fredag 27. februar 2009

Surt?

Av alle dei hemmelege ingrediensane eg brukar når eg lagar mat, er sitron min absolutte favoritt!

I tillegg til å setje prikken over i`en i maten du lagar, har sitronen uante moglegheiter!

011 011  011

Dersom du er korsongar, bør du alltid ha med deg ei flaske med vatn og sitronsaft. Du kan bruke sitronsaft på flaske, men det er absolutt best med fersk pressa sitronsaft.

Sitronsaft blanda med salt kan fjerne rustflekkar på kle. Ha blandinga direkte på flekken og la det ligge 10-15 minutt,  skyl deretter av med kaldt vatn og kast i vaskemaskina.

014

Vask sitronen godt, rasp skalet og bruk det i deigen når du skal lage rundstykker. Du kan også  bruke det i kjøttsausen når du lagar bolognese, strø det over kyllingfilètar, kyllinglår eller fiskefilètar. Det er berre fantasien som set grenser!

020

Når du kjenner at forkjølinga kjem snikande, må du alltid ha sitron på lur. Skjær opp ein sitron i skiver og legg den i ein stor tekopp. Dryss over litt chilipulver og slå over kokt vatn. La det trekke ei stund før du drikk det. Kan evt søtast om du synest det vert i suraste laget. Del ein sitron i to og press ut safta. Safta brukar du i matlaginga eller du drikk den, dei to ferdigpressa sitronhalvene set du albogane dine opp i. Då får du mjuk og fin hud med ein gong! Du kan vaske hendene dine i sitronsaft når du har arbeidd med illeluktanede saker; fisk, løk etc.

022 

Vatn med sitronsaft er kvalmedempande! Anten du er gravid, har hatt ein fuktig kveld på byen eller har spysjuka - sitron er god medisin!

Dersom du er igong med din andre ungdom, eller har tenåringar i hus, kan du bruke sitronsafta til å smøre på kvisene!

019 

Dei eteriske oljane i sitronskalet er bra for mangt og mykje om du puttar det i mat eller drikke: infeksjonar i mage og tarm , ved dårlig appetitt, sure oppstøt, magesår og mykje, mykje meir. Dei eteriske oljane har endåtil god effekt på feber!

  021

Til slut må det nemnast at sitron også kan brukast til pynt! I dag medan eg stulla rundt med vaskefille og støvklut, kom eg brått på at eg kunne putte sitronar i nokre lysestakar. Så no har eg sitronar både i stova og i kjøkkenglaset! Det må vere gulfargen som har trigga fantasien min!

No ynskjer eg alle ei strålande helg, med ein dæsj sitron i alt du et og drikk!

I morgon og søndag skal eg på årsmøte i Kristiansund, så då det vert stille på bloggen! Håper du kosar deg her likevel!

(Det aller fyrste biletet har eg lånt her)

Mitt fyrste strikka klesplagg...

Tenk at eg er ferdig med eit strikkeprosjekt som faktisk går under kategorien klesplagg, og som faktisk er fullt ut brukbart! Det er rett nok ikkje til meg sjølv, men til Ida.

001

Eg fekk oppskrifta med ein kollega som påstod at å strikke denne vesten var gjort i ein fei - ho hadde heilt rett!!!

002

Mønsteret vart diverre strikka altfor stramt, men for å vere fyrste gong eg har strikka mønster og med meir enn ein farge, så er det vel kanskje ikkje så verst?

003

Det er litt ujamt strikka med meg, men det rettar eg opp att på neste vest. Har nemleg planar om å strikke ein til meg sjølv.

006

Eg skal få farmora mi til å hekle ein fin kant rundt ermane, ellers så trur eg dei fort vippar seg opp. Eg la opp litt for lause maskar.

010

Kjenner meg aldri så lite kry her eg sit... Med unntak av ein Thermis og ein annan hals, er dette det fyrste eg har strikka som verkeleg kan brukast! Ida vart kjempenøgd og kjem nok til å bruke den mykje!

Så får vi sjå kor lang tid det tek før eg set i gong med ein til meg sjølv... Eg skal vere vekk heile helga på eit årsmøte, og då kan det vel vere kjekt å ha noko mellom fingrane????

onsdag 25. februar 2009

Kjøpt og betalt!

