Viser innlegg med etiketten Naturbileter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Naturbileter. Vis alle innlegg

lørdag 26. juli 2008

På oppdagingsferd i fjøra.

I dag var eg heldig og fekk ei stund for meg sjølv i fjøresteinane. Eldstemann vart med tante og Frida på spasertur, midt-i-frøkena vart med onkel på ei båtrunde og minstefrøkena var heime og sov. Så då nytta mor stunda til å oppdage skattar i fjøra. Og dei er det mange av, berre ein ser dei...

Å kunne kvile på ein gamal stol i fjøra, omkransa av sommarblomar og strå. Å kunne sitje her og høyre bølgene, fuglane og oppdage at livet har ein eigen puls.

Vèrsliten og godt brukt, slik gode stolar skal vere. Den ventar nok på oss neste sommar òg, om berre vinterstormane let den stå i fred.

Nokon har leika seg i fjøra. Funne rekved og laga eit monument. Kanskje eit jonsokbål som ikkje vart brent? Eg synest det skal få stå akkurat slik, som eit minne om glade sommardagar.

Tre steinar låg kunstferdig midt i monumentet. Kanskje for tru, håp og kjærleik...?


Dette er sommar for meg.

Raudøyholmen, Raudøya og Eika kunne vel ikkje ha fått ei flottare ramme.
Mitt eige Soria Moria....

Toppen av monumentet. Ser du dei parallelle linjene...? Det var nok meint å skulle vere slik...

Lurer på kven eg kan takke for dette flotte kunstverket?



På veg heim frå fjøra går turen gjennom eit tun. Same tunet der vi trakka våre barnesko, på veg til og frå fjøra. Alltid hjarterom, alltid god prat, alltid fullt av minner. Det vart prat i dag òg. Tok bilete av dei vakre rosene som omkransa inngangspartiet. Veit ikkje kva dei heiter, berre at dei er vakre. Og det er vel eigentleg nok!

søndag 10. februar 2008

Vårstemning på Halsane!

Det er morsdag i dag, og ute skin sola frå skyfri himmel! Ingen kan fortelje meg at det nokon stad vakrare finst!

Ei kjenner seg priviligert som får bu så landleg og flott! Dei fyrste snøklokkene kikar fram og lokkar små barnehander! Inne prydar blomane alle glaskarmar og bord!Vårstemning på spisebordet! Eg hadde klubb med damene her ein dag, og då prisa vi våren med rosa blomar. Kven har vel så flott utsikt frå leikeplassen sin? Johan og Ida kosar seg i formiddagssola!
No gler vi oss til at våren skal setje inn for fullt! Vi har utstyrt oss med fuglebok og er klare til å setje namn på alle fuglane som besøkjer fuglebrettet vårt.

lørdag 26. januar 2008

Paradis på jord!

Eg har alltid vore heimekjær. I russeomtalen min stod det: "På Håvoll vil ho bygge, på Håvoll vil ho bo, finne seg ein kar og slå seg til ro." Og slik vart det! Sjølv om dei store byane og den store verda freista, så var eg alltid klar på at det var i heimbygda mi eg skulle bu. Eg har sjølvsagt reist ein del og budd fleire stadar i utlandet, men ingenting kan måle seg med det eg har heime. Biletet er faktisk teke frå altanen min! Kvar einaste dag vaknar eg til denne fantastiske utsikta. Ikkje rart garden vi bur på heiter "Utsikten"! Dette er noko mange berre drøymer om og misunner meg. Eg bur midt i paradiset og veit å nyte det! Det skal likevel seiast at det ikkje alltid er like kjekt her på vinterstid. Det er bratte vegar og dårleg brøyting. Å køyre ungane på skule og barnehage opplevest ofte som eit sjansespel og. Det er slike dagar ein berre må late att augene og drøyme seg vekk til vår og varmare dagar. Eg er heldig som får bu på ei slik perle! Eg treng ikkje reise jorda rundt for å finne mitt paradis - eg bur midt i det!