onsdag 31. desember 2008

Med ynskje om alt godt.....

Måtte berre ein liten snartur innom blogggen for å ynskje alle mine blogglesarar eit godt nytt år!

fyrverkeri1

(biletet over har eg lånt her)

Eg er så utruleg takksam for at så mange er innom bloggen min og les. Det som starta som ein kosleg husmorhobby i seine nattetimar, har utvikla seg til å verte ein arena for inspirasjon, glede, latter og utvida horisont. Aldri trudde vel eg at eg skulle verte kjend med så mange fantastiske folk! Vi er både like og ulike, og deler på ymse måtar kvardagen vår med kvarandre. Sist, men ikkje minst, har bloggverda gitt meg inspirasjon til å skrive meir! Eg likar godt  å leike meg med ord og det gir meg ei enorm glede å vite at det eg skriv rører ved andre sine liv. Tusen takk til alle som legg att hjartevarme og hyggelege kommentarar...

fyrverkeri2

Denne koslege nyttårshelsinga har eg lånt her, og vil dele den med alle som er innom bloggen min - både kjende og ukjende! For eigen del trur eg det nye året har mange gledelege overraskingar og utfordringar  for meg og familien - og ynskjer det same til alle andre òg!

EG YNSKJER ALLE EI GOD OG TRYGG NYTTÅRSFEIRING -

MÅTTE DET NYE ÅRET BY PÅ TRU, VON OG KJÆRLEIK!

GODT NYTTÅR!

tirsdag 30. desember 2008

...og slik gjekk dagane - ein julekavalkade

Det er årets nest siste dag, og kjenner ein ustyrleg trong til å halde fast på jula. Ikkje akkurat julepynten, julematen, juleselskapa og juletreet - men dei uvurderlege, rolege og dyrebare augneblinka. Den fullkomne roa, alle dei gode stundene i sofaen, alle dei rolege morgonane og dei koslege kveldane med vin i sofakroken.

Kva har vi så gjort på denne jula? I desse kavalkadetider kan det kanskje passe med eit lite attersyn:

005 

Gode turar med sol leikande i håret, eller i seine kveldstimar i stjerneskin.

018

Trøtte og gode ungar som med svevn i augene kosa seg gjennom barne-TV.

023

Små, gode arbeidshender som prøvar seg på sitt fyrste broderi...

025

Eldstemann har vore oppteken med Lego heile jula!

056 059

Minstesnuppa har stort sett stått for all matlaginga i jula! Tusen takk, forresten, til alle som kom med tips til kvar eg kunne få tak i ein fin leikekomfyr - sprell.no har det meste!

020

Husbonden fekk endeleg tid til litt mekking ilag med ein kompis...

062

Må berre innrømme at det har vore litt av dette i jula òg!

029

Mor i huset har kosa seg med gode bøker...

035

...som denne! Eg gir den sjølvsagt mi varmaste anbefaling!

038

Det har gått med nokre telys i jula....

040 043

... for ikkje å snakke om heimelaga marsipan med nougat, valnøtter og mokkabønner. Mmmmmm.....

045

Nokre vinflasker kjøper ein rett og slett for etiketten si skuld!

Når eg no sit her for meg sjølv, og kosar meg med "dame på sykkel"-vinen min, ser eg at jula vår har vore akkurat slik eg ynskte det! Det har vore rolege dagar og koslege kveldar. I går kveld hadde vi "ladies only"-kveld med god vin, gode historier, mykje latter og fantastisk mat (en nemner sjølvsagt ingenting om "varmeutviklinga", Synnøve..., hi, hi!).

No er det "Frustrerte fruer" og god vin - ha ein fin kveld, damer!

søndag 28. desember 2008

...og aldri berre rett fram.

Eg og Ida har vore på jentetur i dag. Det var så mange hemmelege stadar ho ville vise meg, så mange grotter, steinar og vegar som berre ho visste om. Så mykje vakkert, som er endå meir vakkert når det er vinter og sola skin, og ein er i godt humør og berre er to.

046  050

Vi gjekk langs attgrodde stiar. Det var stille og underleg. Rart å tenkje på at naturen byd på så mykje stille , berre ein høyrer det. Er det ikkje rart at ein må høyre etter for å høyre kor stille det er ? Vi gjekk sakte, eg og Ida. Og aldri berre rett fram. Av og til måtte vi ned skråningar eller opp i bratte sider, vi var endåtil inn i ei hole under ein stein! Eg trur det meste er kjedeleg om ein berre går rett fram, anten det er på tur eller i livet elles. Dei finaste skattane og dei største gledene ligg ofte utanfor allfarveg. Vi må berre lytte litt meir til borna, dei har nemleg forstått det!

