lørdag 26. april 2008

"Jeg velger meg april..."


Skjønne, lille Sina... Snille, gode storejenta vår, Ida

Pappa og mamma kosar seg med Sina i det nydelege vårvèret!


Det manglar ikkje på blomar i heimen så lenge
påskeliljene blømer og Ida vil plukke!

torsdag 24. april 2008

Graset ER faktisk grønare på den andre sida...

Eg skal gå rett på sak og erkjenne det med ein gong: eg har ikkje hage. Eg har ikkje eingong plen, planter eller busker. Der, no er det sagt og ei bør er lyfta frå skuldrane mine. I desse fagre solskinsdagar snakkar ikkje folk om anna enn hagane sine, og eg kjenner misunninga stige. Ein skulle tru eg kunne finne ein grøn liten flekk på eigedomen min, eg bur trass alt på ein gard der ca 10 mål med plenpotensiale omkransar bustaden min. Men nei. Eg bur i ei steinrøys. Kvar eg enn ser, så er det stein, grus, mold, sandhaugar og rot rundt meg på alle kantar. Eg hadde ein gong litt plen, men når eg har ein mann med gravemaskin og ein son som elskar å grave i mold, så forsvann dei få kvadratmetrane ganske fort. Det som er att av det grøne er rett under og rundt klessnora mi. Ikkje akkurat rette staden for å sette ut hagemøblane. Dei får nok ikkje sett dagens lys i år. Slik som det ser ut akkurat no, har dei det best på låven.

Det er sjølvsagt ein god grunn til at det ser ut som det gjer, bortsett frå at far og son likar å grave. Vi skal bygge på huset, utvide parkeringsarealet og bygge garasje. Det blir sikkert fint når det er ferdig, sa mi gode venninne Ingrunn i går, medan dei to 10-mnd-knøtta våre kraup rundt i mold, sand og støv. Ho har sikkert rett, sjølv om eg mistenkjer henne for å seie det mest for trøysta sin del.

Sola skin like forbaska, og den fine uteplassen og den grøne plenen kjem ikkje fortare av at eg går rundt og irriterer meg over alt som ikkje er som det skal. Eg får sjå det positive i situasjonen: eg slepp å slå plen, vatne blomar og busker eller attelete på inn-og utbæring av prydplanter kvar gong været endrar seg. Og så må eg berre innrømme at ungane elskar å ha det slik. Dei storkosar seg i det skitne element, og det er vel eit stort pluss?

Nei, eg skal ikkje klage meir. No skal eg prøve å nyte resten av fineveret og trøyste meg med Ingrunn sine kloke ord; det vil nok verte betre - ein vakker dag.....

lørdag 19. april 2008

Når ein er våryr, optimistisk og solhungrig!

Eg treng ikkje meir enn fem vårdagar med strålande sol frå blå himmel før eg kjenner at det kriblar i heile kroppen og eg endeleg torer å tru på at våren har festa grepet. Det gjer noko med meg når eg vaknar om morgonane til blikkstille fjord og ser fjella som omkransar meg bade i morgonsol. Eit orkester av fuglar vekkjer med sakte og lyden av ein einsleg motorbåt som er tidleg ute for å freiste fiskelukka, får blodet til å bruse. I dag leita eg fram alle mine solprodukt som eg varsamt pakka vekk i fjor haust. Fjorårets sommar gjorde ikkje akkurat eit stort innhogg i behaldninga... Nyfødde Sina sørga for at eg heldt meg innandørs då det var på det varmaste, og på dei meir normale soldagane var eg også inne p.g.a. kald vind og frykt for brystbetennelse. I år har eg tenkt det annleis! No skal eg prise våren og sommaren, ta med meg Sina ut og introdusere henne for friluftslivets fantastiske gleder. Og då må solprodukta vere klar!


