søndag 30. mars 2008

Stakkars, vesle bøtteknotten min...


Sina har vore sjuk. Ei heil veke til ende har vi kava med sykje av ymse slag. For ei pine, for ei bekymring! Når ungane mine er sjuke er det som om verda sluttar å rotere, tida stoppar opp og det einaste som er viktig er det som foregår innanfor huset sine fire veggar. Eg har sove lite om natta, hatt dårleg matlyst og ikkje orka å bry meg med så mykje. Det kjennest ut som om eg har sprunge 3000 meter mange gongar for dag, kvar dag heile veka. Eg er utslitt og andpusten. Huset skulle ha vore rydda, kleshaugen veks og middag har det vore så som så med. Det spelar lita rolle. Mitt fulle fokus er på Sina.

Ein klok mann eg kjenner sa til meg ein gong at eit liv med ungar, er eit liv fullt av "attelet" (bekymring). Eg forstår godt kva han meiner. Det er nok slik det er. Og det er nok slik det skal vere. Vi vernar om ungane våre til det siste. Vi gjer alt for at dei skal ha det bra. No høyrer eg på baby callen at puslingen min er vaken. Atter ein gong stoppar alt i huset opp og velse Sina får all mi merksemd og all mi tid. Gullet mitt.....

Så godt eit fang - så trygg ein stad...


"Oldemora vår har så mjuke hender", sa Ida ein gong. Det er heilt sant. Mjuke hender, mjukt kinn og eit mjukt og godt fang til å krype opp i og samle krefter eller for å få trøyst. Vi kjenner oss ofte rike når vi ser kor stor glede vi har av oldemora vår, og kor stor pris ho set på å ha oss alle så nær. Vi tek ofte famile for gitt. Vi må ofte minne kvarandre på kor heldige ungane våre er som har ei så sprek og vital oldemor. Ingenting går henne hus forbi. Til trass for at ho har passert 90 år, har ho kontroll på alt vi barnebarna styrer med - og det er ikkje reint lite! Ho diskar opp med vafler kvar laurdag, lunsj kvar 17. mai og nissefrukost kvar julaftan. Farmor er ei vertinne av det gamle slaget, så hos henne er det full oppdekking og trangt om plassen i stova. Det er eit godt teikn! Ungane våre for oppleve noko som kanskje vert stadig meir mangelvare i våre dagar; at vaksne folk har tid, overskot og kapasitet til å gi dei full merksemd. Oldemor har det, oldemor har mykje av det. Ho er alltid heime. Og ho tek alltid telefonen.

Når mamma sine hender har det for travelt og bestemor sitt fang er oppteke, kan ein alltid søkje hamn hos oldemor. På fanget hennar er det trygt å vere. Sina kosar seg i hendene til oldemor. Det er godt å vere liten når ein har ei oldemor som trøystar og passar på.

mandag 24. mars 2008

Påsketur i fjøresteinane!

Det er ikkje alle som smører sine ski og susar ned bratte lier i påskesola. Nokre av oss likar oss best i lavlandet, med lukta av sjø og fiskestang i umiddelbar nærleik. Ein av soldagane i påska pakka vi tursekk og rusla påsketur i fjøresteinane på Rjåneset. Det bles ganske kraftig, så piknikken vart noko amputert. Vi hadde ein flott tur i vårsola likevel, og ungane boltra seg både i
skog og fjøre.


Blide born og vaksne kosa seg i fjøresteinane!


Restane av ein gamal båt har drive i land.


Borna gjorde seg mange tankar om funnet i fjøra. Kvar kom båten i frå? Kor mykje uvèr har den opplevt? Har små ungar fått vore med på fisketurar med ein bestefar som skipper ombord?


Sina kosa seg i ei god og varm vogn. Trea strekker seg mot den blå himmelen. Vi kan allereie skimte grønfargen som vitnar om vår.

...om kortreist mat, Tupperware og store mengder snø!

