mandag 28. mai 2012

Alt er så nær meg

Om ein er bevisst på å bruke sansane sine, så kjem alt veldig nær. Å late att augene og berre kjenne på dei herlege sommarluktene får barndomsminna til å strøyme på. Lukta av nyslådd gras, strå som kitlar mot nakne leggar, ein solvarm stein i handa, den prikkande kjensla etter årets fyrste bad, smaken av rabarbra og surgras... Alt kjem så nær meg når barndomsminna fyller meg. Tenkjer på mine eigne born og gler meg over å få vere med på å skape deira barndomsminne. 


Alt er så nær meg
Alt er så nær meg
denne velsignede dag.
Svaberget ligger
åpent med rolige drag.
Havbrisen vugger
vennlig den duftende tang.
Alt er så nær meg
ennå en lykkelig gang.


Barndommens vekster

gror i hver fure og sprekk
med sine kjente, blide

og rørende trekk.
Går her en litenpike 
fremdeles hver kveld
og plukker blomster 
og snakker høyt med seg selv?


Lenge var jorden
øde og himmelen tom.
Dypt i mitt hjerte
åpner seg rom etter rom.
Alt som er nær meg
gir meg et klarøyet svar.
Nå kan jeg rekke
hånden til henne jeg var. 

- Inger Hagerup -

Eg er så glad i Inger Hagerup sine dikt. Dette diktet, "Alt er så nær meg", kjem eg alltid tilbake til og det fyller meg med tankar om det som ein gong var og som har vore med på å forme meg til den eg er. 


Og her, midt i vårt eige paradis, skal vi få vere med og skape gode minne for borna våre. Eg håper dei kjem til å hugse kveldsbad i solnedgang, kveldar vi ikkje orka å legge oss fordi det var så fint ute, skogsturar og fjøreturar, fantastiske besteforeldre som tok dei med på fjellturar og båtturar, kjensla av å ligge midt i ei blomstereng og sjå på ein blå himmel og mykje, mykje meir... 



Det er her eg bur.
Det er her eg skal vere.

Det er her alt er nær meg. 

Det er her eg har det godt.

fredag 25. mai 2012

Sommarkveld - faktisk!

Det er så lenge sidan sist vi opplevde det. Den gode varmen, den stille lufta, alle fuglane og alle sommarluktene. Det er sein kveld, men ein kan ikkje vere inne. Tek meg ei runde på gardstunet og fangar sommaren med fotoapparatet. Den spede byrjinga på alt det gode vi har i vente. Eit lite håp om at det kanskje vil vare, at vi kanskje kan sleppe regn på ei stund og at vi kanskje kan få bruke sommarkleda i år.







Takk for at du ville vere med meg på ein rusletur gjennom tunet!

Vi vil ha mange slike kveldar!

tirsdag 22. mai 2012

Lengt...

Ein liten tur til hovudstaden gjer godt for mamma. Men heime sit der tre gode gull som eg lengtar etter allereie før eg har sett meg på flyet. Trygge bestemorhender passar på og gir dei alt dei treng, så eg veit dei har det bra. Dei to eldste klarer seg fint, men minste frøken snupp kjem nok til å lengte...
Det gjer godt å kunne kike innom bloggen min når eg er vekk frå ungane. Særleg på slike bilete som det over... Heldigvis er eg heime før dei får sukk for seg! 

Og i mellomtida tenkjer eg vi får kosa oss alle saman - kvar på vår kant!


mandag 21. mai 2012

Dei finaste blomane...


...er blomar som er plukka av dei minste hendene. Desse små, skitne hendene som kjem strekt mot deg, etterfulgt av det finaste smilet og den godaste klemmen. 
 Dei er som regel ugras, desse blomane. Plukka i ein grøftekant eller i  ei skråning langs ein veg. Det er ikkje sikkert alle ser kor vakre dei er. Kor fine fargar dei har. 
Men dei små hendene veit akkurat kva dei skal gå etter. Veit kva som gjer mamma glad. Akkurat no er mark og eng fulle av desse små, lilla herlegheitene og den gode jenta mi veit at mamma likar dei. "Du må setje dei i den turkise vasen, mamma. Den vesle, fine, veit du. For turkis og lilla er så fint i lag". Ho har sjølvsagt heilt rett...

