lørdag 29. mai 2010

…om å ha verda for sine føter…

Tenk å vere snart tre år, og ha heile verda for sine føter! “Eg berre reiser ein liten tur eg, mamma!” Tenk å kunne rusle ein tur på tunet og ha kjensla av å ha vore på jordomsegling. Tenk at ein liten time i sola kan gi så mange inntrykk, så mange historier, så mange gleder…

Sina 3 år

Ugras er dei vakraste blomar for eit lite barn. Dei har ikkje lært seg at nokre blomar har mindre verdi enn andre. Dei plukkar det dei ser, og ser at det er vakkert.

Sina 3 år1

Det er ei oppleving å få rusle i fotstega til slik ei lita frøken; høyre dei små samtalene ho fører med seg sjølv, lytte til betraktningane, sjå alt ho undrar seg over og le av alt det fantastiske ho har føre seg.

Sina 3 år2

Så godt å setje seg ned i lag med henne og småprate om alt mellom himmel og jord, medan lyden av beitande sauer er det einaste vi høyrer. “Tenk at det går an å lage så fine blomar!”, seier ho, medan andletet lyser opp av forundring!

Sina 3 år3 

Brått kjem ein sommarfugl og forstyrrar oss. Med ei pinselilje i handa småspring ho over åker og eng for å sjå om ho klarer å nå den att. Til slutt må ho gi opp jakta og set seg ende ned på ein stein og kikar utover bygda. “Tenk at det går an å ha det så fint”, seier ho. Det er ikkje fritt for at morshjartet svulmar litt ekstra. Tenk om eg har klart å lære henne å setje pris på alt vi har rundt oss, om ho har skjønt at vi må sjå det store i det små!

Sina 3år4

Storesyster kjem springande med noko godt gøymt i handa! “Sina, vi kan ønske oss noko!”, ropar ho! Ein liten gullsmed kjem til syne når ho forsiktig opnar handa. Sina, som aldri har sett ein slik før,  hyler av fryd når dei små føtene kitlar henne i handa! Storesyster forklarer at ho må late att augene og ønske seg noko. Ho held den vesle gullsmeden godt i handa si, let hardt att augene og er stille ei lita stund. “Eg ynskjer meg meir sol!”, seier ho og slepp gullsmeden ned i graset! Herlege, gode ungen min…

♥♥♥

Måtte ønsket hennar verte oppfylt! Slike soldagar er så utruleg gode, så uendeleg viktige og så veldig velkomne…

mandag 24. mai 2010

Lilla likevel…

Betrevitarar innan mote har fortalt oss at lilla er på veg ut. No er det andre fargar som skal dominere motebiletet.

Eg er likevel ikkje klar for å la vere å like lilla. Det er framleis mykje lilla i garderoben min, og kjem framleis til å vere det!

Lilla

No har eg eit nytt strikk på pinnane. Sjølv om lilla altså er på veg ut,  så er det like fullt lilla eg strikkar! Eg har byrja på ein vest som skal varme meg på kalde haustdagar. Her ligg den ilag med den herlege, lilla orkidèen eg fekk som takk for å halde 17.mai-tale i år! Vakkert, vakkert, vakkert…

Lilla1 Eg brukar tråden Alfa, som er ganske tjukk. Med pinnar nr. 7 går det difor fort å strikke ein vest. Eg har strikka to slike vestar før; ein rosa til frøken midtimellom og ein svart til meg sjølv. Vesten har vorte ein favoritt, men no vil eg strikke ein som er litt sidare.

lilla2

Så sjølv om moteekspertane seier noko anna, kjem eg framleis til å pryde meg med lilla. Og lilla orkidèar kjem framleis til å pynte opp i heimen min!

♥♥♥

“Livet er for kort til å være grått. Fyll deg selv og dine dager med farger.”

- Karsten Isachsen -

fredag 21. mai 2010

Når små jenter let seg inspirere av det dei ser på TV…

…då kan resultatet sjå slik ut:

IMG_1672

Minstesnuppa insisterte på å sjå Norske Talenter i kveld.  Ho elskar song og dans og let seg gjerne inspirere og engasjere.

IMG_1673

Med stor innleving overgjekk ho det beste av det beste på TV i kveld. Ho leita fram høghælte prinsessesko, mikrofon, tiara og heimelaga smykke – dermed var ho klar for finale!

IMG_1677 

Det er vel ikkje tvil om at dette minitalentet er min store favoritt!

IMG_1680

Sjekk stilen og beinføringa! Her har vi noko å lære, jenter!!!

♥ ♥ ♥

Då er det vel ikkje tvil om kven som vinn Norske Talenter i kveld!!!

onsdag 19. mai 2010

Mor, gi meg solen!

Desse kloke orda er skrivne av Henrik Ibsen. Så enkle,  så skildrande og så optimistiske!

sol(bilete lånt  her)

Vi har ein fantastisk flott dag på Sunnmøre i dag! Eg har vore så heldig å ha fri, så inn i mellom naudsynte gjeremål har eg kosa meg på altanen og kjent sola prikke meg i andletet.

Då eg henta ungane i dag var dei så solbrune og gode…. Dei hadde hatt ein strålande dag på skule og i barnehage! Ingenting er betre enn solglade born!!!

