tirsdag 31. mars 2009

Påskesinke???

Etter noker sveip rundt i Blogglandia, kan eg lett konstantere det: eg er ei sinke. Eg er treig, ustrukturert og akterutsegla.

påske

Det er ikkje mykje heime hos meg som minner om påske. Eit gult påskelys innkjøpt på Kiwi står inst i eit skap. Dersom eg kjem på det kan det hende eg leitar det fram til palmehelga. Eg burde sikkert ha planlagt betre. Vore tidlegare ute. Kanskje endåtil ha kjøpt påskepynt på sal i fjor. Men eg må melde pass på alle punkt.

påske2

For meg er påska heilt annleis enn jula. Då startar eg planlegginga i oktober, innkjøpa i november og pyntinga tidleg i desember. Men ein påskepyntar er eg alstå ikkje.

påske3 

Det er ikkje fritt for at eg kjenner eit stikk av misunning når eg klikkar meg innom alle desse vakre påskeheimane. Greiner med pynt i kvar ei krå, kyllingar og egg i alle variantar, harepusar og kaniner. Det vesle stikket slepp ganske fort taket.  Eg er bekvem med min pyntestil og mine tradisjonar, samstundes som eg har stor respekt for andre sine òg!

påske4

Hos oss skal påskehøgtida fyllast med god mat, kvalitetstid ilag med familien, lange turar, seine kveldar og late morgonar, krim, kryssord, god sjokolade, appelsiner og kvardagar utan stress. Slik er vel påska for dei fleste.

påske5

Ikkje stikk vi hòl i egga og bles ut innhaldet heller. Gromguten er allergisk mot egg, så visse påskeaktivitetar hoppar vi elegant over her i huset.  Finaste påskepynten vår er greiner som vi plukkar ute. Dei er like fine utan egg som med egg!

påske6

Det skal nok bli påske hos meg òg. Når helgefreden senkar seg over huset på palmelaurdag, vil ein nok sjå at det er påske i min heim òg. Egga vi alltid har pynta med er på plass, pynten som ungane har laga står på stasplass i stova og stearinlysa skin i kvar ei krå.

Tusen takk til alle bloggarane der ute som inspirerer meg! Takk for at de opnar heimane dykkar og minner meg på at det snart er på tide å koste støv av egga og hønemor!

Bileta er lånte på flickr.com.

søndag 29. mars 2009

Ung frøken med påskeutstilling!

Ida er glad i å pynte og vere kreativ. Særleg er ho glad i å pynte med ting og tang ho finn ute. I dag var ho på tur med bestemor og bestefar, og i fjøresteinane fann ho gåsungar. Mange greiner. Store greiner. Ho kunne sjølvsagt ikkje gå i frå dei!!!

088

Etter litt åleinetid på loftet kom ho ned og inviterte oss alle opp på påskeutstilling!

087

Ho hadde sanka saman alt ho fann av blomstervasar, plastikkblomar og nips og naps som minte henne om påske.

089

Gåsungane er ekte nok, men blomane er plast. Vakker kombinasjon likevel! Ida har skjønt det, ho!!!

095

Lille harepusen passar på! Dette kosedyret kjøpte ho for eigne pengar på Kremmarhuset, og snill som ho er deler ho den både med veslesystra og hunden!

096 

Dette skjønne påskebroderiet kom ho heim med frå skule ein dag. Det er nok ei og anna kyndig og pedagogisk lærarhand som har hjelpt til, men eg set det like stolt på hylla og seier det er ho som har laga det! Eg fekk streng beskjed om at ho skulle ha det på romet sitt fram til ho tek påskeferie, men då skal eg få det ned i stova og pynte med det!

101

Når ein held utstilling må ein også pynte seg! Ida fekk seg ny skjorte for litt sidan. Vi gjekk inn på H&M og i alt mylderet av kle plukka ho seg ut denne skjorta. Den hang på eit tilbodsstativ og kosta berre kr. 30,-!

102

Trur vi likte den like godt begge to! Dei skjønne, blå blomane fekk fram sommarkjensla vår!

103

No drøymer ho om at eg skal strikke henne ein blå vest som ho kan ha til....

104 

For å setje prikken over i`en, vart utstillinga avslutta med eit forrykande show av ablegøyer og dans - og tilskodarane jubla!!!

106 

Ein liten piruett avslutta det heile!

Tusen takk, gode Ida mi, for at du inviterte oss på kunstutstilling med tilhøyrande show i dag! Og tusen takk til bestemor som tok deg med på fjøretur....