Sånn ser blomeengelen min ut. Pynta med ei fjør i øyret og bestekjole. Og med skitne hender. Hender som luktar mold og sol og varme. 



Dei er bra skjønne, desse små. Så fulle av kreativitet, glede og artige påfunn.  Gode jenta mi...

...and on that note: slike små, skjønne jenter kan også snu ei fint rydda 17.mai-stove om til ei slagmark før ein får sukk for seg! Dagen etter 17. mai hadde alle ungane fri og var heime. Vi sov lenge og åt ein god frukost. Men så måtte mamsen ned i vaskekjellaren. Berre nokre minutt var eg vekk. Akkurat lenge nok til at stova var forvandla til snikkarbud, formingsrom, Barbie-utstilling og klesbutikk. 

Det er utruleg at dei klarer det! Men slik såg det altså ut då eg kom opp frå kjellaren og ante fred og ingen fare. Og dette er berre eine delen av stova... Barbieutstillinga er i ein stol til høgre, klesbutikken på stovegolvet rett framfor føtene til fotografen, snikkarboda (ein hammar, eit skrujern og ein flisete pinne) i ein stol til venstre for biletet og formingsavdelinga på salongbordet. Den nye Mac´en min som tilfeldigvis låg på bordet (iiik!!!), hadde fått ein fin konvolutt klistra på lokket. Heldigvis tape. Og heldigvis rosa, med "m a m m a" og "s i n a" skriven med sirleg handskrift på framsida. 

Livet med små ungar er fullt av kontrastar - 

...and I love it!

søndag 20. mai 2012

Seint, men godt....

Eg innsåg brått at eg ikkje har hatt 17.mai-innlegg på bloggen min! Det må eg sjølvsagt gjere noko med!
Nasjonaldagen var ein travel, men veldig kjekk dag. Då eg kom heim etter å vere ferdig med all slags dugnadsplikter, fekk eg endeleg tid til å slappe av og legge beina høgt. Det er travelt å vere medarrangør av 17. mai-moro både her og der! 

Vi var fyrst med på feiringa i kommunesenteret, deretter i heimbygda og så på kake og kaffi med min kjære bror med familie. Det er alltid kjekt å samlast hos dei, men i år sakna vi syster mi med familie, som feira 17.mai i nabobygda i år. 

Blomar i raudt, kvitt og blått!

Dei varte ikkje lenge, desse rosene, men vi fekk i det minste nyte synet av dei på den viktigaste dagen!

Mi kjære svigerinne og tantegull hadde laga nydeleg Pavlova!

S m ø r b r ø d

Eg laga smørbrød i lange baner som skulle leverast til 17. mai-arrangør. Heimelaga karbonader og roastbeef med heimelaga remulade fekk jammen meg bein å gå på!


Vi tenkte vi måtte bilete av dei fine syskenbarna (dessverre mangla frøken S og frøken S), men det viste seg å vere ei vanskeleg oppgåve... Fyrst prøvde vi med vaksenbestemt oppstilling, noko som enda med at ingen ville sitje, ingen ville stå, ingen ville eigentleg vere der og ingen ville smile. Nokre tapre forsøk gjorde dei, rett nok! Her ser du vesle frøken L i fri flukt!   
Detet var det nærast vi kom det ulitmate 17. mai-biletet! Og tru meg, eg tok maaange bilete! Men det er uansett dette som er sjarmen, meiner eg! Det heile enda med at ordna ny oppstilling sjølve, og då gjekk alt mykje betre! 

Det har vore kjekt å kike innom mine kjære medbloggarar og fått sett korleis dei har feira nasjonaldagen. Og no har de fått vere med på mi feiring! 

tirsdag 15. mai 2012

...om å lokke fram sommaren...

