg heim gjekk vi gjennom eit tun. Så mange flotte busker og tre. Gamle og ærverdige. Dei har overlevd storm og uvèr, harde vintrar og karrige kår. Eg kom til å tenkje på dei mjuke hendene som ein gong planta desse vekstane. Passa dei, vatna dei, plukka visne blad, klipte dei og gav dei ekstra næring.

IMG_7908

Eg plukka med meg nokre greiner heim. Tenkte på all kjærleiken og omsorga som ein gong vart aust over dette treet. Tenkte på den flotte kvinna som ein gong låg på kne og gjorde alt ho kunne for at treet skulle ha det så bra som råd. Tenkte på alle som har beundra treet, kika på det og lukta på dei gode blomane om våren. No står greinene på spisebordet mitt og minner meg på kor viktig det er å minnast det som ein gong var ♥.

IMG_7911

No plantar kvinna i verda eit tre.
På kne liksom ein som bed
ligg ho blant restene etter dei mange
som stormen har brote ned.
På ny må ho prøve, om ein gang eitt
får vekse seg stort i fred.

Ho opnar molda og reier eit rom
for røtene, fine som hår,
så dei kan få feste og finne ned
dit livsens straumar går.
Plante eit tre er å bygge ein veg
fram gjennom mange år.

IMG_7914

Ein draum om det fullvaksne treet
står som ein kvelving bjart
av blomar og lauv over kvinna,
som klappar så fast og vàrt
mold inntil røter, og vonfull tel
kvar knupp som skal breste snart.

Da dirrar treet, og handa som held det,
og grunnen der det er fest.
Kva er det? Skalet kring kjerna
av mørker i djupet, som brest?

IMG_7916

Ho set dei utspilte hender mot molda
som ville ho tvinge til ro
den trugande dirring. Å jord, ver still,
ver still, så mitt tre får gro!

♥Halldis Moren Vesaas♥

Eit tre er så mykje meir

enn berre greiner og

 

blad…   ♥

søndag 24. april 2011

(P)innepåske!

Mor sjølv har ikkje vore i toppstrøk i påska, takka vere tanntrøbbel og forkjøling. Då har det vore godt å ha eit strikk å ty til. Fyrste delen av påskeferien var regntung og godt eigna til innekos!

IMG_7898

Eg er i gong med arm nr. 2 til minstesnuppa sin tunika. Bolen er ferdig, så no trur eg at den blir ferdig til 17. mai!

IMG_7903 

Etter ein påskesvipptur til næraste by kom eg heim med litt nytt garn. Dette garnet heiter Delight frå Drops og har nydelege fargar!

IMG_7906

Eg sette straks i gong å strikke noko som vert eit slags tubesjal. Meininga var eigentlge å teste ut korleis fargevariasjonen i garnet er, og så kanskje kjøpe meir og strikke vestar til småjentene i familien.

Nokon som har erfaring med garnet og kan tipse meg om kjekke ting ein kan strikke???

Det er framleis litt påske att, så eg får krysse fingrar for at forma stig og at eg raskt kjem meg på beina!

torsdag 21. april 2011

Påske – ei tid for undring og forundring…♥

Som lærar byr påska på eit utal fridagar. Storeungane har skulefri og minstejenta har fått barnehagefri. Vi har tusla litt heime og gjort kjekke påsketing.

IMG_7862

For familien Flint betyr “kjekke påsketing” stort sett at vi har fri til å vere i lag. Kvardagane er så krevjande og fulle av gjeremål, så då er dei kjærkomne fridagane ei stor gåve.

IMG_7865

Vi har vore på badeland, baka, gått turar, vore ute, kosa oss i sofaen med kjekke filmar  - stort sett gjort akkurat det som har passa oss! Eg må likevel innrømme at der er ein liten bismak… Ikkje alle gler seg til dei mange fridagane. Det er ikkje alle som har så mykje å sjå fram til eller glede seg over. Ikkje alle har sine nære og kjære rundt seg, og mange er opptekne med arbeid andre stadar enn heime. Nokre vert råka av sjukdom og andre er opptekne med å klare seg gjennom sjukdom.

