I dag vart restegarnprosjektet mitt endeleg ferdig! Frøken midtimellom gjekk berserk i restetrådkorga mi og fann ut at ho ville ha ei strikkahue!
I kveld måtte vi ut og nytte siste rest av dagslyset og ta bileter av hua. Ida stilte velvilleg opp og let meg få fotografere .
♥ ♥ ♥
Hua er strikka på pinne 3.5 av garn i ymse kvalitetar. Etter at ho vart ferdigstrikka tova eg den i maskina på 40 grader. Til slutt sydde eg på ein rosa blome. Eg skal ikkje skryte på meg å ha hekla blomen…. Den var eg så heldig å få av ein kreativ kollega!
Ida kledde hua kjempegodt og gler seg til å bruke den!
♥ ♥ ♥
Med plussgrader og småregn vårast det fort opp i bakkane med oss. Ida leika seg med snøen og lurte på om den kanskje er vekk i morgon! Så fort går det vel neppe, men nå kjenner vi at det nærmar seg….
Kjempefin hue og jente :-)
SvarSlettSå fin blogg du har! Føste gang jeg er her- kommer garantert tilbake.
SvarSlettLua ble kjempe fin!
Klem Igi
Den blei kanonfin!! Lekre farger hun plukket seg ut:)
SvarSlettFlotte farger må eg si.
SvarSlettHun blev kjempefin i den lua der.
Så fin lue!!
SvarSlettHer drypper det fra taket, og fuglene synger og vi nyter at våren er i anmarsj!
Fin lue, og koselig innlegg :)
SvarSlettEg har ein award i bloggen min til deg, fordi eg liker bloggen din så godt.