Sjølv om vèret har veksla mellom sludd, regn, vind og snø i det siste, så måtte eg likevel prøve å lokke fram den gode kjensla av at det snart er sommar. Ein søt, liten vase med sommarfugl på, avskorne blomar og ein stein frå ei sandstrand er nok til å setje tankane i sving!
Det er eigentleg rart å tenkje på at det er 17.-mai om to dagar og at sommarferien berre er ein månad unna. Det kan sjølvsagt hende vi har hatt like dårleg vér på denne tid før om år óg, men ein gløymer kanskje fort. I år har det i alle fall vore trist maivér på Sunnmøre. Vinterdressar, ullkle og vottar er på ingen måte pakka vekk. Med ein temperatur på 3-4 grader er det lite som minner oss om at det snart er sommar.
I går var det så trist og grått at eg rett og slett måtte trøyste meg sjølv litt. Eg kjøpte ein nydeleg vase med sommarfugl på og nokre vårlege blomar til å pynte litt med. Desse kvite, små knappane på biletet er eg ikkje sikker på kva heiter, men dei minner meg om fjøreblomar. Sommarfugl og fjøreblom løfta dagen min!
Den fine steinen minner meg om varme sommardagar. Ungane elskar å rusle berrbeint i fjøra og plukke fine steinar. Dei får aldri nok. Heime hos oss ligg det steinar overalt, fordi eg ikkje har hjarte til å hive dei. Vi har samla mange i glaskarmen på badet og det er like fint å vakne om morgonen, late opp glaset på badet og sjå dei fine steinane som ligg der og minner oss om varme dagar i fjøra, medan dei fjørlette gardinene flagrar i vinden (no må eg berre legge til at medan eg sit og skriv dette, så HAGLAR det ute...). 
Vi har også steinar i gangen, på eit bord utanfor inngangspartiet, i glaskrukker som står ute om sommaren og som botndekke i blomsterpottene ute. For ikkje å snakke om haugen med stein ved sidan av vaskemaskina... Det er ikkje få stienar eg har plukka ut av små bukselommer!


Denne fine peonen har ein litt spesiell blomstervase. Det har seg nemleg slik at eg kjøpte ei fin, rosa emaljert pumpeflaske til såpe. Ganske stor var den, og eg hadde tenkt å bruke den på badet. Den kom aldri så langt, for eitt eller anna med pumpa virka ikkje. I går leitte eg den fram frå loftet, tok vekk pumpa og brukte den som vase. Det vart faktisk utruleg stilig og gjenbruk på sitt beste!
No har eg i alle fall gjort mitt for å lokke fram litt sommarkjensle. Kan hende det var til god hjelp, for inn i mellom regnbyger og haglbyger har vi faktisk sett litt til sola! 

Ellers går dagen i dag med til å bake kaker som skal leverast her og der, og så skal finstasen til store og små leitast fram. Noko må vaskast og noko må strykast og så trur eg jammen vi er i mål til nasjonaldagen. 

Kva gjer du for å lokke fram sommarkjensla?

lørdag 12. mai 2012

Leila´s General Store

Som eg nemnte i eit tidlegare blogginnlegg, er eg og minikokken ganske begeistra for Leila Lindholm. Vi har matbøkene hennar og no er vi så heldige å vere eigarar av ymse artiklar frå Leila´s General Store, den nydelege nettbutikken der Leila sel fantastiske ting som ein berre "må ha".
Minikokken fyller fem år 8. juni og vi fann sjølvsagt mange spennande bursdagsgreier som var kjekke å ha. Blant anna kjøpte vi kvite drikkebeger med rosa prikkar og sugerør med rosa striper ("...mamma, det er faktisk fint med prikkar og striper i lag..."). Alle bursdagstinga har vi pakka ned i ei lita kasse slik at enkelte ikkje fell for å innvie sugerør og andre spennande saker før bursdagen verkeleg er der! 
To skjønne "spatulas" vart også med på kjøpet frå Sverige. Minikokken ville ha ein rosa slikkepott (som også er super å bruke til mikrofon, i følge 5-åringen), medan eg ville ha ein lyseblå spatula (altså, ein slags slikkepott som også kan brukast som ei skei, sjå bilete lenger nede i innlegget). 
Desse slikkepottane toler sterk varme (same som andre slikkepottar i silikon) og kan difor brukast i varme gryter utan problem! 
Er den ikkje skjønn??? Rart kor ein kan verte småforelska i så enkle, materielle nødvendigheiter! Slikkepotten på biletet over er min favoritt. Då eg budde i USA (jobba som lærar på ein sommarskule i Santa Cruz, California), hugsar eg godt dei rause, gode slikkepottane dei hadde på kjøkkenet der vi budde. Det var sånne som på biletet over. Trur eg likte ordet òg; spatula...
"Listegal" som eg er, så var det ikkje til å unngå at eg måtte ha nokre blokker med hugselappar. Den største er for alle moglege slags ting ein må hugse i det daglege. Den vesle raude er for "sweet, little nothings" og den vesle grøne er ei genial blokk som eg ikkje visste at eg hadde sakna før eg såg den! Eg er nemleg slik at eg ofte gjer endringar på oppskrifter eg finn i kokebøker, men så skriv eg det ikkje ned i boka eller på oppskrifta. Neste gong eg lagar det same grublar eg voldsomt for å kome på kva i alle dagar det var eg hadde endra på. Desse lappane er som små post it-lappar som kan limast inni boka og så skrive på kva som bør endrast. Lurtf for gløymske folk! 
Og så vart det nye forkle på både meg og minikokken - same sort til begge to! Forkle var for øvrig noko av det einaste ho ynskte seg til bursdagen sin! Og sidan ho er stor Leila Lindholm-fan, så stod eit slikt forkle sjølvsagt øverst på ønskelista! 

