mandag 13. august 2012

Om eg kunne blande fargar...

...så hadde eg blanda dei akkurat slik naturen gjer det! Det er fantastisk når ein berre tek seg tid til å studere alt det vakre vi omgir oss med! På laurdag var vi i fjøra og laga middag og der fann eg sjølvsagt mange flotte døme på fargar som eg meir enn gjerne skulle hatt i huset mitt! Vi er i påbyggings- og planleggingsmodus, så fargar er noko eg tenkjer mykje på!

k a r a f f e l   o g    d r i v v e d

Det er kanskje ikkje så vanleg å ha med glaskaraffel i fjøra, men kan avsløre at det vart eit aldri så lite filmopptak denne dagen, så då måtte eg ha med litt ekstra tilbehør! Men sjå for nokre vakre fargar! 

e g g   p å   f j ø l   a v   d r i v v e d

Desse egga brukte eg då eg laga "Bjørnekake" (det kjem oppskrift på den etterkvart). Dei kvite egga ser ut som om dei er meint for denne fjøla! Likar så godt den matte, kvite fargen mot den grå og røffe fjøla!

k  v  i  s  t

Ein tømmerstokk had drive i land. Skal tru kor lenge den har rulle i bårene og kor mange stadar den har vore skylt i land? No ligg den i fjøra vår i all sin prakt - om ein berre kikar godt nok etter! Nok ein gong gråfargar som appellerer til meg!

f  j  ø  r  e b  l  o  m

Fjøreblomane klamrar seg fast mellom steinane. Mang ei båre har vaska dei og vindar har rive i dei. Men dei let seg ikkje merke av omskiftande vèr og røffe tilstandar. Må seie at eg er svak for det kvite, det grå og det støvete, forsiktige grøne. 

Kanskje klarer eg å finne rette fargane hos ein fargehandlar, slik at eg kan ta med meg naturen inn! 

Kva er dine favorittfargar til interiør?




fredag 10. august 2012

Videopremiere!

Det er jammen meg mykje rart ein driv med på fritida! Eldstemann meiner eg treng å lære meg korleis eg lagar film (noko han forøvrig er råflink til), og filma med iPhonen min medan eg laga kanelsnurrar "the Schakenda way". Så var det berre å sette seg til med iMovie og leike seg!

Resultatet kan du sjå i videosnutten under! PS! Eg må berre åtvare mot at dette er amatørmessige greier og eg skal på ingen måte late som om det er noko meir enn det!

Kanskje kan du glede nokon med heimelaga kanelsnurrar i morgon? Om du vil ha ei enkel og god oppskrift på kanelsnurrar, finn du det på matbloggen min, klikk her. 

Riktig god laurdag til alle som kikar innom! 
PS! Dobbelklikk på videoen for å sjå den på full skjerm!


tirsdag 7. august 2012

Instamorning

Vi rusla til barnehagen i dag; eg, Sina og bofsen. Å få gå slik, langs ein grusveg - hand i hand, er ubetalelege øyeblikk. Småprat om dei store mysteria i livet, høyre lydar i skogen som omkransar oss, sjå på blomar og plukke ville bringebær. 

Det er ikkje alle forunt å kunne traske på grusveg, gjenom skog og bratte bakkar for å kome til barnehagen! Vi er jammen meg heldige...

Eg har vorte så glad i Instagram! Så enkelt å ta opp telefonen, ta eit bilete, redigere det kjapt og legge det ut på verdsveven! Følg meg gjerne, du finn meg som tovehd. 

Håper du har ein fin dag der du er! 

søndag 5. august 2012

Søt, saftig og syndig...

I dag er dagen for kake. Søt, saftig og syndig kake. Denne kaka er alle sin favoritt her i huset. Ungane kan ikkje forstå at det går an å lage så god kake - men det gjer det altså!


Kaka er laga til mamma og pappa. Dei feirar nemleg 40-års bryllaupsdag i dag! Som dei fjellfararane dei er, sit dei antakeleg på eit fjell i Geirangerområdet akkurat no, men når dei kjem heim skal dei få kake. Full av gode ingrediensar, akkurat som eit langt ekteskap! 

Er du glad i sjokoladekake? Då skal du prøve denne. Nigella Lawson er dama bak denne kaka. Den er enkel å lage og vil heilt klart vere ein favoritt på kakebordet - uansett anledning! 

Oppskrifta og fleire bilete finn du på matbloggen min; "På kjøkkenbenken". Klikk her for å kome dit.

PS! Kvardagstankane min er på Instagram! Følg meg gjerne der! Du finn meg som tovehd !




fredag 3. august 2012

...og sa at du elska meg der...


- Kjerstin Aune -

Vi er nesten ferdige å restaurere den gamle låven på garden. Flinke far min har gjort det meste av arbeidet. Han har gjort ein fantastisk jobb! 

Ein må berre verte glad av ein låve måla i solskinsfargar! Vi har gjort det akkurat slik det var før. Alle fargane er så nær dei originale som det var råd å kome. 

No får gamle vindskeier få kvile. Vèrslitte veggar er rivne og er erstatta av ny bordkledning. Muren er pussa og delvis fått ny maling. Det blir så fint....

Er det rart ein blir glad av å bu på ein slik stad? Midt blant strå og blomar går vi, glade og takksame for kvarandre og for at vi er så heldige som bur der vi bur! Eg skal aldri flytte. Eg skal alltid vere her. Med alle dei eg er glad i rundt meg. Vi skal verte gamle her, eg og husbonden. 

...og seie at vi elskar kvarandre her...

PS! Fleire bilete av låven og det pågåande arbeidet kjem snart!


torsdag 2. august 2012

Solbærdraum ♥

Det er rart kor mange minner som dukkar opp når det er sommar og ferietid. Kanskje er det fordi ein har god tid til å tenkje, eller at mange av minna våre er frå dagar med sommar då vi var små. 

Når bærbuskene bugnar kjem mine barndomsminne strøymande, for mange av minna handlar om mat og matauk. Og veldig ofte er dei fire besteforeldra mine heilt sentrale i desse minna. Eg hugsar bærplukking, fisketurar, grønsaksåkrar, sur rabarbra, slakting, sylting og safting. Om eg let att augene kan eg framleis kjenne den gode lukta av mormor si solbærsaft... Dei gamle, litt krokete fingrane som med stor uthaldenheit plukka reine solbærtrea og laga verdens beste saft!
Ingen laga saft som mormor. Det var fest kvar gong vi fekk denne kalde, herlege tørstedrikken i glaset. Eller varm, tjukk solbærsaft i ei krus om ho høyrde at ei forkjøling var på veg. I dag veit vi så mykje om antioksidantar. Mormor visste ikkje kva det var, men ho visste at solbærsaft var medisin når kroppen gjekk på lavgir og ein kjende seg litt uggen. 
No har eg laga solbærsaft. Eg trur mormor hadde vore nøgd med den, for den vart veldig god! Har du lyst på god, heimelaga solbærsaft? Dersom du ikkje har solbærbusker i hagen, kan du alltids kike inn i hagen til naboen! Spør om du kan få plukke litt bær og så kan den kjekke naboen få ei fin flaske med heimelaga saft som takk! 

Dersom du vil lage saft finn du ei svært enkel oppskrift på matbloggen min, "På kjøkkenbenken" (klikk her). 

Lukke til!