fredag 29. februar 2008

Verdens beste kjøtbollar!

Å lage kjøtbollar er noko av det kjekkaste Ida veit! Oppskrifta består stort sett av det ein til ei kvar tid måtte ha i kjøleskapet, så her er det rom for store variasjonar! Det eg foreslår her er ei basic-oppskrift, med tips til nokre ingrediensar som kan piffe opp bollane litt! Etter å ha smakt desse, kjem du nok neppe til å kjøpe ferdige kjøtbollar igjen...
Dette treng du:
to pk familiedeig (vi meiner bollane blir best når ein brukar deig med svinekjøt), flatblada persille (vanl. persille går også), kvitløk (gjerne tre fedd), 1/4 ts salt, svart pepar, 2-3 ss worchestershire-saus (el. anna saus du måtte like: tabasco, søt chili m.m. - ta det du evt. måtte ha), 1-2 ss sitronsaft (el. 1 ss sitronsaft+1ss raspa sitronskal). Dette er grunnoppskrifta vår! For å piffe den opp litt brukar vi i tillegg hakka fetaost og hakka oliven. Du kan sjølvsagt ha i hakka løk, paprika, ulike krydderurter - eigentleg alt du har lyst på! Som du ser har ikkje eg med egg i oppskrifta. Dels fordi Johan har eggeallergi, dels fordi eg meiner det ikkje er nødvendig. Men ha gjerne i eit egg om du ynskjer det! Bruk dei ingrediensane du har lyst på!
Slik gjer du det:
framgangsmåten er særs enkel! Bland alt i ein stor bolle - bruk fingrane. Kna godt - men ikkje for lenge, pass på at alt er godt blanda. Lag små bollar, bruk hendene. La gjerne ungane gjere denne jobben, dei har lettast for å få bollane små nok. Bør ikkje vere større enn ei STOR klinkekule. Steik dei i ei blanding av margarin og god olivenolje. Ikkje steik dei ihèl! Pass på at alle har fin farge og steikeskorpe, legg dei deretter i ei eldfast form og ha dei ei stund i steikeomnen (ca. 200 grader, 15 minutt).
Korleis et ein dette?
Sidan dette er kjøtbollar med mykje smak, er det ikkje nødvendig med sterk saus til. Vi brukar bandspaghetti (el. anna spaghetti, helst fersk) og ein god salat med masse små, søte babytomatar. I tillegg kan det vere godt å koke inn fløte med godt krydder og litt salt, som du slår over spaghettien når den er ferdig. Meir treng du ikkje!

Dette er ei av favorittoppskriftene våre! Kjøtbollane smakar kjempegodt, er enkle å lage og supert for ungane å få hjelpe til med. Når eg lagar mat synest eg det er kjekt om eg klarar å lure inn ein "special touch", eller ein hemmeleg ingrediens, som Ida kallar det. I denne oppskrifta vil det nok vere sitronen som tilfører det vesle ekstra! Då er det berre å sette igong!

Ein liten globetrottar har returnert!

Endeleg har vesle Frida returnert frå si lange ferd i framandt land! Det er ikkje alle forunt å kose seg i sol og palmesus ein heil månad til ende! Tenk å få feire 1-års bursdag på ei strand i Thailand! Vi har ikkje sett henne på fem veker, så då vi fekk mobilbilete av henne kunne vi nesten ikkje tru kor stor ho har vorte! No gledar vi oss til å feire 1-års bursdag med kaker og masse presangar!
VELKOMNE HEIM!

fredag 22. februar 2008

Fredagslunsj!

Når det er fredag og ein får lunsjgjestar, er det kjekt å diske opp med ein lunsjrett som er enkel å lage, med få ingrediensar og som er ei garantert smaksoppleving! I dag bestemte eg meg for å servere pitapizza med kylling. Mamma og Linda var godt fornøgde med resultatet. Retten ser slik ut, og oppskrifta står under biletet:
Ta eit pitabrød, smør på tomatsaus - heimelaga eller kjøpt! Legg på steikt kyllingkjøtt i bitar og strimlar med raud løk. Over dette har eg litt sitronpepar - sitronen set verkeleg prikken over i`en! Topp med ost. Eg synest det er best når ein blandar ulike ostesortar. Min favoritt er riven cheddar og mozzarella. Dryss litt grasløk og flaksalt på toppen. Hugs at vi et like mykje med auga som med munnen, så det er viktig at det ser fint ut. Legg litt blanda salat og tomat rundt eit fat, slå over olivenolje og balsamicoeddik. Pizzaen legg du midt på - og vips, så har du eit fantastisk måltid som vil overraske dei fleste! Berre prøv, og legg gjerne igjen ein kommentar dersom du likar det!

Tuppen og lillemor!