IMG_7871

Vi kan ikkje berge påska til alle desse, men vi kan kanskje bidra litt likevel. Send nokon ei melding, ta ein telefon, plukk ein bukett kvitveis til nokon du bryr deg om, ta med deg litt heimebakst og gå på beøsk eller send varme tankar til dei du ikkje kan nå tak i på anna vis. “Det hjelper då litt, nokre få forfrosne, at du er varm”!

IMG_7876

I dag har vi vore på besøk med ein familie frå Bulgaria. Dei inviterte oss til å vere med på bulgarske påsketradisjonar. Det er så utruleg spennande og givande å få lov til å oppleve andre kulturar på nært hald! Sjølv om dei bur i eit anna land enn heimlandet sitt, er tradisjonane knytt til høgtidene svært viktige for dei. På skjærtorsdag har dei tradisjon for å male påskeegg. Diana hadde fått tilsendt utstyr frå Bulgaria og det var utruleg artig å få vere med på dette!

IMG_7882

Dette var heilt annleis enn noko anna eg har vore med på før. Egg vart kokte i vatn og krystallar, for så å verte farga i spesielle fargeoppløysingar. Vi pynta med klistermerker og sjablongar, og vi limte på serviettar med eggekvite. Diana var så flink å forklare ungane kva dei skulle gjere og så fortalde ho om kva egga skulle brukast til. Det var ikkje lov å ete dei før fyrste påskedag, og då måtte ein “kampe” fyrst. Då skal familiemedlemmane slå dei kokte egga i mot kvarandre etter tur, og den som har minst skade på egget sitt vinn kampen.

IMG_7877

Det er så spennande å høyre om andre sine tradisjonar. Vi treng alle å utvide horisonten vår og fundere litt over korleis andre feirar høgtider. Tusen takk for ein utruleg kjekk dag i lag med deg og familien din, Diana!!! Vi storkosa oss alle saman!

IMG_7707 

Til slutt har eg ei lita oppmoding: Vi kan alle kan gjere litt for å bry oss om andre menneske i slike høgtider. Vanskelege ting har det med å verte forsterka i slike stunder og det skal ikkje mykje til for å snu ein grå dag til noko positivt!

♥♥♥

Gled nokon i dag!

GOD PÅSKE!

tirsdag 19. april 2011

For ein dag…

Tannlegebesøk er ikkje det kjekkaste eg veit. For å gjere ei lang histroie kort; besøket i tannlegestolen resulterte i ein aldri så liten operasjon. Tannlegen og assistenten var rolege og oppmuntrande, medan eg fokuserte mest på å puste og nyte utsikta av majestetiske fjell gjennom vindauget. Alt gjekk bra, men eg har vore noko groggy i heile dag…

IMG_7760

Då var det så kjekt å kome heim til vesle frøken Snupp som teikna ei sol til meg medan eg fekk slappa av litt. “Sola mi skal ha tusen solstrålar slik at mamma blir skikkeleg glad”!

IMG_7816

Kvelden har vore tilbragt mest mogleg i ro. Eg nyt å få sitje i favorittkråa mi og bli inspirert til både det eine og det andre. Ved den gamle reisekista som eg har arva etter ein bestefar, finn eg alltid strikketøyet mitt og bøker som stadig vekk er i bruk.

Har du ei inspirerande krå i stova di?

IMG_7811

No er det Nigella Lawson som inspirerer meg til gode middagar og dessertar i påska. Denne kokeboka er mykje brukt; oppskriftene er lette å forstå og måten ho skriv på gjer det ekstra inspirerande å lage mat.

IMG_7801

I kveld var det forøvrig noko utfordrande å ta bileter av kosekråa mi, for gravemaskinmannen min hadde heile maskinparken rett utanfor stovevindauget og heldt på med gravearbeid. Eg klarte så vidt å knipse nokre få bileter utan gravemaskiner på!