Dei som kjenner meg veit at eg er stor tilhengar av lange middagar med mange rundt bordet. Påska er ei ypperleg høgtid for å samle slekta, noko eg skulle gjere 1. påskedag. På menyen stod det sirupsmarinert påskeskinke, og gjestelista bestod av syskena mine med familier og foreldra mine. Vi skulle vere 14 rundt bordet med stort og smått, og vertinna gledde seg stort. Allereie før ni var eg igong med potetskrelling. Små snøfnugg dala ned utfor stoveglaset, og påske-stemninga var til å ta og føle på. Det var berre det at snøfluksene vart større og større, og fleire og fleire. Eg skjønte fort at gjestane mine ikkje kunne ta seg opp med bil, så Terje gav lovnadar om å hente dei ned i bygda med "Halse-ekspressen" (les: Hiace med 4wd) slik at alle skulle kome seg tryg opp. Eg bur som sagt bratt og ulendt, og det ville ha vore uansvarleg å sende dei opp hit med bilar utan 4wd og lavgir. Huset var rydda, skinka pensla med sirup kvart 10. minutt og påskebordet dekka - vi var klar for storinnrykk! Men etterkvart som timane gjekk og snømengdene vaks, fekk eg streng beskjed med brøytemannen min om at det kanskje ikkje var forsvarleg å frakte dei opp med bilen vår heller! Han hadde vansker med å ta seg fram med traktor, og det å skulle vere ansvarleg for transport av andre ville han ikkje ta på seg. Då var gode råd dyre...

Svoltne middagsgjestar var allereie på veg, så no måtte eg tenke fort. Sjølv om foreldra mine sitt hus er ein einaste stor byggeplass for tida, vart dei likevel beordra dit. Det var ikkje anna råd enn å frakte maten ned i bygda. I mitt stille sinn sende eg ei raus takk til gode venninner som opp gjennom åra har lokka meg med på Tupperwareparty, for no såg eg at eit skap fullt av plastikk faktisk ikkje er så dumt! Maten vart omhyggeleg pakka og raskt transportert ned i bygda. Der hadde middagsgjestane mine benka seg på provisorisk vis rundt mamma sitt spisebord. Forhåpentlegvis fekk den gode maten dei til å gløyme malingslukt, plankegolv, sponplater og pussestøv. Eg kan sjå for meg at mamma hadde tent stearinlys og likevel klart å gjere det påskekosleg.

Så sat vi der; med same maten og same desserten, men på kvar vår stad. Det er ikkje ofte naturen set ein stoppar for daglegliv og levnad, men denne dagen vart 0,8 km ei litt for lang distanse. Det byd seg nok fleire høve for store middagar, det er vel snart vår?

fredag 21. mars 2008

Morgonstund har gull i munn!

Eg hadde tenkt eg skulle sove lenge i påska. Nattbordet har stablar med bøker som skal lesast, og då er det rein luksus for ei småbarnsmor å kunne tilbringe litt ekstra tid i senga om morgonen. Men slik har det ikkje vorte..... Den 9 mnd gamle sjefen har bestemt at dagen tek til kl. 07.00. Då startar morgonunderhaldninga i sprinklesenga, og ho veit at både syster, bror og stuptrøytte foreldre ikkje klarer å motstå dei sjarmerande triksa ho til ei kvar tid finn på. I dag gjorde det likevel ingenting å måtte opp så tidleg. Ute var lufta frisk, og sola fann sprekker nok til å spre litt morgonvarme til oss på Halsane. Terje tok med seg ungane ned, medan eg hoppa i støvlar og dunjakke og gjekk ut. Ikkje noko er betre enn ein frisk tur på morgonen! Eg bur midt i eit aldri så lite paradis, og veit vel innerst inne at det er det som er luksus. Ikkje å kunne ligge så lenge ein vil om morgonen, men å stå opp, gjere seg nytte av dagen og nyte dei fantastiske omgjevnadane og utsikta.



