No ventar du kanskje ei vakker og rørande historie om små barnehander som kjem springande til mor med vakre blomar frå grøftekanten! Men slik er det ikkje denne gongen!
Blomane kjem rett nok frå grøftekanten, men det er min hjartans kjær som har plukka dei! Han fann dei medan han var ute på tur med ungane og hunden, og visste at eg ville verte både rørt og glad om han kom heim med slike. Blomane heiter forresten Blåknapp (no tenkjer eg hobbybotanikar Astrid i "Frå eit A4-liv" vart retteleg så imponert over meg!).
For det fyrste er det ein av favorittfargane mine, og for det andre har eg sagt eit utal gongar at det ikkje nødvendigvis er blomar frå Floriss som er gjevast å få! Eg er minst like glad i markblomar og andre blomar som naturen forsyner oss med. Og for det tredje (og ALLER viktigast!), så er det tanken bak som tel. Imponerande at han har plukka opp alt dette og hugsa det!
Tusen takk, kjære.....