IMG_7740

Den vakre vårkvelden er enno ung og eg skal sjå om eg kan få gjort ferdig eit strikkeprosjekt. Eg har rigga meg til i kosekråa med ein god kopp te og prøvar å gjere det beste ut av situasjonen! Sjølv om dagen har vore noko trasig, så skal eg jammen gjere mitt for å avslutte den på ein god måte!

mandag 18. april 2011

…og for øvrig kan man gjøre som man vil!!!

Eg og minstesnuppa var ute og pynta litt til påske. Trollhassel på trappa fekk lilla påskeegg og påskeliljer vart plasserte litt her og der.

IMG_7693

All denne pyntinga vart litt kjedeleg for ei aktiv trulte på 3 1/2 år. Ho hadde det mykje meir moro med nyebøtta si og ei spade. Eg hadde kledd henne godt, for det var litt kjøleg i den gryande vårkvelden.

IMG_7697

Medan eg var mest oppteken av pynting, trudde tydelegvis frøken Snupp at ho kunne gjere akkurat som ho ville… Midt i fotoseansen med påskeliljene mine, såg eg brått noko lite og lettkledd som tusla på vegen nedom huset. Alle tjukkekleda var brått fordufta og ei sommarkledd, lita frøken trippa rundt i “jålestøvlettane” sine og lata som om det var sommar…

IMG_7702

Ho er kjappare enn Houdini, la det vere sagt, for det tok henne ikkje lange stunda å rive av seg kleda! Alle ytterkle og alle laga med ull låg så elegant i ein haug ved kjellardøra.

IMG_7711

Eg visste ikkje om eg skulle le eller gråte. Det var så absolutt kaldt, til trass for at sola kika fram. Ho såg ikkje ut til å bry seg om kulden i det heile! Ho trippa rundt og rundt på vegen (eller gjørma, for å vere ærleg….) og smilte frå øyre til øyre. Ho visste nok at ho hadde gjort noko uloveleg, så då var “gjere mamma blid igjen”-trikset ikkje langt unna ♥...

IMG_7715

Kven kan motstå noko slikt??? Nyplukka blomer i ei skitten barnehand er noko av det vakraste eg veit! Med sjarmøretappen vel unnagjort, var det om å gjere å få isbiten i hus att;  isande kald, men strålande blid!!!

♥♥♥

Heldigvis går vi varmare tider i møte!!!

søndag 17. april 2011

No need for “Hatting” when you have “No knead”!

Dersom du vil overraske familien med supergode rundstykkar i morgon tidleg, kan du prøve denne oppskrifta på verdens enklaste og absolutt BESTE rundstykker! Du treng slettes ikkje å kjøpe “Hatting” i frysedisken!

Hemmelegheita er lang hevetid, få ingrediensar og lite arbeid med deigen. For å lage dei treng du:

  • 500 g kveitemjøl
  • 1 1/2 ts salt
  • 1/4 ts tørrgjær
  • 4 dl kaldt vatn

Dersom du vil pynte dei litt kan du bruke: raspa ost, valmuefrø, kruskakli, havregryn eller andre ting du likar godt!

Bland først det tørre og tilsett så det kalde vatnet. Rør godt med ei spiseskei til alt mjølet er blanda med vatnet. Den skal vere klissete. La den stå på benken til neste morgon. Deigen blir superglad om den får heve på kjøkkenbenken i 12 timar – heilt til neste morgon!

IMG_7657

Neste morgon står du opp før alle andre og går på kjøkkenet for å setje steikeomnen på 225 grader. Deretter dekkjer du to bakeplater med bakepapir og leitar fram deigen du sette i går. Bruk ei skei og set 12 rundstykker fordelt på to bakeplater. Det treng slettes ikkje å sjå fint ut – dei blir gode uansett. Eg dryssa over litt raspa ost før steiking. Steik dei i omlag 15 minutt, eller så lenge dei treng for å vert gylne og fine.

IMG_7671

Har du sett noko så deilig??? Ungane meinte det var verdens beste rundstykker og eg må seie meg samd med dei i det! Og så er det så utruleg enkelt å lage dei. Eg har ei ny deig på benken i kveld. Denne gongen bytta eg ute noko av kveitemjølet med kruskakli. Så lenge du held deg til 500 g med mjøl, så kan du i grunnen blande det mjølet du vil!