Alle desse tinga (og meire til...) kjøpte vi i Leila´s General Store, som du finn her. Det vart passe dyrt å handle der og heimesida var noko mangelfull når det gjaldt opplysningar om kostnader med toll etc., men om ein  er fleire som går i lag og handlar så er det så absolutt overkomeleg for dei fleste lommebøker! Prisane på produkta var det ikkje så mykje å utsetje på! 

PS! Dette er fyrste innlegget som er publisert får Mac´en min! Litt uvant, men ser at nye blogger er betre enn den gamle. Eg er likevel litt rådvill når det gjeld fotoredigeringsprogram. Eg har vorte så glad i å bruke Photoscape, men har forstått det slik at eg ikkje kan bruke det på Mac. Stemmer det? Har de i så fall gode tips til enkle redigeringsprogram? Har brukt Picmonkey òg, for der er så kjekke rammer. Blir veldig glad for gode tips og råd!


fredag 11. mai 2012

Gjærbakst til 17. mai?

Har du oppskrift på verdens beste gjærbakst? Har du ei oppskrift som du har brukt i “alle år”? Då blir eg kjempeglad om du vil dele den med meg!

IMG_9219

Eg har ei standardoppskrift som aldri slår feil og som eg har brukt i snart 20 år. Det er ei grunnoppskrift som du kan variere i det uendelege! Du finn oppskrifta her.

IMG_9230

No er eg altså på jakt etter oppskrift på VERDENS BESTE GJÆRBAKST! Har du ei oppskrift som du vil dele med meg? Legg gjerne att ein link eller kommentar i dette innlegget, eller du kan sende det til meg på e-post: tovehd(alfakrøll)hotmail.com. Eller du kan gå inn på matbloggen min og lese heile oppskrifta og kanskje legge att ei melding til meg der! “På kjøkkenbenken” (matbloggen min) finn du her!

Ingenting er som lukta av heimebakst!

torsdag 10. mai 2012

…in my dreams ♥

Eg drøymer om at vi snart får starte på restaurering av huset. Planane er så mange og eg kriblar etter å få sette i gang… Bileta under er lånt frå Sojorner og inspirerer meg!

tumblr_m3fpqipZtv1r4gct3o1_1280

tumblr_m3fpr5TuSC1r4gct3o1_1280

tumblr_m3fps3n6lU1r4gct3o1_500

Eg ynskjer ein lys, enkel og jordnær stil. Har du tips til gode inspirasjonessider, så må du gjerne legge att ein kommentar med link!

onsdag 9. mai 2012

Ein god start på dagen ♥

Eg har lært ungane mine at dei aldri får hoppe over frukosten. Vi veit alle at frukosten er motoren som set i gang kroppen og gjer oss klar til å ta imot dagen. Ungane mine er ikkje mjølkedrikkarar (har div. allergiar og intoleranser i familien), men eit glas vatn eller juice til maten er viktig.