Det gamle plometreet har nakne greiner, men er likevel fullt av liv. Under barken fløymer sevjen og gjer sitt for at vi til hausten kan nyte godt av fruktene.



I løpet av natt har det vore små gjestar og tusla i tunet.


Den gamle slipesteinen står traust og stødig i tunet. Det ligg mykje historie bak dei ru overflatene på steinen, og måten ein har freista å sikre akslingen på vitnar om ei tid då ein var opptekne av å ta vare på , reparere og gjere seg nytte av alt. Vi har mykje å lære...



For ei veke sidan var ungane ute og sykla i vårsola. Før vi visste ordet av det lava snøen, og vi rakk ikkje eingong å få syklane under tak. No står Johan sin nye sykkel dekt av snø og minner om dei fine dagane vi hadde, men òg med ein lovnad om at vi snart har meir vår i vente.



Eg var så stolt av tulipanane mine. Dagleg passa eg dei og lurte på om eg kunne plukke dei inn til påske. No ligg dei og kviler under eit teppe av snø. Eit lite blad har likevel funne seg ein veg ut av dvalen. Eg har framleis eit håp om at eg snart skal kunne plukke dei inn, til glede for både store og små. Biletet til høgre er manipulert ein smule, og minner kanskje litt om toppen av Liadalsnipa...?











onsdag 19. mars 2008

Gode ungar treng gode kle!

Eg tilhøyrer nok dei som synest at det er både enkelt, trygt og spennande å handle på nettet. I tillegg til eit fantastisk stort utval, kan ein ofte kome over særs gode tilbod. Ein av mine favoritt- butikkar på nett heiter En gul knapp. Der kan eg kjøpe kle av god kvalitet, dei har godt utval og anstendige prisar. Butikken er absolutt verdt eit besøk! Eg skriv ikkje dette for å drive reklame, men for å dele eit smart handletips med andre småbarnsmødre som ynkskjer noko anna enn det kjedebutikkane kan tilby.

Eg er ikkje sikker på om Sina sin pysj er kjøpt på En gul knapp, det er ei stund
sidan eg kjøpte den. Den kjem frå merket Mala og vart kjøpt for ein slikk og
ingenting på eit til tilbodstorg. Ikkje rart at dette har vorte ein favorittpysj!


Denne skjønne velourjakka har eg nettopp fått i posten. Den er siste nytt
frå Katvig og er kjøpt frå En gul knapp. Sina fekk seg ein heil dress i same
farge og kvalitet. Ida sette stor pris på jakka og vil bruke den heile tida!


Då vi opna pakken frå En gul knapp fann vi ei ekstra lita gåve. Gåva hadde det
tradisjonelle Katvig-mønster i ein nydeleg lillafarge. Vi var ikkje heilt sikre på kva det var, og vi hadde mange forslag til bruksområder. Eg heldt ein knapp på handlenett. Då vi oppdaga at den artige saken hadde glidelås i botnen, meinte vi at den også kunne brukast som topp. For å løyse mysteriet sende vi e-post til En gul knapp, som kunne konstantere at vi hadde rett! Det kan brukastsom handlenett, nett til ungane sine kle i barnehagen, til å oppbevare strikkesaker i,
eller som ein topp. Då det lenge har irritert meg at eg har brukt ein Remapose til oppbevaring av strikket mitt, vart nettet straks innvia som strikkenett. Til sommaren skal Ida få bruke det som sommartopp. Her må vi dele broderleg på godsakene! Men for ei genial oppfinning! Eg har stor sans for alt som har mange bruksområder, dette er ein soleklar favoritt!

Dette er også ei slags påskestemning...


Det skulle vise seg å verte ei påske med mykje snø i år.Kan ikkje
hugse at det har vore så mykje påskesnø nokon gong! Tette
snøbyger frå morgon til kveld - stakkars brøytemannen min...
Det er ikkje mykje vi ser til han, anten er det brøyting eller så
søv han. Vel, vel, det skulle visst slutte å snø på langfredag, så
vi får glede oss til påskefeiring med heile familien samla då!


