lørdag 27. oktober 2012

Vil du vinne fine matbøker?

I lag med samarbeidspartnaren min, Haugenbok.no, har vi ein aldri så liten give-away på matbloggen min, "På kjøkkenbenken". 



Bøkene eg er så heldig å få dele med lesarane mine er:
  • “BBQ” av Paul Løwe, Versal forlag 2012

For å vere med i trekkinga må du gjere følgande:

  • Klikk deg innom matbloggen min og følg instruksjonane som står eit stykke nede i innlegget. Klikk her for å kome rett til innlegget! 
GOD HELG TIL ALLE MINE LESARAR! 


søndag 21. oktober 2012

Forrige laurdag...

...var vi på den vakraste øya eg veit om og feira ein fantastisk flott 40-åring! Alt stemte; vèret, folka, maten og stemninga. 

Etter ein kort båttur ankom vi denne brygga...

På vegen opp til dei to gardane møtte vi nysgjerrige øybuarar som lurte veldig på om vi hadde med mat til dei...

Vi passerte dette tunet først...

...og så kom vi endeleg fram til garden der vi skulle feire den flotte 40-åringen...


Eg ser ut på denne øya kvar dag. Men å vere der..., gå rundt der..., - det er noko heilt anna! 

Vertskapet hadde ordna til på låven. Det var levande lys, god mat på bordet, flotte taler og god musikk. All maten var kortreist og mykje av det fanga av han som vi feira; hjort, krabbe, hummar, bacalao og mykje, mykje meir. 

Og då kveld gjekk mot natt dansa nordlyset på himmelen og gjorde kvelden meir spesiell enn nokon kunne ha drøymt om! 
Det er ikkje rart at ingen ville heim. At vi ville kvelden og natta skulle vare evig.

Tusen takk til 40-åringen med frue, for å ha gitt oss ei spesiell oppleving som vi ikkje gløymer! 



fredag 12. oktober 2012

Fredagsstemning på jenteromet!

Jentene mine må dele rom. Vi er i påvente av påbygg og ombygging og enn så lenge så må dei dele rom. Det går som regel bra, men det kan av og til vere utfordrande. Femåringen rotar og styrer, medan tiåringen fortvilt prøvar å halde det ryddig. Heilt til ho kapitulerer og gir opp. Denne veka har mamsen i huset hatt fri og då var det på tide med storopprydding og grundig vask!


Enkelte ting kvittar ein seg aldri med. Kosebamsar, til dømes. Sånn er det med kosehunden til jentene. Den må alltid vere der. No ligg han og kosar seg på stolen og passar på alle som er på romet. 


D e t   e r   k j e k t   m e d   m j u k e   o g   g o d e   b e s t e v e n e r !


På ei hylle over senga har femåringen ein globus. Det er ikkje tilfeldig kva for side av globusen som viser for alle som er på romet. Amerika. New York. Ho drøymer om New York. Eg har lovt henne at heile familien skal til New York om åtte år. Ho har nedtelling...


No er det endeleg fredagsstemning på jenteromet. Dei kjem til å kose seg her i kveld. Så får vi sjå kor lenge dei klarer å halde det ryddig.... 

I ettermiddag skal vi på badestranda og lage mat i lag med gode vener! Vi må nyte haustsola som best vi berre kan!

G o d   f r e d a g   t i l   a l l e   s o m   k i k a r   i n n o m!

søndag 7. oktober 2012

Sunday morning crush...♥

I dag er det styrtregn på Sunnmøre. Men så lenge eg kan starte dagen med ein stor og god kopp med Bigelow-te, så gjer det ingen verdens ting...


Eg har smakt alt som er av te. Men ingenting er som Bigelow. Eg trudde lenge at Pukka-te var det beste ein kunne få tak i - det er det kanskje, men smaken er rett og slett ikkje for meg. Den fin innpakking, er in i bloggverda og har spennande namn. Men smaken...., nei....


Men så vart eg altså kjend med Bigelow-te. Eg kan med handa på hjartet seie at eg aldri har smakt betre te i mitt liv! Smakane er fløyelsmjuke, spennande, intense, aromatiske og naturlege. 