I dag har vi hatt besøk av systra mi Linda, og skjønne, blide Sannah! Dei kom tidleg, fekk lunsj, drakk kaffi og slarva - både vel og lenge! Siste åtte åra har syskena mine budd i Oslo/Bergen, men i år var vi så heldige at både bror min og systra mi bestemte seg for å ta med seg familiene sine og flytte heimatt. For ein stas! No treffast vi både titt og ofte, noko som sjølvsagt er kjekt for både store og små. Syskenbarnflokken tel fem born: Johan (8år), Ida (5 år), Frida (12 mnd), Sina (8mnd) og Sannah (4mnd). Må tru det vert livlig i bestemorhagen til sommaren, når alle fem skal springe rundt og kose seg med reiestativ, fotballsparking, bærplukking - og heilt sikkert ein og annan fantestrek!










Sina kosar seg med vesle Sannah! Sjølv om ein må rekne med litt lugging, biting og krangling om leiker, så vert nok desse frøknene bestevenner!












Er ho ikkje nydeleg??? Tenk å ha så tindrande auge og så deilige bollekinn! Det er stor stas å vere tante til eit slikt lite gull! Vesle Sannah er eit skikkeleg sjarmtroll som nyt all merksemda ho får! No må vi berre få heim vesle Frida, som har vore på 4-vekers ferie i Thailand! Vi har sakna dei så inderleg! Johan har hatt nedtelling på kalenderen og nesten slitt ut biletet av henne på mobiltelefonen.

torsdag 21. februar 2008

Ei tann her - og ei tann der....

No har frøkena endeleg sovna.... Eg har gått med henne i armane i 1 1/2 time; skrikande, snørrete og slevande. Det såg ikkje ut til at noko kunne hjelpe. Eg byssa og sang, tulla og tøysa - men ingenting kunne stanse den vonde gråten. Til slutt tok eg henne med opp i senga vår, det brukar å hjelpe når ho får rulle rundt i dynene og leike seg. Men nei.... Brått kom det over meg at det kanskje kunne vere ei tann. Dei har poppa opp jamt og trutt sidan ho var tre månadar, men det har aldri vore slik. Det er vanskeleg å få ein finger inn i munnen på ei lita trulte med all verdas vilje, men eg rakk akkurat å smyge inn ein finger - lenge nok til å finne ut at der faktisk er ei tann! Eg smurde med Dentinox, gav ein stikkpille for smertene og gav henne nok ei dose med godnattsongar. Som ved eit trylleslag roa frøkena seg. Eg tulla henne inn i koseteppet, knuga henne innåt meg og kjende meg uendeleg heldig som har friske og flotte ungar. All gråt har si forklaring, og all gråt kan stansast. Av og til må berre mamma sin song og mamma sin kos ha assistanse i form av smertelindrande for at gulla skal roe seg. Til sjuande og sist trur eg likevel det er kos, klem og nærheit som gjer underverk. Sjølv for verkande tenner! No tel perlerada sju flotte tenner! Så er det berre å førebu seg på nr. åtte....

Det fullkomne kaos!

Å ha komplett og fullstendig orden til ei kvar tid, er ein stor draum og eit inderleg ynskje. Ikkje berre er det viktig, men også nødvendig for at alt skal gå på skinner i heimen. Heldigvis er eg heilt normal, så av og til flyt rotet og kleda heng hulter til bulter på knaggen, eller ikkje på knaggen i det heile. Kanskje er dei ikkje i gangen eingong, og kvar er dei då?
Slik hadde vi det i dag. Vi sov sjølvsagt altfor lenge, og då blir det meste kaotisk. Heldigvis hadde far i huset ordna med skulemat, sett ut bossdunkane og laga klart til frukost. Men tru du meg: med tre ungar som skal på do, vaskast, påkledast, børstast og skiftast bleie på - så går tida på badet altfor fort. Plutseleg var klokka ti på åtte, plutseleg skulle Ida flette håret og plutseleg hadde Sina bæsja seg ut. For dei som ikkje skjønar kaoset og tidspresset, så kan det nemnast at alle må vere i bilen kl. åtte.....
Johan tok frukosten ståande, Ida hoppa i støvlane og gjorde seg klar sjølv, medan eg sette ny rekord i å kle på Sina. Så var vi klar! Det var berre ein ting...... Kvar var regnkleda??? Og støvlane??? Ute piska regnet på ruta, så det var ikkje sjans å køyre utan. Vi fann støvlane ute, og ei regnbukse i kjellartrappa. Resten var sikkert i barnehagen. Men der var det tom knagg..... Og klokka tikka og gjekk. For å gjere ei lang historie kort, så vart det mange turar til barnehagen denne morgonen. Til slutt vart alt rett! Alle ungane hadde komplette sett med kle! Då får det så vere at der hang lapp i barnehagen om at Ida må ha nytt strekk på regnbuksa, og at Johan måtte ta til takke med ei regnbukse han eigentleg har vakse ifrå. Med ull innerst og bestemors heimestrikka lestar skal dei nok halde seg tørre og varme i dag òg!

