PS! Om du vil lese ei sterk og rørande historie, tek du turen innom HER i kveld...

Sommartid...

På kalendaren står det sommartid i dag...

081

... ute står det skrive noko heilt anna...

069

Naturen tek ikkje omsyn til at vi vil ha slutt på snø.

 074

Nådelaus ligg Kong Vinter bak skyene og slår til når vi minst ventar det.

079

Aller kjekkast har han det nok når han ser at eg har hengt ut kle. Med ein gong han ser eg forlet heimen, slår han til og let det lave ned.

075

Berre så synd for han at husfrua ikkje let seg tirge! Om ikkje anna så gir det flotte fotomotiv, og så veit eg at sola har smelta all snøen før kvelden kjem!

064

Ute har snøen lagt seg over tulipananspirane mine. Men det gjer ingenting, Kong Vinter...

 066

... eg har tulipanar i reserve og kosar meg med dei!

054

Det står framleis mars på kalendaren, så eitt og anna snøfall er vel berre å forvente.

Men så lenge sola skin frå skyfri himmel, gjer det ingenting!!!

 061

Vonar den fyrste sommardagen din i år vert god

- med eller uten snø!

torsdag 26. mars 2009

Bom stopp!!!

Ja, ikkje med meg, altså - men med blogginga denne veka!

Det har vore så travelt at eg knappast har vore innom heimen.

072

Tida har ikkje strekt til. Som ei iskule har den smelte mellom fingrane mine og forsvunne. No er det snart helg, og då blir det heldigvis rolegare tempo.

016

No er eg nettopp heimattkomen frå kommunestyremøte. Det var turbulent i dag. Hektisk. Langvarig. No kosar eg meg i godstolen med ein deilig kopp te. Har kosa litt med dei to eldste, gjort lekser i lag og putta dei til køys.

021 

Så no er det vaksentid. Fred og ro. Beina høgt og full avslapping. Ein treng å samle tankane etter ein slik dag.

No gler eg meg til helg i lag med mannen min og ungane. Vi skal berre kose oss!

011

Ei iskald torsdagshelsing frå Tove....

søndag 22. mars 2009

Blå draumar...

Medan eg ventar på å få bygge på og pusse opp, kan eg tillate meg å drøyme. Ein liten kik innom ei av mine største inspirasjonskjelder, House Style, fekk draumane ny næring. Det vart blå draumar i dag.

Nyt...

klubb

klubb1

klubb6

klubb10

Eg skal ha klubb om nokre veker. Tenk om eg kunne ha dekka eit nydeleg, blått festbord! Skulle gjerne hatt koppane og kara i hylla og på benken... For ikkje å snakke om lampen...

klubb8

Egg må ein ha om det skal verte kake! Eg skal prøve ei kakeoppskrift eg fekk med ein politikarkollega; ei litt annleis eplekake med mandel- og marengsbotn, fylt med piska fløte, rømme og syrlege epler. Mmmmm...

klubb5

klubb4

klubb7

Om det hadde vore varmare i vèret kunne eg ha dekka bord utandørs. Damene kunne ha kosa seg til langt ut i den lyse sommarnatta...

klubb11

Nei, vi lyt nok vere innandørs denne klubbkvelden òg! Innta god mat og drikke, for seinare å slumre i sofaen.

 klubb2

klubb12

klubb9

Og når klubbdamene har reist heim, og kjøkkenet er rydda, skal husfrua krype under sitt dekken! Tenk å kunne sovne i eit så deilig rom...

No skal eg halde fram å drøyme blå draumar, og så skal eg kose meg med "Himmelblå"!

Eg har lånt alle bileta frå House Style sine nettsider.

 

Thank you for the music - eller???

La det vere klinkande klart, og sagt med ein gong:

Eg elskar musikk!

Ikkje berre elskar eg musikk, men eg er alvorleg alt-etande! Dei fleste musikksjangrar lurer seg inn øyrene mine og gir meg noko. Det er likevel ikkje meininga at dette innlegget skal handle om mine musikkpreferansar.

musikk

Eg ynskjer i grunnen å starte ei lita meiningsutveksling! I beste fall ein debatt! Kanskje strør eg endåtil litt salt i eitt og anna sår???