045   054

Det var mykje spennande å finne. Noko hadde sin naturlege plass i skogen, og noko var framandelement. Den gamle grabben hadde likevel sjarme, og Ida undra seg stort over korleis den rustne og digre grabben hadde kome seg dit. Ja, kven veit...

056 057

Nokre av nypene hadde bevart raudfargen, medan andre var svarte. Vakre er dei likevel.

062 063  

Som eit lite kunstverk heng dei frå nakne greiner. Ventar dei på våren, kan hende?

069

Ein einsleg vassdrope klorar seg fast ytterst på den nakne greina. Heile verda speglar seg i den, den fangar alt lys og sender det tilbake som skinande strålar. Eg tek gledeleg imot...

059 060

Eg har surfa litt på ein del bloggar i ettermiddag og sett så utruleg mange vakre bileter av rimfrost. Eg har difor eit vakkert dikt som eg tenkte passa så godt for dagen i dag, og er min heider til alle dei dyktige rimfrostfotografane der ute! Vil gjerne få avslutte kveldsinnlegget mitt med dette diktet.  Diktet er skrive av Astrid Hjertenæs Andersen (1915-1985) og er henta frå samlinga  Dikt for damer, 2002.

Rimfrost og mild himmel

Himmelen kom
kanskje som dagen tilfeldig
med blekt blått lys
og milde rolige åndedrag.

Rimfrosten kom 
kan hende for himmelens skyld.
Buskene står og puster hvitt
med frosne duggperler i sitt hår.

Himmel og rimfrost møtes 
som når to elskende
plutselig møtes på veiene
og sølvbjeller klinger.

rimfrost

Sidan det ikkje er så mykje rimfrost hos oss akkurat no, har eg lånt eit bilete på nrk.no. Biletet "Rimfrost" er teke av Bjørg Hernes.

Til slutt vil eg få vise kor vakkert det var ute i ettermiddag. Sola som hadde varma oss i heile dag, takka for seg med eit forrykande fargespel på himmelen. Kven treng vel fyrverkeri når moder Jord byd på slikt?

072  074 

Bileta er ikkje retusjerte eller på andre måtar "pynta på" av digitale fotobearbeidingsprogram - dette er rå vare - og blir vel neppe vakrare??? Heldig er vel eg som får nyte dette synet kvar einaste dag, og aldri blir eg lei av det heller....

Iskald morgonstemning

I dag vakna vi til blå himmel og morgonraud himmel, men under oss låg skodda og dekte fjorden og bygda. Slike dagar kjenner eg det som om eg verkeleg bur på toppen av verda!

007 

Det var kald og klar luft ute. Lynraskt trakka eg med ned i skoa og sneik meg ut for å ta litt bileter, medan resten av gjengen kosa seg med barne-TV og frukost.

017 

Frosne dråpar er fascinerande!

020

018

Ei klessnor kan by på mange artige foto-opplevingar!

026

Her ser vi Helgehornet gjennom klessnora mi. Nydeleg morgonhimmel...

023

Det er julestemning i gamlefjøsen òg!

029 030

Håper du har ein like fin morgon som meg, og at sola varmar dagen din!

fredag 26. desember 2008

Så mange gode minner....

Då er julaftan over og vi er godt i gong med romjula. Var så godt å setje seg ned i fred og ro og sjå på alle bileta vi tok i går. Fekk så lyst å dele eit knippe bileter frå julefeiringa vår.

003  008 007

For vesle Sina var det eit stort og magisk augneblink å stå opp og sjå det ferdig pynta treet. Naturleg nok måtte julepynten sjekkast !

012

Etter ein lang og innhaldsrik julefrukost vart det sjølvsagt ein del oppvask. Eldstemann var i godt julehumør og tilbaud seg likegodt å ta oppvasken! Store, flinke guten min... Sina var co-pilot og sjekka at alt vart reint.

017

Tante Linda, onkel Bjørnar og skjønne Sannah kom og hadde litt julefeiring ilag med oss før vi åt middag. Ungane fekk leike seg litt og opne nokre gåver. Kjempestas!

024 026

Sina og Sannah, to gode venninner og syskenbarn! Sina har forresten tidenes blåkul etter eit samanstøyt med salongbordet....

