tirsdag 18. mars 2008

Påskestemning på Halsane!


Desse påskeegga kjøpte eg for to år sidan på nettbutikken

Hjem kjære hjem.


Eg har sans for det enkle, også i påska. Viktigast på påskebordet
mitt er lys.


Den gule kyllinglysestaken laga Ida i barnehagen for tre år sidan! Det vert
ikkje påske utan! Dei grøne eggevarmarane kjøpte vi i år.

Eg har ikkje eit overpynta hus til påske, men noko av det kjæraste
eg pyntar med er det ungane som har laga. Dette egget mala Ida i
barnehagen.

Til trass for mykje snø og trasige køyreforhold, tek vi gjerne
imot påskegjestar! Er sjølvsagt ei fordel med 4wd om ein skal klare
å forsere bakkane! Uansett, hjartleg velkomne skal de vere!

EG YNSKJER ALLE EI STRÅLANDE PÅSKE!

2 kommentarer:

  1. d der va to virkelig tøffe gutta. og dei storkoser seg i lag kvar gang dei treffest. dei e verdens beste kompiser og jobber virkelig hardt med både "skog og veibygging" og he alltid nye prosjekt på gang...anita

    SvarSlett
  2. Hei! Tenkte eg måtte kikke innom og sjå kva de styrer med på Halsane... og det ser ut til at de har det velidig kjekt :-)
    Likte utruleg godt dei påskeegga dine forresten(nettbutikk-kjøpet). Blir veldig inspirert av å sjå og lese alle dei flotte bloggane som finst (les mest interiørbloggar eg da...), spesielt dei der "eigaren" er dyktig å skrive, slik som du! Ha ei god påske :-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!