Det kan vere fleire grunnar til at eg skriv dette innlegget i dag:

1. Det kan så absolutt vere fordi eg er heime etter husmorferien min i Oslo. Eg har gangsperre i store delar av kroppen etter all gåinga og bæringa, men må nok innrømme at det vart meir gåing enn shopping! Det meste av det eg handla var til ungane - sjølvsagt! Einaste eg kjøpte til meg sjølv var ein eineståande tekopp frå Indiska (kjem eige innlegg om den seinare), og nokre beautyrelaterte produkt. Uansett, alt vart kjøpt og betalt!

kjøpt og betalt1

2. Den andre grunnen til at eg skriv dette innlegget kan vere på grunn av ein surmaga kommentar i forrige innlegg. Ein anonym person lurte på om eg kanskje var kjøpt og betalt av Dr. Hauscha sine folk i staden for Casino-folka.Eg ser jo den openberre koplinga: fyrst skriv eg eit innlegg der eg småergrar meg over tilbodet frå Casino-nettstaden, og så kjem der eit innlegg om Dr. Hauscha som heilt klart kan oppfattast som reklame. Men nei, eg er ikkje kjøpt og betalt av Dr. Hauscha! Grunnen til at eg skreiv om produkta er fordi dei er fantastisk gode, eg er oppteken av den økologiske og miljøvennlege framstillingsmåten og eg trengte noko å blogge om! Eg kan ikkje sjå skilnaden på dette, og det å blogge om Ikea sin nyaste kolleksjon, om Green Gate koppar og fat, og fattigmannssølv, om ranuklar, om prikka dukar, om fantastiske ingrediensar ein berre MÅ ha i skapet (oops, eg har visst blogga om det òg!), for ikkje å snakke om Ilse Jacobsen - med andre ord: lista over alt vi bloggarar bloggar om er LANG, og dei færraste av oss er vel kjøpt og betalt for å skrive om alt dette! Men det er klart vi vert påverka! Eg kjøpte til dømes mine fyrste Green Gate-produkt etter å ha oppdaga dei på interiørbloggar rundt omkring. Slik er det vel med mange av oss???

kjøpt og betalt2

3. Den tredje grunnen gir meg sjansen til å kome med eit hjartesukk, som for all del ikkje er kritikk til dei som har slikt på bloggen sin, men eg er ikkje særleg glad i desse reklamesnuttane som dukkar opp på bloggar. Då snakkar eg om dei som kjem etter innlegg som bloggeigar sjølv har skrive. Ein kan inngå avtaler som tillet reklame som kan relaterast til innhaldet i innlegget. Dersom eg skriv eit innlegg om kor glad eg er i å bruke ullkle på ungane mine, så kan det t.d. dukke opp ein reklamesnutt for Milo eller nettbutikkar som sel ullkle. I min spede bloggstart var eg inne på tanken om at dette kanskje var ein god idè, slik at eg kunne tene nokre kroner på bloggen min. Eg bestemte meg fort for at dette ikkje var noko for min blogg, nettopp fordi eg ikkje vil vere kjøpt og betalt! Mi personlege meining om min personlege blogg er at reklameinnslag ville ha gått ut over bloggintegriteten min. For ikkje å snakke om det estetiske uttrykket! Men for all del; eg klandrar ikkje dei som gjer det. Nokre bloggar har eit anna uttrykk enn min, der det kanskje passar betre inn.

4. Den fjerde og siste grunnen til dette innlegget, er vel kanskje at den surmaga kommentaren vart verande på netthinna mi i går. Eg vil for all del ikkje gi nokon inntrykk av at eg er kjøpt og betalt - for det er eg ikkje! Som sagt ser eg koplinga mellom Casinoinnlegget mitt og Dr. Hauscha-innlegget mitt, og at enkelte kanskje trur at eg vart kjøpt og betalt for å skrive om produkta.

Sukk..........

Det var ikkje eit slikt innlegg eg hadde tenkt å skrive i dag. Eg hadde sett for meg bileter av den skjønne tekoppen min, eller bileter av dei skjønne kleda eg kjøpte til jentene mine. Kanskje eit utdrag frå boka eg kjøpte til sonen min, eller eit forsøk på å skildre lukta av parfymen eg kjøpte til mannen min.