076

Siste rest av julekvelden vart feira i bestemorheimen. Der var også syskenbarnet Frida. Sina og Frida syntest det var stas å leike med juletreet....

022

Skjønne, lille nissejenta mi... Sina var i storslag heile dagen og tok ikkje kveld før seint.... Det var så spennande med alle gåvene at det ville vere synd å sove vekk moroa. Er det jul, så er det jul!!!!

042

Trekløveret vårt.....

059

Det var så spennande med alle pakkane som skulle opnast... Det var godt å ha røynde sysken som kunne hjelpe til med vanskelege pakkeband og store mengder tape.

Dette vart kanskje litt for "up close and personal", får heller prøve å anonymisere  litt meir etter nyttår.... Er så stolt over gulla mine at eg gjerne vil vise dei fram! Kan garantere at alle har samtykka til at eg publiserer bileta på nettet (Sina signerte endåtil med grøn tusj over heile tastaturet....) , med unntak av tante Linda, som er van med å vere i rampelyset!

Framleis god julefeiring til alle!

(PS! Etter nyttår har eg tenkt å skrive eit innlegg om opphavsrett, copycats og anna bloggmoro - er ofte ein syndar sjølv og må ta oppgjer med det...)

onsdag 24. desember 2008

"Nå er den hellige time..."

Klokka har akkurat passert midnatt, og eg slumrar meg inn i julenatta. Ein får så mange tankar når ein sit slik i fred og ro. Ei stille stund for refleksjon og ettertanke kan vere lurtnår ein går ei høgtid og eit nytt år i møte.

001

Dette er stunda for å tenkje på dei som ikkje har det like lett som meg denne jula. Mange i min næraste venekrets har mista ein av sine nære og kjære dette året, eller opplevde alvorleg sjukdom og smerte. Nokre blomar har vorte plukka så altfor tidleg, medan andre hadde visna og trengte å få takke for seg. Uansett er saknet og sorga like stor. Det kan ikkje vere lett å gå inn i ei glad og familieorientert høgtid når ein av stolane rundt bordet står tom. Eg vert nesten provosert når eg høyrer julesongen frå Putti Plutti Plott, "...hvem kan la vær å være glad når det er jul?". Det sit mange rundt omkring som ikkje går inn i denne høgtida med glede. Eg ser dei på gata, treff dei i sosiale samanhengar og i venelag, og eg ser kor sorga og saknet et dei opp.

049 

Vi har alle ein engel som passar på oss og som lydlaust kjem inn i romet og stryk vekk tårer eller omfavnar mjukt og ømt. Ein engel som held oss i handa når stega er tunge eller vegen er altfor lang å gå.

033

Denne julenatta går tankane mine til alle som saknar ein av sine kjære, eller som slit og har det tungt. Eg ynskjer alle det beste for julehøgtida, og vonar at dei gode minna får stå i fokus. La små, dyrebare minner forundre deg, slå opp hjartedøra di og gjere hjartet ditt varmt og heilt. Vit at det er mange som tenkjer på deg og dine, og vit at vi alle ynskjer dykk alt godt. Velsigna jul til dykk alle.

036

Det vart edelgran på oss i år. Husmora var lei av tre som tok til å drysse 1. juledag. Når minstefrøkena er midt i verste "ta på alt"-stadiet, kan det vere greit med eit tre som ikkje stikk så utruleg som ekte gran gjer. Hadde faktisk ikkje trudd at eit lite tre kunne gjere meg så glad, men no har eg altså fått Disney-treet eg har drøymt om i alle år! Gler meg til i morgon tidleg når forventningsfulle barneauge ser treet og alle pakkane for fyrste gong...

042

No sit det to nissar i vindaugskarmen og passar på, tre smånissar ligg på loftet og søv, og nissemamma og nissepappa nyt fred og ro.

055

Om du skulle ha tid og høve til å stikke innom på besøk i jula, så er du hjarteleg velkomen!  Og til alle dei som eg ikkje treff og får gi gode klemmar til;

EG YNSKJER DEG OG FAMILIEN DIN EI VELSIGNA JULEHØGTID!

085

Og vær så snill, tenk ein ekstra tanke på dei som ikkje har det så godt denne jula. Tenn lyset på middagsbordet på julaftan og tenk over kor rik du er som har dine kjæraste rundt deg - i mange heimar står det ein tom stol rundt bordet.

HA EI STRÅLANDE JUL OG LAG GODE MINNER!