Det er skjønne Ina med bloggen “Mat på bordet” som er “No knead”-dronninga i blogglandia, og det var hos henne eg fann denne oppskrifta.

lørdag 16. april 2011

♥-leg helsing storebror…

Det er ikkje så lett å vere 3 1/2 år og ikkje få vere med når storesyskena skal på besøk rundt omkring. I går stod ei lita jente med tårer i augene og såg at dei gjekk utan henne. Brått stoppa storebror, plukka opp noko og kom tilbake til huset.

IMG_7638

Han sette seg ned på huk og gav henne ein lilla krokus. “Denne skal du få fordi du er så søt!” , sa han. Like fort som han kom, var han vekk. Men der i døra, stod det ei lita jente med eit stort smil og med ein vårblome i handa.

“No er alt i orden, mamma” , sa ho og sprang inn på kjøkkenet og fann eit lite glas som passa akkurat!

♥♥♥

Tenk så godt å ha ein storebror….

Livskunst…

IMG_7633

…er å kunne liggje heilt i ro, åleine på golvet med eit blad og ein penn – medan mamsen støvsugar, ryddar og omorganiserer møblane. Å skrive bokstavar, dikte opp sine eigne tal og laga fantastiske teikningar som berre ein 4-åring kan!

Har du støvsuga, mamma? Det merka eg ikkje!”

Den som kunne lære seg kunsten å kople ut av og til…♥

fredag 15. april 2011

Eg kunne ha kjøpt meg ein lampe til tusen kroner…

…eller eg kunne ha spurt verdens beste veslesyster om å kjøpe meg ein nesten heilt lik lampe på Ikea!

IMG_7597

Eg valgte sjølvsagt det siste! Det er nokre lampar eg lenge har gått å sikla på, men når dei kostar nesten tusen kroner per stykk og eg måtte ha fire, så låg det langt inne å kjøpe dei… Heldigvis skulle syster mi ein snartur på Ikea (på våre kantar av landet betyr det 70 mil t/r, seks ferger og ei overnatting), og då ville ho kjøpe meg desse lampane som erstatning. Dei er akkurat like fine, mykje billegare (125,- per stykk) og mykje enklare å montere!

IMG_7603

Elles så står huset på halv åtte i det vi går inni palmehelga, noko eg ikkje er særleg begeistra for… Ei travel og småsjuk veke har gjort sitt til at husarbeid har vorte vekkprioritert. Får heller stå opp tidleg i morgon og vaske klart til påskehøgtida! Minstesnuppa kom heim med herleg barnehagekunst i dag. Det er så kjekt å pynte med alt ungane har laga…

 

IMG_7608 

Eg ynskjer alle ein fin inngang til palmehelga! I morgon skal vi, tradisjon tru, ut på ein “hemmeleg” plass og plukke oss greiner å pynte med til påske! Dette har vi gjort kvar påske sidan ungane var små, og påska er ikkje den same utan!

♥ Ha ein fin fredag ♥

onsdag 13. april 2011

Rosa skyer…

Rosa skyer skal ikkje sveve høgt på himmelen.

Dei skal kitle i magen og boble i hjartet.

Dei skal oppta alle tankane dine

og få orda dine til å stokke seg når du

pratar med han du er glad i.

pink1

Dei får deg til å gløyme tid og stad,

ta dansetrinn når ingen ser deg og

fyller alle draumane dine om natta.

♥♥♥

Dei rosa skyene svevar ikkje på himmelen.

Dei er i meg.

THD2011

(det skjønne biletet har eg lånt her)

mandag 11. april 2011

Change your words. Change your world.

Sometimes we just have to stop and listen. Sometimes we just have to admit that we still have lessons to learn. This is one of those moments. This video gave me something profound today.

I stopped. I listened. I learnt.

I was touched.

You should never underestimate the power of words. ♥♥♥

Thanks to Janne Tove for introducing this video for me today…

lørdag 9. april 2011

Kjøkkenglimt ♥

Eg og minstesnuppa har kosa oss med ting og tang på kjøkkenet i formiddag. Vi har leita fram nokre få påsketing og så smått byrja å tenkje på høgtida som er i vente.