Men så vart det eit litt engasjert innlegg om kor vidt ein er kjøpt og betalt eller ikkje. Det måtte nok berre ut! For kome tilbake til alt det andre seinare.....

I dag skal eg nyte min einaste fridag i vinterferien - deilig!

(Eg ber så mykje om orsaking til dei to opphavsmennene bak bileta eg har brukt. Det var ikkje råd å finne ut kven som hadde teke bileta eller kven eg kunne kontakte for å finne det ut. Eg fann dei då eg søkte på "shopping" på Kvasir)

søndag 22. februar 2009

Ein doktor i skapet!

Eg er så heldig å ha min heilt eigen doktor. Han held til i skapet på badet, og passar på meg kvar einaste dag! Eg snakkar sjølvsagt om  Dr. Hauscha. Eg har rett og slett forelska meg i desse produkta! Ikkje fordi dei luktar godt, eller fordi serien er eksklusiv og forbeholdt dei få - men fordi dei held det dei lovar, i tillegg til at dei er prisgunstige samanlikna med andre hudpleieprodukt. Eg har snart prøvt det meste innan hudpleie, og sjølv om mykje er bra er det ikkje alltid samsvar mellom pris og kvalitet!  Når eg bruker Dr. Hauscha får eg mykje for pengane, har produkt som gjer godt for huda mi og som er framstilt på ein økologisk og miljøvennleg måte. Kan det bli betre???

030

Dr. Hauscha-produkta har vorte kjempepopulære rett og slett fordi dei har fantastisk effekt og fordi mange menneske har vorte miljøbevisste med omsyn til kva vi smørjer huda vår med.  Ingen av produkta er tilsette parfyme. Her får du luktene av det dei er laga av. Ikkje alle luktene er like gode, men alle er naturlege!

035034

Denne hudpleieserien er laga av dei beste råstoffa frå planter som er dyrka på økologisk måte og i viltveksande områder. Blomar og planter vert plukka for hand og foredla på ein skånsam måte slik at dei gode råstoffa vert bevarte.

033

Det som kjenneteikner Hauscha sine produkt er behandlingsprosessen, som er ein rytmisk prosess der olje vert trekt ut av plantene ved hjelp av naturlige rytmer, t.d. lys og mørke, varme og kulde, rørsle og ro.

037

Det er vel ikkje det minste rart at eg har forelska meg i desse produkta? For alle dei seks produkta som du ser på øvste biletet, betalte eg så vidt over tusen kroner. Det inkluderte også ei leirmaske, og du må tru eg og Ida kosa oss med den i går!

002

Medan resten av gjengen sat i stova og venta på MGP, gjekk vi på badet og leika hudpleiesalong. Først måtte det sjølvsagt rensast, peelast og så skulle leirmaska på.

007 

Det var litt rart då maska byrja å stivne! Det kitla på huda og det var vanskeleg å smile! Men du verden så spennande!

009

Vi jentene hadde kvalitetstid på badet i går! Ida er sjølvsagt altfor liten til å trenge peeling og leirmaske, men av og til er det kjekt å få prøve det same som mamma. Etter å ha skylt vekk maska, brukte vi skintonic, augekrem og ansiktskrem.

Leirmaska hadde eg ikkje prøvd før, men fekk den anbefalt av kjekke Mai Britt på helsekostbutikken i Ørsta. Eg kan med handa på hjartet seie at eg aldri har kjent huda mi så glatt, mjuk og pulserande før! Kva i alle dagar som er i denne leiren veit eg ikkje, men at det virkar er i allefall heilt sikkert!

040

Det kjem vel som inga overrasking at eg anbefalar desse produkta av heile mitt hjarte? Når sjølvaste Madonna er svoren tilhengar av Dr. Hauscha sine produkt, kan vel ikkje vi vere noko verre? Vi veit alle kor flott Madonna er...

Eg ynskjer alle ein strålande søndag - med eller utan doktor!

(Kjelde til faktastoffet  finn du her)

 

lørdag 21. februar 2009

Sunt og godt!!!

