lørdag 26. januar 2008

Skjønne, vesle jenta mi...

Når ungane kjem og gir meg kompliment eller seier gode ord til meg, så kan eg ikkje hjelpe for å tenkje at dei har gjort noko gale eller ynskjer å oppnå noko. Eg burde skamme meg, sjølvsagt, men mange foreldre kjenner seg nok igjen i dette... Her ein dag var Ida heime frå barnehagen fordi ho hadde spysjuka. Ho låg på sofaen og kosa seg med ein teiknefilm på TV, eg var på kjøkkenet og baka rundstykker. Plutseleg kjem ho tassande i pysjen og seier at eg må bøye meg ned. Med hendene fulle av deig bøyer eg meg ned og lurer på kva ho har føre. Plutseleg får eg to deilige armar rundt halsen og så seier ho "Åhh mamma, eg elskar deg!!!". Like fort spring ho inn på stova, og eg står undrande att på kjøkkenet. Eg går inn på stova til henne for å spør kva gale ho har gjort. Ho har lagt seg under koseteppet og er klar for ein liten kvil, men eg må berre spørje: Du har ikkje gjort noko gale vel, sidan du sa så mykje fint til meg? Ho ser oppgitt på meg, kryp lenger under teppet før ho seier til meg: Du er den beste mammaen i verda! Like etter søv ho, og eg har lært meg ei lekse.... Ikkje alle kompliment er pakka inn i baktankar!

Paradis på jord!

Eg har alltid vore heimekjær. I russeomtalen min stod det: "På Håvoll vil ho bygge, på Håvoll vil ho bo, finne seg ein kar og slå seg til ro." Og slik vart det! Sjølv om dei store byane og den store verda freista, så var eg alltid klar på at det var i heimbygda mi eg skulle bu. Eg har sjølvsagt reist ein del og budd fleire stadar i utlandet, men ingenting kan måle seg med det eg har heime. Biletet er faktisk teke frå altanen min! Kvar einaste dag vaknar eg til denne fantastiske utsikta. Ikkje rart garden vi bur på heiter "Utsikten"! Dette er noko mange berre drøymer om og misunner meg. Eg bur midt i paradiset og veit å nyte det! Det skal likevel seiast at det ikkje alltid er like kjekt her på vinterstid. Det er bratte vegar og dårleg brøyting. Å køyre ungane på skule og barnehage opplevest ofte som eit sjansespel og. Det er slike dagar ein berre må late att augene og drøyme seg vekk til vår og varmare dagar. Eg er heldig som får bu på ei slik perle! Eg treng ikkje reise jorda rundt for å finne mitt paradis - eg bur midt i det!

mandag 21. januar 2008

Då bobla sprakk...


Fleire i min nære krets har nettopp fått sin fyrste baby, eller er fyrstegongsfødande om ikkje så lenge. Det verkar så lenge sidan eg sjølv var i den sitasjon, og som mor til tre kan eg ikkje noko for at eg nok kjenner meg som ei lita Klara Klok. Gode råd kjem som perler på ei snor, både når det er naudsynt og ikkje. Eg synest det er viktig å av og til ta seg ta seg tid til å tenkje attende på dei gode og heilt unike dagane ein opplevde som fyrstegongsmor.


Noko av det som står sterkast i mitt minne er kjensla av å eksistere i ei boble. I bobla var det ikkje plass til andre enn mor, far og verdas mest fantastiske baby. Medan vi budde i bobla var få ting prioriterte: vi åt, drakk, sov, trilla tur og dusja ein sjeldan gong. All vår tid gjekk med til å kose med den nyfødde, pludre, dikke og prise kvarandre lukkelege for å kunne kalle oss foreldre til eit slikt vidunder. Vi tok imot gjestar, gjekk på besøk og var på butikken for å handle - men det einaste vi hugsa var at babyen hadde smilt, endeleg hatt bæsjebleie, vore flink å få opp rap eller sove i vogna under heile handlerunda. For vår del levde vi to månadar i denne bobla. Det seier seg sjølv at det vart litt annleis då nr. to kom. Vi prøvde så godt vi kunne å finne bobla, det var berre at no skulle fleire ha plass der inne og det vart difor ikkje heilt det same. Vi gjorde det beste ut av det, og når vi ser tilbake hugsar vi ei lukkeleg tid med mykje kos.


Så kom tredje vidunder inn i livet vårt, og det var då at eg som mor måtte innsjå at bobla mi sprakk. Med eit stort smell gjekk ho sund og vesle Sina måtte slenge med på alt eg var med på. Berre ti dagar gammal var ho med på å uteksaminere 10. klassingane mine. Dagen etter var ho med på sitt fyrste kommunestyremøte, og sidan har det gått slag i slag. No er ho sju månadar og har sikkert vore med på meir enn 40 møter, valkamp, mange korøvingar, skuleavslutningar, barnehagefestar og alle andre kvardagslege ting som opptek oss. Har ho fått ein dårlegare start enn dei andre to? Neppe. Har ho på nokon måte vorte skadelidande? Heilt sikkert ikkje! Så lenge born får omsorg og kjærleik kan dei gjennomgå det meste. Til trass for at bobla mi sprakk, så har erfaring og alder gjort meg betre rusta til å til å takle familielivet utan noko form for beskyttelse.


Eg vil likevel råde fyrstegongsforeldre til å finne seg ei boble. Bruk kvalitetstid i bobla og bu der så lenge de treng - sjølv om fornufta fortel dykk at kvardagen ventar der ute. Nyt dagane og kvarandre; det vesle livet de har skapt treng kun ein ting: omsorgfulle foreldre med kjærleik i blikket!

søndag 20. januar 2008

Korsong er alltid bra!


I dag skal eg til Volda og synge på korkafè. Vi får besøk av Vyrde mannskor, og ilag skal vi nok klare å varme nokre forfrosne vintersjeler.
Koret eg syng i heiter LYST, og i løpet av seks år har vi klart å opparbeide oss eit godt rykte i kormiljøet. Vi syng både sakralt, jazz, moderne og folkeviser. Før jul fekk vi gitt ut ein jule-CD, og til våren står jazzkonsertar for tur.

Alltid klar for å prøve noko nytt!


I løpet av eit langt liv er det kvardagar vi har flest av. Sjølv er eg av dei som set pris på kvardagar, og som aldri har problem med å få tida til å gå - eller til å stoppe opp, om det er det eg måtte ynskje.
Det er viktig å gi seg sjølv utfordringar slik at ein til ei kvar tid har noko å kunne engasjere seg i. Akkurat no har eg bestemt meg for å lære meg litt om blogging! Eg har lese ein del bloggar på nettet og lete meg inspirere! Med tida vil eg kanskje legge ut fleire kvardagstankar, litt meir om meg sjølv og familien min, interesser og visjonar. Dette er berre den spede byrjinga, vi får sjå kor det utviklar seg...


VELKOMNE TIL BLOGGEN MIN!