Kanskje eg lyt rydde gangen i dag, eller leite fram alle ekstra regnkle frå kjellaren. Det er sikkert lurt. Det vert heilt sikkert regn i morgon òg. Og heilt sikkert kaotisk.....

søndag 10. februar 2008

Vi har ei trulte med auge blå...

Sina er ei blid og god jente som stadig når nye milepælar! No har ho vorte 8 mnd og det er kryping som står på dagsorden! Med god hjelp frå storesyskena er det ikkje lenge før ho meistrar kunsten.
Det er vel ikkje rart vi er stolte av denne deilige ungen!
Med tindrande blikk møter ho verda - kvar dag lærer ho noko nytt!


Tull og tøys med storebror på sofaen er noko av det kjekkaste Sina veit!

Vårstemning på Halsane!

Det er morsdag i dag, og ute skin sola frå skyfri himmel! Ingen kan fortelje meg at det nokon stad vakrare finst!

Ei kjenner seg priviligert som får bu så landleg og flott! Dei fyrste snøklokkene kikar fram og lokkar små barnehander! Inne prydar blomane alle glaskarmar og bord!Vårstemning på spisebordet! Eg hadde klubb med damene her ein dag, og då prisa vi våren med rosa blomar. Kven har vel så flott utsikt frå leikeplassen sin? Johan og Ida kosar seg i formiddagssola!
No gler vi oss til at våren skal setje inn for fullt! Vi har utstyrt oss med fuglebok og er klare til å setje namn på alle fuglane som besøkjer fuglebrettet vårt.

Eg - ein kulturbærar!

Det heiter seg at det er frå ungar ein får høyre sanninga, og slik er det vel også i dette tilfellet: Når ungane besøkjer bestemor, må dei alltid kike litt i strikkekorga hennar. Dei let seg ivrig fascinere av at tråd, pinnar og godt handlag tryllar fram dei flottaste klesplagg. Sjølv har eg aldri strikka. Eg hugsar tilbake på handarbeids-timar på barneskulen der tårene nesten spratt i takt med klirringa frå dei andre sine strikkepinnar. Med meg vart alt mislukka; flokar på tråden, altfor faste mauskar, mauskar som av ein eller annan grunn berre forsvann og så vart alt berre smalare og smalare. Det gjorde det ikkje akkurat betre at bror min, som er tre år yngre, strikka seg både panneband og sveitteband. På ungdomsskulen heldt tragediene fram. Eg hadde ei fantastisk dame i handarbeid (velsigne henne!), men sjølv ikkje tryllestøvet hennar gjorde meg til ein strikkar. Då vi skulle lage eit avsluttande prosjekt i strikk, kika på meg og sa: "Du skal få brodere du, Tove." Paradokset er at elskar alt i ull, og skulle gjerne ha strikka både gensarar, lestar, pulsvarmarar, huer, hanskar, ullbukser til ungane og slumretepper til vinterkveldar i sofaen. Eg har sett på strikking som kultur og alltid beundra dei som har vore bærarar av denne tradisjonen. Så kom altså eldste sonen min ein dag og sa: "Mamma, kvifor er det berre bestemødre som strikkar? Du er ei mor, og alle mødre burde strikke!". Må berre innrømme at det stakk litt å høyre dette. Sjølv om eg ikkje har strikka, så har eg alltid sett på meg sjølv som ein kulturbærar. Eg diskar ofte opp med heimelaga kjøtkaker i brun saus, meiner ungane har godt av å ete fisk, syng godnattsongar som bestemora mi song til meg og meiner oppriktig at ein tur i skogen kan gi betre underhaldning enn Cartoon Network - berre for å nemne noko. Men no har eg altså teke pinnane fatt, og er igong med mine fyrste pulsvarmarar! Ida heldt på å besvime då ho såg meg kome ut frå strikkebutikken med pinnar og tråd. Endeleg skulle mora deira verte ein strikkar! I går kveld sette eg meg ned og la opp 60 mauskar i petrolfarga alpakkaull, og så får vi sjå kva det vert til. Intensjonen er som sagt pulsvarmarar. Det kjem sikkert til å gå tregt, eg kjem sikkert til å miste mauskar og strikke altfor stramt - MEN EG STRIKKAR! Det er nok til at eg rettar ryggen og gler meg til å kunne fortelje omverda at eg endeleg har vorte ein ekte kulturbærar!

lørdag 9. februar 2008

For ein strålande bukett!



Kunne ikkje motså å legge ut dette bildet! Denne buketten med søskenbarn er bestemor og bestefar si store stoltheit! Johan (8år), Ida (5år), Frida (11mnd), Sina (7mnd) og Sannah (3mnd) kosar seg og feirar nyttår i Hakkebakkeskogen med heile storfamilien samla.

Tre av desse er mine og dei andre to er eg STOLT tante til! Slikt kjenner ein seg rik av!