Resten av dagen skal eg og ungane kose oss med middag ute, og så skal vi heie på eldstemann som skal spele fotballkamp!

Måtte vi få mange fleire slike dagar!

Nyt dagen – kvar du enn er!!!

onsdag 12. mai 2010

…der har vi det som fisken i vannet…

Denne helga vert eg å finne i Bergen! Damekoret eg syng i skal delta i korkonkurranse under Landssongarstemnet.

photo_grieghallen 

Konkurransen skal foregå i sjølvaste Grieghallen, og det er ikkje fritt for at nervane står i høgspenn….

bergen

Vi skal konkurrere i klassen for damekor, og det er ti av landets beste kor som stiller i denne klassen… Men uansett kor det går, vi skal ha ein fantastisk tur og kose oss fire dagar til ende!!!

Bergen er ein fantastisk by som heilt sikkert vil glede kordamene med både det eine og det andre!

Send gjerne varme tankar til damekoret LYST, for fredag kl. 17.00 står vi på scena i Grieghallen…..

Her inne kjem det altså ikkje til å skje så mykje på nokre dagar…

mandag 10. mai 2010

Ventesko…

Eg har kjøpt meg nye sko. Veldig etterlengta sko. Herlege, sarte rosa sko som eg aldri har sett maken til!IMG_1484

Eg veit ikkje kva det er med tresko; om det er gode minner frå barndomen eller det er det at dei er så lette å ta på seg.

IMG_1495 

Men når det gjeld Calou sine tresko veit eg akkurat kva det er: dei er så utruleg vakre!!! Eg har lenge tråla butikkar etter akkurat dette merket, utan å lukkast. Sjølvsagt kunne eg ha bestilt meg eit par på ymse nettbutikkar, men tenkte at det var ein sjanse å ta. Tenk om dei berre var nostalgiske og ikkje gode å gå i!

IMG_1494 Så vart eg gjort merksam på at den lokale Skoringen-butikken hadde tatt inn Calou clogs.  Eg fann endeleg det eg leitte etter! Utvalet var rikhaldig og kvaliteten fantastisk! Dei passa så godt på foten og var svært gode å spankulere rundt i!

IMG_1497

Eg skulle sjølvsagt ha stukke eit par solbrune føter i dei, og spasert ein liten kveldstur i herleg mai-sol. Men sånn er det ikkje… Akkurat står treskoa i gangen og ventar, medan snøen lavar ned ute. For å gjere ventetida kortare tok eg dei med meg ut i snøen og fotograferte dei i det herlege “vinterlyset”. 

No berre ventar eg på tresko-vèr!!!

PS! Til dei som meiner at eg har vore i overmåte raus med bileta mine, og som meiner at det burde halde med eitt eller to bileter: Eg beklagar…. Men eg vart rett og slett så betatt av treskoa, og i mangel på interiørduppedittar og strigla hus å vise fram, så vart det altså tresko…  Sånn er det berre, hi, hi!!!

fredag 7. mai 2010

Kontrastar

I dag har vi kosa oss i sola, og middagen vart innteken i fjøresteinane. Sola varma og vi hadde nokre herleg ettermiddagstimar i lag med ungane!

Men det er berre nokre få dagar sidan blomane var bada i noko heilt anna enn sol…

IMG_1470

Dei vakre, gule krokusane som eg har venta slik på, fekk ein tøff start på våren….

IMG_1474

Dei skjøre knoppane på hengebjørka mi skalv  i snøbygene.

IMG_1481

Heldigvis letta vèret den dagen òg, slik at krokusen min fekk strekkje ut blada og glede meg!

Dei aller mest årvakne har nok for lengst sett at kviler på eit herleg teppe av skvalderkål…. Slikt ugras er kanskje ikkej så irriterande når ein har det på eit lite og isolert område, men eg har dei OVERALT!!! Men same kor skvalderkålet ergra meg, så smakar dei små, ferske knoppane utruleg godt! Eg har det i salat eller knip meg av nokre blad berre for å ete dei!

Etter den solrike dagen i dag steig humøret og trua på at sommaren er like rundt hjørnet!

lørdag 1. mai 2010

For ei fantastisk gåve!!!

For nokre veker sidan var eg toastmaster i eit bryllaup. Som om det ikkje var nok å få vere gjest til bords i dette herlege bryllaupet,  kom brudeparet med ei gåve til meg i dag for å takke for hjelpa!

IMG_1451

Då eg og minstesnuppa opna pakken med stor spenning, openberra denne vidunderlege syngedama seg! Eg har alltid ynskt meg ei slik dame!

IMG_1457

Det er keramikaren Ingeborg Rørvik Lejon som har laga den flotte dama. Ho er kjend for å lage svært kreativ kunst av keramikk, og desse syngedamene har vel vorte som eit varemerke for henne.

IMG_1466

Tusen, tusen takk til Honelette og Odd Runar for denne fantastiske gåva! Det hadde eg slettes ikkje forventa!

IMG_1446

No skal synet av syngedama glede meg og varme hjartet mitt! Og i kveld tek vi oss ein liten smak på den gode vinen som fylgde med, og skålar for det lukkelege brudeparet♥♥♥!

Tusen, tusen takk!!!

♥♥♥

Sjekk gjerne heimesida til syngedamekunstnaren!