Når snøen lavar ned ute, kosar vi oss inne. Det er ikkje få liter med kakao eg har
kokt, eller skiver med brunost som har vorte fortært. Ein og annan tur ut og leike
i snøen blir det også. Berre ein kler seg godt, kan ein tole all slags vær!
Framleis god påske til alle.....

tirsdag 18. mars 2008

Påskestemning på Halsane!


Desse påskeegga kjøpte eg for to år sidan på nettbutikken

Hjem kjære hjem.


Eg har sans for det enkle, også i påska. Viktigast på påskebordet
mitt er lys.


Den gule kyllinglysestaken laga Ida i barnehagen for tre år sidan! Det vert
ikkje påske utan! Dei grøne eggevarmarane kjøpte vi i år.

Eg har ikkje eit overpynta hus til påske, men noko av det kjæraste
eg pyntar med er det ungane som har laga. Dette egget mala Ida i
barnehagen.

Til trass for mykje snø og trasige køyreforhold, tek vi gjerne
imot påskegjestar! Er sjølvsagt ei fordel med 4wd om ein skal klare
å forsere bakkane! Uansett, hjartleg velkomne skal de vere!

EG YNSKJER ALLE EI STRÅLANDE PÅSKE!

Tøffe karar!

Det kjekkaste Johan veit er når bestekompisen, Knut Petter er på besøk. I går var han her heile dagen, og dei kosa seg ute i snøfòk, torden og kraftig vind. Desse karane har aldri vanskar med å finne på noko å gjere, og sjølv om det til tider kan gå hardt føre seg har det aldri vore skade med i bildet. Heilt til i går..... Dei laga seg nemleg akebakke ned ein gedigen moldhaug, og som for gutar flest var det om å gjere å kome fyrst ned. Eg var inne og ante fred og ingen fare, heilt til vi høyrde hyl, skrik og rop om hjelp. Eg og mannen min sprang dei imøte, og kunne konstantere at her var det både blod og tårer. Dei hadde aka på magen, fått kjempestor fart og kræsja med ein stein og ei stor grein. Dei måtte vaskast, trøstast og plastrast. Etter ei lang nok runde med moderleg omsorg og "...stakkars deg", var karane klar til nye kampar og utfordringar! Dei fekk klare formaningar om å kvile seg litt og drikke vatn, akkurat lenge nok til at eg raskt kunne slå fast at det skal meir enn stein og tjukke greiner til for å slå ut desse karane!
Plastra, vaska og ferdigtrøsta.
Takka vere ein stein fekk Knut Petter seg eit kraftig kutt i haka...
...og Johan hadde eit noko ublidt møte med ei fleirarma grein!

lørdag 15. mars 2008

Må tidleg koke, som god kokk skal bli!


Av alle rare ting har vi ei leikarhytte på altanen. Den er rikt utstyrt med det ein til ei kvar tid treng for å late som ein er litt vaksen og skal klare seg sjølv. I det vårlege vèret har ungane ete middag der fleire gongar allereie, og då smakar den alltid ekstra godt!

Ida er nok ein liten kjøkkenskrivar, og har plukka opp eitt og anna triks frå mor si. Torsdag sette ho igong på eiga hand på altanen. Dersom mat kunne etast ute, kunne den vel også lagast ute!

Ho fann fram utstyret som måtte til, medan mor stod i stoveglaset og venta spent på ingrediensane som skulle brukast. Ho fann det meste litt rundtomkring ute, putta det i gryta og rørte ivrig. Etter ein omstendeleg røreprosess og ei særs kort koketid, var gryta ferdig og klar til servering. Eg måtte sjølvsagt vere prøvesmakar, her var det ingen veg utanom! Med tanke på alle prøvesmakingar eg har tvinga på henne, skulle det vel berre mangle om eg ikkje smakte på det ho hadde laga...