Heilt sidan eg starta å blogge har eg vore usamd med meg sjølv når det kjem til bloggar som automatisk spelar av musikk: likar eg det eller likar eg det ikkje??? Fordelane er fleire:

  • eg får verte kjend med musikk eg ikkje har visst om før
  • musikken gir rette steminga til innhaldet på bloggen
  • eg kan leite fram bloggar med musikk eg har sans for og berre la maskina stå og gå, slik at maskina fungerer som ein radio for meg

musikk1

Men der er nokre openberre ulemper òg:

  • eg kan risikere å verte "påtvinga" musikk eg ikke likar
  • kanskje sit meg og høyrer radio eller annan musikk samstundes som eg bloggar - då vert "bloggmusikken " ein forstyrrande faktor, som i verste fall gjer at eg forlet bloggen med ein gong
  • eg bloggar ofte når ungane ser barne-TV, og dei vert så irriterte kvar gong eg kjem innom ein blogg med musikk, då det forstyrrar barne-TV-sjåinga

musikk2

Kva meiner du???

Stort sett gjer ikkje andre sin bloggmusikk meg noko som helst! Stort sett gir det meg ei ekstra oppleving. Særleg vil eg nemne bloggen til den skjønne, unge dama i Lavendelheimen. Det er rein sjelebot å nyte musikken ho legg ut på bloggen sin... Tusen takk, skjønne du!

Som du forstår er eg framleis ikkje enig med meg sjølv, om eg likar bloggmusikk eller ikkje! Men til alle flotte bloggdamer der ute, med musikk på bloggen sin: eg kjem ikkje til å slutte å besøke bloggen din - langt der i frå! Men eg skal ærleg innrømme at eg  av og til eg slår av lyden på maskina så eg slepp å høyre den... Det er vel ikkje frekt det, vel????

musikk milan bousek

Eg let meg ikkje alltid dirigere, skjønar du... Men det gir meg i allefall ein sjanse til å sjølv bestemme når det passar seg å høyre på musikken! Eg er nok hellig overbevist om at eg hadde lete meg dirigere av sjarmerande Milan Bousek på biletet....

Er det fleire enn meg som har tankar om dette, skal tru???

PS! For å runde det heile av i ein litt koslegare tone, så vil eg takke for at mange har opna ei ny musikkverd for meg - rett og slett ved å legge musikk på bloggen sin!

fredag 20. mars 2009

Sånn kan det gå...

Vi mødre har det ofte travelt. Fryktelig travelt. Og så har vi fingrar fulle med deig, samstundes som at noko steikjer på steikepanna og at vi skal ha kontroll på det som fosskokar i ei panne ved sidan av.

Det er då dei slår til. Desse søte, små med to bein, sjarmerande blikk og ufatteleg pågangsmot og staheit.

001

Mamma kan ikkje stikke av frå grytene og brødbaljen. Snuppa kan rote så masse ho berre vil.

002

Det var nokonlunde system i skuffa før frøkena sette igong. Med målmedvite blikk sveipar ho over innhaldet og legg slagplanar for korleis dette skal angripast.

013

Æsj, plastskeier er eg ferdig med! Dei legg vi på benken!

014

Kanskje eg må sortere dei litt likevel?

015 

Eller kanskje eg kan eksperimentere og sjå om det går an å ete av alle på ein gong?

 019

Nei, eg slenger dei ned i skuffa ilag med dei andre - då blir det endå meir rot!

020 

Hmmm..... Har eg laga alt dette rotet? Må seie meg ganske godt nøgd med det, ja....

021 

Ooooops! No har visst mamma oppdaga meg...

022 

Ha, ha, ha!!! No kan du berre ha det så godt, mamma, når du ikkje har tid til å passe på meg!

For ordens skuld kan eg legge til at deigen vart ferdig, kjøtet vart steikt, poteter og gulrot vart kokt - og kameraet vart fullt av klissete deig og steikefeitt.  Ei og anna skei er nok på ville vegar enno, men skuffa er rydda. Så får vi sjå kor lenge det varer...

024 

Dei er no bra skjønne, desse småtrolla, men jammen er det godt med ei stille stund etter at dei har lagt seg...

026

Når roa har senka seg er det tid for stearinlys og avslapping. Lysestaken kjøpte eg forresten for halv pris på Fryd. Eg har hatt lyst på den lenge, men ikkje tatt meg råd til å kjøpe den. Du kan sikkert tenkje deg kor glad eg vart då eg oppdaga den til halv pris!

027 

Og så må eg berre ha med eit skrytebilete til slutt! I kveld vart eg faktisk ferdig med vest nr. 2! Den forrige strikka eg til Ida, denne vesten var til meg!

028 

Eg vart sjølvsagt godt nøgd med resultatet og gler meg til å bruke den og vise den fram! No må eg bruke litt tid til å tenkje ut neste strikkeprosjekt...

Ha ein fin fredagskveld!