fredag 7. mai 2010

Kontrastar

I dag har vi kosa oss i sola, og middagen vart innteken i fjøresteinane. Sola varma og vi hadde nokre herleg ettermiddagstimar i lag med ungane!

Men det er berre nokre få dagar sidan blomane var bada i noko heilt anna enn sol…

IMG_1470

Dei vakre, gule krokusane som eg har venta slik på, fekk ein tøff start på våren….

IMG_1474

Dei skjøre knoppane på hengebjørka mi skalv  i snøbygene.

IMG_1481

Heldigvis letta vèret den dagen òg, slik at krokusen min fekk strekkje ut blada og glede meg!

Dei aller mest årvakne har nok for lengst sett at kviler på eit herleg teppe av skvalderkål…. Slikt ugras er kanskje ikkej så irriterande når ein har det på eit lite og isolert område, men eg har dei OVERALT!!! Men same kor skvalderkålet ergra meg, så smakar dei små, ferske knoppane utruleg godt! Eg har det i salat eller knip meg av nokre blad berre for å ete dei!

Etter den solrike dagen i dag steig humøret og trua på at sommaren er like rundt hjørnet!

3 kommentarer:

  1. Hei i natta.
    Så du har fått snö du og.
    På tirsdagen kom det 40 cm snö her.
    Det var full snöstorm her da.
    Mine blomster klarte det ikke. Tulipanerne knekkte og den ende påskelilja som kommet opp la seg og sov igen...
    Men nå er snöen borte igjen. Heldivis.

    Kram i natten.
    Synnöve.

    SvarSlett
  2. Hei :) ja kontrastene er store fortiden.. har vært likedanne her det den siste tiden... men nå håper jeg at våren er kommet og at vi ikke får mere snø...

    Hadde en nydelig dag på fredagen, men ellers har helga vært litt sur og kald.

    Ha en fin søndag :)

    SvarSlett
  3. Fole varierande ver for tid ja..men berre vent - våren og sommaren kjem nok ein gang.

    Fint at du lika dikta mine Tove og det er klart du kan bruke dei når du vil der dei høver:-))

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!