No bugnar butikkane av blomar i vårlege fargar! Eg skulle gjerne ha kjøpt favnen full, men får heller nøye meg med å kjøpe litt i ny og ne!
Sjølv om skapet på stova er fullt av blomstervasar i alle kvalitetar og fasongar, er det faktisk ikkje dei eg tek fram når eg kjem heim med blomar.
Ingenting er vel finare enn herlege, rosa buskroser i ein grøn Greengate-mugge!
Eller i eit lite konjakkglas!
Favroitten min er å ha blomar i gamle Norgesglas. Eg har på ringen, for den er prikken over i`en!
Sjå kor fint fargane passar i lag! For meg er desse glasa arvegods eg set stor pris på, og som kan brukast til alt.
Ofte når ein tek med blomar til nokon, så høyrer ein ofte; “Åhhh, så fine! Men eg har ingenting å ha dei i!”. Det er då ein skal vite at det ikkje er om å gjere å ha all verdens flotte vasar. Leit i skapa dine, og eg er sikker på at du finn mange flotte alternativ!
Ei god venninne kom på kaffibesøk i dag, og hadde med ein skjønn bukett tulipanar. Eine tulipanen hadde knekt stilk og fekk triumfere åleine i denne skjønne fløtemuggen!
Det er snart vår, og vi kan plukke inn snøklokker, kvitveis, krokus, påskeliljer, pinseliljer, tulipanar og løvetann. Ta med naturen sine gåver inn og fyll vasar, mugger, glas og anna med alt dette vakre!
Eg gler meg allereie….♥
Jepp -- gleda meg eg og
SvarSlettNattaklemma fra monika
Så flott det var med blomster i Norgesglasa. Har ikke tenkt på at man kan bruke dem til vas og.
SvarSlettJa man gler seg nå. Når takdryppet og fuglande synger ute.
Snart er det vår og da...
Klems Synnöve.
Jau, når meteren med snøv forsvinn så kjem det fram dei nydelegaste vårteikna! Men det tek no si tid før snøven forsvinn, det er no påfyll på påfyll... :D
SvarSlettHeisann!
SvarSlettJeanette fra hjemmemamma.com har forsøkt å komme i kontakt med deg, kan du sjekke mailen din? ;-)
Åååå kor bra at du skriv dette med "andre" vasar. Eg pleier også bruke alt det eg kan finne av krukker, glas, mugger osv... Blomane blir endå finare enn i "kjøpe-vasar". Nyyydelege bilete og utruleg fin blogg. So lenge sidan eg såg innom her...
SvarSlett