Sidan eg driv og legg ut litt oppskrifter på bloggen min, pliktar eg vel å offentleggjere Ida si òg! Dette treng du:
- gras
-gamalt smågodt som ikkje lenger smakar godt
-løk plukka i eigen hage, som ein eigentleg ikkje kan ete (mistenkjer det for å vere påskeliljeblad...)
- sølevatn med oljesøl frå pappa sin traktor
- ellers det ein måtte finne på golvet i leikarhytta

Bland det heile, rør godt, kok opp og server!

Den hemmelege ingrediensen i denne oppskrifta er godteriet.
Dette må vel verte ein påskeklassikar i dei tusen heimar?

Frøkena var godt nøgd med resultatet, så denne får vi nok servert fleire gongar!

fredag 14. mars 2008

Kreativitet er rota til alt godt!

For nokre dagar sidan fekk Johan klar beskjed om å leite fram ransel og lekser med ein gong vi hadde ete middag. Det var sol frå blå himmel ute, så her var det om å gjere å verte fort ferdig med plikter så ein kunne kome seg ut. Kjøkkenbordet måtte sjølvsagt ryddast før det kunne omgjerast til leksepult, og den vesle pausa visste Johan å nytte til fulle! Brått var han ikkje å finne. Eg leitte huset rundt, før eg til slutt høyrde bankelydar ute i tunet. Då eg kom meg ut for å sjå kva han hadde funne på,

















var karen å finne på toppen av fjøstaket! Han hadde snikra ein stige, og den brukte han til å kome seg opp på taket.

Det må seiast at det ikkje var det høgaste fjøstaket han klatra på, og at spranget mellom tak og fast grunn ikkje var for stort. Då eg kom ilande til, drog han opp stigen og gliste triumferande. Jada, han hadde lurt seg unna leksene -men stigen var utvikla med så stor ingeniørkunst at eg ikkje kunne seie noko på det. Han hadde målt ut nøyaktig kor langt det skulle vere mellom kvart trinn, funne ut nøyaktig kor mange spikrar han trengde, høvla til slik at alle mål vart rette og deretter snikra det heile ihòp. Eg måtte gi meg ende over og skryte av prosjektet. Kan hende var ikkje stigen av dei mest solide, men den var til god nytte for Johan.

Det er viktig at ungar får rom til å vere kreative. Vi må ikkje vere så redde for at dei kan skade seg med kniv, sag, øks og hammar. Her i garden er slike verkty tilgjengeleg for ungane til ei kvar tid. Det er vel ungar som aldri får prøve seg med "skumle" reiskapar som skadar seg mest. Vi har hatt vår del med småsår og rifter, men aldri noko alvorleg. Når ungar fritt får bruke verkty, får dei kjennskap til korleis dei fungerer og kunnskap om korleis dei skal brukast for ikkje å gjere skade.

Det vert garantert fleire snikkarprosjekt her i huset. Stigen som Johan laga skal plasserast på låven ilag med stigen som gamle-Johan på garden laga for meir enn 70 år sidan. Stigen ber preg av å vere laga av det ein hadde tilgjengeleg, men den er stødig og solid og har vore brukt mange gongar i moderne tid. Om Johan sin stige toler "tidens tann" like godt, skal eg ikkje ha sagt så mykje om. Det er heller ikkje så viktig. Viktigast her er viljen og kreativiteten til å lage noko ein har bruk for, slik generasjonar før oss var nøydde til å gjere for å utført nødvendige oppdrag.

Det var ein stolt kar som kom inn og gjorde lekser. Kanskje han ein dag forstår at det han må site inne og pugge vil vere til god hjelp når han som vaksen skal utvikle endå meir avanserte ingeniørkunstar. La oss ta vare på kreativiteten og gi ungane rom for utfalding - kun då kan vi få fram ein generasjon som skal vere med på å bygge landet vidare, og som får teknologi og forskning til å nå nye høgder!