Vi er vel stort sett vårklare heile gjengen no. Einaste som gjenstår er å kjøpe Ida eit par nye vårsko. I dag skal vi vere ute og nyte kvart eit sekund av dagen! Gløymt er alle erlerider og starerider, mannen har parkert brøyteutstyret for denne gong og ski og anna vinterutstyr er allereie i god forvaring på låven.



Måtte vi få mange fleire dagar som dette!

Raudøya er ei naturperle ein må leite lenge etter! Kvar morgon vaknar eg til denne utsikta, og kvar morgon kjenner eg meg like heldig som får bu i eit slikt paradis!













Den majestetiske og flotte Liadalsnipa er eit ynda motiv. Klokka halv tolv presis, står sola rett over Nipe-toppen. Artig å fange det på film!

Då Johan var liten brukte han å fortelje til alle at Liadalsnipa er "fjellet mitt". Det er vel ikkje akkurat sant, men det er klart at vi får eit eigedomsforhold til det når vi er så heldige å få bu ved foten av ein slik gigant!



















Og så vakkert er det når vårsola går ned...

fredag 18. april 2008

Mamma i farta!


Det ville vere løgn å seie at eg har rolige dagar. Det går fort i svingane heime med oss. Kvar dag nye møter, treningar, kurs, korøvingar, endå meir møter og ein pappa som jobbar lenge. Eg har nettopp vore ute på klessnora og hengt opp dagens maskin, og i slike øyeblikk får eg tid til å reflektere over liv og levnad. Har mange gongar lurt på om det hadde vore kjekkare å hatt eit litt rolegare tilvære. Litt færre ting å engasjere seg i, litt færre aktivitetar å vere med på. Konklusjonen er alltid den same: eg hadde ikkje kunne bytta vekk kvardagen min med noko anna. Vi har det godt i heimen vår. Til trass for tidvis høgt tempo, har vi etterkvart vorte verdsmeistrar i å kose oss. Eg har ingen problem med å la vaskebøtta stå og støvsugaren kvile, når kvalitetstid med mann og barn er alternativet.

Når ein les i all slags blad om korleis ulike mødre får kvardagen til å fungere, har eg ofte lurt på kva "mamma-katergori" som passar meg best. Eg er trebarnsmamma, hundemamma, kjæreste og kone, att-og-fram-med-bil-mamma, og mamma med få prinsipp. Eg lagar god og næringsrik mat til familien min, men er sjeleglad for at vi har Grandiosa-fabrikken på Stranda. Eg kan på ein brøkdel av eit sekund sjå at ullskjorta til Johan er att-fram, og høyre på stega til Ida at skoa er på feil fot. Når ungane er sjuke ligg eg og vaker om natta, når dei er vekk på besøk lurer eg konstant på om dei har det bra. Eg vert glad når ungane kjem skitne og våte inn til kveldsmat med smil om munnen, det vitnar om glad leik og mykje moro. Etter å ha ramsa opp alt dette er vel kanskje einaste konklusjonen at eg ikkje passar i nokon "mamma-kategori", og det er eg i grunnen glad for. Likar å sjå på meg sjølv som ei fri, kreativ og impulsiv mamma som likevel veit å setje grenser for ungane sine. Men det er vel når eg ser på ungane mine og kjenner at hjartet svulmer av stoltheit, at eg veit at eg er på rett kurs.

Morspermisjonen min syng på siste vers. Snart er det slutt på å ha vesle Sina rundt meg til ei kvar tid. Snart skal tida mi delast på endå fleire. Difor gjer eg mitt ytterste for å nyte tida som er att. Eg har gullkanta dagar og lever i ei draumeverd akkurat no. Dersom eg klarer å ta med meg den kjensla inn i neste kapittel av livet mitt, så skal eg klare å leve med at Sina stabbar rundt i barnehagen medan eg lærer ungdomar om Ivar Aasen, Ibsen og nasjonalromantikken.

