mandag 31. desember 2012

Nyttårshelsing



Riktig godt nyttår til alle som har følgt bloggen min i året som gjekk - og velkomen med inn i det nye!

Ynskjer alle ein trygg og god kveld!


tirsdag 25. desember 2012

Den store dagen....

Små glimt frå store øyeblikk!

Vi starta dagen med å invitere storfamilien på nissefest på låven. På menyen: flatbrød med kald rømmegraut og spekemat (sjå her for å lese meir om menyen). 


...og nissefar kom sjølvsagt på besøk...



Den sikre teiknet på at det er den ekte Nipe-nissen som kjem på besøk, er revehalen.


Frøken 5 år likte godt å få nissebesøk! Det var både skummelt og spennande på same tid!


s t o r   g l e d e


Spennande med alle gåvene som skal delast ut! 


Og som ved eit trylleslag kom julesnøen litt ut på kvelden! Det var ikkje så mykje, berre akkurat  nok til å legge eit kvitt, magisk teppe over jorda! 

Håper alle hadde ein fin julekveld!

søndag 23. desember 2012

Julesvibel

Sviblane er så skjønne rett før dei strekkjer hals og søkjer mot lyset. Dei små knollane som snart skal sprette ut og glede oss med både farge og lukt.


Sviblane må alltid ut på veslejulaftan, og gode råd vart dyre då eg skulle til å pynte i dag. Kva i alle dagar skulle eg setje dei i? I år hadde eg mange fleire sviblar enn eg har hatt før og vart difor ganske opprådd då eg ikkje fann krukker nok til alle. 


Brått kom eg på dei flotte Menu-krusene eg har! Sidan eg har julekrus i skapet no, vart desse til overs og kan meir enn gjerne gi rom for flotte julesviblar! 

Eg kjenenr at jula kryp seg på... Vi er ferdige med all pyntinga og kosar oss i sofakroken med juleprogram på TV. Det er så herleg når stova er full av levande lys og det luktar grønsåpe overalt! 

God julehøgtid til alle!

lørdag 22. desember 2012

Førjulsfrukost

Ingenting smakar betre enn heimelaga frukostblanding. Dei varme, runde og søte smakane gir ein perfekt start på dagen!




Du rekk fint å lage denne muslien før julaftan. Oppskrifta finn du her! 

søndag 16. desember 2012

Smakfull førjulsjgåve!

Tenk så kjekt å kunne glede nokon i førjulstida! Kanskje ein god ven, ein nabo, ein kollega eller ein du har kjær. På matbloggen min, "På kjøkkenbenken" får du oppskrifta på ein fantastisk muslibar som eg har lært å lage av Norgesmeister i konditorkunst, Annemari Erlbeck.


M a s s e   s m a k   i   k v a r   e i n   b i t !

Oppskrifta finn du på matbloggen min, "På kjøkkenbenken". Klikk her for å kome til bloggen.

G o d   s ø n d a g   t i l   a l l e !

tirsdag 11. desember 2012

...om å vente på lukka..❤

Akkurat i dag, ein stad i verda, langt vekk frå kalde Noreg, ligg ei lita jente og søv stille. Eigentleg skulle ho ha sove i si eiga seng, men den nybakte mammaen og pappaen klarer ikkje å ta augene av henne. Klarer ikkje å få nok av den gode varmen i den vesle kroppen. Så ho ligg mellom dei. Dei nybakte foreldra vik ikkje frå henne med blikket. Kanskje i frykt for at dei brått skal vakne og finne ut at det heile er ein draum.


Ei lita hand kviler i den store. Dei to vaksne ser på kvarandre. Det er ikkje nødvendig å seie noko. Det er nok å sjå si eiga lukke spegle seg i den andre sine auge. Det vesle barnet snur litt på seg. Det er som dei stoppar å puste. Kvar einaste vesle rørsle er som ei gåve. Eit under.


I meir enn sju år har dei venta på denne augneblinken. Sju år med undring, lengt, og smerte. Heilt sikkert smerte. Og heilt sikkert spenning. Dei måtte vente til alt var rett. Til alle papir var i orden. Til det vart deira tur.
(Illustrasjonsbilete! Dette er ikkje paret eg skriv om!)