IMG_7473

Eg har aldri vore ei “påskepyntedame”. Sjølv om eg nok aldri kjem dit at eg meiner at “gult er kult”, så har eg i år komt fram til at “gult er OK”. Difor har nokre påskepynteting i gult funne vegen til kjøkkenet på “Utsikten gard”.

IMG_7479

Det gamle bordet vi har hatt ståande på låven har fått heidersplassen på kjøkkenet. Bordet er heimesnikra og om lag 80 år gammalt.

IMG_7483

Stolane høyrer eigentleg til ei anna spisestue, men passar så fint til bordet. Stolane er ikkje like gamle, men kom vel til gards rett etter krigen.

IMG_7499

Det er ein miks av alt mogleg på kjøkkenet vårt. I dette skapet har eg Greengate-koppane mine og skåler i friske fargar.

IMG_7508

På ei lita hylle har eg gamle Norgesglas med telys og nokre klesklyper i tre som eg har fått frå ein bloggar i USA. Dei er ikkje i bruk, men eignar seg desto betre som pynt!

IMG_7513

Då vi tok over “Utsikten gard” var vi så heldige å finne eit stort skap i kjellaren fullt av gamle Norgesglas, mjølkrukker og mjølkeflasker. Nokre ser på det som rusk og rask, medan eg er veldig glad i dei og ser på dei som arvegods!

IMG_7470

Medan eg svinsa rundt på kjøkkenet med fotoapparat, stod minstesnuppa og teikna på ei beskjedtavle på kjøkkenet. Papsen vår skrua den opp i dag, og det var stor stas å få teikne på den med whiteboardtusj!

IMG_7466

Dette er du, mamma! Og den vesle raringen ved sidan av er meg! Ser du det, mamma???”

♥♥♥

Sjølvsagt ser mamma det! Det er så kjekt når ungane får utfalde seg med teikning! Og så er desse “hodefotingane” ganske så sjarmerande…

Er det påske på kjøkkenet ditt snart?

fredag 8. april 2011

Sjølv om det er kveld…

…går det an å vise eit bilete frå ein morgon!

Vår

Utanfor soveromet vårt har vi ein altan. Kvar morgon går eg ut på altanen for å kjenne på den friske lufta og nyte utsikta! Og kvar morgon tenkjer eg på kor heldig eg er som bur akkurat her eg bur! Det har vore mange slike morgonar i det siste. Det er som om vèret ikkje kan bestemme seg; det kan vere blanding av både sol og regn!

Men det er ikkje berre kveldane som er fine….

IMG_7382

Slik såg det ut ein kveld for nokre dagar sidan! Ei stripe av lys openberra seg ute i horisonten, og eg veit at slike augneblink ikkje varer evig. Eg hadde difor ikkje tid til å hente stativ til kameraet mitt, difor er biletet så pass “mystisk”!

Kva særmerkjer staden du bur på? Kva får deg til å tenkje at du er heldig som bur der du bur???

Våren spør ikkje om lov…

Våren spør ikkje om han får lov til å kome. Han dukkar opp uanmeldt og uventa, men alltid sårt etterlengta. Brått kan han banke på døra, midt i ei snøbyge. På nokre få augneblink smeltar den snøen, tiner hjarta og opnar augene våre.

IMG_7384

Små blomar ser sitt snitt til å strekkje seg mot lyset, kjenne på varmen. Så forsiktig, så forsiktig – akkurat som om dei nøler litt. Som om dei ikkje heilt trur at det er den tida enno.

IMG_7386

Våren ventar ikkje på invitasjon. Den bestemmer sjølv når han vil dukke opp. Vi har vel knapt ein meir kjær gjest enn våren. Så full av håp og glede, så mange eventyr, så mykje variasjon!

No ser det endeleg ut til at våren har klart å klore seg fast. Trea skyt knoppar og små vårblomar dukkar opp i grøftekantane.

Vi ynskjer våren hjarteleg velkomen, for no har vi venta på deg så lenge!