søndag 25. mai 2008

Fri fantasi og feriemodus!

Det er berre litt meir enn to veker til vi skal til syden, så det er vel ikkje rart at vi er i feriemodus. Dersom du ser på biletet under, brukar fantasien og legg godviljen til, så kan det nesten sjå ut som om vi har vore på ei strand på ei lita gresk øy. Men den gang ei.... For tida er dette den beste staden for rekreasjon og soltilbeding. Det får så vere at det er midt i ei steinrøys, no reiser vi snart til varmare strok, og så kan hende det vert altan eller plen når vi kjem heim.Uansett, ungane storkosar seg i steinrøysa og synest det var kjekt å leite fram solstolane.
Om ikkje lenge skal Ida og Johan få kose seg i solstolar under Tyrkia si heite sol - JIPPI!

Sommarmat!


I dag var det eit tydeleg vegskilje for meg. No har eg lagt våren bak meg og ser sommaren friskt i møte. Eg ventar på å vakne til solsteik på soverommet, til dagar der vi er meir ute enn inne og til varme kveldar med blafrande stearinlys på altanen. For ikkje å snakke om all den gode sommarmaten! Her i huset er det nokre ingrediensar som er heilt sentrale i sommarmånadane. Eg må til ei kvar tid ha tilgjengeleg tomat, basilikum, kvitløk, balsamico-eddikk, olivenolje og sitron. Med dei ingrediensane kan eg trylle trauste og kjedelege råvarer om til dei herlegaste sommarmåltid! Eg kjem sikkert til å legge ut nokre gode oppskrifter på sommarmat. Matlaginga om sommaren må vere enkel og rask, men gi smakfull og delikat mat. Favorittane våre er rettar der kylling eller fisk spelar hovudrolla - sunt og godt!

lørdag 24. mai 2008

Tøff dame, tøff kamp - ei forteljing om mot, styrke og endelaus beundring.

Livet har det med å ta vendingar vi ikkje ventar. Ofte til glede, like ofte til sorg. Ingen av oss veit kva som ligg og ventar på oss. Makteslause lyt vi ta imot det livet byd på. Nokre må dessverre kjempe tøffare kampar enn andre. Må oppleve meir sorg, meir mismot og meir botnlaus fortviling enn andre. Vi kjenner alle nokre. Kanskje er du ein av dei sjølv. Ein av dei som vaker om natta, full av uro og bekymring. Ein av dei som veit at framtida er usikker og som legg all sin energi i å gjere kvar dag meiningsfull. Ein av dei som kjenner at livsmotet forsvinn og som har lyst å gøyme seg for kvardagen. Ein av dei som gret når ingen ser det.



Det er slike menneske vi må gripe fatt i, som treng at vi ser dei. Som treng eit ankerfeste når det stormar og bles. Eg kjenner ei slik dame. Ho kjempar ein kamp tøffare enn eg har forstand til å sette meg inn i. Ho kjempar for seg sjølv, og for han som har vunne hjartet hennar. I samanlikning med henne vert eg liten og kampane mine små og uviktige. Og i møte med henne vert eg feig og unnvikande. Vi snakkar om vèr og vind, ungane våre og om livets små og store trivialitetar. Men eg klarer ikkje å uttrykke det eg har aller mest lyst til å spørje om. Orda set seg fast i halsen og motet sviktar. Kanskje fordi eg skammar meg over all glede i mitt eige liv. Kanskje fordi eg fryktar svaret og er redd for ikkje å kunne hjelpe eller seie dei rette orda til trøyst. Eg ser sorga i auga hennar. Men eg ser òg det store motet og all styrken som openberrar seg når ho pratar. Energien som sitrar under huda og den endelause beundringa når ho snakkar om den kjæraste ho har.



Eg beundrar henne. Ord vert fattige i forsøket på å skildre kvalitetane hennar. Ho veit ikkje om kampen kan vinnast. Men ho veit at det er dei små augneblinka som er store. At det er dagen i dag som er viktig. Eg hadde vore eit mykje betre menneske om eg hadde litt av all styrken og motet hennar. Då hadde eg kanskje spurt henne rett ut om korleis ho har det, korleis ho taklar alt som skjer. Eg vil ikkje vere feig, eg vil at ho skal vite at eg bryr meg og har henne i tankane kvar dag. No må eg samle mot og rette opp att feila eg har gjort.

Kjære Du; som ein skinande vakker blome stråler du -
som eit symbol på livsmot og kraft.
Vi har alle noko å lære av motet ditt.
Måtte du vinne kampen.
Eg beundrar deg.
PS! Biletet øverst i innlegget har eg lånt av Lena Bratteberg, ein fantastisk hobbyfotograf frå Ørsta. Biletet har eit fantastisk uttrykk som eg meiner passar til forteljinga mi.

