søndag 7. mars 2010

Snart 8. mars…

…og lille frøken Diva har tatt på seg dei raude strømpene og gjort seg klar til feiring! Denne  snuppa simpelthen elskar sko! Særleg om dei har høge hælar og er sølvfarga! Det gjer ingenting om dei er 15 nummer for store!

067

Ho gjekk rundt og trilla vogn i stova ein dag, med handveske, solbriller, storesyster si hue og sjølvsagt høghæla sølvsko. Eg sat og las sakspapir til eit møte i formannskapet og bivåna det heile frå sidelinja. Det var fascinerande å sjå på kor elegant ho førte seg. “Kva er det du skal du då, Sina?”, spurte eg. “Eg skal på møtet mitt og danse ballett!”, svarte ho kokett. “Men kan du danse med altfor store, høghæla sko då?”, spurte eg i all min dumskap. “Jada, mamma, eg må danse med høghæla sko. Alle fine damer gjer det!”. Og så berre trippa ho seg vidare på ferda si, som forøvrig enda på kjøkkenet der det vart dansa ballett til den store gullmedalje!

062

Brått stakk det vesle mirakelet hovudet inn på stova, kika på papirbunken min, og sa: “Mamma, neste gong synest eg du skal danse ballett på møtet ditt!”. Eg lo så tårene trilla og såg for meg scenarioet; ordføraren som leda an i rosa strutteskjørt og med glitrande tiara, og vi andre medlemmane på tåspissane småtrippande bak! Det hadde vore noko!

069

Så her i huset er det altså heilt naturleg å trippe rundt med strømpebukse og skinande sølvsko! Eg let meg fascinere og forundre over kor tidleg dei glir inn i denne “jåleverda”. Ho kan prestere å nekte å gå i barnehagen før ho har fått eit lite lag med foundation og rouge, og skal helst ikkje legge seg utan å smørje seg med Kitty-bodylotionen sin. Som ansvarleg og småstreng mamma prøvar eg sjølvsagt å setje ein stoppar for slikt, men må smile for meg sjølv når ho sit i bilen med krokodilletårer og sørger over mangelen på jåleri.

078

Skal tru kva slike små, bestemte frøkener endar opp som i vaksenlivet! Eg trur i allefall at 8. mars går ei glimrande framtid i møte dersom slike små damer får ha eit ord med i laget!

PS! Til dei som måtte lure på om “vanlege” folk verkeleg har slike sko i garderoben sin, så vil eg gjerne få avmystifisert det: desse skoa kjøpte eg i forbindelse med ein jazzkonsert som koret hadde. Då skulle det vere sølv og glitter for alt det var verdt! Og som de ser; skoa er flittig i bruk!!!

8 kommentarer:

  1. Så søt og bestemt ung dame sd u har i hus :-)
    Betre å vere viljesterk enn å berre dilte etter andre!!
    Ha ein vakker søndag!
    Her regnar det ikkje, men er varmare enn på mange dagar. Heldigvis!!

    SvarSlett
  2. Kjenner meg virkelig igjen i det du forteller her:))
    Ida har alltid gått rundt i mine sko, og nå når hun snart er 15 år er hun MYE flinkere til å gå o høyhelte sko enn meg.....jeg elsker å kjøpe disse lekre sakene med høye hæler...men jeg klarer dessverre ikke så i dem. Men Ida trasker rundt i dem som det var joggesko hun hadde på beina.
    PS: dessuten synes jeg sølvskoene var fine jeg:)

    SvarSlett
  3. Herlige lille pynte-frøken :o) Er så gøy med disse søte prinsessene .. :o) Man kan si hva man vil .. men noe må det ligge i genene som gjør jenter så pynte-syke alt fra de er bittesmå :o)

    Ha en super søndag og ei flott ny uke :o)

    SvarSlett
  4. Herlige Sina!
    God søndag, god ny veke, og ikkje minst, god 8. mars!

    Ps. Har du sett eg sendte deg mail på facebook?

    SvarSlett
  5. De skoa der synes jeg du skal bruke oftere - fantastiske sko! :)

    SvarSlett
  6. SV: Jepp. Halveis i praksisperioden allerede. Er på Volda vgs. Har førsteklasse studiefrberedende i engelsk, og tredjeklasse musikk i historie. Det er fantastisk gøy! Vi er allerede ferdige med andre verdenskrig. Fire skarve undervisningstimer kunne brukes til det temaet (absurd). Den kalde krigen står for tur:)

    Nydelig lue. Jeg forstår ikke at det er mulig å lage sånne ting. Imponert.

    SvarSlett
  7. Sjønn lita jåledame du har i hus Tove - mange kjekke og morsomme episoder med slike små rundt seg. Kos deg med tida når dei er små - det går så altfor fort.

    Og du syns eg ser ho Gudny og resten av gjengen danse balett:-))

    klem jannetove

    SvarSlett
  8. Kan ikke annet en å le av lillesnuppa i sine sölvfarga sko. Hun kommer å bli ei flott damen når hun vaks opp.

    Kan du ikke ta noen bilder fra neste möte så vi får se dere danse ballet. De hadde satt gjenklang ute i verlden det.

    Nå skal eg ut i sola, det er kaldt men sola varmer. Gi fuglande lite mere mat og nyte litt av varmen.
    Klem fra meg.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!