Eg har vore heldig og fått oppleve fire svangerskap. Eg veit for ei lukke det er å kjenne dei små sommarfuglevingane som kitlar i magen, kjenne dei små sparka og oppleve at noko så smertefullt som ein fødsel kan vere den største og beste opplevinga ein kan ha. Eg trur ikkje eg kan setje meg inn i tankane til dei som må gå rundt og vente på ein adopsjon. Det må vere endelause dagar å gå og vente på å få svar. Og så vente endå meir. Og så vente på tildeling. Det kan gå år. Mange år. Venninna mi Lisbet og mannan hennar, Jon, har venta sin del. Endeleg vart det deira tur. Endeleg fekk dei reise og hente heim veslejenta si.

Ein plass i verda ligg der ei lita jente og søv. To foreldre vaker. Kanskje søv dei på skift. Dei eig ei lukke. Og lukka ligg der, midt mellom dei og i dei og rundt dei. Eg fekk sjå det fyrste bilete av mor og barn. Det var så rørande og sterkt å sjå. Om eit bilete nokon gong har sagt meir enn tusen ord, ja så er det nettopp det biletet. Det har brent seg fast på netthinna mi.


Kjære Lisbet og Jon.

Eg kan ikkje ein gong forestille meg spenninga, kriblinga, gleda, lukka og undringa... Etter år med venting vart det endeleg dykkar tur. Ei lita jente skal få det beste som er å få av foreldre. No får de nyte dagane i vesla sitt heimland til å verte godt kjende med henne og kulturen hennar. Ver til stade i alle minutt, sekund og augneblink og nyt alle kjenslene. Og når to små armar forsiktig legg seg rundt halsen dykkar slår lukka ring kring ein ny familie.

Vi gler oss til ein dag å få sjå litt av lukka dykkar, Lisbet og Jon!

Om du vil følge Lisbeth og Jon si fantastiske reise, så kan du kike innom bloggen deira; "Alvehjem".

Ingen av personane på bileta kan knyttast til dei eg skriv om. Alle er lånte frå Weheartit. com. Link til kvart bilete i den rekkjefølge dei står finn du her, her, her, her og her. 

tirsdag 4. desember 2012

Julestemning på trappa ♥

I helga var det ingenting vi måtte, skulle eller burde. Berre ville. Vi gjorde berre det vi ville! 


Vi var på juletreskogen og henta ei stor julegran som vi sette opp på tunet og pynta med lys (stemningsfulle bilete kjem i eit seinare innlegg). Eldstemann plukka einebusker som eg pynta med på trappa. Likar så godt å pynte med vintergrøne greiner!


Frøken fem år er heilt sikkert arveleg belasta; ho elskar konglar og stein! Her ein dag kom ho heim med ein stor handlepose med konglar i alle storleikar og fasongar! Barnehagen hadde vore på tur og ho hadde samla konglar for å ha med seg heim! Dei har vi pynta med både inne og ute!


Nede i kjellaren fann eg noko som for meg såg ut som eit rustikk og flott bord som eg kunne setje på trappa og pynte. Husbonden flira godt då han såg kva eg hadde brukt, for dette var rett og slett transportemballasje for to gasskanner! Men i mine auge var det altså eit fint bord som eg kunne bruke til å vinterpynte på trappa! 

I neste innlegg skal eg vise bilete frå julegrantenninga vår!

lørdag 1. desember 2012

Note to self....

I morgon er det desember og vi går ei varm, raus og spennande tid i møte. Men vi veit alle at det også kan vere travelt, stressande og hektisk. Eg veit så inderleg vel at eg let meg rive med og at eg ikkje finn att kvilepulsen før litt ut i romjula ein gong. For å kome meg gjennom adventstida med ære og helse i god behald, må eg rett og slett love meg sjølv nokre ting:


♥ Eg lovar å slappe heilt av og nyte ein god kopp kaffi når eg får besøk i førjulstida - utan å tenkje på alt eg eigentleg burde ha gjort

♥ Eg lovar å ta meg tid til å besøke andre -  nærvær av gode vener er gull verd

♥ Eg lovar at eg skal sjå barne-TV i lag med ungane kvar kveld

♥ Eg lovar å fortelje meg sjølv at det eg gjer er godt nok

♥ Eg lovar å ikkje stresse med julegåvehandelen - eg har så vidt starta, men veit eg kjem i mål!

♥ Eg lovar å ta meg tid til å kveldsturar - enten det er måneskin eller regn

♥ Eg lovar at eg kose meg i lag med familien min

Biletet over tok eg ein kveld eg var på besøk med ei god venninne.