lørdag 1. mai 2010

For ei fantastisk gåve!!!

For nokre veker sidan var eg toastmaster i eit bryllaup. Som om det ikkje var nok å få vere gjest til bords i dette herlege bryllaupet,  kom brudeparet med ei gåve til meg i dag for å takke for hjelpa!

IMG_1451

Då eg og minstesnuppa opna pakken med stor spenning, openberra denne vidunderlege syngedama seg! Eg har alltid ynskt meg ei slik dame!

IMG_1457

Det er keramikaren Ingeborg Rørvik Lejon som har laga den flotte dama. Ho er kjend for å lage svært kreativ kunst av keramikk, og desse syngedamene har vel vorte som eit varemerke for henne.

IMG_1466

Tusen, tusen takk til Honelette og Odd Runar for denne fantastiske gåva! Det hadde eg slettes ikkje forventa!

IMG_1446

No skal synet av syngedama glede meg og varme hjartet mitt! Og i kveld tek vi oss ein liten smak på den gode vinen som fylgde med, og skålar for det lukkelege brudeparet♥♥♥!

Tusen, tusen takk!!!

♥♥♥

Sjekk gjerne heimesida til syngedamekunstnaren!

8 kommentarer:

  1. En mer passende gave kunne du vel ikke fått!! Det er jo litt av en jobb å være toastmaster, så denne dama hadde du sikkert fortjent;)

    SvarSlett
  2. Så kjekt å verte sett pris på..
    Den var stilig!

    Ha ei vakker helg!

    SvarSlett
  3. Å, så stilig! Dei er så flotte desse figurane! No fekk eg lyst på Volda-tur, og shopping ;)

    Herleg å få slikt i gåve!

    SvarSlett
  4. For en flott gave. Må inrömme at eg aldrig sett disse syngdedamene för.
    Men dem er helt nydelige.

    Flott å få ei gave av brudeparet når du värt toastmaster, for det er en töff jobb.

    Nå får du kose deg resten av kvelden med syngedama og noe godt i glasset.
    Klems.

    SvarSlett
  5. Så hyggelig du vil følge meg :)
    Nydelig syngedame du fikk ♥
    du gjorde helt sikkert en strålende jobb ;)

    Ha en herlig søndag

    SvarSlett
  6. Hei :) så kjekt å få ei slik gave da som takk for hjelpen.. ei stilig dame. Denne hadde jeg virkelig sansen for...

    Ha en flott søndag videre:)

    SvarSlett
  7. Kjempefin - heldig du :-)
    Må rett inn på heimesida til kunstnaren...

    SvarSlett
  8. Å, så heldig du er! Eg har også sikta meg inn på ei slik syngedame, men det tek nok litt tid før eg får ei i hus. Kanskje eg må trå til som toastmaster fyrst eg også...

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!