mandag 28. mai 2012

Alt er så nær meg

Om ein er bevisst på å bruke sansane sine, så kjem alt veldig nær. Å late att augene og berre kjenne på dei herlege sommarluktene får barndomsminna til å strøyme på. Lukta av nyslådd gras, strå som kitlar mot nakne leggar, ein solvarm stein i handa, den prikkande kjensla etter årets fyrste bad, smaken av rabarbra og surgras... Alt kjem så nær meg når barndomsminna fyller meg. Tenkjer på mine eigne born og gler meg over å få vere med på å skape deira barndomsminne. 


Alt er så nær meg
Alt er så nær meg
denne velsignede dag.
Svaberget ligger
åpent med rolige drag.
Havbrisen vugger
vennlig den duftende tang.
Alt er så nær meg
ennå en lykkelig gang.


Barndommens vekster

gror i hver fure og sprekk
med sine kjente, blide

og rørende trekk.
Går her en litenpike 
fremdeles hver kveld
og plukker blomster 
og snakker høyt med seg selv?


Lenge var jorden
øde og himmelen tom.
Dypt i mitt hjerte
åpner seg rom etter rom.
Alt som er nær meg
gir meg et klarøyet svar.
Nå kan jeg rekke
hånden til henne jeg var. 

- Inger Hagerup -

Eg er så glad i Inger Hagerup sine dikt. Dette diktet, "Alt er så nær meg", kjem eg alltid tilbake til og det fyller meg med tankar om det som ein gong var og som har vore med på å forme meg til den eg er. 


Og her, midt i vårt eige paradis, skal vi få vere med og skape gode minne for borna våre. Eg håper dei kjem til å hugse kveldsbad i solnedgang, kveldar vi ikkje orka å legge oss fordi det var så fint ute, skogsturar og fjøreturar, fantastiske besteforeldre som tok dei med på fjellturar og båtturar, kjensla av å ligge midt i ei blomstereng og sjå på ein blå himmel og mykje, mykje meir... 



Det er her eg bur.
Det er her eg skal vere.

Det er her alt er nær meg. 

Det er her eg har det godt.

6 kommentarer:

  1. Så vakkert du skriv,Tove! Og så fine bilde....
    Diktet var også nydelig. Ja, det er viktig med gode barndomsminne,dei skal fylgje deg heile livet... Eg har laga eit innlegg om mi barndomsbygd på den nye bloggen min i dag. Kjekt om du kikar innom:)

    SvarSlett
  2. Nydeleg, og ei fin påminning om det store og viktige i det det vi lever i. Takk!

    SvarSlett
  3. Hei!
    Eg er også glad i Inger Hagerup- trur eg skal leite fram diktsamlinga... Eg er imponert over måten du formulerar deg på også- Du er flink med ord! Alltid koseleg å titte innom- og ofte kjenner eg meg heilt igjen- eg har berre ikkje evna til å uttrykke meg slik du kan... Bileta er også fine og stemningsfulle og utsikten upåklageleg- forstår godt at du trivast!
    Ønsker deg ei fin ny veke
    Mvh Monica

    SvarSlett
  4. Nydelig, både dikt og bilder! Takk for at du deler de viktige tingene i livet :) Ha en fin uke!
    Mvh Katrine

    SvarSlett
  5. Nydelig dikt og nydelige bilder. Vakkert! Jeg liker også Inger Hagerups dikt. Ha en fin dag :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!