Har du lyst på ei "grytesuppe" som er fullstendig sunn og som smakar ufatteleg godt? Dette er ein rett eg lagar ofte, og den er like populær blant både store og små. Retten er inspirert herifrå og derifrå, og har ikkje fått eit eige namn endå.

041 

Her er ei liste over basisingrediensane:

Karbonadedeig

3-4 gulrøter

2-3 stilkar stangselleri

1/2-1 purre

1/2 løk

1/2-1 sellerirot

Hermetiske tomatar, hakka

Grønsaksbuljong

Salt og pepar

Vatn 

  • brun karbonadedeigen
  • skjær opp alle ingrediensane i små bitar
  • bland grønsakene i den ferdig bruna karbonadedeigen og la det surre til grønsakene er møre
  • tilsett ein terning grønsaksbuljong
  • Tilsett to bokser hermetiske tomatar
  • bland godt
  • tilsett vatn, start med 5-6 dl vatn og ha i ekstra om du ser det er naudsynt
  • la det heile koke i 15-20 minutt
  • smak til med salt og pepar, ver forsiktig (hugs at buljongen òg er salt)

051

Slik ser det ut når du har blanda i tomatane og vatnet.

Eg har eksperimentert ein god del for å finne dei beste hermetiske tomatane. Ofte er dei skvipete og smakar alt anna enn tomat. Coop-kjeda har ein økologisk variant, som etter mi meining er den eller beste!

052

Denne boksen er full av tomat og tjukk, smaksrik kraft. For å lage god mat er det viktig at ingrediensane smakar godt!

067 

Server "grytesuppa" med brødkrutongar, ein selleridusk og Naanbrød!

069  

Denne retten passar like godt til kvardags som til laurdagskos! Og kanskje smakar den aller best etter ein kald dag på skitur eller leik i snøen!

Velbekomme!

fredag 20. februar 2009

Som om eg skulle vere interessert i dette!!!!

Alt rart ein skal få tilbod om.... For nokre dagar sidan låg det ein kryptisk kommentar under eit av innlegga mine. Det var ei frøken som sa at ho søkte eigaren av bloggen min, og var interessert i eit samarbeid med meg. Nysgjerrig som eg var, sende eg henne ein e-post og ba om å få vite kva dette samarbeidet skulle gå ut på. Eg såg sjølvsagt for meg lukrative avtaler og moglegheiter for utviding av horisonten!

I går fekk eg e-post tilbake, og vart både skuffa, undrande og nesten irritert. Ho jobba nemleg for eit nettselskap som dreiv med Casinospel, og lurte på om eg kunne tenke meg å skrive om Casinorelaterte saker på bloggen min. HÆ????? Til gjengjeld kunne ho legge ei lenke til bloggen min på ei av Casinosidene som nettselskapet dreiv. HÆ??? Som om eg skulle vere interessert i å ha ei lenke til min blogg frå ei Casinoside????

Eg sende sjølvsagt eit raskt svar og sa at dette var absolutt ikkje interessert i! Eg, som er motstandar av nettsider som sluker folk sine pengar og skaper avhengigheit!!!! Takk, men nei takk!!!!

casino 

Det kan sjølvsagt hende eg hadde revurdert det om denne karen var ein del av opplegget, og kanskje kunne avlegge heimebesøk med innføring i casinospelet sine løyndomar. Eller tenk om nokon hadde gitt meg eit SPA-opphald mot å skrive om det på bloggen min? Eller bedt meg om å teste ut eksklusive hudpleieprodukt og hårprodukt i bytte mot rosande omtale på bloggen min???

Det kan ein vel berre drøyme om....

Er det andre som har hatt liknande opplevingar på bloggen sin????

Spede spira...

 

 083 

"Du ska itte trø i graset...

086

...spede spira lyt få stå...

014

...mållaust liv har og e mening...

082

...du lyt sjå å tenkje på."

- Einar Skjæraasen -

Av og til må vi stoppe opp og sjå på det som er rett framfor nasen. I desse dagar sprett det opp snøklokker over alt. Det er ikkje så lett å få auge på dei, der dei gøymer seg under busker og kratt, eller mellom restane av snø. I vindaugskarmen min kjem den underlege planta mi med nye stilkar. Det er akkurat som om den har vakna og strekkjer hals mot dei varmande solstrålane.