Det var heilt tilfeldig at eg fann denne teen. Eg skulle på Landhandelen i gågata i Ørsta og handle litt nips og naps, og DER, i hylla ved vindauget, lyste dei herlege tepakkane i mot meg. Hege bak disken sa at dei hadde fått mykje skryt av teen, men tenkte kanskje innerst inne at det var vel berre ein ny, fancy te som eigentleg ikkje smakte særleg godt. Eg kjøpte likevel med meg fleire sortar og vart frelst frå fyrste kopp! I går var eg på Landhandelen og fylte opp med fleire smakar.

Så midt i regnbygene i dag sit eg altså og drøser med ein god tekopp ved spisebordet og let verda segle av stad! Og snart må eg ha meg ein kopp til...

Har du prøvd Bigelow-te?

Bigelow-te kan du lese meir om her og du kan kjøpe den på Landhandelen i Ørsta, klikk her.

lørdag 6. oktober 2012

Utemat - ei bokanbefaling for turglade!


Matboka "UTEMAT" av Cecilie Skog og Esben Johansen inspirerer meg. På ein enkel måte klarer Cecilie og Esben å formidle både turglede og matglede. Eg er glad i å ta med meg familien i fjøra og lage eit enkelt måltid. Vi har alltid bål, men det er ikkje alltid vi lagar noko. Av og til er det berre pølser. Eller marshmellows. Det er det absolutt enklaste, men "Utemat" overbeviser når dei prøvar å formidle at det kan vere enkelt å lage sjølv litt avansert mat ute.
Vi kjenner Cecilie som fjellklatrar og ekspedisjonsfarar. Ho er kjent for turane sine til Mount Everest, Sydpolen og Nordpolen, men er òg godt kjend i Sunnmørsalpane (...og eg er så heldig at eg bur midt mellom desse vakre tindane...) og har vore fjellførar for Tindesenteret. Esben Johansen er utdanna kokk og har vore kjøkkensjef med lang erfaring frå både storkjøkken og restaurant. Esben er ein aktiv friluftsmann.
Eg deler fullt og heilt Esben sin filosofi når det gjeld å lage mat ute; "I disse dager skal alt være så lettvint og alt skal gå så fort, selv når du drar på tur. Det er et paradoks, for de fleste har jo egentlig ganske god tid da. Det er som regel mange timer til du skal legge deg når du har kommet frem og slått leir, så hvorfor ikke bruke tiden til å lage et måltid du ikke kommer til å glemme så lett? ...Jeg håper boka kan inspirere store og små til å dra på turer der maten er et av høydepunktene"seier Esben i forordet.
Boka er delt inn i 12 kapittel: bruken av boka, bålet, brød og kjeks, supper, søtt og godt, matpakker og salat, drikke, fisk, frokost og pannekaker, helgetur, kokeklar og langturmat.
I det fyrste kapitlet, "Bruken av boka", gir forfattarane ei god innføring i korleis ein best mogleg kan gjere seg nytte av boka. Dei seier noko om porsjonar og mengd, om å førebu seg førehand, tips til raske løysingar, korleis ein best kan oppbevare mat og brensel når ein er på tur, litt om hygiene og kva utstyr ein treng for å kunne lage rettane i boka. Det fine med oppskriftene er at det ikkje er så mykje utstyr ein treng. Dersom du har ein kjele, ei steikepanne, kaffikjel og ein god kniv, ja då skal du klare deg godt som kokk når du er ute på tur.
Alle oppskriftene vert innleia med å seie noko om kva du eventuelt må førebu heime og kva utstyr du treng å ta med deg på tur. Dersom ikkje noko anna er oppgitt, er alle oppskriftene berekna til to skrubbsvoltne personar på tur. Instruksjonane er så enkle at boka også er godt eigna for barn og ungdom som vil prøve seg som friluftskokkar. Det er rett nok ikkje alle oppskriftene som vil appellere like mykje til den yngre garde, men her er meir enn nok å velje i - sjølv for dei mest kresne!