Sirkus neste!

Sina ligg i hardtrening for tida. Som alle andre idrettsutøvarar på høgt nivå, må ho gjennom mange treningsøkter kvar dag. No skal ho lære seg å gå! For at treninga ikkje skal verte for einsformig, må vi variere aktivtitane litt. Den kjekkaste øvinga er å få spasere rundt med gå-vogna, med Rambo som passasjer! Det er ikkje få distansane ho legg bak seg på stovegolvet når ho får gjere det på denne måten! Aktiviteten passar vel kanskje betre i sirkusringen enn på ein idrettsarena - det ser i allefall ut som om utøvaren likar det ho gjer! Rambo er tolmodigheita sjølv, og sit still så lenge hjula går rundt! Snart går ho nok for eiga maskin!





søndag 18. mai 2008

"Mamma - blir ej kjempesøt viss ej ete mykje jordbær?"

Ida lurer på mykje rart. I dag skulle vi ete opp kakerestane etter 17. mai, og då var det jordbærkaka som var mest populær. Til trass for at bæra ikkje var norsk, så var ho både søt, saftig og velsmakande. Ikkje rart Ida lurte på om ho faktisk kunne verte endå søtare av å ete desse deilige bæra..... Det er på sin plass med nokre bileter frå dette kakegildet!







NO VENTAR VI PÅ MEIR SOMMAR, MEIR BÆR OG MEIR KAKE!
Så får vi sjå om vi vert søtare av det....

No er vi sommarklar!

Så snart 17. mai er eit tilbakelagt stadium, er fokuset retta mot eitt bestemt mål: SOMMAR! Det har ikkje vore så mykje hagearbeid for mitt vedkomande i år (er grenser for kor kreativ ein kan vere med stein, mold og sand...), men eg har i allefall fått opp ei hengelobelia - ein av dei flottaste sommarblomane eg veit om! Ei beskjeden og lita plante som toler både regn og blest. Sjølv om gradestokken i dag ikkje viste meir enn ni grader, så er eg likevel optimist og veit at sommaren er rett rundt hjørnet. Og om tre veker reiser me til Tyrkia.....





Heldigvis har naturen ein eigen måte å gjere seg sommarklar på. Der mine grøne fingrar strekk til kort, eller omgjevnadane ikkje tillet prydhagen eg drøymer om - der lagar tulipanar og løvetann eit nydeleg teppe kring huset. Tulipanane kjem frå løkar som har lege i jorda i meir enn 50 år, og som har dukka opp her og der - alt etter kvar vi har omplassert moldhaugane våre. Løvetannen kjem enten vi vil eller ei, og uansett kva folk måtte meine om den. Men vakkert er det i allefall, når det raude og det gule i harmoni med saftig, grønt gras prydar markane kring huset.




lørdag 17. mai 2008

Hipp, hipp, hurra - nesten...

Det vart ein surrealistisk og annleis 17. mai for husmora i år. Etter å ha tilbrakt siste dagane i ein "dottera mi har høg feber og søv ikkje om natta"-døs, fann eg brått ut at det faktisk var dagen før dagen. Så lenge feberen framleis steig, var det berre å innsjå at feiringa måtte avlysast for min del. Etter å ha leita fram ungane sin finstas, baka bløtkake, rydda huset og byssa Sina, var klokka allereie nokre timar inn i nasjonaldagen. Ganske rart å legge seg og vite at eg faktisk berre skulle vere statist i 17. mai-kaoset neste morgon.


Johan og Ida klar for 17. maifeiring!


Stasleg kar og flott russejente!

Medan resten av familien kosa seg med is og 17.mai-tog i Ørsta, var eg og Sina heime. Eg tenkte på folkelivet i gatene, korpsmusikken og dei endelause køene for is og brus, og kjende nok eit lite snev av misunning. Men så tenkte eg på kva eg hadde; nokre rolege timar med ei trøytt og kosete jente som aller helst ville vere på mamma sitt fang og sove. Medan Sina sov godt på fanget mitt, høyrde eg korpsmusikken i det fjerne og innrømte overfor meg sjølv at eg trass alt var godt nøgd med feiringa. Ingenting er viktigare enn ungane, sjølv ikkje nasjonaldagen.

lørdag 3. mai 2008

Åh natt, med di glede!

Eg skulle ynskje dette var ei søt historie om god natts søvn og endelause draumar. Det er det altså ikkje. Det er heller ikkje ei historie om utkvilte foreldre, som blide og fornøgde kan sette seg til frukostbordet med smil om munnen fordi dei håpefulle har sove heile natta. Dette er ei historie om terror. Ei historie om to vakne ungar, ein umogleg hund, ei høglydt ugle, eit fugleorkester, Harry Hole og ein mann med godt sovehjarte.

