søndag 22. mars 2009

Thank you for the music - eller???

La det vere klinkande klart, og sagt med ein gong:

Eg elskar musikk!

Ikkje berre elskar eg musikk, men eg er alvorleg alt-etande! Dei fleste musikksjangrar lurer seg inn øyrene mine og gir meg noko. Det er likevel ikkje meininga at dette innlegget skal handle om mine musikkpreferansar.

musikk

Eg ynskjer i grunnen å starte ei lita meiningsutveksling! I beste fall ein debatt! Kanskje strør eg endåtil litt salt i eitt og anna sår???

Heilt sidan eg starta å blogge har eg vore usamd med meg sjølv når det kjem til bloggar som automatisk spelar av musikk: likar eg det eller likar eg det ikkje??? Fordelane er fleire:

  • eg får verte kjend med musikk eg ikkje har visst om før
  • musikken gir rette steminga til innhaldet på bloggen
  • eg kan leite fram bloggar med musikk eg har sans for og berre la maskina stå og gå, slik at maskina fungerer som ein radio for meg

musikk1

Men der er nokre openberre ulemper òg:

  • eg kan risikere å verte "påtvinga" musikk eg ikke likar
  • kanskje sit meg og høyrer radio eller annan musikk samstundes som eg bloggar - då vert "bloggmusikken " ein forstyrrande faktor, som i verste fall gjer at eg forlet bloggen med ein gong
  • eg bloggar ofte når ungane ser barne-TV, og dei vert så irriterte kvar gong eg kjem innom ein blogg med musikk, då det forstyrrar barne-TV-sjåinga

musikk2

Kva meiner du???

Stort sett gjer ikkje andre sin bloggmusikk meg noko som helst! Stort sett gir det meg ei ekstra oppleving. Særleg vil eg nemne bloggen til den skjønne, unge dama i Lavendelheimen. Det er rein sjelebot å nyte musikken ho legg ut på bloggen sin... Tusen takk, skjønne du!

Som du forstår er eg framleis ikkje enig med meg sjølv, om eg likar bloggmusikk eller ikkje! Men til alle flotte bloggdamer der ute, med musikk på bloggen sin: eg kjem ikkje til å slutte å besøke bloggen din - langt der i frå! Men eg skal ærleg innrømme at eg  av og til eg slår av lyden på maskina så eg slepp å høyre den... Det er vel ikkje frekt det, vel????

musikk milan bousek

Eg let meg ikkje alltid dirigere, skjønar du... Men det gir meg i allefall ein sjanse til å sjølv bestemme når det passar seg å høyre på musikken! Eg er nok hellig overbevist om at eg hadde lete meg dirigere av sjarmerande Milan Bousek på biletet....

Er det fleire enn meg som har tankar om dette, skal tru???

PS! For å runde det heile av i ein litt koslegare tone, så vil eg takke for at mange har opna ei ny musikkverd for meg - rett og slett ved å legge musikk på bloggen sin!

9 kommentarer:

  1. Hei Tove!

    Eg ELSKAR musikk!! OG eg har musikk på bloggen min.. MEN EG vel også å skru ned lyden når eg besøker enkelte som har musikk... for meg er dette ikkje noke problem... Synes det er koselig. Det er så enkelt, så eg let meg ikkje "forstyrre" av den grunn.

    Eg har forresten fortsatt ei utfordring i nettopp MUSIKK som ligg og ventar på deg på min blogg... dersom du kunne tenek deg å mimre litt i musikk!

    HA en herlig søndag!
    Monica

    SvarSlett
  2. hehe eg må sei meg einig i mykje her, både for og i mot.

    Ingenting er meir pinleg år eg diskrè skal smugkike på ein blogg når eg sit i forelesing eller på biblioteket og plutseleg byrjar det å spele frå maskina mi, og panikken kan lett bli eit faktum når lyd kjem frå maskina mi utan at eg er forberedt.
    Dumme meg som gløymer å skru av lyden!

    Så hadde der vore spelarar der ein sjølv kunne sette på play om ein ville så synest eg det hadde vore det beste, for då fekk ein velje sjølv :)

    SvarSlett
  3. Eg er også ambivalent i høve til dette. Innimellom tykkjer eg det er eit løft å få musikk når eg opnar eit nytt vinauge. Men andre gonger skrur eg av u middelbart fordi eg ikkje er i rette stemninga eller det ikkje passar akkurat då.

    Men eg er noko usikker på dette med andsverk og rettigheiter. Har ein lov til å berre spele av musikk frå ulike komponistar og artistar på bloggen sin? Eg tvilar litt på det...

    SvarSlett
  4. Helt enig med deg! Har ikke vært inne på så mange blogger som spiller musikk, og de gangene det har skjedd har jeg stort sett skrudd av med en gang... Skjer somregel litt andre ting i stua og det er nok lyd som det er...
    Men blir ikke irritert altså:)

    SvarSlett
  5. Hei!
    God problemstilling!!
    Eg like og musikk -noge som resultere i at eg stort sett spelar noke utenom på bloggen.

    Så for å væra heilt ærlig blir eg litt irritert når det plutselig strøyme musikk ut frå høgtaleren..

    Spesiellt når eg åpne 10 bloggar (i ny fane)som eg har lyst å sjå på å ein av dei spelar musikk. Ikkje alltid eg klare å finna ut kem som speler... Då blir eg irritert! Må gå inn på kvar enkelt -åsså finne eg den kansje nederst på sida til nr 7!

    Så til slutt i denne klagesangen vil eg komma med et ønske til deg som har musikk -legg spelaren heilt øverst så det går ann å finna spelaren fort om me treng det ;-)

    SvarSlett
  6. Noen ganger synes jeg det er ok å høre musikk på andres blogger, men innrømmer at det som regel er innenfor de sjangrene jeg liker. Ikke så flink til å ta imot annen type musikk altså.

    På min pc er det veldig lett å trykke på "mute" knappen, så det er ikke noe problem for meg! :-)

    SvarSlett
  7. Fordeler og ulemper ja!! Så enig så enig med deg!! Før jeg besøkte deg nå var jeg i en blogg med nydelig musikk, men med min DDE ved siden ble det rett og slett ikke bra!!

    Jeg hadde musikk på min blogg før, men valgte å fjerne den av den grunn at jeg fikk mange kommentarer fra folk som ikke likte det! Jeg hadde aldri tenkt over musikken i forhold til at man kanskje sitter å spiller noe selv. Slutter ikke å besøke flotte blogger med musikk, men kunne jeg velge ville jeg ikke hatt musikk jeg da!!

    SvarSlett
  8. Hehe - ja smaken er som baken... jeg er vel som deg, kan ikke få bestemt meg om det er greit eller ikke. Det jeg er helt sikker på er at det må være opp til hver enkelt om hvordan bloggen skal være :) Ha en god kveld. hanne

    SvarSlett
  9. Veldig koselig du liker musikken! :) For jeg har vært veldig usikker selv, med tanke på at kanskje ikke alle liker musikken eller musikk i det hele tatt... men har valgt å la den være, så kan man jo bestemme selv om man vil høre eller ikke. Er selv veldig altetende, men musikk skaper stemning og følelser, så noen ganger kræsjer det med øyne og øre, om du skjønner... og stillhet er også veldig deilig innimellom :)

    stor varm klem!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!