Dersom du tillet deg å stoppe opp,  vil du kunne sjå dei mange gledene i kvardagen, erfare at det mållause livet òg har ei meining og sjå at sjølv det svakaste og skjøraste kan vekse og gro om vi berre passar godt nok på og gir dei rom for utvikling.

Tenk på det, du!!!

Gledeleg overrasking!

I dag låg det ein pakke og venta på meg i posthylla på jobb. Spent tok eg den med på kontoret og lurte den ut av plastposen. Det var pakke frå Lill!!! Eg var så heldig å vinne eit par lommetøfler i ei utlodning ho hadde på bloggen sin!

072 

Tenk så kjekt å starte vinterferien med ei fint innpakka gåve!!!

073

Det Lill skreiv utanpå pakken, passar godt for oss bloggarar. Eg har vore heldig å få treffe fleire av mine medbloggarar, tilfeldig (ikkje sant, Monica???) eller planlagt. Og alle er MINST like kjekke som eg hadde inntrykk av!

 076

Eg hadde reine kistefornøyelsen då eg kom heim og pakka opp (som den ihuga bloggar eg er, måtte eg sjølvsagt ha bilete av pakken, hi, hi!). I tillegg til dei utruleg flotte lommetøflene var det ei skjønn såpe, ei rose, kosleg kort ei gammaldags klesklype! Ho hadde endåtil lagt ved ei steg-for-steg-oppskrift slik at eg kanskje kan klare å strikke nokre slike tøfler sjølv!

077

No er det eg som smiler, Lill!!!

081

Tusen takk, kjære Lill!!! Neste gong eg treff deg skal du få ein god klem... Eg sette verkeleg pris på denne gåva!

torsdag 19. februar 2009

Ei lite tulle med auge blå...

Eg er så heldig å få eige litt i denne nydlege, lille frøkena!

Sannah

Lille Sannah er eitt av tantegulla mine, og er ei blid og strålande jente! Ho går i same barnehage som lissjesnuppa mi, så eg er heldig og får treffe henne kvar dag! Når eg kjem og skal hente Sina, er det som regel Sannah som kjem springande fyrst, og får krype opp i tantefanget og kose litt.

Sannah1

Før jul skulle dette mirakelet forevigast framfor kamera. Sannah har ikkje vanskar med å vere midtpunkt, så fotoseansen gjekk som ein leik! Det er Fotograf Ma som har teke bileta. I tillegg til at ho er ein dyktig og engasjert fotograf, har ho eit heilt eige lag med born - det ser du vel??? Det er ei spesiell oppleving å verte fotografert av Ma. I haust pussa Ma opp gamleskulen i bygda og laga den om til topp moderne fotostudio.

Sannah2

Litt Anne Geddes over desse bileta, kanskje? Eg er så glad i bilete med få effektar, som får fram det eineståande og vakre i motivet! Sjå kor herleg Sannah har det i den gamle trebøtta!

Sannah3

Har du sett så skjønn ei trulte??? Ikkje rart tanta er stolt...

Om ikkje lenge er det ungane mine som skal besøke Ma i studioet. Eg grur meg aldri så lite, for eg kan ikkje sjå for meg at alle tre skal vere like smilande blide på akkurat same tidspunkt! Men eg uroar meg utan grunn; Ma veit kva ho styrer med!

Du bør verkeleg ta turen innom Ma sin blogg. Her kan du sjå fleire fantastiske bileter ho har teke, og så skriv ho så vakkert om stunda ho har hatt i studio ilag med dei ho har fotografert.

Eg er så glad for at eg kjenner denne flotte dama! Ho har meir mot enn mange eg kjenner, og eg beundrar hennar særeigne evne til å sjå det positive i alt!

(Eg har lånt bileta med tillatelse frå systra mi, Linda)

...om eg berre var ein mann...

Det enklaste er å bestille hotellrom. Å bakse seg gjennom flyselskap sine nettstadar for å finne billegaste flybillett., enkelt som berre det. Å lese seg gjennom sakspapir og aktuelle artiklar går som ein leik. Det er heller ikkje vanskeleg å organisere alt på heimebane slik at mann og barn skal ha alt dei treng medan eg er vekk.