Eit av dagens høgdepunkt er formiddagsmåltidet ilag med Sina. Då sit vi lenge att med bordet, les bok og et graut. Eg tok nokre bileter av henne i går, som tydeleg illustrerer kor engasjerte små born vert når berre boka er spanande nok.










mandag 7. april 2008

"Ver du eit bål, strål varme ifrå deg..."

Det er måndag morgon, Sina søv og eg sit i godstolen og tenkjer. Mange rundt oss slit og har det tungt. Til trass for dette klarer dei likevel å finne styrke til å leve liva sine og til å ta vare på andre rundt seg. Nokre ord frå eit Halldis Moren Vesaas-dikt har sett seg fast i meg siste tida. Vi som har nok å gi må dele raust til dei som treng oss, både av tid, omsorg og varme. Eg fann ein nydeleg tekst av ukjend forfattar som eg vil dele med dykk, vi treng av og til slike påminningar. Det er viktig å ta vare på kvarandre.

Birth is a beginning and death a destination.
And life is a journey:From childhood to maturity and youth to age;
From innocence to awareness and ignorance to knowing;
From foolishness to desecration and then perhaps to wisdom. From weakness to strength or from strength to weakness, and often back again;
From health to sickness, and we pray to health again. From offense to forgiveness, from loneliness to love, from joy to gratitude, from pain to compassion, from grief to understanding and from fear to faith.
From defeat to defeat to defeat until looking backwards or ahead. We see that victory lies not at some high point along the way, but in having made the journey step by step, a sacred pilgrimage. Birth is a beginning and death a destination And life is a journey;
A sacred journey to life everlasting!
Ta desse orda til deg og gjer noko godt for eit medmenneske som treng deg i dag! Du kan vere nokon sin reddande engel!

søndag 6. april 2008

Sjokoladekake for dei kresne!

Det er alltid kjekt å kome på besøk til folk som serverer gode sjokoladekaker! No skal du få ei oppskrift med meg som utan tvil imponerer venninnene, sjarmerer din "hjertens kjær" og som overbeviser svigermor om at du faktisk kan å bake betre kaker enn henne! Eg skal ikkje skryte på meg å ha dikta denne oppskrifta sjølv, opphavskvinna må sjølvsagt nemnast.
Det er ei oppskrift henta frå Nigelle Lawson si bok, "Nigellas fest - en hyllest til livet". Det er definitivt ei kake for nybyrjarar, då den er særs enkel å lage. Kaka skal lagast etter "ta alle ingrediensane, putt dei i ein bolle og rør"-prinsippet. Både boka og kaka er i aller høgaste grad å anbefale! Boka får du kjøpe her, og kakeoppskrifta får du her: GAMMALDAGS SJOKOLADEKAKE


Til kaka treng du:
200 g kveitemjøl
2oo g sukker
1 ts bakepulver
1/2 ts natron
40 g bakekakao
175 g mjukt smør (helst usalta)
2 store egg
2 ts vaniljeekstrakt el essens
1 1/2 dl rømme (dette er heilt klart den hemmelege ingrediensen! Bruk lettrømme dersom du slit med dårleg samvit og slankar deg, el. vanleg rømme om du ikkje slit med slikt!)

Alt du treng å gjere no er å ha alle ingrediensane i ein matprosessor og køyre til du får ei tjukk, glatt og blank røre. Fordel røra i ei kakeform (ca. 24 cm, ta større el. mindre om du ikkje har anna). Steik på 180 grader i 35-40 minutt, sjekk med steikepinne. Dersom du ikkje har kjøkkenskuffa full av fancy utstyr, kan du bruke strikkepinne eller ein spaghetti. Når det ikkje heng att kakedeig på pinnen, er kaka ferdig. Ta forsiktig av ringen rundt og avkjøl. Løft kaka av botnen og legg på rist etter omlag 30 minutt.