Eg har til dømes ikkje tenkt over at ein kan lage "sylta fisk" når ein er ute på tur, på ein enkel og grei måte! Det du treng for å lage dette er: beinfri filèt av feit fisk, sukker, 7% eddik, heil svart pepar, sennepsfrø, heil nellik, salt, laurbærblad og løk. Alt dette skal ei boks eller ein ziplock-pose og oppbevarast kaldt i seks timar. Om det er sommar, kan du legge posen med fisk i ei myr, t.d. 
Tenk så deilig å lage fiskesuppe på bål i fjøra, uansett kva tid på året det er! Kanskje har du fiska fisken sjølv? Dette er ein enkel rett å lage, men du må berekne å førebu litt heime før du reiser på tur. Det luraste er å skjære opp alle ingrediensane heime og putte dei i ein ziplock-pose. Då er det berre å putte alt i gryta når ein har fått fyr på bålet.
Kapittelet med søtt og godt  er fullt av herlege dessertar, både for store og små. Eg kan godt tenkje meg å slå leir ein plass i skogen og steikje camembert eller brie på bål, for så å toppe det heile med søte molter eller blåbær. Ungane har allereie funne sinn favoritt;
Neste gong vi tek med oss mat og utstyr for å lage mat ute, står bananpanne heilt klart på dessertmenyen! Så enkelt - så godt; banan, sukker, litt vatn og nøtter. Nøttene må ein sjølvsagt utelate om ein har allergikarar i turfølget. Det er forresten det som er så fint med oppskriftene i denne boka; ingrediensar kan lett sløyfast eller byttast ut med noko anna.
Boka "Utemat" er ei bok for alle som er glade i å vere på tur eller som har lyst til å verte inspirerte til å reise på tur. Oppskriftene er tilpassa både dagsturar og lengre turar, du kan reise langt til fjells eller fyre opp bål i hagen. Etter å ha lese denne boka frå perm til perm, er eg overbevist om at den kan inspirere alle og ein kvar til å verte flinkare til å tenkje at ein like godt kan lage maten ute. Det handlar om å vere godt budd og ha det naudsynte utstyret. Ein vil raskt sjå at ein kan lage ganske så avanserte rettar ute utan at det verken er vanskeleg eller tek altfor lang tid. 
Du kan kjøpe boka på haugenbok.no. Akkurat no er boka på tilbod til kr 305,-. På ordre over kr 249,- får du boka tilsendt fraktfritt. Dersom du vil kjøpe boka eller lese meir om den, kan du klikke på denne lenkja: UTEMAT.
Boka er ei flott gåve til alle som er glade i å vere ute på tur, eller ei gåve til nokon som burde ta beina fatt og kome seg ut på tur! Og for all del; ALL MATEN KAN DU LAGE HEIME PÅ KJØKKENET, men då går du sjølvsagt glipp av den fantastiske turkjensla! 
Dette innlegget er skrive som ein del av mitt samarbeid med haugenbok.no. Du kan lese meir om samarbeidet mitt med dei her

fredag 5. oktober 2012

Dei finaste smykka...

...er dei som du har fått med gode vener. Dei som er gitt med omtanke og kjærleik. Eg har nyleg fylt 40 år og har fått mange fine smykke. Dette er eitt av dei:


Tusen takk  


tirsdag 2. oktober 2012

Lukka er..♥

Lukka er å ha ein onkel som inviterer til bursdagsfeiring på stranda ein nydeleg haustdag! Tenk å få samle tanter, onklar, syskenbarn og besteforeldre til piknikk og nyte god mat heilt til sola går ned!





...og når sola har gått ned og alle magane er mette, kan ein pakke alle sakene og reise heim - fulle av inntrykk og med store og varme hjarte! 

 L u k k a   e r   å   h a   e i n   s t o r   f a m i l i e 

mandag 1. oktober 2012

Haustlukke ♥

Å rusle i haustlauv, sparke det rundt om kring, studere dei fantastiske fargane og ta dei i hendene og kaste dei høgt til vèrs - det er lukke for ein liten skatt!



Måtte vi må mange gode haustdagar...