Det aller mest vanskelege er å finne ut kva ein skal ha på seg!!!! Det er vel eit kjent dameproblem, kanskje?

mann

(Foto: Ricco Vero)

Eg har ofte vore misunnleg på mannen min. Han tuslar seg berre inn i klesskapet, hentar dressen, varierer med ei skjorte eller fem og plukkar seg eit slips. Kor enkelt er vel ikkje det???

Når eg skal på vift må eg må bruke dagesvis på å planlegge, tenkje ut, prøve, vurdere, eliminere, kanskje kjøpe noko nytt, eller i verste fall: halde meg heime!

mann1 

(Foto: Ricco Vero)

Eg er ofte på møte og skal representere folk og fedreland, og då må eg vere både praktisk, presentabel, anstendig og aldri bruke same antrekket mange gongar på rad. Skal tru om menn veit kor vanskeleg vi har det? Ein dress, eit slips, kvit skjorte måndag, lys blå skjorte onsdag og svart skjorte fredag - kan det verte enklare enn det? Ved å bytte ut dressbuksa med ei dongeribukse kan dei gjere antrekket litt meir casual - ny look i ein fei!

mann2

På måndag skal eg til Oslo, og tankane mine er berre ein stad: i klesskapet! Eg vrir hovudet mitt for å finne ut kva eg skal ha på meg. Kanskje eg må gjere nokre innkjøp før eg reiser? Eller skal eg ta sjansen på å finne nye kle i Oslo? Det seier seg sjølv at antrekket må stemme når ein skal vere einaste dame på eit mannsdominert møte.

Ja, ja.... Eg har tre dagar på å finne ut av det store klesproblemet. Det blir hard jobbing og fullt fokus, men eg kjem nok i mål!

... om eg berre var ein mann!

(Til orientering: Dersom det er menn der ute som dreg dette fullstendig opp i nasen, så må det nemnast at eg er fullstendig klar over at menn òg har kvaler når det gjeld antrekk. Husbonden er utruleg kresen når det gjeld kle, så det skjer faktisk at han brukar mykje lenger tid på å kle seg enn meg! )

tirsdag 17. februar 2009

Dottera til mor si...

Eg trur vesle Sina har vore med på å lage kvar einaste middag her i huset sidan ho var fødd. Karrieren hennar starta i sovestilling over skuldra mi, flytteaseg vidare ned til hofta og er no vidareutvikla endå eit hakk.  Ho sit ikkje lydig på golvet og leikar medan mor rører i grytene. Ho sit ikkje pent og pynteleg i tripp trapp-stolen og ser på. Og eg klarer ikkje å lure henne inn på stova for å sjå teiknefilm på TV eller lokke med godteri for å sitje stille og kose seg.

Denne dama veit å ordne seg! Ho tek kjøkkenstolane og dreg dei dit det måtte passe, klatrar frå stolen og opp på benken - og plasserer seg strategisk, alt etter kvar matlaginga foregår. Ho skal røre, bake, steike, raspe, skrelle og alt anna som høyrer matlaging til. Eplet ramlar ikkje langt frå stammen, ho er nok lik mor si denne frøkena...

I dag hadde vi fiskebollar til middag. Etter å ha rydda av bordet gjekk eg inn på stova for å legge ihop kle. Ikkje tenkte eg på at fiskebollepanna framleis stod på komfyren....

Det vart brått stille på kjøkkenet og Sina var ingen stad å sjå - eller høyre..... Klok av skade spratt eg på beina, og møtte dette herlege synet:

017

Panna hadde sjølvsagt ikkje fått stå i fred! Frøkena var tydelegvis ikkje mett, og fiska ut fiskebollar med nevane.

018

I tillegg måtte noko av sausen smørast over komfyrtoppen.

019

Ho hadde også kvit saus i andletet, på kleda, på besteskoa (som sjølvsagt er det naturlige tilbehør ein heilt vanleg tysdag med ullbody og strømpebukse!), på stolen ho stod på, på benkeplata og på golvet. Ho kastar  ikkje vekk tida denne knetta....

016

Skjennepreika sette seg sjølvsagt fast i halsen, for kven kan vel motstå noko så skjønt...???