fredag 26. februar 2010

Bade-engelreprise og blå strømpebukse!

I morgon skal eg ut på ein liten minitur og overnatte på hotell. Mann og barn blir att heime, og det er alltid litt vemodig.

Eg må berre ha eit innlegg med badebileta av Sina, slik at eg kan kike på dei når eg sit ved datamaskina i morgon og på søndag.

030

♥♥♥

037

♥♥♥

055 

♥♥♥

Kom forresten på ei artig historie som eg vil dele. Eg var på badet med minstesnuppa og skulle gjere henne klar til å legge seg. Ho hadde dusja og var klar til å kle på seg. Eg gjekk i skapet hennar og fann ny strømpebukse og body. Bodyen gjekk på lett som berre det, men då ho såg strømpebuksa vart det bråstans i påkledninga. Strømpebuksa var nemleg BLÅ! Ho nekta å ha den på seg, sjølv om eg sa at ho hadde arva den frå storesystra og viste henne at namnet til Ida var skrive på merkelappen. Ho trampa i golvet og protersterte på det heftigaste! Det er fascinerande å sjå kor utruleg bestemte slike små menneske kan vere… Til slutt måtte eg til å fortelle om dei små lamma som hadde fått klipt ulla si slik at vi kunne få denne gode og varme strømpebuksa.

072

Noko motvilleg sette ho seg på fanget mitt og lot meg kle på henne. Då ho hoppa ned på golvet sa eg;

“Neimen Sina, eg trur jammen strømpebuksa er for lita!”

Då lyste ho opp, sette augene i meg og sa så triumferande som berre ein to-åring kan: “Heldigvis!!!”.

♥♥♥

Tett etter låg strømpebuksa i ein krøll på golvet, og ho fortalte meg at søskenbarnet Felix kunne få den! Midt i alle desse tumultane klarte ho altså å vere klartenkt og praktisk! Så no spørst det om ikkje den berømmelige og velbrukte strømpebuksa må pakkast fint inn og bli gitt i gåve til ein liten kar som heilt sikkert er meir glad i blått enn det ho er!

♥♥♥

Eg ynskjer alle herlege menneske der ute ei fantastisk helg!

tirsdag 23. februar 2010

Late dagar…

Det er kjekt å ha vinterferie. Å kunne stå opp når ein vil, ete frukost så seint ein vil og ha dagen fri til å gjere akkurat det ein vil! Denne herlege fridomen gleder sjølvsagt både meg og ungane!

002

Ida har fått teikne- og skrivedilla! Ho elskar å sitje på romet sitt og gjere “kontorting”, som ho seier!

006

Ho har verdas finaste utsikt frå romglaset sitt, og sit ofte og kikar ut på majestetiske fjell og fjordar.

010

011

Her er ho klart til å reise i bursdagsselskap til ei klassevenninne. Ho hadde plukka ut antrekket sjølv. Den nydlege tunika-toppen er frå Monsoon-kids.

014

Ho vart ei stund litt bekymra for om ho var den einaste som kom utan kjole, men konkluderte med at det i tilfelle ikkje gjorde nokon verdens ting!

Fin var ho i allefall, storejenta mi ♥♥♥

mandag 22. februar 2010

Ikkje akkurat OL…

…men både humøret og idrettsgleda må i aller høgaste grad overstige det Northug presterte!!!

002

Under gårsdagens skidag var det stort sett berre smil å sjå, og alle som passerte mållinja tok seg tid til ein prat med lokal presse og nyfikne tilskodarar!

015

Løypa var heilt topp, men føret var ikkje optimalt. Det var eit tynt islag på toppen, og puddersnø under! Dei krevjande forholda klarte likevel ikkje å øydelegge det gode humøret!

018 

Frøken midtimellom var stolt over gullmedaljen og kosa seg med godteripremien etter endt løp.

023

Minstesnuppa hadde ikkje fått middagskvilen sin og var ikkje i toppform. Ho avslutta løpet på bestefar sine skuldrar, men fekk gullmedalje og godteripremie likevel!

031

Det gjorde godt å få kvile seg ei stund etter alle strabasane. Ho hadde ingen kommentar til frammøtt presse og ville ikkje sjå i kamera. Då var det mykje betre å få halde mamma i handa og tusle seg tilbake til bestemorhuset og kvile seg litt i sofaen.