Til sjokoladekremen treng du:
75 g smør (helst usalta)
175 g mørk sjokolade i bitar (må vere sjokolade med minst 70 % kakao)
300 g melis
1 ss lys sirup
1 1/4 dl rømme (lett eller vanleg)
1 ts vaniljeekstrakt el. essens

Smelt sjokolade og smør, enten på svak styrke i mikro eller over ei panne med kokande vatn. Avkjøl. Ha sirup i den avkjølte sjokoladeblandinga og deretter rømme og vaniljeekstrakt. Når alt er godt blanda har du i melis. Dersom du vil ha kremen tjukkare, har du i litt meir melis. Vil du ha den tynnare, har du i omlag ei ts. kokande vatn.

Del den avkjølte kaka i to. Du kan enten fylle den med noko av sjokoladekremen, sjølv synest eg vaniljekrem er eit godt alternativ. Til sommaren skal eg prøve å legge søte og solmodna jordbær ilag med vaniljekremen. Legg på toppen av kaka og dekk med sjokoladekrem. Eg er ingen ekspert på glatte og perfekte kaker, så med meg vert det litt hulter til bulter med sjokoladekremen - det vert godt uansett! Pynt gjerne med små, søte sukkerblomar. Har ikkje funne dei på butikkane i Ørsta, men ICA Maxi på Moa har stort utval.

Trur eg kan garantere at denne kaka vert ein favoritt - både for kakebakaren og gjestane. Men eg har ei lite bøn til slutt: dersom du veit kvar eg kan få kjøpt vaniljeekstrakt, så må du vere så snill og skrive ein kommentar til innlegget! Eg har leita overalt! Er ikkje heilt det same med vaniljeessens, så no vil eg ha tak i ekte saker! På førehand takk til dei som kan hjelpe meg....













Søte, små sukkerblomar set prikken over i`en!

Når liten vil bli stor...


Det er ikkje noko nytt at ungar gjerne vil vere som oss vaksne, og ofte prisar vi alle deira forsøk på å vere litt større enn dei er. Vi briskar oss og kjenner stoltheita spreie seg i kropp og sjel når andre omtalar ungane våre som store for alderen, forstandige, veslevaksne og "mykje føre seg". Men ein plass går grensa! Då sonen min kom ut frå badet med barberskum i heile andletet, kjende eg verken svulmande stoltheit eller morskap. Det er sjølvsagt alt for tidleg for ein liten kar å barbere seg, men på barne-TV hadde dei sagt at skjegget kjem fortare dersom ein startar tidleg med barbering. Ikkje alt barne-TV er bra barne-TV, noko barberingskommentaren stadfestar..... Det vart heldigvis med denne eine gongen, så skjeggstubbane let nok vente på seg ei stund til. Heldigvis for det.


........OG VAKSEN IKKJE NØDVENDIGVIS BLI VAKSNARE!

Medan sonen barberar seg for å få skjegg, er mora meir oppteken av å stanse alle former for rynker og andre synlege teikn på at ein vert eldre. Det er ikkje reint lite ein etterkvart fyller baderomshylla med.

Fredagskvelden hadde eg huset fullt av damer som skulle vere med på eit Mary Kay-"hudpleiekurs", halde av mi gode venninne Maj Britt. Det høyrest nok litt finare ut med hudpleiekurs enn party, og når ein i tillegg lokkar med heimelaga foccacia kunne ikkje damene la vere å kome! Vi benka oss rundt spisebordet og vart både rensa, skrubba, kremerte og sminka. Det var ei partyoppleving utanom det vanlege og damene visste å nyte kvart eit minutt! Produkta fekk oss til å føle oss både yngre og fjongare, så det vart ein del handel før kvelden var omme. Til sjuande og sist er vel kanskje velværet viktigare enn at produktet inneheld alle slags vitaminar og velgjerande stoff, og at varedeklarasjonen kan dokumentere foryngande effekt. Dersom ein er opptekne av å ha det godt med seg sjølv og dei andre rundt seg, så trur eg det er livgivande og vitaliserande i seg sjølv. Men dersom produkt av ymse slag kan bidra til auka velvære - så gjerne for meg!