Det heile tok til litt over klokka eitt i natt. Stuptrøytt hoppa eg til køys og kjende straks at søvnen tok meg. Berre for ei lita stund. Berre som ein vond oppeggelse. Berre for å tirge. Rambo, vår kjære hund, heldt eit himla leven i gangen og klarte å vekke Ida. Ida ropte på vatn. Ein snill pappa stod opp for å servere vatn, noko som førte til at Sina vakna. Sina såg ingen grunn til å legge seg att, i allefall ikkje før ho hadde fått same service som Ida. Etter ein pupp og litt kos la eg meg under dyna, så lydlaust at eg kanskje kunne kome i Guiness Rekordbok for det. Utan å puste lytta eg etter lydar. Alt var stille. Berre eit lite klikk frå nattlampen, og lyset var sløkt. Då skar det gjennom lufta, eit hjarteskjærande hyl frå ei ugle. Ho har plaga oss ofte nok til at vi veit at det ikkje vert stille med det fyrste. Irritert og overtrøytt var det berre ein ting å gjere; her måtte Harry Hole til. Eit nytt klikk frå nattlampen, og eg kunne starte jakta på ein massemordar i Australia. Fire sider ut i boka måtte eg berre legge den ifrå meg. Ugla hadde fått selskap av alle skogens fuglar, og det gigantiske orkesteret gjorde det uråd å konsentrere seg om intrikate obduksjonsdetaljar, slagsmål og Harry Hole sine drapsteoriar. Då gjekk det i døra igjen. Ei bestyrta Ida kunne med stor innleving skildre alle Rambo sine forsøk på å plaga henne. Tre par hender og føter slåss om plassen i dobbelsenga. Og ein hund. Og ei lita, stuptrøytt frøken som ikkje ville ha pupp likevel, fordi tennene plaga henne. Ugla og fuglane hadde fått eit nytt medlem i orkesteret. Sina fekk solonummeret, og hylte både vel og lenge.

Klokka hadde bikka tre. Framleis ingen søvn. Framleis trangt om plassen. Men far i huset sov. Det var forbaska kor godt han sov. Klokka fire tok eg eit siste overblikk over innhaldet i dobbelsenga. Med unntak av Johan, som overnatta med bestemor, hadde eg heile verda mi samla her. Alt eg bryr meg om, alt eg ofrar meg for. Med stor varsemd fekk eg plassert jentene i sine eigne senger, lurt Rambo ut i korga si og lagt Harry Hole under haudeputa. Orkesteret i skogen hadde funne seg ein annan stad å halde konsert, underhaldninga var ferdig for i natt.

Eit siste klikk frå lampen og nok eit lydlaust "krype under dyna"-nummer. Til slutt sovna eg, vel vitande om at det berre var få timar til senga endå ein gong skulle fyllast av hender og føter, fulle av liv og lyst. Eg gledde meg allereie....

fredag 2. mai 2008

...om å pakke inn spaghetti

Dette handlar ikkje om å pakke inn spaghetti som gåve. Dette er ei søt, lita oppskrift som gjer spaghettien til ei fryd og ete, og som slettes ikkje treng anna tilbehør!





Paprika, kvitløk, basilikum, sitron, søte tomatar

Ta alle ingrediensane på bileta oppom, og hakk dei opp i små, små bitar. Sitronen skal du ikkje hakke, men vaske godt og rive av litt sitronskal. Bruk eit zest-jarn eller ei fin rasp. PS! Fjern innmaten i tomatane, du treng berre tomatkjøtet. Bland desse ingrediensane i ei skål. Tilsett litt salt, grovkverna pepar og ørlite sukker. Bland alt godt.



extra virgin olivenolje, balsamico-eddik, saft frå sitron

Bruk ca to delar olje og 1/2-1 del balsamico (kjem an på kor godt du likar det) og safta frå minimum ein halv sitron. Rør dette godt saman og slå det over dei andre ingrediensane. Bland godt. Slå dette over nykokt pasta og bland godt! Det er her omgrepet "å pakke inn" kjem til sin rett! Pynt gjerne med basilikum, evt. litt riven ost og små cherrytomatar delt i to (det er mykje fantastisk god tomat å få kjøpt, prøv gjerne ulike sortar). For å toppe det heile raspar eg alltid over litt sitronskal. Mmmmmmm...... Du kan sjølvsagt tilsette steikt kyllingbryst eller litt god skinke - men for all del: styr unna kjøtdeig!