Sjølv om eg passar på at ungane får i seg frukost om morgonen, så er frukoststunda i heimen slettes ikkje eit glansbilete. Dei står ofte med skiva i handa fordi vi har dårleg tid, matpakken blir ikkje alltid pynta og dekorert med friske grønsaker og mor spring ofte rundt og passar på at ranslane er pakka, at barnehageklea leitte fram, at brillene er pussa, at dei pakker nista si i sekken, at frukta er vaska, at veska mi inneheld alt den skal og at alle står klar i gangen presis klokka åtte. Og midt i dette hektiske infernoet av morgonkaos står eg, mamma som passar på alt, men som ikkje har ete frukost…

Eg er altså ikkje eit frukostmenneske. Om eg står opp for tidleg, er for trøytt, har det for travelt eller har for mykje å tenkje på, så klarer eg ikkje å ete frukost. Men når to av ungane er levert på bussen, ein er levert i barnehagen og eg er komen meg på jobb – då kjem matlysta snikande! Då set eg meg ned, i ro og fred på kontoret, og kosar meg med medbragt frukost og ein god kopp kaffi.

Det er sjølvsagt heilt annleis i helgene. Då dekkjer vi bordet etter alle kunstens reglar, diskar opp med alle slags pålegg og et ein sein frukost. Når ungane er godt forsynt og har benka seg i sofaen for å sjå barne-TV eller er komne ut for å leike, då sit eg og husbonden att ved bordet og pratar om laust og fast over kaffikoppen.

Det hadde vore ein draum om vi kunne ha det slik kvar morgon, men det har vi altså ikkje. «The hustle and bustle of everyday life» er noko vi har slått oss til ro med. Sånn er det i vår heim. Og så får vi heller kose oss ekstra i helgene.

I det siste har eg vore heimeverande på grunn av ein operert ankel. Sjølv om statusen som sjukemeld på ingen måte er særleg lukrativ, så prøver eg å få det beste ut av dagane. Og det aller, aller beste er at eg har tid til å nyte ein laaang og god frukost – akkurat når eg ynskjer, akkurat når eg er svolten nok og eg kan ete akkurat det eg har lyst på! Eg må også innrømme at eg med jamne mellomrom svinsar ein tur innom amerikansk «day time-TV», og eit av programma eg likar å sjå har STORT fokus på mat og helse. Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har høyrt frasen «it is of vital impotance that you eat blueberry everyday», eller «food with strong colours can prevent you from getting seriously ill». Det er nesten ikkje eit program utan at blåbær, brokkoli, tomat og spinat er nevnt. Og det går nesten ikkje ein dag utan at eg lover meg sjølv at til hausten SKAL eg til fjells og plukke blåbær! Men fyrst må foten verte god… Desse små, blå antioksidantbombene er overalt rundt oss og eg har ikkje vore flink nok til å plukke dei. No kjøper eg blåbær i butikken , ferske eller frosne, men veit at det er mykje meir næringsstoff i blåbær som veks vilt. Les gjerne denne svært interessante artikkelen på frukt.no om du vil vite meir om dette.

No skal eg prøve å sirkle meg tilbake til det som var utgangspunktet på blogginnlegget: ein god start på dagen! Det har vore mange dagar med god start i det siste! I dag må du tru eg kosa meg! Då laga eg meg ein frukost basert på den amerikanske «eat this every day and your health will benefit from it»-menyen. Friske bær vart kjøpt inn etter at eg hadde levert ungane på skule (takk og lov for Mega sine supertilbod på bær) og så køyrde eg heim og laga meg ein frukost som eg åt ute i det blå!

For å lage ein amerikansk «eat this every day»-frukost treng du:

Gresk yoghurt (eller vanleg naturell om du ikkje får tak i anna)

Blåbær

Bringebær

Valnøtter

Akasiehonning

Ha yoghurt i ei skål, dryss raust over med bær (bruke gjerne andre bær enn eg har gjort), vend nokre valnøtter i akasiehonning og ha dei i ei lita skål ved sidan av. VIPS, så har du ein super frukost som garantert gir deg ein god start på dagen! Om du i tillegg er så heldig at du kan sitje ute i ein god stol og kjenne vårsola varme, ja då er lukka komplett!

PS! Det vart eit aldri så lite ras av bilete i dagens innlegg… Som matbloggar er det faktisk meir enn å lage mat som fascinerer meg; eg er minst like glad i å ta bilete av det eg lagar! Eg er på ingen måte svært god til det eg gjer, men eg eksperimenterer og lærer litt kvar dag! Om ikkje anna, så vonar eg bileta fristar deg til å prøve å lage ein liknande frukost sjølv!