Tusen takk til alle som var med på å arrangere skidag i går – til stor glede for store og små!

onsdag 17. februar 2010

Om bjellesauer og reddande englar…

Av og til er hovudet fullt. Det sprengjer. Stadig nye tankar, bekymringar og idèar trengjer seg på. Det er ikkje så lett å vite kva ein skal gjere.

Det er sein kveld og eg burde krype til køys. Men noko held meg attende. Orkar ikkje å ta kveld med så mange uløyste utfordringar.

sau 

Eg vil ikkje vere sauen som diltar. Eg vil gå i front, vere den nytenkande og kreative. Den som har alle løysingane, som ser utvegar der andre ser stengsel. Som ser håp når alt verkar håplaust. Som klarer å pusle alle bitane i puslespelet.

Det er ikkje alltid slik. I kveld er ein slik kveld.

sau1

Eg kan vere glad for at eg og mine næraste har det bra. Tanken bleiknar likevel når eg veit at andre slit. Og så vil eg så gjerne hjelpe til. Ordne opp. Kome til unnsetning. Vere den reddande engelen.

sau2 

Eg vil vere bjellesauen som samlar flokken kring meg når det er fare på ferde. Eg vil verne dei minste lamma og gøyme dei tett inntil meg. Eg vil lose alle trygt gjennom ukjent terreng, og garantere at vi skal kome trygt fram. Eg vil gi ly når det stormar som verst, og eg vil stå fremst i flokken når nokon utfordrar til kamp.

Men eg er ingen bjellesau. Eg er ingen reddande engel. Berre eit heilt vanleg medmenneske som bryr meg om andre. Eg har ikkje superkrefter eller magiske evner. Eg kan ikkje by på anna enn meg sjølv. Eg vil likevel gjere alt eg kan for å fylgje instinkta mine, gjere det eg kjenner er rett. Fyrst då kan eg sove godt og kjenne at skuldrane senker seg og tanketrykket lettar.

Og kanskje nokon har kjent at eg har sendt dei varme tanker….

♥♥♥♥♥♥

(dei fantastiske bileta har eg lånt her)

fredag 12. februar 2010

Søt fredagskveld og herlege ungar…

Fredagskveldar kan brukast til så mangt. Ein kan slappe av på sofaen, gå seg ein lang tur, kose seg med eit strikk eller besøke gode vener. Eller dei kan brukast til mjølfyk og eggeknusing på kjøkkenet!

Eldstemann på 10 år har fått dilla på å lage mat, og i dag ville han lage noko med sjokolade. Etter å ha blada seg gjennom nokre hyllemetrar med kokebøker, fann han ei kokebok for born. Der fann han oppskrift på verdens beste sjokoladekjeks, og dei måtte sjølvsagt prøvast!

031

Fyrst måte oppskrifta lesast nøye. Lissjesystene benytta likegodt høvet til litt kos med storebror!

034 

Sukker og smør skulle piskast, og då måtte minstesnuppa utstyre seg med hørselsvern. Ho likar slettes ikkje alt bråket og meinte at så absolutt at han burde piske alt for hand!

038

Storebror piskar i veg….

041

…medan minstesnuppa måtte sjekke ut kva som var i muggen…

043 

…og så måtte vi sjekke ut nokre av mamma sine kokebøker!

042

Storebror  har tid til å sjarmere veslesystre samstundes som at han lagar mat!

045 047

Å knekke egg kan gå godt eller gale, men i dag var dei heldig og det vart lite griseri! Med eggeallergikarar i hus er dette litt risikosport, men det gjekk heldigvis bra i dag òg!

048

Slå i egga…

051

…bland alt det tørre…

052

…slå det i røra…

057

…og rør godt!

060 

Vi kom til det aller mest kritiske punktet i bakinga då vi skulle putte i sjokoladen. Det var ikkje så lett å forstå at ein ikkje kunne smake så masse, så dei aller minste fingrane i heimen vart veeeeldig lange og sjarmen vart skrudd på for fullt. Alt for å snike til seg ein liten sjokoladebit!

061 062

Berre ein liten bit, Johan???

067 068

Litt god “kollegarettleiing” kan ein alltids ha bruk for!

075

Vi fekk tre brett med kjeks!!!

077

Ida fann ut at det var best å ete litt skikkeleg kvelds før kjeksetinga! Men etterpå…

081

…mmmmmmmmmmmmmmm!

Det kan hende eg legg ut oppskrifta, men må berre sjekke med kokken fyrst!

Ein salma ved dagens slutt….

Eg har ete ein fantastisk god middag i dag, og deler oppskrifta med deg! Det er så kjekt med mat som tek kort tid å lage, men som smakar godt og har herlege og sunne råvarer. Denne lakseoppskrifta ligg høgt på favorittlista her i huset!

014

Slik gjer du det:

♥ Kjøp eit stykke Salma-laks og skjær den i passe store bitar. Du kan også steike den heil.

♥ Legg stykka i ei eldfast form

♥ Strø over litt salt

♥ Legg ei raus ts grøn pesto på kvart stykke (eller så mykje som du vil)

♥ Til slutt legg du på ein klatt seterrømme

♥ Steik i ovnen på 225 grader i ca 25 minutt. Sjekk laksen undervegs, du vil ikkje ha den for mykje steikt!

016 

Poteter og grønsaker er ypperleg tilbehør!

Alle burde unne seg ein laksemiddag i helga!!!

Velbekomme…

onsdag 10. februar 2010

Man tager hva man haver!

No bugnar butikkane av blomar i vårlege fargar! Eg skulle gjerne ha kjøpt favnen full, men får heller nøye meg med å kjøpe litt i ny og ne!

012

Sjølv om skapet på stova er fullt av blomstervasar i alle kvalitetar og fasongar, er det faktisk ikkje dei eg tek fram når eg kjem heim med blomar.

010

Ingenting er vel finare enn herlege, rosa buskroser i ein grøn Greengate-mugge!

019

Eller i eit lite konjakkglas!

014 015

016 017

Favroitten min er å ha blomar i gamle Norgesglas. Eg har på ringen, for den er prikken over i`en!

017

Sjå kor fint fargane passar i lag! For meg er desse glasa arvegods eg set stor pris på, og som kan brukast til alt.

Ofte når ein tek med blomar til nokon, så høyrer ein ofte; “Åhhh, så fine! Men eg har ingenting å ha dei i!”. Det er då ein skal vite at det ikkje er om å gjere å ha all verdens flotte vasar. Leit i skapa dine, og eg er sikker på at du finn mange flotte alternativ!

003

Ei god venninne kom på kaffibesøk i dag, og hadde med ein skjønn bukett tulipanar. Eine tulipanen hadde knekt stilk og fekk triumfere åleine i denne skjønne fløtemuggen!

Det er snart vår, og vi kan plukke inn snøklokker, kvitveis, krokus, påskeliljer, pinseliljer, tulipanar og løvetann. Ta med naturen sine gåver inn og fyll vasar, mugger, glas og anna med alt dette vakre!

Eg gler meg allereie….♥

 

tirsdag 9. februar 2010

På ein snurr!!!

I går hadde vi den store pizzasnurr-dagen! Ungane har skiveke på skulen, og ville ha noko godt i matboksa. Eg brukte ei meir eller mindre sjølvkomponert oppskrift, og resultatet vart svært bra!

016

Slik laga eg dei:

14 dl kveitemjøl

3 dl sammalt grovt speltmjøl

1 1/2 pakke tørrgjær

1 ts salt

Krydderblanding  (eg brukte eit krydder på glas som m.a. inneheldt soltørka tomat, nam, nam…), bruk så mykje du har lyst på. Krydderet er med å sette fantastisk smak på pizzasnurrane

7 dl vatn

Bland det heile og hev.

Bak ut to gode leivar, smør på pizzasaus og ha på det fyll du likar best (eller tilfeldigvis har i kjøleskapet). Vi brukte kokt skinke. Rull saman, del i passelege bitar og legg på bakepapirkledd steikebrett. Etterhev. Strø over ost og steik ved ca 225 grader i 15-17 minutt.

018

Eg likar pizzasnurrane aller best når der er grovt mjøl i deigblandinga. Desse vart fantastisk gode, og vi hadde ein nydeleg kvelds i går. Samstundes fraus vi ned ei pose, og alle mann hadde med seg til niste i dag.

009

Minstesnuppa var sjølvsagt med og baka, og laga små kakemenn av deigen ho fekk! Ho og storebroren steikte dei i ovnen og kosa seg med dei etterpå.

Det blir ikkje lenge til vi skal snurre oss igjen!!!